JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit hav av pengar

Det norske folket eig fisken i havet, og styresmaktene gir rett til å hauste ressursane heilt gratis. Likevel blir fiskekvotar til ein verdi av kring 120 milliardar omsette som privat eigedom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Formelt blir fiskekvotar gitt av norske styresmakter, men på den frie marknaden blir dei kjøpte og selde som annan privat eigedom.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

12988
20200515

Fiskeria i tal

I den fiskeribaserte verdikjeda utgjorde verdiskapinga 37 mrd. i 2017.

I 2018 vart det eksportert sjømat frå dei norske fiskeria for 28 mrd. kroner.

Verdikjeda omfattar 28.600 årsverk.

I 2018 hadde om lag 9500 fiske som hovudyrke.

Frå 2008 til 2018 gjekk talet på fiskarar ned med nær 1100.

FISKERI

christiane@dagogtid.no

Med fryd i nebbet stuper han ned i pengebingen sin. Kastar pengane kring seg. Strekkjer seg i pur glede. For teikneseriefiguren Skrue McDuck er myntane eit hav han kan leike seg i, og dei er hans. Berre, berre hans. Veggene kring pengebassenget er tjukke og døra låst.

Vi nordmenn kan òg bade i rikdom. Ein felles rikdom. Når vi stuper ned i glitrande saltvatn ein varm sommardag, kan vi tenkje på kor mykje velferd havet har gitt oss. Olja har sjølvsagt mykje av æra, men vel så mykje ære fortener fisken, fordi han er ein ressurs vi kan hauste av til evig tid, om vi forvaltar han rett. Og som olja er fisken eigd av fellesskapet – det er klart slått fast i det norske lovverket.

Tysdag 28. april la Riksrevisjonen fram ein rapport som kastar lys over korleis fiskerikdommen i havet har blitt forvalta av politikarar og styresmakter i perioden 2004–2018. Her får ein òg eit lite blikk inn i ein privat marknad for kjøp og sal av fiskekvotar, retten til å fiske, som har fått vekse fram i takt med det regulerte og formelle systemet for fiskeria.

Prisauken på fiskekvotar har gjort det vanskelegare for unge å bli fiskarar, og problemet har vore debattert i mange år. Likevel har korkje Fiskeridirektoratet eller Nærings- og fiskeridepartementet ført oversikt over korleis prisane har utvikla seg. Trass i at endringar i fiskeripolitikken påverkar kvoteprisane og med det tilgangen til rikdommen i havet. Kven får tilgang? Kor gamle er dei? Kvar bur dei? Korleis påverkar dei Kyst-Noreg?

Tala har heller ikkje vore tilgjengelege for mannen og kvinna i gata som kunne ønskje å delta i ein debatt om fisk og kyst.

Privat transaksjon

Ein lynrask og forenkla historietime om fiskekvotar: Overfiske var bakteppet for at dei viktigaste fiskeria vart stengde for yrkesfiskarar utan løyve i perioden 1983–2003. Fiskarane fekk løyve og gratiskvotar frå styresmaktene, rekna ut frå kva mengde fiskebåtane hadde fiska tidlegare. Lønsemda var dårleg og næringa vart subsidiert. Difor kom det tiltak for å strukturere flåten, det vil seie at fiskarane fekk samle fleire kvotar på same fartøy og skrote båtane som vart til overs.

Meir fisk per båt fekk opp lønsemda, og kvotane vart eit knapt gode det var rift om. Framleis gir styresmaktene ut kvotar gratis ut frå visse kriterium, men fiskarar gir ikkje frå seg retten til å fiske utan å ta betalt i ein privat transaksjon.

Riksrevisjonen omtalar praksisen om lag slik: Eit fiskeløyve (ein kvote) kan formelt ikkje kjøpast og seljast. I praksis blir kvotar kjøpte og selde på marknaden ved at kjøparen og seljaren avtalar at løyvet skal overdragast frå eitt fartøy til eit anna, eller frå éin fartøyeigar til ein annan, med atterhald om at fiskeristyresmaktene faktisk tildelar kvoten til kjøparen.

At kvotar blir omsette privat og ikkje som ein del av eit offentleg system, blir òg brukt som grunngiving for at korkje departement eller direktorat fører oversikt over prisane: «Departementet opplyser at de anser transaksjoner som en privat avtale mellom kjøper og selger, og dette er derfor ikke noe som angår departementet», står det i Riksrevisjonens rapport. Og vidare: «Årsaken til at Fiskeridirektoratet ikke har samlet inn informasjon om kvoteprisene, er ifølge direktoratet at fisketillatelsene i utgangspunktet ikke kan kjøpes og selges.» Men kjøpte og selde blir dei altså.

Bodkrig Med millionar

Kjøp og sal av fiskekvotar på privatmarknaden kan ein samanlikne med kjøp og sal av kva eigedom som helst. Og for mange fiskarar kan det vere freistande å tene ein stor eingongssum på å selje kvotane sine i staden for å tene litt pengar årleg gjennom fisket.

­– Det er tilbod og etterspurnad, seier skipsmeklar Johan S. Olsen, som held til på Andenes.

Frå firmaet OSO Maritime legg han ut fiskebåtar for sal, med og utan fiskerettar. Øvst på nettsida finn vi denne veka ein sjark med det velklingande namnet «Maria», med rett til å fiske torsk, sei og hyse.

Olsen har vore i bransjen sidan 1989 og sett endringane i næringa på nært hald.

– Eg har vore med heilt sidan det var elendig fiske fram til midt på 1990-talet, eg har vore med på struktureringa. Og ja, utviklinga har vore enorm. Utviklinga av fartøy og konsesjonsverdiar har vore enorm. Det har vore ein fantastisk tur for fiskeria, seier han.

–­ Korleis vil du skildre ein gjennomsnittleg bodrunde?

­­– Det kan vere fleire som vil kjøpe same båt, men mykje avheng av kva bankane vil vere med å finansiere. Millionane kan fort hagle om det er det rette objektet.

Mangedobla verdiar

Riksrevisjonen meiner det er kritikkverdig at det ikkje finst systematisert og offentleg tilgjengeleg informasjon om kvoteprisar, slik det mellom anna finst på Island. Men kontrollorganet har innhenta tal frå Skatteetaten som mellom anna syner at prisen på torske-, hyse- og seikvotar er femdobla på dei mindre sjarkane i perioden 2009 til 2017, ut frå ei konservativ utrekning.

For sildekvotar på båtar opp til 15 meter i nord har prisen tidobla seg i same periode. Eit eksempel: Ein kvote på ein ti meter lang båt har ut frå utrekninga auka med 2,3 millionar kroner i verdi, frå 275.000 til 2,6 millionar.

Det er sannsynleg at prisane har auka endå meir enn desse utrekningane viser. I aviser og fagpresse finn ein frå tid til anna overskrifter som «Marius kjøpte fiskekvote til 200.000 kroner. Nå er den verdt tre millioner» (Fri Fagbevegelse 2018), «Kvotehandel for 100 mill.» (Sunnmørsposten 2016) og «Fiskerettigheter for millioner selges ut av Finnmark» (NRK 2017). Kvoteprisane har kort sagt mykje å seie for både småfiskarar, storfiskarar og kystsamfunn.

Kvotar verde 120 mrd.

Matforskingsinstituttet Nofima har i eit notat rekna på den totale verdien av fiskekvotane i dei lukka fiskeria på havet. Ein skal ikkje setje to strekar under talet, sidan det ligg fleire usikre moment til grunn, men anslaget 120 milliardar seier noko om kva storleik vi snakkar om. Det er dobbelt så mykje som staten bruker på Forsvaret i år. Talet samlar verdien av både grunnkvotar og strukturkvotar (tilleggskvotar som resultat av samanslåing av kvotar). Medan grunnkvotane ikkje er tidsavgrensa, varer strukturkvotane i 25 år, før dei blir fordelte i ei fartøygruppe på nytt.

I notatet skriv Nofima at medan strukturkvotane er tidsavgrensa, blir grunnkvotane oppfatta som evigvarande i næringa, eit element som dreg prisen opp.

Regjeringa har dei siste åra gjort det langt enklare å handle med kvotar. For eksempel vart fylkesgrensene for sal erstatta med éi enkelt grense mellom Nord- og Sør-Noreg i 2016. Marknaden reagerte kjapt. Ifølgje tal frå Skatteetaten auka prisane innanfor ulike båtgrupper med mellom 40 og 120 prosent frå første til andre halvår i 2016.

Undersøkinga frå Riksrevisjonen syner òg at mønsteret for kvar båteigarane bur, har endra seg, og at dette igjen endrar kvar fisken blir landa. Dei mindre båtane leverer gjerne fisk til heimkommunen og er derfor særleg viktige for fiskeindustrien langs kysten.

­– Lovstridig

Ved Noregs fiskerihøgskole i Tromsø jobbar ein jussprofessor som seier at heile den private marknaden for kjøp og sal av fiskekvotar har utvikla seg i strid med norsk lov.

Peter Ørebech viser til at fisken i Noreg er felleseige, og at ingen fiskarar eig kvotane dei har rett til å fiske. Tvert om er dette kvotar som styresmaktene har gitt dei for eitt år om gongen, og som kan bli inndregne att dersom samfunnsomsyn skulle tilseie det.

­– Kven kan selje noko som andre eig? Når vart det ein regel i Noreg? Eg minner om det sjuande bodet: Du skal ikkje stele, seier Ørebech.

Ørebech jobba sjølv som byråkrat i Fiskeridepartementet midt på 1970-talet og hugsar godt korleis han på den tida delte ut kvotar gratis og ut frå skjøn.

– Eg hadde ansvar for ringnot og gjorde konsekvente avgjerder år ut og år inn. Eg gav avslag til alle frå Tromsø, medan dei to brørne på Karlsøya fekk konsesjon, seier han.

Han er kritisk til at kvotane går til høgstbydande i staden for at styresmaktene bruker skjøn før dei avgjer kven som skal få kvotar, ut frå kriterium som bustad og alder.

– Ein har rett og plikt til å utøve skjøn, men styresmaktene har abdisert. Seljaren tenkjer ikkje på rekrutten som kan betale ti millionar. Den idealisten finst ikkje. Ein sel til høgstbydande, seier Ørebech.

At styresmaktene har akseptert omsetnad av kvotar, gjer ikkje ordninga meir lovleg, men det skapar forvirring, slik Ørebech ser det.

– Det er ein dobbeltkommunikasjon frå styresmaktene som gjer situasjonen forvirrande for bankar, meklarar og forsikringsselskap.

For Ørebech heng synet på omsetnad av kvotar nøye saman med spørsmålet om kven som eig kvotane, og kor lenge dei varer. Her er det felt fleire dommar i Høgsterett som har gått i favør av fellesskapet framfor privat eigarskap til evig tid.

Voldstad-saka er kanskje mest kjend. Fiskebåtreiar Eivind Voldstad frå Ålesund hadde skaffa tidsuavgrensa strukturkvotar til ein frysetrålar, og stemna staten då fiskeriminister Helga Pedersen i 2007 valde å tidsavgrense strukturkvotane til 25 år. Han argumenterte for at avgjerda braut med Grunnlova, som seier at lovendringar ikkje skal ha tilbakeverkande kraft. Voldstad fekk medhald både i Oslo tingrett og i Borgarting lagsmannsrett, men tapte i Høgsterett i 2013, med éi stemme i overvekt. Kvotar er politikk, ikkje privat eigedom.

Ulike oppfatningar

Då dåverande fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) skulle leggje fram stortingsmeldinga om fiskekvotar, som sist veke vart vedteken med ei rekkje endringar, spurde avisa DN han om han ville endre på systemet der fiskekvotar er til sals for millionbeløp. Svaret gjorde det klart at han aksepterer praksisen.

– Det vil alltid vere ein marknad som avgjer prisen, var hans kommentar.

Kommunikasjonssjef i Fiskeridepartementet Martine Røiseland skriv i ein e-post til Dag og Tid at det ikkje er haldepunkt for å hevde at det har utvikla seg ein praksis i strid med lova.

– Ordninga er uttrykkjeleg forankra i deltakarlova, som er vedteken av eit breitt fleirtal i Stortinget, skriv ho.

Staten legg seg ikkje opp i dei privatrettslege avtalane, ifølgje Røiseland.

– Staten tildeler alltid dei aktuelle løyva til éin bestemt fartøyeigar for eitt bestemt fartøy. Dette er ikkje til hinder for at private aktørar kan inngå avtalar om å overføre løyve og eventuelt kvotar mellom fartøy. Ei slik overføring krev ny godkjenning frå staten. Kjøpar og fartøy må fylle alle vilkåra i lova. Samstundes er det slik at dei private aktørane står heilt fritt til å avtale prisar på kvotar seg imellom.

Skipsmeklar Johan S. Olsen kommenterer oppfatninga om at omsetnaden er lovstridig, slik:

– Om ein ser på det som var vore tidlegare, har han rett i det. Men styresmaktene har endra reglane undervegs og har akseptert at rettene kan omsetjast. Då kan ein ikkje angripe fiskarane.

Avviser kritikk

Stortinget vedtok for kort tid sidan ei kvotemelding som ikkje grip inn i den private omsetnaden av kvotar. Men vil fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) lage ei offentleg tilgjengeleg oversikt over kvoteprisar, slik at alle fiskeeigarar kan sjå kva fiskerettane går for?

Svaret er at han vil vurdere det, men han er ikkje samd i at mangelen på ei slik oversikt er kritikkverdig. I eit svar til Riksrevisjonen skriv Ingebrigtsen at det er høve til å skaffe seg relevant informasjon om kvoteprisar ved behov, og at departementet har gjort det ved fleire høve. Statsråden er ikkje overtydd om at kvoteprisane gjer det vanskelegare å få unge inn i næringa, og peikar på at det å vere mannskap på fiskebåt òg er ein attraktiv jobb. Slik Ingebrigtsen ser det, er det lukkinga og avgrensinga av fisket som først og fremst set hinder for unge, ikkje kvoteprisane. Høge kvoteprisar avspeglar at det er sterk etterspørsel etter å delta i fiskeria, innanfor dei rammevilkåra som gjeld i dag, skriv han.

Og berre så det er nemnt: Dei som ikkje har sine eigne kvotar, kan få høve til å fiske i det som blir omtala som open gruppe. Så mange som 2400 fartøy fiskar for tida der, og deler på om lag seks prosent av den norske totalkvoten med torsk. Mange rekruttar startar der, med håp om å auke innteninga med eigen kvote etter kvart. Eit mindretal har òg vore så heldige å få ein gratis rekrutteringskvote.

For mange unge og lovande i Kyst-Noreg kan nok likevel døra til dei lukka fiskeria framstå like stengd som døra til Skrues pengebinge – som definitivt er i privat eige.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

­– Millionane kan fort hagle om det er
det rette objektet.

Johan S. Olsen, skipsmeklar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis