Dei som betaler
Nordmenn betalte 41 milliardar kroner meir for straumen i desember 2021 enn i desember 2020. Statnett vil ha oss til å tru at det er god samfunnsøkonomi.
Den 720 kilometer lange straumsambandet mellom Suldal i Rogaland og Blyth i England blei fjor sommar kopla saman.
Foto: Statnett / NSL
Bakgrunn
I desember 2020 var kraftomsetninga i Noreg på 12 milliardar kroner, inkludert straumpris, avgifter og nettleige.
I desember 2021 var omsetninga på 55 milliardar.
Nordmenn betalte 41 milliardar meir enn i 2020, utlendingar 2 milliardar.

Straum
jon@dagogtid.no
Skjermdumpen frå Statnett på denne sida er teken måndag ettermiddag klokka 17. Det var ein litt spesiell dag. Som vi ser, var kraftprisen i Sør-Noreg igjen høgst i Norden. Det er ikkje spesielt. I Sør-Noreg var prisen på 112,99 euro for 1 MWh, om lag 114 øre for 1 kWh. I Sør-Sverige og Danmark var prisen 108,66 euro, medan prisen var på 16,68 euro i Midt-Noreg, som ikkje er kopla på kablane til Storbritannia og Tyskland.
Det som er litt særmerkt med denne dagen, var den høge importen inn til Sør-Noreg. Samla ser vi at Sør-Noreg importerterte 2600 MW i effekt, som svarar til ein import på 2,6 millionar kWh i timen.
Nesten alt av import, 2123 MW, kom frå grannelanda, sidan det knapt er overføringseffekt mellom Midt- og Sør-Noreg. Denne importen tente diverre ikkje Statnett noko særleg på, sidan prisskilnaden mellom Sør-Noreg på den eine sida og Danmark og Sverige på den andre sida var så liten. Statnett tente likevel godt med pengar no måndag.
Held att
No har Noreg Fastlands-Europas høgste kraftproduksjon per innbyggjar, så kva kan grunnen vera til at Noreg likevel hadde høgre pris enn Danmark og Sverige? Av di magasineigarane held att på produksjonen i Sør-Noreg. Vinden bles friskt over Nordsjø-landa måndag. Og når magasineigarane ser at vêrmeldingane varslar mykje vind neste dag, lèt dei enkelt og greitt vera å tilby særleg med eigen straum til kundane. Magasineigarane har slutte å selja høns i regnvêr.
At Noreg den dagen dreiv med import, inneber ikkje at vi lét vera å eksportera. Som vi ser, eksporterterte vi litt til Tyskland, 179 MW, som den dagen ikkje hadde særleg trong for norsk kraft av di vinden bles og dei difor hadde omtrent same pris som Sør-Noreg. Éin eksportkabel gjekk derimot for fullt, som han alltid gjer, nemleg kabelen til Newcastle og England. Vi sende 1050 MW den vegen. I Storbritannia var prisen 252,70 euro per MWh mellom klokka 17 og 18 norsk tid, meir enn dobbelt så høg som i Sør-Noreg. Englandskabelen er gaukungen i reiret. Han et alt han kan få tak i.
Skjermdumpen frå Statnett er teken måndag ettermiddag klokka 17. Det som er litt særmerkt med denne dagen, var den høge importen av straum inn til Sør-Noreg.
Nettoimport
Jau, nettoimporten frå granneland var klokka 17 på 894 MW, ein import Statnett tente særs lite på. Men samstundes kunne Statnett eksportera kraft frå Sør-Noreg til England, prisskilnaden mellom Sør-Noreg og England var 129,71 euro, og Statnett fekk halvparten av profitten prisskilnaden gjev. Mellom 17 og 18 tente dimed Statnett 678.000 norske kroner, ein normal timeprofitt den vegen. Englandskabelen er ein rein eksportkabel, og han går alltid for fullt. Det liker magasineigarane.
Det ekstra fine for magasineigarane i Sør-Noreg er at sidan englandskabelen alltid går på full eksport, er det umogleg for resten av Sør-Noreg å importera så mykje at magasineigarane vert sitjande inne med for mykje vatn. Jau, norske magasineigarar i Sør-Noreg selde mykje magasinkraft i fjor haust, når vinden ikkje bles og dei meinte dei fekk godt betalt. Dei selde nok for billig og tappa for mykje vatn. Dei burde ha halde att meir då, særleg Statkraft.
Men samstundes veit no magasineigarane at dei har så lite vatn i magasina at om dei held att i dag, vil dei få særs godt betalt seinare i vinter og vår, når vinden ikkje blæs. Dei vinn i alle høve. Norske magasineigarar bør sende ein venleg tanke til Stortinget som i 2013 vedtok å byggja kablane til England og Tyskland.
Statnett vann
Det som går føre seg via særleg kabelen til England, men òg kabelen til Tyskland, er nett det Statnett ynskte då dei i 2013 laga ein rapport om samfunnsøkonomisk lønsemd som ein del av søknaden om få byggja kablar til England og Tyskland. Statnett hevda at båe kablane kom til å gje oss alle overskot og høgre velferd. Det gjekk ikkje heilt slik, vil mange meine.
Alt i byrjinga av rapporten skriv Statnett dette: «Kablene til Tyskland og Storbritannia gir systemene på begge sider større fleksibilitet, og vi får dermed en bedre utnyttelse av den samlede kraftverksparken. Dette gir en stor samfunnsøkonomisk gevinst for både Norge og våre handelspartnere.»
At Tyskland og Storbritannia har stor samfunnsøkonomisk lønsemd på det som for dei så langt har vore reine importkablar, er tvillaust. Dei får halvparten av den direkte profitten kablane gjev, og billigare straum, og dei slepp i tillegg å byggja opp dyr eigenproduksjon av kraft. England har slutta å leita etter gass, Tyskland legg ned atomkrafta.
Tre milliardar i lomma
Men Statnett meinte òg at Noreg også kunne tena mykje på kablane av di vi kan selja straumen vår dyrare: «Våre estimater for forventet norsk nytte er 120 til 160 Mill EUR per år og per kabel, ved bruk av hele overføringskapasiteten i spotmarkedet.» Statnett såg altså føre seg at Noreg kan få opptil 320 millionar euro, omtrent 3,3 milliardar kroner, betre betalt for straumen enn utan kablane. Om det er lite eller mykje, kjem an på augo som ser. I desember gjekk Noreg med eit handelsoverskot på 106 milliardar.
Så kjem det som folk flest har vanskar med å forstå, og ofte med god grunn, når dei vert presenterte for samfunnsøkonomisk nytte. Det hjelper truleg å hugsa at produsentane er kraftverka, og konsumentane er straumkundane. Statnett skriv: «Både prisforskjeller og mer like priser bidrar til den samfunnsøkonomiske gevinsten, henholdsvis i form av flaskehalsinntekter og økt produsent- og konsumentoverskudd.»
Her må vi omsetja økonomspråket og leggja til at ein god og ærleg samfunnsøkonom nok ikkje ville ha utrykt seg slik Statnett gjer her. «Prisforskjeller» mellom marknader gjer at den som kan eksportera mellom område med låg pris til område med høg pris, får det Statnett kallar flaskehalsinntekter.
Sidan Statnett eig dei nye kablane saman med statsnettselskapa i Storbritannia og Tyskland, kan dei nytta dette nye eksportmonopolet til å tena pengar. Det er berre Statnett som kan eksportera norsk kraft til Tyskland og Storbritannia. Statnettmonopolet tener pengane sine på prisforskjellar.
Like prisar
Men kvifor snakkar dei samstundes om at «mer like priser» er lønsamt og gjev «økt produsent og konsumentoverskudd»? Her snakkar ikkje lenger Statnett om seg sjølv, men om kraftprodusentane, og det dei kan tena. For det er ingen tvil om at kablane til England og Tyskland gjev meir like prisar mellom dei og Noreg. Det er dette både kraftprodusentane og -konsumentane i Sør-Noreg har oppdaga det siste halve året.
Desse meir like prisane – høgre prisar i Noreg og lægre prisar i Tyskland og Storbritannia – påstod Statnett i 2013 at gjev både «økt produsent- og konsumentoverskudd». Det er ikkje feil, det dei seier, men det er ikkje heilt rett heller, og det er i alle høve villeiande om vi snakkar om konsumentane åleine, og konsumentane, det er altså norske straumkundar. Av di dei norske straumprisane har vorte meir like dei tyske og britiske, føler ikkje norske straumkundar at dei sit att med eit overskot.
Forklaringa
Forklaringa er at ein i samfunnsøkonomiske analysar ser på den samla verdien av å gjennomføra eit tiltak. Grunnen til at Statnett kjem fram til at kablane er samfunnsøkonomisk lønsame, er at britane og tyskarane vil betala meir for straumen enn nordmenn. Dimed går den samla avkastinga på norske kraftinvesteringar opp, og særleg mykje av avkastinga går opp av di vara vi eksporterer, er så lite arbeidsintensiv.
Særs få nordmenn må arbeida for å laga den vara tyskarane og britane vil betala så mykje for. Dei tilsette i norske kraftforsyning har høgst løn i Noreg av di dei genererer så store verdiar med så liten innsats (og truleg av di grunnrenteskatten er for låg). Ekstrapengane vi får frå britane og tyskarane, kan vi nytta til å kjøpa arbeidsintensive varer frå utlandet.
Men ...
Når Statnett skriv at kablane gjev «økt produsent og konsumentoverskot», snakkar dei altså om samla vinst. Men liker du at grannen vert rikare når du sjølv vert fattigare? Ja, kraftprodusentane og Statnett tener stort på kablane, men konsumentane, du og eg og norske verksemder som ikkje driv med kraftproduksjon og nett, tapar stort på kablane når dei fører til at straumprisane her heime går opp.
Statnett forsvarar seg med at ekstraprofitten salet av straum til Tyskland og Storbritannia gjev, er mindre enn tapet til norske forbrukarar. Den norske kaka vert større, og når vi har ei større kake, kan vi fordela meir velferd på innbyggjarane i Noreg. Det høyrest kanskje rett ut, men det er godt mogleg at det er feil. For det å fordela velferd er ikkje lett.
To ting
Det er to ting som er lett å gløyma i denne saka – to tilhøve som Statnett ignorerer, truleg av di dei meiner det ikkje er deira oppgåve å seia noko om desse problema: Det eine er kor liten den norske krafteksporten er samanlikna med forbruket innanlands, det andre er problemet med transaksjonskostnader ved endra straumprisar og påfylgjande fordeling av velferd.
Vi kan samanlikna desember 2020 med desember 2021: Statistisk sentralbyrå har nett publisert nye tal for desember i fjor. Dei er uvanlege. I desember 2020 var omsetninga, som inkluderer straumpris, nettleige og offentlege avgifter, i norsk kraftforsyning på 11.952 millionar, eller knapt 12 milliardar kroner.
I desember 2021 var det same talet 55.173 millionar, eller drygt 55 milliardar. På grunn av den ekstreme prisauken på straum var omsetninga 4,6 gonger høgre i desember 2021 enn i 2020. 2 av desse 43 milliardane i omsetningsauke eller høgre prisar var det utlendingar som stod for. Resten, 41 milliardar, var det nordmenn som stod for gjennom høgre straumpris, auka statlege avgifter og høgre nettleige.
Alt til stat og kommune
90 prosent av norsk kraftproduksjon skjer i regi av norske offentlege kraftselskap, der Statkraft er suverent størst. I tillegg vert alt av nett eigd av offentlege selskap, der Statnett er klart størst, og alt av elavgift og alt av auke i meirverdiavgift (mva.) er det staten som får. Det har elles ikkje vorte noko særleg dyrare å driva norsk kraftproduksjon mellom desember 2020 og desember 2021. Om staten og kommunane vil, kan dei overføra nesten heile omsetningsauken på 43 milliardar til offentlege kasser.
Nordmenn har i røynda opplevd ein skatteauke på 41 milliardar frå éin desember til ein annan. Held straumprisen seg oppe, snakkar vi om fleire hundre milliardar per år.
Litt frå utlendingar
Jau, nettoeksporten og prisen på han gjekk opp frå desember 2020 til desember 2021. I desember 2020 fekk vi betalt 574 millionar for nettoeksporten, i desember 2021 2511 millionar. Desse knapt to milliardane i auka inntekter frå utlandet gjev ein velferdsvinst for Noreg. Men forsvarar vinsten ein auke i utgiftene for norske kraftkonsumentar på 41 milliardar?
Til dette vil ein professor i makroøkonomi seia at den store auken i inntekter for staten og kommunane gjev høve til fordeling. Til dømes kan alle dei 41 milliardane i auka straumkostnader som nordmenn har opplevd, gå til skattelette. Men det veit vi ikkje kjem til å henda. Makroteori er av og til berre teori. Kommunane gjev aldri frå seg store kraftinntekter. Og regjeringa gjekk til val på å auka skattane, ikkje redusera dei.
Jau, staten og kommunane kjem til å nytta ekstravinsten til å tilby fleire tenester, men desse tenestene vil ikkje på langt nær alle som har betalt myke meir i straum, få nytte av. Dessutan er det slik at auka tenestenivå har det med å verta permanent. Kva skjer om den dagen kjem at straumprisane går ned? Kjem politikarane til å kutta i velferdsnivå eller i talet på offentlege tilsette, eller kjem dei til å auka skattenivået? Plutseleg inntektsauke har det med å verta sløst bort. Det er ein grunn til at vi har spart så mykje i Oljefondet når prisane på olje og gass har vore høge.
Betaler i alle høve
Det som derimot er sikkert, er at straum er noko nordmenn ikkje nedprioriterer. I fjor auka straumforbruket til norske hushald frå 38 til 40 TWh, trass i den sterke prisauken. Sjølv om staten no deler tilbake ein brøkdel av dei auka strauminntektene som straumstøtte, har mange hushald og dei fleste verksemder fått eit velstandstap på grunn av auka straumprisar og dimed auka mva. Dei færraste kan rekna med å få ein tilsvarande sum velferd attende frå staten og kommunane. Fordeling av velferd har dessutan transaksjonstap. Verdiar går tapt. Nav er ikkje gratis.
Transaksjonstapa stoggar ikkje der. Straumprisen er nidobla frå desember 2020 til desember 2021, medan inntektene til straumselskapa og staten «berre» har gått opp 4,6 gonger. Ein av grunnane til at auken i offentlege inntekter via straumselskapa og avgiftene ikkje er høgre, er at den kraftkrevjande industrien har lange fastpriskontraktar. Dimed har dei ikkje fått ein på langt nær så sterk prisauke som hushalda og mindre verksemder.
Men både vanlege verksemder og den kraftintensive industrien merkar at økonomien vert dårlegare. Over tid skal dessutan spottprisen og fastprisen vera tilnærma lik. Norsk industri står framføre ein stor kostnadsauke.
Tydeleg tendens
Statistisk sentralbyrå har ikkje publisert statistikken over fastpris for fjerde kvartal 2021 enno, men tala frå tredje kvartal viser tendensen. Industriverksemder som gjekk inn nye kontraktar, måtte betala meir enn før. I tredje kvartal 2021 var fastprisen den kraftkrevjande industrien betalte per kWh før avgifter på 38,2 øre, ein oppgang på 34,5 prosent frå året før. Dei som gjekk inn fastpriskontraktar i tredje kvartal, betalte klart meir enn før og var dei som drog opp gjennomsnittsprisen.
Langt verre var stoda i tenesteytande næringar og industrien utanom den kraftkrevjande industrien. Dei opplevde ein prisauke på høvesvis 602 og 614 prosent. Her er vi verkeleg framme ved noko den samfunnsøkonomisk analysen til Statnett ikkje diskuterte eller fanga opp. I kjølvatnet av ein slik prisauke kjem arbeidsløyse, inflasjon, flytting og øydelagd familieøkonomi. Til dømes er det slik at éin av ti personar som vert oppsagde frå ei stilling på grunn av konkurs eller nedskjeringar, ikkje kjem attende i arbeid, men hamnar permanent på Nav.
Om den høge prisen på straum på grunn av nye utanlandskablar held fram, kjem mange einsidige industristader og mange verksemder til å forsvinna. Spørsmålet er om kostnaden for velferdsstaten og dei menneska som vert råka av prisauken, ikkje vert høgre enn den samfunnsøkonomiske vinsten Statnett i 2013 rekna seg fram til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I kjølvatnet av ein slik prisauke kjem arbeidsløyse, inflasjon, flytting, skilsmisser og øydelagde familieøkonomiar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?