Ein vanskeleg nabo for Kina
Kina er det landet regimet i Pyongyang ikkje kan klare seg utan. Men også for Kina er Nord-Korea eit alvorleg problem.
Om nokon land skal vere i stand til å presse fram ei endring av den destruktive politikken til Nord-Korea, er det Kina. Etter at handelen med Sør-Korea stogga heilt opp, er det aller meste av utanrikshandelen til Nord-Korea med kinesarane, inkludert importen av essensielle varer som olje. Også det meste av bankverksemda til regimet i Pyongyang går gjennom Kina. Om USA skal klare å presse Nord-Korea til å gje opp atomprogrammet sitt, må truleg kinesarane med på laget.
Det er ikkje heilt utenkjeleg: Heller ikkje Kina er nøgd med den risikable politikken til Nord-Korea. Relasjonen mellom dei to kommuniststatane var ikkje hjarteleg under den kalde krigen heller. Mao skal ha vore lite glad for at Kim Il-sung invaderte Nord-Korea i 1950. Men Kina kjende seg nøydd til å gripe inn i krigen for å berge Nord-Korea frå totalt nederlag, og kinesarane skal ha mista kring 200.000 mann. Da Kim Il-Sung igjen ønskte å invadere Sør-Korea i 1975, inspirert av USAs nederlag i Vietnam, skal kinesarane ha sagt nei til å støtte han.
Irritasjon
Dei siste tiåra har Kina hatt stabilitet i Nord-Korea som mål, og har gjennom bistand og handel bidrege til å halde regimet i Pyongyang ved makta. Kinesarane har frykta brå omveltingar som kunne føre til ein stor flyktningstraum over grensa.
– Leiarane i Beijing ville nok gjerne sett eit demilitarisert, stabilt Nord-Korea som innførte marknadsreformer på same vis som andre land i regionen, meiner Stein Tønnesson. Men han tviler på at leiarane i Pyongyang vil våge ei slik opning: Det kan fort ende med at regimet fell.
– Det er stor irritasjon i Beijing over leiarskapen i Nord-Korea. Men kinesarane ønskjer seg ikkje Nord-Korea som fiende. Rakettane til Nord-Korea kan òg nå Beijing. Og Kina ønskjer definitivt ikkje eit sameint Korea, som truleg vil bli dominert av USAs allierte Sør-Korea.
Kva vil Kina gjere?
Det store spørsmålet er kor langt Kina vil gå for å leggje press på Kim Jong-un. Donald Trump, som inntil nyleg truga med toll på kinesiske importvarer til USA, har no blitt oppteken av å bli ven med Kina. Trump har hevda at Kina vil «hjelpe USA» med Nord-Korea, men ingen veit kva dette kan innebere, påpeikar Tønnesson.
– Om kinesarane vil, kan dei strupe Nord-Korea. Dei kan stenge grensa og stogge oljeleveransane og pengestraumen til landet. Dei kan òg sende styrkar til grensa for å leggje ekstra press på Kim. Men det vil vere risikabelt også for Kina.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.