Eit spørsmål om politisk styrke
Det er langt meir enn klimapolitikk som skaper avstand mellom Senterpartiet og SV, meiner Marit Arnstad (Sp).
Parlamentarisk leiar Marit Arnstad meiner at Senterpartiet står nærare Ap enn SV i mellom anna klimapolitikken, næringspolitikken og avgiftspolitikken.
Foto: Torstein Bøe / NTB
peranders@dagogtid.no
Marit Arnstad har gode føresetnader for å forklare endringane i forholdet mellom Senterpartiet og SV. I 2005 var ho parlamentarisk leiar for Sp, og ho var med på forhandle fram den raudgrøne regjeringsplattforma etter valsigeren. Ho var òg samferdsleminister i dei to siste åra til Stoltenberg-regjeringa. I dag er Arnstad igjen parlamentarisk leiar for Sp, og ho er klar på at målet no er eit regjeringssamarbeid med Ap.
– Det som har endra seg mest sidan 2005, er styrkeforholdet mellom partia, seier Arnstad.
– I stortingsvalet det året fekk Arbeidarpartiet 33 prosent av røystene, SV fekk 9 prosent og Senterpartiet 6,5 prosent. No har Senterpartiet kring 18 prosent oppslutnad på meiningsmålingane, Ap får 22–23 prosent og SV 7–8 prosent. Når styrkeforholdet endrar seg, endrar det òg det politiske landskapet.
Arnstad peikar på at dei tre tidlegare partnarane i dag har kvart sitt syn på kva slag regjering dei ønskjer.
–?Senterpartiet har vedteke at vi ønskjer å danne regjering med Arbeidarpartiet, Arbeidarpartiet vil ha med SV, og SV har opna for å samle heile venstresida i regjering. Det Senterpartiet har lova, er at vi vil ha regjeringsskifte. Men vi har aldri lova nokon ei samling på venstresida.
– Du var med på å forhandle fram regjeringsplattforma i 2005. Korleis vil du oppsummere erfaringane med den raudgrøne regjeringa?
– Eg sat ikkje i den regjeringa dei første seks åra, så eg kan ikkje oppsummere det frå innsida. Men regjeringsforhandlingane var tøffe.
– Var det vanskelegare for Senterpartiet å få gjennomslag overfor SV enn overfor Ap?
– Eg meiner at Senterpartiet og Arbeidarpartiet står kvarandre nærare når det gjeld nokre av dei store linene. Det gjeld mellom anna skattepolitikken, avgiftspolitikken, forholdet til Nato og store delar av næringspolitikken, inkludert olje- og gassnæringa.
– Ser du på dei åtte åra med raudgrøn regjering som vellukka eller mislukka?
– Det synest eg er vanskeleg å svare på. Eg gjekk ut av politikken i 2005 og var borte i mange år. Men eg trur det finst ein dynamikk i området mellom sentrum og venstresida som er viktig og fornuftig. Den trur eg òg blir viktig i åra framover.
– I mange av hjartesakene til Senterpartiet står de nærare SV enn Ap, som landbrukspolitikk, desentralisering, sjukehuspolitikk og EU- og EØS-saker?
– Det er saker der Senterpartiet og SV er meir samde. Men når det gjeld til dømes avgiftspolitikk, meiner eg SV er ukritiske, og går inn for avgifter som skaper større skilnader mellom folk.
– Det ser ut som klimapolitikken no skaper størst avstand mellom Sp og SV?
– Klimapolitikken er prega av at nær sagt alle sluttar opp om målet, men det er store skilnader i diskusjonen om verkemidla. Debatten har blitt tøffare, og mange av forslaga frå SV og MDG går langt utover måla i Paris-avtalen. Eg er oppteken av at ein må få med dei breie laga av folket, viss ikkje kan det føre til ein backlash for klimapolitikken.
– Senterpartiet har endra profil på dette feltet. På 90-talet og tidleg på 2000-talet var de eit av dei ivrigaste klimapartia?
– Vi gjorde ein feil i 1989 ved å setje for høge mål, seier Arnstad og viser til at Senterpartiet da gjekk til val på å halvere norske CO2-utslepp innan år 2000.
– Vi kjem ikkje lenger ved å konkurrere om å ha dei mest ambisiøse måla om klimakutt. Og eg synest partia på venstresida ofte driv med overbodspolitikk på dette feltet.
– Du sat sjølv i sentrumsregjeringa som Arbeidarpartiet felte på gasskraftsaka i 2000. I den saka var Senterpartiet og SV nære allierte?
– Gasskraftsaka handla eigentleg om å introdusere fossil energi i det fornybare norske kraftsystemet. Det sa Senterpartiet nei til.
– Når Senterpartiet tek så klar avstand frå SV som regjeringspartnar no, handlar det mest om prinsipielle standpunkt, eller om at de vil behalde dei Frp-veljarane de har fått låne?
– Vi kategoriserer ikkje veljarar slik. Veljarar er veljarar, og dei er stort sett fornuftige folk. Det vi seier, er at valresultatet avgjer. Vi diskuterer ikkje samarbeidskonstellasjonar baserte på målingar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Når styrkeforholdet endrar seg, endrar det òg det politiske landskapet.
Marit Arnstad,
parlamentarisk leiar i Senterpartiet
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.