Ein sanningsaugneblink i Paris
For den norske regjeringa var R2P-prinsippet viktig for avgjerda om å sende jagarfly til Libya i 2011.
Det syner rapporten frå Libya-utvalet, som vart lagd fram 13. september. Rapporten slår rett nok fast at dette ikkje var ein del av det juridiske grunnlaget for bombinga: «Selv om sikkerhetsrådsresolusjon 1973/2011 stadfestet R2P som prinsipp, var R2P ikke et selvstendig rettsgrunnlag for Libya-operasjonene», heiter det. Men intervjua som Petersen-utvalet har gjort, syner at mange av dei norske avgjerdstakarane likevel la vekt på dette prinsippet. Det var ei utbreidd oppfatning at «Norge hadde en plikt til å stille opp for FN når prinsippet om «ansvar for å beskytte» (Responsibility to Protect, R2P) skulle håndheves for første gang», står det i rapporten.
Daverande statsminister Jens Stoltenberg framheva dette prinsippet under toppmøtet om Libya i Paris 19. mars 2011: «For første gang påberoper Sikkerhetsrådet seg prinsippet om ansvar for å beskytte som hovedgrunn for å tillate bruk av makt mot et medlemsland. Norge tror fullt og fast på dette nye prinsippet og på betydningen av en FN-ledet verdensorden, og er beredt til å medvirke til at den iverksettes fullt ut ved bruk av politiske, militære og humanitære midler», sa Stoltenberg. Han runda av innlegget sitt slik:
«Dette er et sannhetens øyeblikk. Historien vil avsi sin dom over oss på grunnlag av våre handlinger nettopp i disse dagene. Jeg oppfordrer dere alle til å ta del i disse bestrebelsene.»
Da Stoltenberg talte, var bombinga av Libya var allereie i gang.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det syner rapporten frå Libya-utvalet, som vart lagd fram 13. september. Rapporten slår rett nok fast at dette ikkje var ein del av det juridiske grunnlaget for bombinga: «Selv om sikkerhetsrådsresolusjon 1973/2011 stadfestet R2P som prinsipp, var R2P ikke et selvstendig rettsgrunnlag for Libya-operasjonene», heiter det. Men intervjua som Petersen-utvalet har gjort, syner at mange av dei norske avgjerdstakarane likevel la vekt på dette prinsippet. Det var ei utbreidd oppfatning at «Norge hadde en plikt til å stille opp for FN når prinsippet om «ansvar for å beskytte» (Responsibility to Protect, R2P) skulle håndheves for første gang», står det i rapporten.
Daverande statsminister Jens Stoltenberg framheva dette prinsippet under toppmøtet om Libya i Paris 19. mars 2011: «For første gang påberoper Sikkerhetsrådet seg prinsippet om ansvar for å beskytte som hovedgrunn for å tillate bruk av makt mot et medlemsland. Norge tror fullt og fast på dette nye prinsippet og på betydningen av en FN-ledet verdensorden, og er beredt til å medvirke til at den iverksettes fullt ut ved bruk av politiske, militære og humanitære midler», sa Stoltenberg. Han runda av innlegget sitt slik:
«Dette er et sannhetens øyeblikk. Historien vil avsi sin dom over oss på grunnlag av våre handlinger nettopp i disse dagene. Jeg oppfordrer dere alle til å ta del i disse bestrebelsene.»
Da Stoltenberg talte, var bombinga av Libya var allereie i gang.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.