JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein luftvegsinfeksjon blant mange

Folkehelseinstituttet underdriv dei alvorlege seinfølgjene etter covid-19, meiner koronaforskaren Arne Søraas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6623
20221223
6623
20221223

peranders@dagogtid.no

«Mange av de samme senfølger ved covid-19 som ved andre luftveissykdommer», var tittelen på nyhendesaka som Folkehelseinstituttet (FHI) la ut på nett på måndag. «Endret smaks- og luktesans er de vanligste senfølgene etter covid-19, viser en ny hurtigoversikt fra Folkehelseinstituttet.» Dette er ei ny oppsummering frå FHI om seinfølgjer etter covid-19, bygd på 14 ulike studiar rundt i verda. Instituttet har ei viktig rolle i å oppdatere oss om medisinsk forsking: FHI skal «produsere, oppsummere og kommunisere kunnskap for å bidra til godt folkehelsearbeid og gode helse- og omsorgstjenester». Men i presentasjonen av kunnskapsoversikta frå FHI er dei meir alvorlege seinverknadene etter covid-19 nesten borte.

Smak og lukt

I inngangen til nyhendesaka vinkla FHI på den mest trivielle av dei vanlege langtidsverknadene, endra smaks- og luktesans. Litt lenger ned i saka kjem det rett nok fram at nevrologiske diagnosar, pustevanskar og utmatting (som FHI kallar «tretthet») er omtrent like vanlege som endra smak og lukt.

Tonen i teksten er optimistisk: «Nye virusvarianter som forårsaker mildere sykdom vil sannsynligvis redusere risikoen for senfølger. Nye og bedre behandlingsmetoder og vaksinasjon gir dessuten mildere sykdomsforløp. Dette vil trolig bidra til ytterligere reduksjon i forekomsten og belastningen av senfølger», seier lege Jan Himmels i saka frå FHI. Meldinga kan gje inntrykk av at seinfølgjene etter covid-19 er mykje dei same som ved forkjøling og influensa: «De fleste symptomene og nyoppståtte sykdommer etter gjennomgått covid-19-sykdom ses også etter andre luftveisinfeksjoner», skriv Himmels i presentasjonen.

Skeivt

Arne Søraas, leiar for koronastudien ved Oslo universitetssjukehus, undrar seg over måten FHI-saka er lagd fram på.

– Det er eit rart val å vinkle på smak og lukt. Dei andre seinverknadene er ganske mykje meir alvorlege. Det verkar som FHI vil fremje ein bodskap om at seinverknadene etter covid ikkje er noko å uroe seg for.

Når FHI går så langt i retning av å sidestille plagene etter covid-19 med dei som kan kome etter andre luftvegssjukdomar, blir det òg skeivt, meiner Søraas.

– Det ser ut som om FHI vil seie at covid-19 berre er ein vanleg luftvegsinfeksjon, men det er heilt klart at covid-19 har særtrekk. Det gjeld særleg dei kognitive problema, og at symptoma kan vare så lenge. Vi ser ikkje dei same seinverknadene etter influensa eller forkjøling, seier Søraas.

– Det stemmer at covid-19 er mild og forbigåande for dei fleste. Men for dei som faktisk får langvarige plager etterpå, må det verke rart å få høyre at dette berre er ein vanleg luftvegsinfeksjon. Denne oppsummeringa er ikkje i tråd med kunnskapen vi no har om seinverknader etter covid-19. Det verkar som om FHI ønskjer å tone ned alvoret, og det trur eg ikkje er klokt.

Svar frå Himmels

Dag og Tid spurde FHI-lege Jan Himmels om det er rimeleg å fokusere på lukt og smak i presentasjonen av oppsummeringa, når meir alvorlege seinfølgjer etter covid-19 er like vanlege.

«Vi fokuserte ikke spesifikt på lukt og smak i rapporten vår, det var ett av mange funn», svarar Himmels på e-post.

– Går ikkje presentasjonen av rapporten for langt i å sidestille covid-19 med andre luftvegssjukdommar?

«Da vi nærmet oss oppdateringen, stilte vi oss det spørsmålet. Ved å sammenligne gruppene, matchet for alvorlighetsgrad av sykdom, fant vi at det er mange likheter», skriv Himmels.

– Arne Søraas, leiar for koronastudien, seier til Dag og Tid: «Det verkar som bodskapen FHI vil fremje, er at seinverknadene etter covid ikkje er noko å uroe seg for.» Kva er din kommentar?

«Det er leit å høre at noen oppfatter at FHI ikke tar saken på alvor. (...) Vårt mål er å tilby god og pålitelig dokumentasjon på en reproduserbar måte. Å se på studier som sammenligner covid-19 med andre luftveisinfeksjoner er vår tilnærming for å forstå hva som er spesielt med covid-19, og hvordan vi kan identifisere mennesker som trenger spesiell hjelp», svarar Himmels.

– Søraas seier òg: «Det ser ut som om FHI vil seie at covid-19 berre er ein vanleg luftvegsinfeksjon, men det er heilt klart at covid-19 har særtrekk.»

«Våre funn er: pasienter som har gjennomgått covid-19 blir diagnostisert med lignende tilstander som pasienter som har gjennomgått andre alvorlige luftveisinfeksjoner, dog med noen forskjeller som at nevrologiske symptomer er vanligere etter covid-19», skriv Himmels.

Åtvaring

Ved fleire tidlegare høve har Folkehelseinstituttet åtvara mot å overdrive seinfølgjene etter covid-19. I juli i fjor skreiv fem FHI-forskarar ein kronikk for NRK Ytring med tittelen «Senskader og sensasjon». Der skreiv dei mellom anna: «Flere medieoppslag den siste tiden har gitt inntrykk av at det er omfattende senfølger etter covid-19, også etter mild sykdom. Det stemmer ikke med kunnskapen vi har så langt. Vi må avdramatisere senfølgene etter covid-19.»

Media blæs opp dårlege studiar av seinfølgjene, meinte FHI-forskarane. «De fleste infeksjonssykdommer med milde forløp vil gi få og kortvarige plager. Et voksende utvalg av studier viser at det antagelig er slik for covid-19 også», heitte det i kronikken.

Også Signe Flottorp, forskingssjef ved FHI, har åtvara mot å overdrive seinfølgjene etter covid-19. Dette gjeld òg pasientane sjølve: Om ein overvaker symptoma for mykje, kan sjukdommen vare lenger, sa Flottorp til NRK i mars i år. «Å vere redd for å få plager kan i seg sjølv forsterke og halde ved like symptoma», sa forskingssjefen.

For tidleg

Folkehelseinstituttet reknar i dag ikkje seinverknader etter covid-19 som eit folkehelseproblem, skriv Preben Aavitsland, overlege ved FHI, på e-post:

«Seinfølger etter covid-19 er ei reelt problem og ein del av den sjukdomsbyrda denne pandemien gir, men det er for tidleg å slå fast kor alvorlege desse seinfølgene er og kor mange som vert råka. Vi vil difor ikkje no kalle det eit folkehelseproblem sjølv om det utvilsamt er eit problem for dei som vert råka.»

– Har FHI som policy å tone ned alvoret når det gjeld langtidsverknader etter covid, fordi de ikkje ønskjer å uroe folk?

«Nei. Vi nyttar store ressursar på å skaffe mest mogleg kunnskap om seinfølger etter covid-19 gjennom eiga forsking, oppsummering av andre si forsking og tilrettelegging for at norske forskingsmiljø kan dele sine røynsler. Kunnskapen deler vi med Helsedirektoratet som har ansvar for å legge til rette for god behandling av desse pasientane, og med alle interesserte», skriv Aavitsland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis