JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei permanent krise

Flyktningkrisa som skaka Europa i 2015, er ikkje over. Men EU har klart å setje bort krisehandteringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Moria-leiren på Lesbos lever over 20.000 menneske i elendige forhold, og sinnet og uroa veks. Biletet viser gresk opprørspoliti som vaktar Moria 17. januar, da det braut ut opptøyar etter at ein mann frå Jemen vart knivstukken av ein afghanar.

Foto: Aggelos Barai / AP / NTB scanpix

12366
20200221

Flyktningkrisa

Nær 71 millionar menneske er registrerte av FN som flyktningar eller fordrivne

Ifølgje UNHCR har det aldri vore så mange menneske på flukt som no

41 millionar er internt fordrivne, 26 millionar er flyktningar utanfor heim­landet

3,5 millionar er registrerte asylsøkjarar

Over halvparten av flyktningane er under 18

Den største flyktninggruppa er syrarar, med 6,7 millionar

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Dei dystre rapportane kjem tett frå den greske øya Lesbos. I Moria-leiren, bygd for å hyse 3000 menneske, er det no over 20.000 flyktningar og migrantar i ein fortvilt situasjon, dei fleste frå krigsherja land som Afghanistan og Syria. Legar og andre hjelpearbeidarar skildrar Moria som eit helvete. Hellas har lenge bede andre europeiske land om avlasting, men responsen er liten. Flyktningar står lågt i kurs no, og dei uverdige forholda i Moria-leiren tener òg eit føremål: Dei viser verda at det slett ikkje er lett å få opphald i EU. Di verre Moria framstår, di mindre attraktivt er det å leggje ut på reisa til Europa.

Men når media i Noreg og andre europeiske land fortel så mykje om dei triste lagnadene på Lesbos, er det fordi desse menneska faktisk er i Europa. Dei fleste flyktningar som vil til verdsdelen, blir stogga før dei kjem så langt. Sidan krisa i 2015, da 1,3 millionar menneske søkte om opphald i Europa, har EU bygd opp eit framskote grensevern i andre land. Flyktningkrisa er ikkje mindre enn ho var i 2015, men problema er flytta austover og sørover.

Tyrkisk dørvakt

Det viktigaste grepet EU gjorde, var avtalen som vart inngått med Tyrkia i mars 2016. Tyrkia vart lova opptil 60 milliardar kroner frå EU for å hindre dei syriske flyktningane i å dra til Hellas. Og grovt sett har avtalen tent føremålet sitt, sett frå EU sin synsvinkel. I dag er det 3,3 millionar registrerte syriske flyktningar i Tyrkia, og dei siste åra har få av dei lukkast med å ta seg over til Hellas.

At rolla som dørvakt har gjeve president Erdogan stor makt over EU, ei makt han veit å bruke, ser dei europeiske leiarane ut til å leve greitt med. Og det kom ikkje store protestar frå EU-landa da Amnesty International i fjor dokumenterte at syriske flyktningar – kor mange er uvisst – vart tvangssende frå Tyrkia til Syria, sjølv om dette var eit brot både på flyktningkonvensjonen og på avtalen med EU.

Mareritt i Libya

Men Tyrkia-avtalen er berre ein del av det europeiske forsvarsverket. Ei anna brikke er Libya, eit viktig transittland for mange som vil til Europa. For tida er det over 50.000 registrerte flyktningar og asylsøkjarar i Libya, og FN-høgkommissæren for flyktningar finn ikkje mottaksland for meir enn eit par tusen av dei årleg. I tillegg er det truleg nærare ein million afrikanske migrantar i Libya.

EU har finansiert nokre interneringssenter i det borgarkrigsherja landet, medan andre, uoffisielle senter er styrte av militsgrupper. Og dei sogene som Leger uten grenser har fortalt frå sentera, er skakande lesnad. Sidan Gaddafi fall i 2011, har Libya vore eit land i kaos, og migrantar og flyktningar er svært utsette. Mange av dei internerte har opplevd tortur, valdtekt eller anna mishandling, og somme blir tvinga inn i slavearbeid. Dei går heller ikkje fri frå borgarkrigen: I fjor sommar vart 53 menneske drepne da eit interneringssenter aust for Tripoli vart bomba.

Medskuldig

Trass i farane i Libya gjev Italia og EU framleis økonomisk støtte og opplæring til den libyske kystvakta, som stoggar folk som prøver å krysse Middelhavet, og tek dei til interneringssentera. Denne støtta har gjeve resultat: Den ulovlege trafikken over til Italia har gått monaleg ned dei siste åra.

Sidan 2017 skal den libyske kystvakta ha stogga kring 40.000 menneske i Middelhavet og frakta dei til lands. Avtalen mellom Italia og Libya vart seinast fornya i oktober i fjor. «Dette stadfestar at Italia er medskuldig i tortur av migrantar og flyktningar», erklærte Amnesty International, utan at det gjorde særleg inntrykk på den italienske regjeringa.

EU i Sahara

Det framskotne grenseforsvaret til EU strekkjer seg enda lenger sør. Niger, eit av verdas fattigaste land, fekk i 2017 lovnad om 10 milliardar kroner i støtte frå EU dei neste tre åra mot at landet prøver å stengje dei viktigaste rutene gjennom Sahara for migrantar frå sør. Ein god del av pengane går til å byggje opp politistyrken og grensevaktene i Niger, med opplæring og utstyr frå fleire EU-land.

Denne politikken har redusert trafikken gjennom Niger monaleg. Det har òg ført til at mange av dei reisande frå sør no vel enda farlegare vegar gjennom ørkenen, skreiv Der Spiegel i fjor. EU har òg finansiert mottakssenter i landet, og det finst eit høve for «spesielt sårbare migrantar» til å søkje om asyl i europeiske land frå Niger, men det nålauget er det svært få som slepp gjennom.

Tvilsame allierte

Også i Aust-Afrika har EU ei buffersone. I 2015 inngjekk EU ein migrasjonsavtale med ei rekkje afrikanske land, inkludert statar som Sudan og Eritrea. EU sette av eit fond på 45 milliardar kroner for å «forebyggje årsakene til migrasjon», og mykje av pengane har gått til grensekontroll. I Sudan har EU støtta politistyrken og grensevaktene, og 50 millionar kroner gjekk til eit internasjonalt etterretningssenter i Khartoum, med Eritrea – ein diktaturstat som 10 prosent av befolkninga har flykta frå – som ein av partnarane.

At president Omar al-Bashir, som styrte Sudan til han vart styrta i fjor, var skulda for folkemord av Haag-domstolen, var ikkje eit problem for EU. Heller ikkje dei mange overgrepa frå politi og grensestyrkar mot migrantar og flyktningar i Sudan var noko hinder. Først da militsstyrkar massakrerte eit hundretal demonstrantar i Sudan i fjor, valde EU å suspendere støtta si – mellombels. Målet ser uansett ut til å vere delvis nådd: Færre menneske frå Afrikas horn har kome seg til Middelhavet dei siste åra.

På vakt i vest

EU har forsterka den ytre forsvarslina si også nordvest i Afrika. I 2018 gav EU 1,4 milliardar kroner til Marokko for at landet skulle styrkje kontrollen med migrantar, og i fjor slengde Spania på 600 millionar til. EU-samarbeidet med Marokko har ikkje fått like mykje kritikk som tiltaka i Libya. Marokko har da òg ein fungerande stat, og overgrepa der er etter alt å døme færre. Men ved fleire høve har marokkansk kystvakt skote etter båtar med migrantar, og i 2018 vart ei ung kvinne drepen på ein slik båt.

Også ved Gibraltarsundet ser det ut til at tiltaka har redusert den ulovlege migrasjonen: Talet på ulovlege ankomstar i Spania vart halvert frå 2018 til 2019, skreiv EU Observer i januar.

Færre kjem hit

Det framskotne grenseforsvaret til EU kan kallast ein suksess. Langt færre menneske frå Afrika og Midtausten kjem seg til Europa no. I 2015 registrerte Høgkommissæren for flyktningar over ein million ankomstar over Middelhavet, i 2019 var talet 123.663.

Men den suksessen har ein humanitær kostnad: Det er ikkje berre dei som vil til Europa av økonomiske grunnar, som blir arresterte, internerte, returnerte eller mishandla på vegen. Det same kan skje med opposisjonelle eritrearar, syriske krigsflyktningar eller forfølgde afghanarar, folk som før ville hatt gode sjansar til å få opphald i Europa. Men så lenge dei blir stogga i Sudan, Libya, Niger eller Tyrkia, slepp europeiske land å ta stilling til sakene deira.

Og det er nett slik leiarane i EU vil ha det. Flyktningkrisa i 2015 endra det politiske landskapet i Europa, og ingen europeisk statsleiar vil i dag seie «vi klarer det», som Angela Merkel gjorde i august 2015. Det året vart det levert 1,3 millionar asylsøknader i Europa, med syrarar som den største søkjargruppa.

Ujamn fordeling

Ein kunne tru 1,3 millionar menneske var handterleg for ein verdsdel med over 500 millionar innbyggjarar (ikkje medrekna Russland). Vesle Libanon, med eit folketal på 5,6 millionar, har teke imot 1,5 millionar syriske flyktningar. Men i Europa var flyktningane langt meir av eit framandelement, dessutan vart børa svært ujamt fordelt.

I transittland som Hellas, Italia og Ungarn kjende folk seg overrende. Noreg fekk 31.145 asylsøknader i 2015, Sverige fekk over 160.000, Tyskland fekk 440.000 – og Slovakia fekk 330 søknader. Forsøka på å fordele flyktningane betre innanfor Europa var mislukka. Og desse forsøka vekte i seg sjølv harme og gav næring til dei nasjonalistisk orienterte partia som styrkte seg over nesten heile kontinentet etter flyktningkrisa.

Innvandring og grensekontroll er politisk sensitive tema, og ingen folkevald statsleiar kan ignorere opinionen i sitt eige land over tid. Og problema med integrering, frykta for terrorisme og skepsisen til islam i Europa no tilseier ikkje at flyktningpolitikken kjem til å bli mjuka opp.

Samstundes er det få politiske leiarar i Europa som ønskjer å bryte menneskerettane grovt og openlyst. Dette er bakteppet for at EU-landa har sett delar av innvandringspolitikken sin ut til statar som kan opptre langt meir hardhendt – og løner dei for å sende folk attende til openberr fare, i strid med flyktningkonvensjonen.

Mange på flukt

Men sjølv om flyktningkrisa er mindre synleg frå Europa, er ho på ingen måte over. Og slik tilstrøyminga til Hellas no gjev eit hint om, er det ikkje gjeve at dei ytre forsvarsverka mot flyktningane kjem til å halde. Det er umåteleg mange fleire der dei kjem frå. Nokre av afghanarane som no sit fast i Moria, har rømt frå krigen som har vart sidan 2001 i heimlandet. Andre er blant dei 250.000 afghanarane som vart tvangsdeporterte frå Iran i fjor.

Også frå Syria kan det kome nye bølgjer. Offensiven til regjeringshæren, med sine iranske og russiske allierte, har drive nærare ein million menneske på flukt i Idlib-provinsen sidan desember. Og ingen kan seie kor lenge tyrkarane er villige til å stå dørvakt for Europa. Aggresjonen veks mot dei syriske flyktningane i Tyrkia, og Erdogan er under press. Målet hans er å lage ei tyrkiskkontrollert sone inne i Syria som han kan sende flyktningar til, og i Idlib har tyrkiske og syriske styrkar vore i kamp dei siste dagane. I skrivande stund er utfallet heilt ope. Om Erdogan ikkje lukkast med å sende flyktningane attende til Syria, kan han sjå ein annan veg.

Eit betre liv

Også alliansane som EU har inngått i Afrika for å bremse migrantane, kan vise seg utilstrekkelege. Det er ikkje berre fordi kontinentet har mange ustabile statar, eller fordi ei rekkje afrikanske land er herja av borgarkrig. Også demografien indikerer at fleire vil leggje ut på reise mot nord i åra som kjem. Afrika sør for Sahara har den sterkaste folketalsveksten i verda, det er slett ikkje arbeid til alle, og særleg i vest ønskjer mange å kome seg vekk.

Ei spørjeundersøking gjord av Pew Research i fjor tyda på at 45 prosent av dei vaksne i Nigeria, Afrikas mest folkerike land med over 200 millionar innbyggjarar, ønskjer å emigrere for å søkje eit betre liv. Det er noko menneske alltid har gjort, men no er verda full av stengde dører. Mange tusen nigerianske migrantar sit fast i Libya eller Niger etter mislukka forsøk på å kome seg til Europa. Dei siste fem åra har over 17.000 blitt returnerte frå Libya til Nigeria av International Organisation for Migration, skreiv nigerianske The Guardian i fjor. Truleg kom mange av desse heim med arr av alle slag. Men det tyder ikkje at nigeriarane vil slutte å prøve.

To framtider

Det kan vere at ting går langt betre enn denne artikkelen antydar. Krigane som rasar i Midtausten og Afrika, må ta slutt ein gong, for alle krigar tek slutt. Kanskje blir dei autoritære eller diktatoriske styra som driv så mange vekk frå heimlandet i Aust-Afrika, erstatta av fungerande demokrati. Kanskje blir velstandsutviklinga og sysselsetjinga i Vest-Afrika slik at få vil ta sjansen på den farlege reisa til Europa.

Men det er lettare å sjå for seg ei framtid der talet på migrantar og flyktningar som vil til Europa, aukar. Og det er òg lett å sjå for seg ein aukande oppslutnad for leiarar som vil føre ei hardare line mot dei framande, og ikkje nøyer seg med å setje bort den jobben til tyrkarar, libyarar og marokkanarar.

Flyktningkonvensjonen av 1951 vart opphavleg laga for å verne interessene til fordrivne europearar etter andre verdskrigen. Det er lenge sidan. I dag har Europa fått andre interesser å verne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis