Den nye sarkofagen skal sikra Tsjernobyl i 100 år
Sist veke vart den gigantiske sarkofagen over Tsjernobyl-reaktoren formelt overlevert til presidenten i Ukraina.
Den nye sarkofagen i Tsjernobyl til om lag 15 milliardar kroner stod ferdig sist veke.
Foto: Efrem Lukatsky / AP Photo / NTB scanpix
ottar@dagogtid.no
Sarkofagen er bygt over den sovjetiske atomreaktoren som eksploderte den 26. april 1986. Førre onsdag var det symbolsk overrekking av nøklane til Volodymyr Zelenskyj, som nyleg vart vald til president i Ukraina.
– Uheldigvis er den forbodne sona framleis eit symbol for korrupsjon, og tenestemenn tek imot muting frå turistane som smuglar ut ulovleg skrapmetall og brukar naturressursane. Alt dette skal me snart få stogga, uttalte den ukrainske presidenten. Han vona å gjera området til ein magnet for forskarar og turistar.
Blant dei som var til stades ved overleveringa av sarkofagen, var den 91-årige svensken Hans Blix. I 16 år var han generaldirektør for IAEA, Det internasjonale atomenergibyrået.
Blix meiner at sarkofagen skal halda i 100 år og hindra at radioaktivitet lek ut frå den øydelagde reaktoren. Han omtalar prosjektet som eit «resultat av internasjonal solidaritet».
Det har teke ni år å byggja sarkofagen i Tsjernobyl. Den samla prisen for sjølve bygget skal vera 1,5 milliardar euro, eller ca. 15 milliardar kroner.
Ikkje mindre enn 45 land og institusjonar har støtta prosjektet økonomisk.
Størst i verda
Den gigantiske sarkofagen vart bygd i to delar nær ulukkesstaden i tida frå 2010 og fram til 2016, så vart han frakta til den øydelagde reaktoren. Byggverket vert omtalt som den største mobile konstruksjonen som nokon gong er laga. Det har eit spenn på 257 meter, er 162 meter langt og 108 meter høgt og veg 36.000 tonn.
Sarkofagen dekkjer no den øydelagde reaktoren og det provisoriske bygget som vart sett opp etter ulukka og framleis inneheld den nedsmelta reaktorkjernen og om lag 200 tonn svært radioaktivt materiale.
Etter ulukka ved kjernekraftanlegget vart det stor merksemd kring gamle russiske atomkraftanlegg av same type som Tsjernobyl-anlegget. Men framleis er fleire svært gamle reaktorar i drift.
5000 tonn grafitt
Leningrad-kraftverket frå 1974 har snart vore i drift i 50 år. Til anlegget høyrer det fire RBMK-reaktorar av same typen som i Tsjernobyl, og dei har vore i drift 15 år lenger enn det som var planlagt. Men stenginga er i gang, og eit nytt kraftverk står klart, skriv Weekendavisen.
Også ved dette kjernekraftverket er det store mengder radioaktivt avfall, blant anna 5000 tonn grafitt med livsfarleg stråling.
– Det finst ikkje teknologi som gjer det mogleg å kvitta seg med grafitten. Selskapet Rosenergoatoms plan for dei neste åra er å «drifta utan å sjenera», det vil seia å la grafitten stå og venta på betre tider. Det er ein risikofylt strategi, seier Oleg Bodrov til Weekendavisen. Han er fysikar og tidlegare forskar hjå det russiske atombyrået Rosatom, men er no leiar av organisasjon Green World.
Tek fleire år
Miljøvernorganisasjonar meiner at Rosenergoatoms metodar er kortsiktige og risikofylte. Dei viser til at det tek fleire år å fjerna brenselstavane, som skal sendast 400 mil til depotet ved byen Sjelesnogorsk i Sibir. Dessutan finst det sju andre RBMK-reaktorar som skal stengjast, og ein skal ta mot 30.000 tonn brenselavfall.
Ved Sjelesnogorsk-deponiet har Rosatom planar om å etablera eit attvinningsanlegg. Å plassera så store attvinnings- og deponioppgåver i ein region er ein katastrofe, seier Fjodor Marjasov, som er leiar for organisasjonen Sibirs natur og busett i Sjelesnogorsk.
Både Marjasov og forskarkollegaer har åtvara mot plasseringa av anlegget. Deponiet kjem til å liggja nær elva Jenisei, som er berre fire mil frå millionbyen Krasnojarsk.
– Når det gjeld tryggleik, er staden nesten den verst tenkjelege, seier Marjasov.
Han meiner at Russland er sett saman av to land: 143 millionar bur i det normale samfunnet, medan 1,5 millionar bur i Rosatom-samfunnet. Marjasov viser til at i dei lukka byane er demokratiet meir avgrensa, og at dei har samla inn 140.000 underskrifter for å få innverknad på lagringsplanane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.