JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

7836
20240426
7836
20240426

Klima

peranders@dagogtid.no

I klimadebatten handlar det meste i botn og grunn om straum. Kraftproduksjon er den klart største kjelda til klimagassutslepp globalt, nesten dobbelt så stor som transport på andreplass. Om ikkje utsleppa frå kraftsektoren går ned – raskt og mykje – er det berre å gløyme togradarsmålet.

Men går det eigentleg rette vegen? Både dei mest optimistiske og dei mest svartsynte ser utviklingstrekk som stadfestar synet deira for tida. Optimistane kan vise til ein sterk vekst i grøn energiproduksjon. I fjor vart det igjen sett ny rekord i utbygging av fornybar kraft, med over 500 gigawatt i ny kapasitet, syner tal frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Det er heile 50 prosent opp frå 2022. Særleg aukar solkraft raskt: Tre fjerdedelar av den nye fornybare krafta i verda i 2023 kom frå solenergi. Ny solkraft og landbasert vindkraft i dag er billegare enn ny fossil kraftproduksjon i dei fleste land, ifølgje IEA-rapporten Electricity 2024. Så langt optimismen.

Kolsvart

Men pessimistane har ei vel så sterk sak. Trass i den store utbygginga av særleg sol- og vindkraft dei siste åra har ikkje utsleppa frå fossil energiproduksjon minka globalt. Det skjedde heller ikkje i fjor. Grunnen er enkel: Straumforbruket har vakse meir enn produksjonen av fornybar kraft. I 2023 auka det globale straumforbruket med 2,2 prosent. Difor har også produksjonen av kol- og gasskraft auka – og dermed aukar klimagassutsleppa. I fjor auka kolkraftkapasiteten i verda med 2 prosent, nesten 50 GW, ifølgje tal frå Global Energy Monitor. Den nye kolkraftkapasiteten var meir enn tre gonger så stor som kapasiteten til kolkraftverka som vart lagde ned i 2023. Nettoveksten til kolkrafta var nesten like stor som veksten i alle typar fornybar kraftproduksjon i fjor, og to tredelar av den nye kolkrafta kom i Kina.

Dermed vart det også i 2023 ny rekord i energirelaterte CO2-utslepp, syner oppsummeringa til IEA. 37 milliardar nye tonn CO2 gjekk ut i atmosfæren. IEA reknar med at det globale straumforbruket vil auke enda meir i åra som kjem. Dei neste tre åra er prognosen 3,4 prosent årleg forbruksvekst, og ein stor del av dette kjem etter alt å døme til å bli dekt av kolkraft.

Fråkopling

Her skal vi ikkje gå nærare inn på verken politikken eller økonomien i kolkrafta. Vi skal heller ikkje ta diskusjonen om problema det skaper at vind og sol er ustabile energikjelder, og at straum er vanskeleg å lagre i stor skala. I staden skal vi sjå på sjølve etterspurnaden, som i hovudsak er det som driv fram utbygginga av stadig meir fossil kraftproduksjon. Det enkle spørsmålet er: Kvifor brukar verda stadig meir straum?

Eit mogleg svar kunne vere at det er slik den moderne verda er, og slik har ho vore sidan den industrielle revolusjonen: Kvart år blir det stadig fleire menneske, stadig meir industri, stadig meir velstand og stadig større energiforbruk. Men det er ikkje gjeve at ting framleis vere slik.

Ein grunn til det er at koplinga mellom økonomisk vekst og aukande klimagassutslepp langt på veg er broten i dei rike landa. Det er ikkje berre fordi mykje ureinande industri har blitt flytta til lågkostland. Dei tekniske framstega er vel så viktige. Meir energieffektiv industri og mindre ureinande teknologi gjer det mogleg å auke produksjonen utan at straumforbruket og utsleppa av klimagassar treng å auke. Også i bustadene våre kan vi spare straum utan å tape komfort, til dømes med varmepumper og betre isolasjon. Den økonomiske veksten i seg sjølv treng altså ikkje drive opp straumforbruket eller klimagassutsleppa lenger. I vestlege land vart den tette koplinga mellom vekst, energiforbruk og utslepp langt på veg broten alt i 1990-åra, og i dag er denne samanhengen svekt i det meste av verda. Men fråkoplinga skjer likevel ikkje fort nok til å kunne halde utsleppa nede.

Vekst i Asia

Kor i verda er det så at straumforbruket stadig aukar? Slett ikkje i Europa, syner oversynet til IEA. I EU var forbruket i 2023 meir enn 3 prosent lågare enn i 2022, sjølv om dei europeiske kraftprisane var berre halvparten av det dei var året før. Straumforbruket i EU i fjor var på same nivå som 20 år tidlegare, skriv IEA. Også i USA fall straumforbruket i fjor, der var nedgangen 1,6 prosent.

Som lesaren nok har skjønt, er det Asia som driv opp veksten i straumforbruket i verda. Og dei to store aktørane er naturleg nok verdas to mest folkerike land, India og Kina. I fjor auka straumforbruket i Kina med 6,4 prosent. I India var den prosentvise auken enda større: heile 7 prosent opp frå 2022. Båe landa er svært avhengige av kolkraft: I Kina dekte kolkraftverka 62 prosent av straumforbruket i fjor, i India stod kolkrafta for 75 prosent. Det kinesiske straumforbruket per capita er alt i dag høgare enn i EU. Men i Kina er det industrien som har stått for det meste av straumforbruket, og det er venta at husstandane framleis kjem til å auke etterspurnaden sin monaleg.

I India er det grunn til å vente enda større auke i straumbruken til husstandane i åra som kjem. Det kinesiske straumforbruket per innbyggar er meir enn fem gonger så stort som det indiske. Straumforbruket og straumproduksjonen i desse to landa kjem til å avgjere mykje av framtida for klimaet på jorda, og det er Kina som er sjølve nøkkellandet. Det årlege straumforbruket i Kina er no jamstort med forbruket til USA, EU og India til saman.

Det årlege straumforbruket i Kina er no jamstort med forbruket til USA, EU og India til saman.

Elbilane kjem

Her skal det seiast at noko av auken i straumforbruket i Kina og verda elles er å rekne som god klimapolitikk. Når mykje av transporten skal leggast om frå å nytte fossilt drivstoff til batteridrift, krev det store mengder elektrisk kraft. I Kina er til dømes 8 prosent av bilane elektriske, og andelen aukar raskt. Denne overgangen kjem til å drive opp straumforbruket monaleg også i Europa og USA. Eit lite døme: I 2022 rekna Miljødirektoratet ut at Noreg kom til å trenge 31 prosent meir straum enn dagens produksjon – om all transport skal bli utsleppsfri og trafikken blir som i dag. Om derimot trafikken aukar like mykje fram til 2050 som venta i Nasjonal transportplan, kjem Noreg til å trenge 43 prosent meir straum enn i dag.

Denne omstillinga blir svært krevjande også for Noreg, eit land velsigna med svært store vasskraftressursar og stort potensial for vindkraft. For land med dårlegare føresetnader for fornybar energiproduksjon – det vil seie dei aller fleste land i verda – blir det verre. I tillegg veks det fram nye former for kraftkrevjande industri som truleg vil forlange store kraftressursar. Langt framme i køen står dataindustrien (sjå eiga sak).

Ingen satsar meir på fornybar energi enn kinesarane, heller. Biletet viser eit solkraftverk i Shanxi-provinsen.

Foto: Sam McNeil / AP / NTB

Lyspunkt

Trass i alle desse dystre utsiktene finn Det internasjonale energibyrået ein god del lyspunkt i rapporten Electricity 2024. IEA ventar at eit historisk vendepunkt skal kome neste år: Da skal fornybar kraftproduksjon for første gong bli større enn kolkraft på verdsbasis. I løpet av 2025 skal fornybar straum levere meir enn ein tredjedel av straumforsyninga i verda, meiner IEA. I 2026 skal fornybar energi og atomkraft til saman levere 46 prosent av straumen i verda, opp frå 39 prosent i 2023. Ikkje minst: Om byrået har rett, vart 2023 året da kolkraftproduksjonen i verda passerte den historiske toppen.

Og igjen er det Beijing som sit med nøkkelen. Kina har ikkje berre dei fleste kolkraftverka og dei største klimagassutsleppa i verda, men er òg verdas desidert største utbyggar av sol- og vindkraft. Dei neste fire åra reknar IEA med at kinesarane kjem til å stå for 60 prosent av den nye fornybare kraftproduksjonen i verda. Kina kan åleine halde både klimapessimistar og -optimistar med argument i mange år framover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis