JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ekstreme tider

Klimaendringane kan gjere både tørkeperiodane og flaumane meir ekstreme i Europa, seier klimaforskar Marianne Tronstad Lund.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frankrike er inne i den verste tørka som nokon gong er registrert i landet. Biletet viser ei uttørka sideelv til Loire i Loireauxence 16. august.

Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB

5337
20220826

Samtalen

Marianne
Tronstad Lund

Forskingsdirektør ved Cicero senter for klima-
forsking

Aktuell

Tørke i Europa

Peranders@dagogtid.no

Som om ikkje kontinentet hadde nok å stri med: Den ekstreme tørken i Sentral- og Sør-Europa har forverra kraftkrisa fordi franske atomkraftverk ikkje får kjølevatn, og driv matvareprisane vidare opp ved å øydeleggje avlingar.

Marianne Tronstad Lund er forskingsdirektør ved Cicero senter for klimaforsking.

– Krisene står verkeleg i kø i år. Kva er det å seie om tørken?

– Sommaren i år er spesiell av fleire grunnar. Det har vore ei rekkje hetebølgjer, særleg vest og sør i Europa. I tillegg var det ein tørr vinter og vår, difor var det alt i utgangspunktet lite vatn i elvane og i grunnen. Dermed blir effekten av varmebølgjene ekstra sterk.

– Kor uvanleg er tørken i Europa no?

– Det blir sagt at dette er den mest omfattande tørken i Europa på 500 år. Vi har sjølvsagt ikkje måledata som går så langt attende, temperaturseriane går berre attende til 1800-talet. Før det må vi basere oss på skriftlege kjelder og ulike typar data frå naturen. Men det er ikkje tvil om at denne tørkesommaren er noko langt utanom det vanlege.

– Ei spørsmål som vi stadig kjem attende til i slike samanhengar: Er det mogleg å slå fast at tørken har samanheng med menneskeskapte klimaendringar?

– Varmebølgjer og tørkeperiodar er i utgangspunktet ein del av dei naturlege svingingane i klimaet. Men den menneskeskapte påverknaden bidreg til å gjere utslaga verre. Vi har no data som viser at hetebølgjene kjem oftare enn før ved Middelhavet. Når det gjeld tørkeperiodar i Europa, er biletet meir samansett.

– Er det da rett å forklare tørken i Europa med dei menneskeskapte klimaendringane?

– Vi kan ikkje seie sikkert om eit isolert vêrfenomen er drive fram av den globale oppvarmingaidet det oppstår. Men ved å studere data over tid finn forskarane klare teikn til at mange typar ekstremvêr har blitt meir sannsynlege av dei menneskeskapte klimaendringane. Vi ser òg at det har blitt sett svært mange varmerekordar dei siste åra, det er heilt i tråd med det klimamodellane fortel oss om kva veg det går.

– Kva seier IPCC, klimapanelet til FN, om framtida når det gjeld tørke i Europa?

– Svaret kjem an på kva region det gjeld. I dei sørlege delane av Europa varslar IPCC ein aukande risiko for hetebølgjer og tørke. Lenger nord i verdsdelen er det venta at det blir noko meir regn totalt, men det utelukkar jo ikkje at det kan kome tørkeperiodar.

– I fjor sommar vart klimaendringar brukt som forklaring på flaumane i Sentral-Europa. I år er klimaendringar forklaring på ekstrem tørke. Det kan verke litt ulogisk?

– Kanskje, men det er ikkje noko i vegen for at det same området kan oppleve tørke eine året og ekstrem nedbør det neste. At vêret svingar frå år til år, er heilt naturleg. Men klimaendringane kan bidra til å gjere utslaga meir ekstreme.

– Når lufta blir varmare, kan ho frakte meir fukt og gje meir nedbør. Det er slik sett lettare å skjøne at ei varmare verd har meir flaum enn at det blir meir tørke?

– Det stemmer at ein varmare atmosfære kan føre til ein auke i total nedbør. Vi ser at det stemmer for Noregs del. Men også nedbørsmønsteret kan endre seg: Meir av regnet kan kome som styrtregn, det er ikkje sikkert det fordeler seg jamt. Og når det først kjem ein verkeleg tørr sommar, kan tørken bli forverra av den menneskeskapte oppvarminga, fordi sterkare varme gjev meir fordamping. Klimaendringane legg seg på eit vis oppå dei naturlege svingingane og gjer utslaga meir ekstreme.

– I sommar er det òg tørke i andre verdsdelar. Kina er inne i den lengste og verste varmebølgja nokosinne. Delar av Nord-Amerika har tørke, det same har Afrikas Horn. Er dette tilfeldig?

– Det er vanskeleg å seie noko sikkert om i dag, det er noko vi må studere i etterkant. Men vi veit at ingen stad på jorda er upåverka av klimaendringane. Tørken artar seg litt ulikt ulike stader: Delar av Nord-Amerika og Middelhavsområdet har hatt tørke lenge, medan det vi ser i Sentral-Europa og Kina no, er heilt uvanleg.

– Europa står for ein stor del av jordbrukseksporten i verda. Om ekstremt tørre somrar blir vanlegare på kontinentet, vil det påverke mattryggleiken globalt?

– Ja, og det er i så fall svært alvorleg. Jordbruket er overalt tilpassa det klimaet vi kjenner historisk, og er sårbart for ekstremvêr. Om Europa får fleire år på rad med ekstremvêr, anten det er tørke eller flaum, kan det gå på mattryggleiken laus.

– I mykje av Noreg klaga vi over regnet i sommar. Men nordmenn er likevel blant dei heldige i verda også på dette viset: Regn er stort sett ei velsigning?

– Det kjem an på kva du driv med. Ein bonde på Nordvestlandet ville sikkert ikkje seie seg nøgd med dei store nedbørsmengdene i år. Men Noreg har blitt spart for dei verste konsekvensane av klimaendringane, ja.

– Det kan vel òg vere med å forklare at nordmenn generelt er meir skeptiske til klimaforsking og klimatiltak enn dei fleste andre i Vest-Europa?

– Det kan vere. Når folk lenger sør i Europa opplever klimaet som eit trugsmål mot både helsa og levebrødet, får dei ei anna oppleving av kor mykje det hastar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Jordbruket er overalt tilpassa det klimaet
vi kjenner
historisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis