Dei brenn for den gode fisken
Somme bryr seg litt ekstra om kva du og eg
et til middag.
Elin Pettersen vert veldig glad når ho får den første skreien.
Foto: Siri Helle
Levande kystkultur
I denne serien ser Siri Helle på livet mellom berg og båre. Del 2
Bofisk
Bofisk er eit fiskemottak og to fiskebutikkar i Bodø. Dei vert drivne av ekteparet Harald Lorentzen og Elin Pettersen.
Fiskemottaket har vore i drift sidan 2001, og er det einaste mottaket i Bodø som tek i mot all type fisk.
Størsteparten av fisken går til eksport. Så mykje som mogleg vert filetert og foredla på bruket. Mengda vert avgrensa av arbeidskrafta.
Resten av fisken vert omsett i dei to butikkane, som ligg i Torvgata i Bodø sentrum og på Hunstadsenteret, og seld til lokale restaurantar, sjukeheimar, lokal grossist og Forsvaret.
Levande kystkultur
I denne serien ser Siri Helle på livet mellom berg og båre. Del 1

siri@dagogtid.no
Nei, det er ikkje nokon annan måte å seie det på, i det minste ikkje i denne delen av landet: Det er eit helvetes vêr i Nord-Noreg i dag. Årets fyrste vinterstorm har slått inn, evakuert Svalbard og slått ut sjølvaste Aust-Finnmark, og her, i Bodø, blæs det så seglbåtane legg seg over, og sjølv om ein ikkje ser storhavet frå byen, så kjenner ein så absolutt at det er der. Det er der vinden kjem frå, og det kjem i alle fall ikkje båtar for å levere fisk til Bofisk-bruket akkurat i dag.
Då skulle ein kanskje tru at fiskemottakssjef Harald Lorentzen hadde god tid?
Nja. Han har no vore oppe sidan klokka halv fire, då han henta kassar med fisk på ferja. I dag, nett i dag, kjem den fyrste skreien – frå Nord-Troms, for det er ikkje skrei utanfor Bodø enno, men likevel: Det er ein stor dag, og skreien kjem rekordtidleg. Aldri før har Bofisk hatt skrei i fiskediskane sine så tidleg som 10. januar. Og når ein driv fiskemottak som er ope kvar dag, heile året, og ein i andre etasje produserer fiskekaker og grateng og bacalao og forskjellig, og det heile og meir til skal omsettast gjennom dei to fiskebutikkane som finst i Bodø, så er god tid eit relativt omgrep. Kanskje er det betre å seie at ein bør trivast med jobben sin.
Bofisk har drive fiskemottak i Bodø sidan 2001. Harald Lorentzen byrja fyrst, han kjøpte og sette i gang, så hengde kona Elin Pettersen seg på, fyrst som sommarhjelp, så med torgsal av fisk, litt fiskekaker, og no har dei altså to fiskebutikkar – Bodøs einaste reine fiskebutikkar. Dette gjer Harald og Elin til Bodøs siste fiskehandlarar.
Kor mange byar har eigen fiskebutikk i dag, eller tettstadar langs kysten, med tanke på at vi er i verdas tiande største fiskerinasjon?
Fiskete kjensler
Elin Pettersen og Harald Lorentzen brenn for fisk. Det har dei på ein måte alltid gjort, oppvaksne som dei er på høvesvis Røst og Rødøy, er det vanskeleg å unngå litt fisk i blodet, men at det skulle verte jobben deira, og at jobben skulle verte nærast livet deira, det stod langt frå skrive i fiskeslo. Begge jobba som lærar, men Harald brann sterkt for kystkulturen.
– Det er så artig at du kjem hit og seier du vil snakke om kystkultur, for det var jo der det heile byrja for meg. Eg ville lære elevane mine om havet dei kom frå, med nordlandsbåtar, med fiskestenger og etter kvart med fiskemottaket, fortel Harald.
Det gjekk ei stund, men så vart prosjektet for dyrt for skulevesenet. Fiskemottaket var likevel for godt til å legge frå seg. Ein ny karriere – ein ny lidenskap – vart skapt. No har Bofisk vore fiskemottak på heiltid sidan 2001, og fiskebutikk sidan 2002. Ekteparet jobbar tett, men med definerte oppgåver: Elin driv butikkane. Harald driv bruket.
– Her må du skilje mellom Harald og meg: Eg må ha litt fri innimellom. Det må ikkje ha han, seier Elin, med det eg vel å kalle eit litt alvorleg smil.
Ope kvar dag – og natt
Bruket på Bofisk er ikkje som andre fiskebruk.
– Det er jo typisk at du kjem den dagen eg ikkje har båtar. Vanlegvis kjem her båtar kvar dag, seier Harald.
For her er alltid ope. Heile året. Kvar dag. Og natt. Det skal alltid kunne leverast hit.
Difor er Harald stadig i telefonen. For å vere sikker på at telefonen alltid fungerer, om han no er halvvegs nede i eit saltekar eller milevis unna ein ladar, er han av det gamaldagse slaget. Harald svarer alltid.
– Eg handlar med eit par hundre båtar. Og det er viktig for meg å vere like takknemleg i møte med han som kjem klokka ti ein søndagskveld, som han som kjem med to fisk, som han som kjem med to tonn fisk.
Det handlar om å vere der for fiskarane i nærområdet. At dei kan stole på Bofisk bruk. Og at Bofisk butikk alltid har eit utval fisk i hyllene sine.
– Ja, det er eit puslespel, det der. Du verda kor mange gongar eg har vilja kysse ein mann når han kjem inn med akkurat dei to fiskane, det kan vere uer eller kveite eller kva som helst, som eg treng til butikken.
Harald smiler. Eg trur han.
På bruket er det fire heiltidsstillingar.
– Når dei andre fiskebruka har lagt ned, har eg kunna plukke kremen av arbeidsfolk. Dei som verkeleg kan å handtere ein kniv. Dei kjem ikkje attende, seier Harald.
Nei, her skjemst dei ikkje for å tru på det gamle. Hente fram tradisjonsmaten, både i råvarene og i ferdigprodukta dei sel. Så står dei òg på tradisjonsrike føter: Sjølv om Bofisk er relativt nytt sett med tradisjonsmatbriller, etablerte dei seg på ærverdig grunn.
Spesielt spesiell
Fiskehandlar Nicolaisen i Rådhusgata sat lenge på Bodøs fiskehandlartrone. Så kom Bofisk, fyrst som konkurrent, og etter kvart tok dei over lokalet og butikken. Det kunne ein jo tenke seg førte til gråt og skjering av tenner, men heldigvis.
– Vi skuldar mykje av fiskematsuksessen vår til gamle Nicolaisen. Oppskriftene på fiskekaker og fiskegrateng, til dømes, har vi fått av dei, og dei skal aldri endrast på. Dei kan ikkje endrast på, for dei må vere akkurat slik dei er, handlaga av nokon som kan det.
Slik er Bofisk heller ikkje ein vanleg fiskehandlar.
– Vi er spesiell blant dei spesielle, seier Elin, som ser seg sjølv som idealist.
Ho kan ikkje telje arbeidstimar, ikkje rekne med å verte rik på pengar. Ho vil helst bruke lokale kunstnarar til å dekorere butikklokala og eit lokalt byrå til å designe reklameplakatane, og ho vil ha heil norsk fisk heller enn importert kvitlaks og surimi i fiskekakene og så bortetter.
– Vi vil vere heil ved. Skal ein jobbe så mykje, må ein trass alt tru på det ein gjer.
Og så har vi truleg heller ikkje så mange vanlege fiskehandlarar att. I eit land der tre daglegvarekjeder styrer 99,9 prosent av daglegvaresalet, og dimed òg fiskesalet, er det ikkje store plassen att til spesialbutikkane. Norgesgruppen-kjeda Meny hevdar at ferskvarediskane deira står for 30 prosent av ferskfisksalet i Noreg, og den nordlegaste butikken deira ligg i Steinkjer.
– Eg får ofte høyre at eg er heldig som ikkje har konkurrentar. Men eg har jo konkurrentar i aller høgste grad. Kjedebutikkane kan køyre kampanjar og nesten kaste fisken etter folk fordi dei tener det inn att på andre varer. Det kan ikkje eg. Hos Bofisk har vi berre fisk. Eg prøver likevel å ikkje dvele så mykje ved det, heller skape vårt eige.
Eit jamt sig
Er folk flinke til å ete fisk? Sjølv om vi veit kor sunt det er, kor nært det er og kor godt det er, går det norske fiskekonsumet ned: Vi åt heile 10 prosent mindre fisk i 2017 enn i 2016, ifylgje Helsedirektoratet. Kanskje er vi ved eit vegskilje: Dei som kan og vil ete fisk, gjer det, og et godt, medan stadig fleire sluntrar unna. Det er ikkje unnasluntrarane som finn vegen til Bofisk.
– Vi får nok dei godt utdanna fiskekundane. Dei som set pris på fisk. Men sjølv hos oss ser vi at folk er glade i å få fisken ferdig filetert, særleg dei yngre. Det er dei færraste som går ut døra med rund fisk, seier Elin.
Ut og inn døra går dei i jamn straum denne forblåste torsdagsformiddagen. Eg var åtvara om at det kunne vere litt roleg no, sånn etter julestrida og før skreirusen slår verkeleg inn. Likevel er her sjeldan tomt i butikken, stort sett heile tida er ein ny kunde klar når førre er ekspedert, og mange av dei er kjende.
– No var du heldig, seier Harald til meg. – Her treffer du ein skikkeleg mediemann.
Eg treffer Geir Johnsen, med erfaring frå det meste, frå Klassekampen til NRK lokalen, innom for å sikre seg lettsalta torsk.
– Du hiv deg ikkje på skreien, altså?
– Nei, eg var ikkje budd på han. Men det kjem nok. Eg bur 300 meter oppe i gata, så eg kjem att. Kvifor? Til dømes fordi eg for ei tid sidan trefte ein fiskar på Kjerringøy som er fast leverandør her både fordi det er trygt og fordi det gjev god pris. Slik betyr noko, meiner Johnsen.
Noko er berre ekte
Kor mange fiskemottak har vi att? Det er ei utbreidd førestilling at tal på fiskemottak er i nærast fritt fall. Den statistiske røyndommen er ikkje like tydeleg: Per i dag er drygt 1000 verksemder registrerte i Fiskeridirektoratets kjøparregister for fisk, men på langt nær alle har fiskemottak. Nokre av dei ligg i mellom anna Elverum og Stokke, og dei registrerer ikkje historiske data. I Råfisklagets krins – frå Kristiansund og nordover – var det i 2018 491 leverings- og produksjonsanlegg mot 576 i 1998. Desse tala går altså nedover, men kanskje ikkje i stupande fart. Kanskje kom stupet tidlegare.
Det er uansett ikkje til å kome unna at effektivisering og strukturalisering har nådd norsk fiskerinæring, utan at dette er verken tid eller stad for å gå nærare inn i det. Vi skal berre ta med oss at då Harald og Elin starta opp Bofisk i 2001, var det på langt nær alle i kommunen som sette like stor pris på fiskeindustri midt inne i bykjernen: Fiskemottaket har panoramautsikt til kulturhuset Stormen på den eine sida og havet på den andre. I dag er det likevel færre i kommunen som tenker slik. Bofisk er ein ekte turistattraksjon.
– Du skal sjå italienaren som kjem forbi når vi landar ei skikkeleg svær kveite. Han vert heilt frå seg, fortel Harald.
For er det éin ting vi har til felles, turistane og vi som snakkar morsmålet, er det at vi skil ut kva som er ekte. At vi reagerer på det, sjølv om vi ikkje alltid heilt kan sette fingeren – eller i det minste ikkje eit tal eller til og med ein smak – på akkurat kva det er vi reagerer på. Kvifor det ekte er betre. Det berre er, har alltid vore, kjem truleg alltid til å vere slik Bofisk er.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

FRÅ NASJONALBIBLIOTEKET
«Desverre er ikke spesialbutikker som grønnsakhandler, slakter, fiskehandler og baker så velegnet for folk som skal få gjort mest mulig på minst mulig tid. Det fleste ukehandlere foretrekker nok supermarkedene som har ’alt’. Vi vender gjerne tilbake til spesialbutikkene med de gode varene om noen år når tidsbindingene er blitt slakkere.»
Klara Bøe og Petter Henriksen: Overlevelsesteknikker for dobbeltarbeidende – Håndbok i organisering av hjemmelivet, J.W. Cappelens Forlag AS, 1988
FAKTA FRÅ HISTORIA
Noregs på det seinaste mest berømte og berykta fiskehandlarar – det bergenske fisketorget – tiltrekte seg i årevis særleg mange turistar på grunn av kummane med levande fisk. Kummane var inga nyvinning: dei kom i stand så tidleg som i 1889. Årsaka var at det store salet av fisk frå båt gav store kloakkutslepp.
FRAMTIDA
Å vere fiskehandlar har eit eige fagbrev: «Sjømathandlar». For å få fagbrev må du gå restaurant- og matfag på vidaregåande før opplæring i bedrift. Elleve personar tok dette fagbrevet skuleåret 2016–2017, éin færre enn året før. Ifylgje utdanning.no er snittlønna til ein fiskehandlar 373.560 kroner.
I eit land der tre daglegvarekjeder styrer 99,9 prosent av daglegvaresalet, og dimed òg fiskesalet, er det ikkje store plassen att til spesialbutikkane.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.