JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein konge til Ingrid Alexandra?

Vil tronarvingen Ingrid Alexandra ein dag få ein konge ved si side, slik kong Harald fekk ei dronning? I dei europeiske landa er praksisen ulik, og her heime er meiningane delte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vil tronarvingen Ingrid Alexandra ein dag få ein konge ved si side?

Foto: Ida Bjørvik / Det kongelege hoff / NTB

13766
20220304

Bakgrunn

Det norske kongehuset

Det norske kongehuset tilhøyrer fyrsteslekta Glücksburg og rommar kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og prinsesse Ingrid Alexandra.

Kongefamilien omfattar i tillegg prins Sverre Magnus, Marius Borg Høiby, prinsesse Märtha Louise, Maud Angelica Behn, Leah Isadora Behn, Emma Tallulah Behn og prinsesse Astrid, fru Ferner.

Kronprins Haakon står fyrst i arverekkja, deretter følgjer prinsesse Ingrid Alexandra, prins Sverre Magnus, prinsesse Märtha Louise, Maud Angelica Behn, Leah Isadora Behn og Emma Tallulah Behn.

Kjelde: Det norske kongehuset

Kongehuset

christiane@dagogtid.no

Rekk opp handa, den som hugsar den norske kongerekkja!

Hint: Om vi reknar rekkja attende til Harald Hårfagre, som samla Noreg til eitt rike mot slutten av 800-talet, fører ho oss gjennom 60 ulike regentar, med namn som Harald, Eirik, Håkon, Harald, Olav og Svein som dei neste på lista, heilt til vi kjem fram til 1388.

Her, i den lange rekkja av herrar, lyser namnet på ei kvinne mot oss, Margrete Valdemarsdotter, som regjerte som dronning i Sverige og Noreg og som «frue og husbond» i Danmark fram til 1412.

Så kjem kongane igjen på rekkje og rad, med namn som Eirik, Kristoffer, Karl, Kristian, Hans og Fredrik, heilt fram til Noreg vart eit sjølvstendig kongerike i 1905 og folket ønskte seg og fekk Haakon VII på trona, som altså var far til vår neste konge, Olav V, bestefar til Harald V, som regjerer i dag, og oldefar til vår neste mann på trona, kronprins Haakon.

Kvifor denne quizaktige opplistinga av namn? Berre for å vise at når vi får vår fyrste kvinnelege regent på over 600 år med prinsesse Ingrid Alexandra, har vi ingen identiske eksempel å bygge på når ektefellen hennar skal få ein tittel. Margrete den fyrste, som ho vart kalla, var enkje, og problemstillinga kom aldri opp.

Skal han kallast prins, prinsgemal, Ola Nordmann eller rett og slett konge?

Kong Ingrid?

Det friskaste forslaget i den ganske så avgrensa meiningsutvekslinga som har gått føre seg om temaet, har kome frå journalist og forfattar Kristin Storrusten, som nyleg har skrive ei barnebok om det norske kongehuset.

«Blir det kong Ingrid den første?» skreiv ho i språkspalta si i Aftenposten i august i fjor, eit knapt halvår før Ingrid Alexandra fylte 18 år og dermed også har høve til å gifte seg.

Storrusten føreslo rett og slett å gjere kongetittelen kjønnsnøytral, slik at den Ingrid Alexandra giftar seg med, kan verte dronning, på same måte som den britiske prinsessa Maud vart dronning, som Sonja Haraldsen vart dronning og, må vi rekne med, som kronprinsesse Mette-Marit vil verte dronning når den tida kjem.

Løyser problem

Ein kjønnsnøytral kongetittel vil kunne løyse mange av utfordringane som kan oppstå, i den forstand at Ingrid Alexandras ektefelle ville verte dronning, uavhengig av om vedkommande er mann, kvinne eller ein ikkje-binær person. Ein kjønnsnøytral kongetittel vil òg vere i tråd med tankegangen om at statlege yrkestitlar skal vere kjønnsnøytrale. Fylkesmann har vorte statsforvaltar. Rådmann har vorte kommunedirektør.

Men vil ein kjønnsnøytral kongetittel falle i smak hos det norske folket?

Konge over dronning

– Eg trur det å kalle Ingrid Alexandra for konge vil verte for radikalt for dei breie laga av folket, seier kvinna bak forslaget, Storrusten sjølv.

Som tilhengjar av kongehuset meiner ho derfor det beste ville vere å halde på at prinsessa vår skal verte dronning. Som likestillingsforkjempar meiner ho at mannen hennar bør kallast konge.

Det einaste argumentet imot, meiner ho, må vere at ein konge i hovudet vårt vert oppfatta som meir verdifull enn ei dronning – nett som i kortstokken.

– Kvinnediskriminerande

Storrusten er ikkje den fyrste som tenkjer slik. Sjølv peiker ho på det Jens Stoltenberg sa i rolla som arbeidarpartileiar då Ingrid Alexandra vart fødd i 2004.

Då Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) spurde han korleis det kunne forsvarast at ektefellen til ein regjerande konge vart dronning, medan ektefellen til ei regjerande dronning ofte vart titulert prins, svarte han at dette ikkje høyrdest ut som likestilling, og at Arbeidarpartiet skulle ta standpunkt til tittel i god tid før prinsessa skulle gifte seg.

Politisk redaktør i Vårt Land Berit Aalborg har skrive at forskjellsbehandlinga av mannlege monarkektefellar vert grunngjeven med ei gammal og djupt kvinnediskriminerande haldning.

Arv trumfar tittel

Forskjellsbehandlinga ser ikkje ut til å vere grunngjeven i Grunnlova, som på fleire punkt vart modernisert i 1990.

Moderniseringa innebar at kongeparets eldste barn, vel å merke etter Haakon og Märtha Louise, skal stå fyrst i rekkja av tronarvingar, også når barnet er ei jente.

Med revideringa vart det også innført ein ny paragraf, paragraf 3, som seier at den utøvande makta er hos kongen, eller hos dronninga dersom ho har fått krona i tråd med gjeldande reglar.

I denne samanhengen er også paragraf 34 viktig: «Kongen gjev føresegner om titlar for dei som har arverett til krona.»

– Staffasje

Lese med ufaglært blikk ser Grunnlova klar ut: Ein konge- eller dronningtittel gjev ikkje konstitusjonelle plikter og rettar i seg sjølv; det er arvereglane som gjev desse pliktane og rettane. Ein konge har dermed berre konstitusjonelle rettar og plikter dersom han har arva kongetittelen; elles ligg desse rettane og pliktene til dronninga og berre henne. Titlane er likestilte. Ein konge som har vorte konge via giftemål, vil ikkje ha konstitusjonelle oppgåver, slik dronning Sonja heller ikkje har det i dag.

Jussprofessor Eirik Holmøyvik, som har skrive om paragraf 3 i kommentarutgåva til Grunnlova, seier jussen er klar.

– Kva tittel dei har, har ikkje noko å seie. Det som er juridisk avgjerande, er reglane om arverett, som vi finn i paragraf 6. Det er ein viss tradisjon for at ektefellen til monarken, som rettsleg sett er utan arbeid, vert kalla dronning. Når det gjeld Ingrid Alexandra, er det ingenting i vegen for at hennar ektefelle, som også rettsleg sett er utan arbeid, vert kalla konge. Titlane er eigentleg berre symbolsk staffasje.

Forvirring om lova

Grunnlova avgrensar og definerer makta som ligg hos den regjerande kongen eller dronninga, men ektefellen står utan juridisk makt og er derfor heller ikkje omtalt i Grunnlova. Det same gjeld titlar. Titlane til medlemmer i kongefamilien som står utanfor arverekkja, er ikkje regulerte av Grunnlova.

Jurist Arne Fliflet skriv i kommentarutgåva til Grunnlova at slike titlar vert gjevne basert på etikette, sedvane, skikk og bruk. Sedvanen er då også at kongen gjev titlar også til desse.

Trass i at paragrafane 3 og 34 ser klare ut, har fleire opp gjennom åra ytra at Grunnlova truleg må endrast dersom Ingrid Alexandras ektefelle skal kunne kallast konge. Ein av dei er stortingsrepresentant Peter Christian Frölich (H), som har meint at omgrepet «konge» truleg må gjerast om til «monark» i Grunnlova, utan at han sjølv har ivra for ei slik endring.

Personleg syn

Kanskje kan denne oppfatninga mellom anna sporast tilbake til eit par setningar i kommentarutgåva, der Fliflet skriv: «En regjerende Dronnings ektefelle kan naturligvis ikke tituleres som ’Konge’, men vil forutsetningsvis heller ikke kunne gis noen rett til å bruke tittelen ’prins’, da han ikke vil være arveberettiget til tronen.»

Overfor Dag og Tid er Fliflet derimot klar på at dette er hans personlege syn, som ikkje er rotfesta i Grunnlova.

– Dette er mitt personlege syn og har ikkje noko med juss å gjere. Titlar til ektefellar handlar om høfleg framferd, respekt og slikt. Om ein ut frå slike omsyn skulle meine at Ingrid Alexandras ektefelle skal kallast konge, så vert det slik.

Fliflet meiner sjølv at ein slik kongetittel ville stride mot tradisjonen og dessutan mot andre viktige prinsipp nedfelte i Grunnlova.

– Ein ting som er typisk for Noreg, er at vi er eit egalitært samfunn. Vi er fødde med like rettar og sjansar. Det som skjedde i 1814, var ein reaksjon på eit tittelsystem der ein brukte tiltaleformer som «høgst ærverdige» og liknande. Eg synest at om Ingrid Alexandra giftar seg med Peder Aas, så vil han halde fram med å vere Peder Aas og ikkje noko meir.

– Dette skulle jo då også gjelde for Mette-Marit, som har fått tittel kronprinsesse?

– Ja, men her har vi alt ein tradisjon for at ektefellen til kronprinsen vert kalla kronprinsesse. Og sjølv om ho ikkje er i arverekkja, uttrykkjer det ein respekt for henne.

– Men det er jo ikkje logisk å kalle Sonja for dronning, men ikkje Ingrid Alexandras ektefelle for konge?

– Det er ingen logikk i dette. Detta handlar om tradisjon, fornuft og kjenslene folk har.

Titteltrøbbel

Tradisjon kan òg handle om kva dei andre gjer. Vi treng ikkje sjå langt utover den norske grensa før vi finn ei regjerande dronning og ein skuffa prins. Kong Haralds tremenning, Margrethe II av Danmark feirar i desse dagar 50 år på trona, og dei som likar å lese om dei kongelege, har truleg fått med seg at tittelen ektemannen hennar fekk tildelt ved kroninga, skapte langvarig dårleg stemning.

Ved ekteskapsinngåinga vart Henri Marie Jean André, som kom frå ein fransk grevefamilie, til prins Henrik. Men ved kroninga i 1972 vart han ikkje konge, men prinsgemal. Den tittelen slo prinsen seg aldri til ro med – han meinte konge ville vere det rette. Det gjekk så langt at han tok avgjerda om ikkje å verte gravlagd saman med dronninga, på gravstaden som var planlagd for dei båe i Roskilde domkyrkje.

Gift med dronninga

Heller ikkje i Storbritannia vart dronning Elisabeths ektemann nokon gong konge. Philip var prinsgemal, eller Prince Consort frå han gifta seg i 1947, til han døydde i fjor.

Det hindrar ikkje at Camilla Parker Bowles ein dag vil verte dronning, eller Queen Consort. Nyleg ytra dronning Elisabeth at dette var hennar ønske, at Camilla vert dronning når tronarvingen Charles, som også er prins av Wales, vert krona til konge.

Også i Nederland har tre generasjonar med regjerande dronningar vorte gifte med menn titulerte som prinsar, før dagens konge, Willem-Alexander, gifta seg med Máxima Zorreguieta, som fekk tittelen dronning.

Historisk endring

Døma frå Storbritannia, Danmark og Nederland kan gje inntrykk av at tradisjonen er klar: Ektefellen til ein konge vert dronning, og ektefellen til ei dronning vert prins. Men det inntrykket er ikkje rett, meiner historikar Trond Norén Isaksen, som har skrive ei rekkje bøker om dei kongelege.

Eg spør han om det finst døme på at menn som giftar seg med ei dronning i moderne tid, vert kalla konge.

– Det kjem an på korleis ein definerer «i moderne tid», men den siste var dronning Isabel av Spania, som vart avsett i 1868 og døydde i 1904. Ektemannen hennar, Francisco, var konge av Spania. Alle ektemennene til dei regjerande dronningane i det noverande Spania har vore titulerte kongar. Etter kong Felipe, som regjerer no, vil den eldste dottera hans verte dronning. Dersom mannen hennar berre vert prins, vil det bryte med alle tradisjonar i Spania fleire hundre år attende.

– Kva er viktigast når ein skal finne tittel – tradisjon eller tidsånd?

– Både tradisjonen og tidsånda vil tilseie at Ingrid Alexandras ektemann skal kallast konge. At ektemannen til dronninga vert kalla prins, er unntaka frå det som er tradisjonen i europeisk historie. Det finst haugevis av eksempel frå England, Skottland, Polen, Napoli, Navarra, Spania og Portugal på at ektemannen til den regjerande dronninga vert kalla konge. Men så, på 1800- og 1900-talet, har ein starta med unntaka. Men den historiske tradisjonen, tilbake til korstogstida, er at ektemannen til den regjerande dronninga vert kalla konge.

Isaksen meiner også at retningslinjene ved hoffet skulle tilseie at Ingrid Alexandras ektemann må få kongetittel. Her vert det slått fast at ingen ved rekruttering skal verte diskriminert på grunn av kjønn, alder, etnisitet, livssyn eller seksuell orientering.

Dronningtid

Mange kongehus vil i framtida måtte ta stilling til kva ektefellen til dronninga skal kallast. I fem av sju kongedømme er tronarvingen ei kvinne, det gjeld Noreg, Sverige, Spania, Nederland og Belgia. I Sverige har ektemannen til kronprinsesse Victoria førebels fått tittelen prins.

Truleg vert ikkje Ingrid Alexandra dronning på fleire tiår enno, men bør kongehuset eller politikarane gjere noko for å avklare tittelen og avverje titteltrøbbel i framtida?

Både Storrusten og Isaksen peiker på at mykje i samfunnet endrar seg på 40 år. Kanskje vil vi sjå annleis på kongelege titlar når Ingrid Alexandra tek over trona.

På den andre sida vil ei kongeleg avgjerd, om ho kjem før Ingrid Alexandra finn den store kjærleiken, verte prinsipiell og fråkopla den personen som ein gong skal få tittelen.

Kanskje var den store ulykka for prins Henrik i Danmark at debatten om kongetittelen kom til å handle meir om han enn om tittelen.

– Prinsipielt og historisk hadde prins Henrik rett i at han burde vorte titulert som konge. Problemet i Danmark var at dette vart ein debatt for og imot prins Henrik. Han hadde også den uheldige tilnærminga at han fremja synspunkta på ein sutrande måte, som ikkje var så populært. Folk lurte på kvifor ein så privilegert mann sutra over ein tittel som ikkje betyr så mykje, seier Isaksen.

Også Holmøyvik, sjølv ein overtydd republikanar, har ei meining om kva tittel som best vil passe på ektefellen til Ingrid Alexandra.

– Mitt syn at vedkommande bør få tittelen konge. Det stemmer best med det systemet som vart innført i 1990.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Titlane er eigentleg berre symbolsk staffasje.

Eirik Holmøyvik, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis