Ei risikabel reise
Det omstridde Taiwan-besøket til Nancy Pelosi er i tråd med karrieren og personlegdomen hennar, meiner USA-kjennar Sofie Høgestøl.
Speaker Nancy Pelosi i parlamentet i Taipei i Taiwan 3. august 2022.
Foto: Ann Wang / Reuters / NTB
Samtalen
Sofie Høgestøl
jurist og USA-kjennar
Aktuell
Ny spenning
mellom USA og Kina
Samtalen
Sofie Høgestøl
jurist og USA-kjennar
Aktuell
Ny spenning
mellom USA og Kina
peranders@dagogtid.no
Nancy Pelosi, speaker i Representanthuset i USA, besøkte denne veka Taiwan. Vervet som speaker kan liknast med stortingspresidenten i Noreg, og reisa har drive spenninga mellom Kina og USA til nye høgder. Sofie Høgestøl er USA-kjennar og førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.
– President Biden er neppe glad for dette besøket. Pelosi er ein person som gjer som ho vil?
– Ja, og somme meiner ho med dette går utanfor rolla til ein speaker. Forholdet mellom USA og Kina var spent frå før, men ho gjorde det altså likevel. Pelosi er 82 år og inne i sin andre periode som speaker. Ho har truleg berre eit halvt år att i toppolitikken. Det kan vere ein del av bakgrunnen for at ho gjer denne markeringa.
– Tolkar Pelosi rolla som speaker annleis enn det som er vanleg? Det ser ut som ho fører utanrikspolitikk på eiga hand?
– Dette er uvanleg, ja. Normalt er det Senatet og ikkje Representanthuset som driv mest med utanrikspolitikk i USA.
– Nancy Pelosi har lenge vore ein engasjert forsvarar av sjølvstendet til Taiwan?
– Ja, dette er eit engasjement ho har hatt i mange år. Og dette var kanskje siste høvet hennar til å gjere ei så tydeleg markering for Taiwan. Somme meiner at det er uheldig å gjere dette no, med den spente verdssituasjonen etter den russiske invasjonen av Ukraina. Kanskje vil Kina bruke dette som påskot for aggresjon mot Taiwan. På andre sida kan Pelosi meine at det er ekstra viktig å støtte Taiwan no, for å sende eit tydeleg signal til Kina.
– I 1991 besøkte ho Tiananmen-plassen og heldt fram eit banner som heidra demonstrantane som vart drepne der to år før. Feig er ho ikkje?
– Dette er ei svært tøff dame. Veldig få politikarar har klart å kome attende som speaker etter å ha gått av, det fortel noko om kampviljen hennar. Ho spela òg ei viktig rolle som speaker medan Trump var president, da var ho de facto leiar for demokratane i USA. Og som kvinneleg politikar i USA er karrieren hennar ganske unik. Ho er ei som tør å ta risiko og står for det ho trur på.
– Få politikarar er like krasse overfor Kina som Pelosi. Ho har òg teke opp undertrykkinga av uigurane og kallar den kinesiske politikken for eit folkemord?
– Omgrepet folkemord er alltid politisk brennbart. Det er det mest alvorlege brotsverket som menneske kan gjere, og om ein klassifiserer noko som folkemord, har det politiske konsekvensar. Ikkje mange brukar det om det som skjer med uigurane. Om ein meiner Kina er skuldig i folkemord, blir det vanskeleg å inngå samarbeid med kinesarane. Det er dessutan ein fagleg diskusjon om det er rett å bruke dette omgrepet om det som skjer med uigurane i Kina.
–?Nancy Pelosi har heilt sidan 1990-talet vore mot at Kina skulle få arrangere OL, og ønskte ein diplomatisk boikott av siste vinter-OL i Beijing. Statsleiarar som besøkte Beijing-leikane, hadde ikkje rett til å snakke om menneskerettar nokon stad, sa ho sist vinter. Det var klar tale.
– Ja, og ein politikar på hennar nivå som snakkar så tydeleg om Kina, er mangelvare. På eit vis har vi denne veka fått ein retur til det mange trudde skulle vere den store geopolitiske konflikten no, den mellom USA og Kina. Dette vart sett litt i skuggen da Russland invaderte Ukraina, men no er Taiwan på dagsordenen att.
– Pelosi står i ein tradisjon for utanrikspolitisk aktivisme. Kor kontroversielt er dette i Det demokratiske partiet?
– Det er vanskeleg å seie. Somme er glade for at ho tør å utfordre Kina og set søkjelys på menneskerettar. Andre meiner at dette ikkje er tida for slike stunt, sidan verdssituasjonen alt er spent. Men også mange republikanarar har vore opptekne av den veksande økonomiske og militære makta til Kina. Kanskje ikkje så mykje på grunn av menneskerettar, men fordi dei ser Kina som eit trugsmål mot USAs posisjon i verda.
– Taiwan-besøket til Pelosi er ikkje eineståande. Republikanaren Newt Gingrich drog til Taiwan medan han var speaker i 1997, utan at det vart like mykje rabalder.
– Det er ei viss tverrpolitisk semje i USA her. President Trump førte ei hard line overfor Kina, i alle fall retorisk. Og den amerikanske støtta til Taiwan er ikkje noko nytt. Men da Gingrich reiste, var situasjonen annleis enn i dag. Kina er mykje sterkare og har eit heilt anna medvit om si eiga rolle i verda enn i 1997.
– Mange leiarar i USA og andre vestlege land håpa lenge at økonomisk og kulturelt samkvem med Kina skulle dra landet i liberal lei. Men det ser ut til at skeptikarar som Pelosi har fått rett?
– Da eg budde i Singapore som barn på 1990-talet, var stemninga mykje meir optimistisk. Dei fleste trudde at når Kina opna opp økonomisk, skulle landet òg bli meir demokratisk. Så lenge den økonomiske utviklinga gjekk sin gang, var det berre eit spørsmål om tid før folkestyret skulle bløme. Men slik gjekk det ikkje. Det ytringsrommet som fanst, er no borte, og å snakke om menneskerettar i Kina er svært vanskeleg. I dag har den autoritære kinesiske modellen blitt eit alternativ til demokratiet. Og utan støtta frå Kina ville òg Putins Russland stått mykje svakare.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dette er ei svært tøff dame.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.