Eit rom for alle
Om truslar får drive folk vekk frå offentlegheita, er det eit farleg tilløp til fascisme, meiner Shabana Rehman Gaarder.
I fjor var Shabana Rehman Gaarder med på å starte stiftinga Født fri. Frå venstre: Nancy Herz, Laial Ayoub, Sofia Nesrine Srour, Maria Khan, Iram Haq, Amal Aden og Shabana Rehman.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
peranders@dagogtid.no
SAMFUNN
Denne veka trekte den unge debattanten Sumaya Jirde Ali seg frå 8. mars-markeringa i Bergen og frå eit bibliotekarrangement i Oslo. Ali skal ha motteke truslar og har dei siste vekene vore utsett for grovt sjikanøs omtale på nettstaden Resett. Også statsministeren engasjerte seg i saka denne veka: «Det er helt uakseptabelt at Sumaya utsettes for negativ sosial kontroll fra nett-troll på ytterste høyre», sa Erna Solberg til Klassekampen tysdag.
– Når ei ung kvinne trekkjer seg frå eit 8. mars-arrangement på grunn av truslar, er det særs alvorleg. På kvinnedagen burde det vere ekstra enkelt å gripe mikrofonen, seier Shabana Rehman Gaarder.
– Same kva dag på året det er: Om eit menneske i eit fritt land som Noreg må trekkje seg frå offentlege arrangement på grunn av truslar, må vi handtere det som vårt felles samfunnsproblem. Alt anna vil vere eit farleg tilløp til fascisme og sensur, og det må vi aldri akseptere.
Eit rom for alle
Rehman Gaarder har sjølv opplevd mykje av hets, sjikane og truslar sidan ho vart ei tydeleg røyst i samfunnsdebatten for snart 20 år sidan. Ho har vore ein krass kritikar av tvangsgifte, sosial kontroll og såkalla æreskultur i innvandrarmiljø. Men ho har òg sparka i mange andre retningar som skribent og komikar, og har blitt utsett for hets og truslar frå både konservative muslimar og høgreekstreme.
– Sumaya Jirde Ali er truande muslim og har ein annan politisk posisjon enn du har. Men du kan truleg kjenne deg att i mykje av det ho opplever no?
– Sjølvsagt kjenner eg meg att i merksemda ho opplever, både på godt og på vondt. Men eg vil be ho om å halde ut. Det offentlege rommet tilhøyrer oss alle, også ho.
Ei kvinnesak
Mange unge, kvinnelege debattantar med innvandrarbakgrunn har blitt truga gjennom åra. Somme har blitt utsette for vald, og somme har trekt seg meir eller mindre ut av det offentlege ordskiftet. Men hetsen og trugsmåla rettar seg ikkje berre mot kvinner med innvandrarbakgrunn, påpeikar Rehman.
– Trakassering av kvinner i offentlege posisjonar er heilt vanleg, uansett kva bakgrunn dei har. Dette har vore ei kampsak lenge. Med dei sosiale media har det blitt verre, men dei sosiale media gjer det òg lettare å stå opp mot slikt. Eg ser korleis unge kvinner no er gode til å byggje nettverk, varsle og støtte kvarandre. Den solidariteten må bli sterkare også på tvers av generasjonar. Skremmande mange av dei som trakasserer, er godt vaksne.
Nye røyster
Rehman Gaarder har i dag langt fleire med seg i kampen mot sosial kontroll i innvandrarmiljøa. «Dei skamlause jentene» Sofia Srour, Nancy Herz og Amina Bile har blitt tydelege røyster i denne debatten, Rehman Gaarder sjølv har starta stiftinga Født fri saman med forfattar Amal Aden og regissør Iram Haq, og ho er rådsleiar for nettverket Sekulær Feministisk Front.
– Det er heilt klart lettare når ein har fleire med seg. Men sjølv om eg stod åleine i offentlegheita som ung, så var eg aldri heilt åleine. Det var mange gode krefter i sving. Og i dag ser vi at dess meir mangfaldig offentlegheita blir, dess fleire stemmer er det som kjempar for dei same sjølvsagde menneskerettane.
Ønsket om kontroll
– Det verkar klart at hets og truslar i desse debattane går mest ut over kvinner, anten det kjem frå patriarkalske innvandrarmiljø eller ytre høgre. Kva trur du det kjem av?
– Det kjem av at det er vondt for mange å godta endringar. Vi lever i ei tid med raskare og raskare endring. Somme kjenner seg truga av dette, andre tilpassar seg. Men dei aller fleste av oss navigerer i dette landskapet med anstendigheita og menneskeverdet i behald.
– Ser du parallellar mellom dei i innvandrarmiljøa som vil kontrollere kvinner ut frå perverterte idear om ære, og dei folka som trugar eller hetsar Sumaya Jirde Ali?
– Ja, pervertert nasjonalisme minner om pervertert etnosentrisme. Dei deler ønsket om kollektivistisk kontroll. Men eg hellar mot å tru at hetsen mot Sumaya ikkje handlar om ho, i alle fall ikkje berre om ho. Det ligg òg eit raseri mot venstresida og feminismen i dette.
– Når fekk du sjølv dei første truslane etter å ha opptredd offentleg?
– Eg går ikkje rundt og samlar på minne om truslar. For meg er det viktigare å fokusere på at dei aldri klarte å stoppe meg. Eg har opplevd delar av hatspekteret. Men eg har òg møtt heile kjærleiksspekteret, og det er det eg ber på og vil gje vidare.
– Korleis har du handtert hets og truslar sjølv?
– Eg har handtert det ved å dyrke gode menneske, dyrke kjærleik til dyr, menneske og natur, og ved å jobbe bevisst for at ingen skal få invadere optimismen, kreativiteten og det positive sinnelaget mitt med søppelet sitt.
Rettsvern
– Amal Aden og andre debattantar har iblant fått råd frå politiet om å halde lågare profil på grunn av truslane dei har fått. Er det akseptabelt?
– Det er ikkje akseptabelt i det heile. Men når situasjonen først er farleg, er det veldig viktig at folk blir verna. Ytringsfridomen er ikkje vunnen ein gong for alle, han må kjempast for og vernast.
Rehman Gaarder meiner at politiet og rettsvesenet bør bli betre til å følgje opp saker som handlar om trugsmål og trakassering.
– Vi treng verkeleg langt fleire domfellingar, både i æresrelaterte valdssaker og i saker der trakassering trugar rettstryggleik og ytringsfridom. Politiet treng ressursar til å kunne handle i situasjonar der borgarar er truga, anten det er med psykisk eller fysisk vald.
Nye tider
Slik Shabana Rehman Gaarder ser det, har debattklimaet endra seg både til det betre og det verre i dei åra ho har vore ein aktiv debattant.
– Det er ei ny tid no. Kulturkritikk og religionskritikk er blitt meir normalt i alle miljø. Men eg merkar òg at den polariseringa som eg har tulla mykje med før, har blitt spissare, og frontane har blitt tydelegare. Menneske må møtast og sjå kvarandre inn i auga. Vi må snakke med kvarandre før demoniseringa dreg oss alle med i eit dragsug vi ikkje kjem ut av, seier Rehman Gaarder.
– Ekkokammera på nettet er farlege. Og vi bør anstrenge oss for å møte menneske på dei plattformene der radikalisering skjer. For den skjer, det er det ingen tvil om. Vi treng meir visdom i samfunnet. Vi treng kloke menneske som ikkje held kjeft.
Kritikk og mobbing
– Nesten alle er samde i at truslar er uakseptabelt. Men korleis trekkjer ein grensa mellom krass, legitim kritikk og uakseptabel sjikane? Du er jo sjølv tilhengar av stor ytringsfridom med rom for hard og frekk debatt?
– Det kostar å stikke hovudet fram, da må ein vente å få krass kritikk for meiningane sine. Slik må det vere. Men eg trur dei aller fleste klarer å skilje mellom slik kritikk og trakassering. Dei fleste av oss klarer å sjå det når nokon blir mobba. Og mobbing og trakassering er noko som politikarar òg kan bli utsette for.
Francis Sejersted siterte ein gong Rehman Gaarder slik: «Når det først finnes rasistiske holdninger, kan det være gode grunner til at det bør komme offentlig til uttrykk, både for at offentligheten kan bli informert og for å gi næring til antirasistiske holdninger.»
– Det står eg hundre prosent for framleis. Det gjeld ikkje berre rasisme, men òg fundamentalisme og andre former for fanatiske haldningar. Vi treng ytringsfridom for å vite kva det er vi har med å gjere. Men når slike haldningar kjem fram, må dei bli møtte og kritiserte. Det er i ekkokammera desse haldningane kan bli farlege, for der kan ein mobbe folk utan at det får konsekvensar.
– Mange i det offisielle Noreg vil støtte dei som blir truga. Men kan det vere tviegga med Fritt Ord-prisar og støtteerklæringar frå statsministeren, ved at det gjer folk til symbol og provoserer dei som er rasande, enda meir?
– Å gje prisar er det lettaste ein kan gjere. Om det er alt ein gjer, og anerkjenninga berre er symbolsk, kan det bli ein del av problemet. Fritt Ords pris var ikkje til hjelp for meg da nokon skaut på restauranten til familien min. Men anerkjenning er likevel bra. Det skaper førebilete, og det kan skape ringverknader, seier Shabana Rehman Gaarder.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg går ikkje rundt og samlar på minne om truslar. For meg er det viktigare at dei aldri klarte å stoppe meg.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.