Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein skiten økonomi

Trump-administrasjonen går til krig mot solenergi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røyk frå kolkraftverket Jeffrey Energy Centener i Kansas. Donald Trump har innført toll på solcellepanel og oppretta i fjor 500 nye arbeidsplassar i kolindustrien.

Foto: Charlie Riedel / TT / NTB scanpix

5773
20180202
5773
20180202

Da han var presidentkandidat, snakka Donald Trump stadig om internasjonal handel og om korleis han skulle atterreise stordomen til USA ved å reforhandle handelsavtalar og tvinge utlendingane til å slutte å ta frå oss arbeidsplassane våre. Men i det første året sitt ved makta gjorde han nesten ingenting på denne fronten – kanskje fordi dei amerikanske storselskapa fekk han til å forstå at dei hadde investert mykje pengar ut frå premissen om at USA ville halde fram med å respektere Nafta og andre handelsavtalar, og at dei ville tape mykje om han braut avtalane.

Men sist veke innførte omsider Trump toll på import av vaskemaskiner og solcellepanel. Den første tollen trur eg handla meir om å tøffe seg enn om noko strategisk mål. Men den andre passar med ein viktig del av verdsbiletet til denne administrasjonen. For dette er ein administrasjon som likar å skitne seg til.

Når det gjeld vaskemaskinene, er det juridiske grunnlaget for den nye tollen ei undersøking gjord av kommisjonen for internasjonal handel (United States International Trade Commission, eit føderalt organ i USA, red. merk.), som kom fram til at industrien i USA har blitt skadelidande av aukande import. Definisjonen av «skadelidande» er litt merkeleg: Kommisjonen vedgjekk at den innanlandske industrien «ikkje opplevde ei vesentleg underutnytting av produksjonskapasiteten», og skreiv at «det har ikkje vore vesentleg arbeidsløyse eller undersysselsetjing». Likevel hevda kommisjonen at produksjonen og sysselsetjinga burde ha auka meir enn dei gjorde, i og med den økonomiske veksten frå 2012 til 2016 (du veit, den sterke oppgangen under Obama, ein oppgang som Trump hardnakka hevda ikkje var reell). Dette er ei svært tynn grunngjeving for eit tiltak som kjem til å påføre amerikanske forbrukarar ein vesentleg prisauke. Men Trump gjorde det likevel.

Tollen på solcellepanel er meir interessant og meir urovekkjande, for han kjem til å fjerne langt fleire arbeidsplassar enn han skaper. Faktum er at USA har ein svært liten solcelleproduksjon, og tollpolitikken kjem ikkje til å endre dette. Til liks med tollen på vaskemaskiner vart solcelletollen innført ved hjelp av det som i handelspolitikken blir kalla ein unnataksklausul – ein regel som tillèt mellombels vern av bransjar som opplever brå endringar. Det viktige ordet her er «mellombels»: Sidan vi ikkje snakkar om eit varig vern, kjem ikkje denne tollen til å utløyse langsiktige investeringar, og han kjem difor ikkje til å bringe attende solcelleproduksjonen i USA.

Det tollen kjem til å gjere, er derimot å hemme den raske veksten innanfor fornybar energi, som har vore ei av dei store suksesshistoriene i USA dei siste åra. Og her er problemet: Alt vi veit om Trump-administrasjonen, tyder på at dei ser på det å skade fornybarbransjen som ein god ting.

Gjennom det siste tiåret eller så har det skjedd ein oppsiktsvekkjande teknologisk revolusjon i energiproduksjon. Ein del av denne revolusjonen har skjedd gjennom fracking (utvinning av gass og olje frå skifer ved hjelp av væske under trykk, red. merk.), som har gjeve ei overflod av billeg naturgass. Men det har òg skjedd imponerande kostnadskutt i produksjonen av solenergi og vindkraft. Somme ser framleis på desse alternative energikjeldene som hippiepåfunn som ikkje kan overleve utan store statlege subsidiar, men i røynda har dei blitt konkurransedyktige med konvensjonelle energikjelder, og prisane fell framleis fort. Og fornybar energi sysselset òg mange menneske: I USA er det kring fem gonger så mange tilsette i solenergisektoren som det er kolgruvearbeidarar.

Men solenergi får ingen kjærleik frå folka til Trump, som desperat ønskjer at landet skal halde seg til dei skitne, gamle energikjeldene, særleg kol. Dei har tilmed endra på rapportar frå energidepartementet for å få fornybar energi til å framstå i eit dårleg lys.

Dei har òg prøvd å omsetje forkjærleiken sin for skiten energi i konkret politikk. Sist haust prøvde energiminister Rick Perry å innføre ein regel som i praksis ville ha tvinga dei ansvarlege for straumnettet til å subsidiere kolkraft og atomkraft. Denne regelendringa vart stogga, men viste kva det er desse folka vil. Frå deira synsvinkel er det truleg bra å fjerne arbeidsplassar innanfor solenergi.

Kvifor elskar Trump og kompani skiten energi? Det handlar dels om pengar: Det som er bra for Koch-brørne (Charles og David Koch, milliardærar med eigarinteresser i mellom anna oljeraffineri og kjemisk industri, red. merk.), er ikkje alltid bra for USA (eller verda), men det er bra for finansieringa av kampanjane til Det republikanske partiet. Dels handlar det om arbeidarklasseveljarane, som framleis trur at Trump kan få attende jobbane i kolindustrien. (I 2017 kom det 500 nye arbeidsplassar i kolindustrien. Det utgjer 0,0003 prosent av den totale sysselsetjinga i USA.)

Det handlar òg delvis om kulturell nostalgi: Trump og andre hugsar stordomstida til fossile brensel som ein gullalder, og gløymer den horrible ureininga av lufta og vatnet. Men eg har mistanke om at det òg handlar om ei form for machismo, ei kjensle av at ekte menn ikkje vil ha solenergi; dei brenner ting i staden.

Same kva dei spesifikke motiva måtte vere, er det første vesentlege handelspolitiske utspelet til Trump-administrasjonen toskete. Det kan ikkje eingong kallast proteksjonisme, sidan den direkte verknaden av tiltaket er å øydeleggje langt fleire arbeidsplassar enn det skaper. I tillegg er det dårleg for miljøet. For ei vinning!

Einerett: New York Times / Dag og Tid Omsett av Per Anders Todal

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I USA er det kring fem gonger så mange tilsette i solenergisektoren som det er kolgruvearbeidarar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis