Eit politisk parti kjenneteikna av løgner
Det første året mitt som kommentator i The New York Times fekk eg ikkje lov til
å nytte ordet «løgn».
Toget av immigrantar som går mot USA, hadde utgangspunkt i Honduras.
Foto: Jose Moreira / Reuters / NTB scanpix
Det året fall saman med presidentvalet i 2000. Kandidaten George W. Bush jr. var faktisk systematisk uærleg om dei økonomiske framlegga sine med å seie usanne ting om kven som ville tene på skattekutta hans, og kva privatiseringa av trygdesystemet ville føre til. Men førestellinga om at ein presidentkandidat frå eit stort parti kunne gå frå å lage ein vri på noko til beint fram å lyge, var nærast utenkjeleg. Og det å seie det var sett på som å gå langt over streken.
Det er openbert at forbodet ikkje lenger gjeld for denne spalta, og store medieorganisasjonar syner ein aukande vilje til å peike på blanke usanningar. Men dei jagar eit mål i rørsle, for løgnene vert berre større og større og meir omfattande. Faktisk er det slik at valkampbodskapen til det republikanske partiet berre består av løgner; det er vanskeleg å kome på ei einaste sanning dei satsar på.
Og ja, dette er eit republikansk problem (og det gjeld ikkje berre Donald Trump). Demokratar er ikkje helgenar, men dei driv valkamp i hovudsak på verkelege saker og står stort sett for det dei hevdar å stå for. Republikanarar gjer ikkje det. Og den totale uærlegdomen i den republikanske valagitasjonen burde i seg sjølv vere ei avgjerande politisk sak, for slik det no er, definerer han karakteren til partiet.
Kva er det republikanarar lyg om? Som eg sa, nesten alt. Men det er to store tema. Dei lyg om agendaen sin, ved å late som om politikken deira skal hjelpe middel- og arbeidarklassen, når han i røynda gjer det motsette. Og dei lyg om problema USA står overfor, ved å blåse opp eit imaginært trugsmål frå lettskremde, mørkhuda menneske, og i aukande grad knyter dette trugsmålet til jødiske konspiratorar. Begge desse løgntypane er rotfesta i den verkelege agendaen til partiet.
Det republikanarane i røynda står for, og har gjort i mange tiår, er å kutte skattane for dei rike og skjere ned på sosiale program. I fjor klarte dei å banke igjennom eit svært skattekutt som først og fremst gjaldt store selskap og dei rike. Partiet mangla berre éi røyst på å få til ei helse-«reform» som, ifølgje Kongressens budsjettkontor, ville ha fått 32 millionar amerikanarar til å miste helseforsikringa si.
Problemet til det republikanske partiet er at denne agendaen er djupt upopulær. Dei fleste amerikanarar ønskjer ikkje kutt i viktige sosiale program, og fleirtalet av veljarane vil auke, ikkje redusere, skatten for selskap og einskildpersonar med høge inntekter.
Men i staden for å endre agendaen sin for å møte det veljarane er opptekne av, har republikanarane tydd til ein strategi prega av bedrag og distraksjon. På den eine sida køyrer dei for fullt at svart-er-kvitt og opp-er-ned når det gjeld politisk substans. Mest oppsiktsvekkjande er det at dei poserer som forsvararar av vern for folk med definert sjukdom før dei teikna helseforsikring, eit vern som den forliste helselova deira ville ha feia vekk, og som dei no freistar fjerne gjennom rettssystemet. Og dei hevdar at det er demokratane som trugar Medicare.
På den andre sida tyr dei til det gamle, velprøvde verkemiddelet: rasebasert frykt.
Men å selje rasefrykt var lettare i 1980-åra og dei tidlege 1990-åra, da USA verkeleg sleit med kriminalitet i bykjernane. Sidan har valdskriminaliteten stupt. Kva kan ein fryktkremmar gjere da? Svaret er: lyge.
Løgnene er komne i éin køyr sidan innsettingstalen til Trump, som målbar ein falsk visjon om «amerikansk blodbad». Men dei har heile tida blitt stadig meir ekstreme, med ein foreløpig topp i skildringa av eit lite tog av flyktningar, framleis 1500 kilometer frå grensa, som ein overhengande, trugande invasjon, på eitt vis som ein hær med galne terroristar frå Midtausten.
Og no kjem i tillegg ymtet om at lumske jødiske finansfolk er dei rette ugjerningsmennene bak denne invasjonen. For det er der folk som driv med slike ting, alltid endar opp.
Det som er viktig å hugse, er at dette ikkje berre er stygge, øydeleggjande løgner. I tillegg til det formar dei naturen til det republikanske partiet. Det er no uråd å ha intellektuell integritet og eit samvit og samstundes vere republikanar av godt merke. Enkelte konservative har desse kvalitetane; nesten alle har dei forlate partiet, viss ikkje dei er på randa av ekskommunikasjon.
Dei som er att, er anten fanatikarar som er villige til kva som helst i jakta på makt, eller kynikarar som er villige til å ta del i kva det skal vere for å få nokre smular. Og det ville vere toskeskap å innbille seg at det er grenser for kor langt eit parti av fanatikarar og kynikarar er villige til å gå. Dei som kan ha hatt ei markert grense, ein uoverstigeleg raud strek for dårleg framferd, har alt tråkka over.
Det er difor ein republikansk valkamp – basert fullt og heilt på løgner – i seg sjølv burde vere ei politisk sak: ein grunn til å røyste demokratisk sjølv om ein ønskjer skattekutt. For vi talar ikkje berre om eit parti som sel dårlege idear under falske påskot. Avhengnaden av løgner har òg – lat oss gå rett på sak – gjort partiet til eit parti av dårlege menneske.
Det vi har sett gong på gong, er at for desse menneska finst det korkje grenser eller botnar. Vi lyt vente oss det verste.
Paul Krugman
Einerett: New York Times /
Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman vekslar om å skrive denne spalta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva er det republikanarar lyg om? Som eg sa, nesten alt. Men det er to store tema.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.