JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein ny normalitet me må leva med

Det er ikkje lett å ha solid bakgrunn for eigne meiningar om denne utkropne pandemien.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
To raude strekar på koronatesten må settast på minuskontoen etter ferie i Hellas – for tida verdas fjerde mest smittsame land.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5552
20220805
5552
20220805

hompland@online.no

Spaltisten har vore i Hellas for første gong etter at pesten slo til, i eit ope tidsvindauge utan restriksjonar og munnbind, vaksinesertifikat og karantene, mellom nye smittebølgjer og SAS-streikar.

Det er mest ikkje til å tru kor fort normaliteten kan venda tilbake, med vanlege kvardagar. Ser du nokon med munnbind, er det japanarar eller kinesarar. Me har stor evne til å venja oss til og venja oss av med spesielle åtgjerder for smittevern – både pålagde og dei me tar til oss og opplever som mentalt og kroppsleg naturlege og nødvendige. Også vi når det blir krevet.

ALT VAR SOM DET SKULLE: passe varme, passe vatn, passe mat og drikke, vennlege grekarar, duvande olivenlundar, fantasieggjande ruinar, passe avslappande, passe ulikt, men også det same. Så får ein berre ta med på kjøpet at på Skopelos er det ikkje bouzouki og Zorba som tonar i bakgrunnen, men mamma mia og ABBA.

I kveldinga sit dei gamle konene på trammen og snakkar med andre gamle koner på den andre sida av dei smale gatene. Me ser meir på dei enn dei ser på oss, men dei leverer nok salte replikkar seg imellom om desse som tråvar forbi.

Dei gamle mennene er på plass under platantrea på kafeen. Dei er ikkje høgrøysta og småkranglande. Nokre ser tenksame ut der dei sit, mens andre berre sit og legg inn eit ord av og til. Det var slik han såg for seg framtida som «gamal grekar», den greske vennen min som kom til Noreg som politisk flyktning under juntaen, og han ville ha meg til å slå følgje. Men han grodde fast her i landet og døydde før han fekk venda tilbake.

Spaltisten er ikkje der for å bli. Han trivst som gjest i det greske. Han er der ikkje for å oppleva mykje nytt og eksotisk, men for å gjenoppliva det som har vore. Det er normalitet.

AT HAN KOM HEIM litt trøytt og slapp med to raude strekar på koronatesten, må settast på minuskontoen. Men slik er det berre i den lange halen av pandemien.

Det blir færre intensive sjukehusinnleggingar, men kor mange som faktisk blir smitta, er det ikkje tal på, etter at aktiv rapportering og sporing blei avvikla. Rådet er at me ikkje bør oppsøka smitte, men la lagnaden rå og rekna med å bli ramma. Forteljinga er at pesten for vaksinerte flest liknar ein influensa som styrker immunforsvaret, dersom fienden ikkje kjem att i nye og farlegare angrepsbølgjer.

Viruset lever mellom oss og dukkar opp her og der, langs litt uransakelege vegar. Det kollektive vernet er oppheva, og det individuelle er gjennomtrengeleg. Og kongelege Durek-medaljongar kan ikkje verna oss – i dette, tidlegare eller neste liv.

DET ER NOKSÅ TILFELDIG kven som unngår å bli råka nå, men me som er grundig vaksinerte, får det rimeleg lett, som ei tung krimsjuke med litt feber, hosting, harking og rennande nase. Hos somme kan det henga i lenge, så faren er framleis overhengande, men overstyrande berre for dei med underliggande.

Dette er ein del av den nye normaliteten, ei plage som kan vederfarast alle, ein eller fleire gonger, same kor gjennomvaksinerte me er. Pesten er slått tilbake, men ikkje utrydda. Han blir ein av dei repetitive, utkropne og smittsame virusa me må leva med i risikosamfunnet. Så Spaltisten ser seg ikkje som eit urettferdig ramma objekt, men som ein typisk case.

BYRÅSJEFEN SER det ikkje slik. Personleg har han vore forsiktig og påpasseleg fleire hakk over dei offentlege tilrådingane. Han har isolert seg på heimekontoret, halde seg unna folkemengder og ikkje tatt opp att handhelsing. Munnbindet på bussen kasta han ikkje før det var pinleg å vera den einaste.

Likevel er han er smitta, og han er forarga, for han meiner det er uforskyldt. Og kven sin feil er det?

Slik Byråsjefen ser det, har me framleis med eit felles trugsmål å gjera, og mot slike kan ein ikkje verna seg kvar for seg. Når Forvaltninga hadde bygd opp eit så grundig overvakings- og sporingsapparat, som folk flest hadde tillit til, var det feil å kasta vrak på det.

EIN SPORTSLEG HALE høyrer med, ettersom «sportsidiot» er ein dekkande merkelapp på Spaltisten. Eg ser mykje sport på TV, særleg friidrett, og har rimeleg god oversikt over historiske og aktuelle bragder. Derfor var det eit tungt ferieoffer å måtta sjå Jakob Ingebrigtsens suverene 5000 meter-gull på ein hakkete skjerm med uforståelege kommentarar. Det var like lite opplysande som når «ekspertkommentatoren» Christina Vukicevic Demidov konstant er på etterskot og riv hekkane.

Eg har tatt meg inn att med reprisar i opptak, så eg har fått med meg at springeskallen frå Lura som sette Afrika på plass, framleis meiner at han «dreid seg ud» med berre sølv på 1500 meter. Den avsette Gjert har skapt eit monster, som også klarer seg på eiga hand.

VEL HEIMKOMEN prøvde eg å oppdatera meg på kva som hadde skjedd i norsk fotball. Det er ikkje lett, for sportsjournalistikken er i pinleg forfall – både analogt og digitalt.

Ta Aftenposten som døme: Det er heilt tilfeldig kva som kjem av referat, reportasjar, analysar og ajourførte tabellar. Om deadline tillét det, kan det dukka opp ein notis frå NTB. Om noko liknar ein klassisk kamprapport, er han signert av ein VG-journalist som ikkje har sett kampen live, men på betal-TV: «… sa kapteinen til Discovery etter kampen».

Den som les Aftenposten, har ikkje lenger solid bakgrunn for eigne meiningar. Ikkje Aftenposten sjølv heller.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ikkje for å oppleva noko nytt og eksotisk, men for å gjenoppliva det som har vore.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis