JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei mellombels løysing

Den nye grenseavtalen med Serbia løyser den spente situasjonen i Kosovo for no, men er ingen garanti mot ny uro, meiner Sylo Taraku.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kosovo-serbarar blokkerte vegane til to grenseovergangar nord i Kosovo i slutten av juli i protest mot nye reglar frå regjeringa i Kosovo.

Foto: Stringer / NTB

4903
20220902

Samtalen

Sylo Taraku

forfattar og statsvitar

Aktuell

Ny avtale mellom Kosovo og Serbia

4903
20220902

Samtalen

Sylo Taraku

forfattar og statsvitar

Aktuell

Ny avtale mellom Kosovo og Serbia

eva@dagogtid.no

Tidlegare i sommar varsla regjeringa i Kosovo at ho ville krevje eigne mellombelse reisedokument for personar med ID-kort frå Serbia som kom til Kosovo, og at bilar i Kosovo med serbiske skilt skulle byte dei ut med Kosovo-skilt.

Vedtaket var eit svar på at Serbia sidan 2011 har nekta å godta ID-papir og bilskilt frå Kosovo. Frå serbisk side vart det derimot framstilt som eit åtak på den serbiske minoriteten i Kosovo.

Etter vegblokadar, skotvekslingar mot politiet og stengde grenseovergangar nord i Kosovo i slutten av juli, fleire resultatlause forhandlingsrundar og krasse ordvekslingar mellom Kosovo og Serbia i ettertid, og truslar frå Nato om å gripe inn, vart Kosovo og Serbia i helga samde om ein ny avtale om grensepasseringar, forhandla i regi av EU.

Avtalen inneber at Serbia, som framleis ikkje anerkjenner Kosovo som sjølvstendig stat, no aksepterer identitetskort frå Kosovo, mot at Kosovo ikkje innfører ekstra dokumentasjonskrav for personar med serbiske ID-kort.

Dag og Tid har snakka med forfattaren og statsvitaren Sylo Taraku, som jobbar i tankesmia Agenda, og som sjølv er frå Kosovo.

– Kor viktig er avtalen Serbia og Kosovo no er samde om?

– Det kjem an på korleis han vert implementert, men han ser svært bra ut. Det er ein siger for statsministeren i Kosovo at Serbia no gjev seg og aksepterer gjensidige vilkår, og at det framover ikkje skal stillast ytterlegare krav til dokumentasjon for dei som bur i Kosovo. Det er òg ein siger for EU-diplomatiet at eit slikt prinsipielt spørsmål no har fått ei løysing.

– Ser du avtalen som eit steg på veg mot anerkjenning av Kosovo?

– Nei, absolutt ikkje. Dette handlar om eit administrativt og teknisk spørsmål. Det er sjølvsagt også knytt til statusen til Kosovo, men det store spørsmålet om anerkjenning vert verande uløyst. Det kan også dukke opp andre og nye tekniske spørsmål i forholdet mellom Kosovo og Serbia som kan by på nye problem seinare.

– Spørsmålet om kva bilskilt bilar som kryssar grensa, skal ha, er ikkje løyst med denne avtalen, men skal forhandlast om vidare. Korleis trur du dei forhandlingane endar?

– Retorikken frå den serbiske presidenten om denne saka er ikkje lovande.

– Kva for andre saker kan by på problem framover?

– Eg ser ikkje nokon førebels, men det dukkar ganske sikkert opp saker knytte til handelen mellom dei to landa. Det er også ein del kriminalitet i dei serbiskdominerte områda nord i Kosovo, og om styresmaktene i Kosovo vel å slå hardt ned på den, kan det fort verte oppfatta som eit nytt åtak. Elles er det snakk om å danne ein samanslutnad av serbiske kommunar i Kosovo, og den saka kan òg by på konflikt. Så avtalen no er ingen garanti mot nye problem, men han løyser i alle fall ein situasjon som skapte spenningar og uro som kunne ha eskalert.

– Kva trur du var grunnen til at Serbia gjekk med på å bøye av og akseptere ID-papir frå Kosovo?

– Eg trur serbiske styresmakter såg at dei ikkje kom nokon veg her. Nato stod klar til å gripe inn om det vart uro, og Serbia er ikkje interessert i ein ny krig med Nato. Vegblokadane som var sette opp, vart òg fjerna med det same, noko som indikerer at protestane var politisk styrte. Dei var ikkje lokale og spontane.

– Korleis er forholdet mellom serbarar og albanarar i Kosovo generelt?

– Det har ikkje vore konfliktar mellom sivile. Aggresjonen er stort sett retta mot statlege styresmakter. Ein gong vart ein grensestasjon brend ned. Nord i Kosovo, der serbarane er i fleirtal, bur albanarar og serbarar stort sett i åtskilde nabolag. Der har serbarane også hatt sine eigne parallelle institusjonar og i stor grad levd som om dei var i Serbia. Men dei siste åra har Kosovo ved hjelp av EU bygd opp eigne institusjonar også her, og serbarane har gradvis teke til å nytte desse. Men skulane er åtskilde. Andre stader i Kosovo finst det landsbyar der albanarar og serbarar bur saman, men ikkje nødvendigvis tett i tett.

– Det vart spekulert på om Russland kunne ha ein finger med i spelet i protestane nord i Kosovo. Ser du det som truleg?

– Eg trur dette fyrst og fremst handla om innanrikspolitikk. Dette er måten den serbiske presidenten gjer ting på: eskalere, skape drama og så gje inntrykk av at Serbia er trua, men at han stiller opp. Dess meir han kan snakke om ytre fiendar, dess enklare vert det for han å halde på makta nasjonalt. Han kjem til å bruke nye saker frå Kosovo til å skape drama igjen. Så kan ein alltids lure på om Russland har ein finger med i spelet her òg, men éin ting er sikkert: Putin tener på at det er bråk på Balkan, og at EU og Nato ikkje lukkast der.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det store spørsmålet om anerkjenning vert verande uløyst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis