JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EnergiSamfunn

Dyrt og vanskeleg

Det vert meir og meir tydeleg at klimamåla til regjeringa er umoglege, og at dei tiltaka dei alt har sagt dei vil ha, vert så dyre at dei står i fare for å kollapsa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jonas Gahr Støre vitjar Gulen og Hyllestad kommune i Vestland fylke i juni 2022, der dei flytande vindturbinane til Hywind Tampen blir monterte.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

13882
20230414

Havvind

I norske kroner har vindturbinar gått opp med over 65 prosent i pris sidan fyrste kvartal i 2020.

NVEs rapport om havvind syner at den planlagde norske havvindsatsinga er ulønsam.

Særleg ulønsam er flytande havvind. Rekninga hamnar til slutt hjå norske skattebetalarar.

Grønt skifte

job@dagogtid.no

Det har byrja å koma meir realisme inn i den norske klimasatsinga. I samband med ny nasjonal transportplan bad regjeringa Avinor, Bane Nor, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Statens vegvesen og Nye veier om å rekna på kva som må til for at transportsektoren skal nå det klimamålet Noreg har meldt inn etter Parisavtalen. Der seier vi at vi skal redusera klimautsleppa med 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990.

Konklusjonen i dei ulike rapportane som kom før påske, er heilt eintydige: «De gjennomførte analysene viser at det ikke er mulig å nå klimamålene med realistiske tiltak og tilhørende nødvendig virkemiddelbruk innen 2030.»

Dyre elbilar

Det er ingen land i verda som har nytta så mykje pengar på elbilsatsing per innbyggjar som Noreg. Likevel, seier etatane, kjem klimautsleppa slik det no ligg an, berre til å gå ned med 6 prosent fram mot 2030. Jamvel om vi skrur til avgiftsskruen så det verkeleg monnar, kjem vi ikkje til å nå måla.

Set vi drivstoffprisen til 50 kroner literen, kjem transporten berre til å verta redusert med 13 prosent. Ein slik pris vil rett nok truleg føra til ei økonomisk krise og auka arbeidsløysa i resten av næringslivet, seier etatane.

Transportsektoren står for ein tredjedel av dei norske klimautsleppa. Liknande analysar av dei andre sektorane som står for dei store utsleppa, kjem mest truleg til å gje dei same resultata. Sokkelen, som også står for rundt ein tredjedel av utsleppa, kjem på basis av det som er under utbygging, saman med den eksisterande infrastrukturen, truleg til å halda oppe den noverande produksjonen fram mot 2030, syner prognosane.

Lover mykje

Trass i at realitetane er som dei er, har regjeringa lova ting. Hovudtiltaka er auka straumproduksjon og satsing på industri som skal gje eit tilskot til det grøne skiftet. Også der syner realistiske vurderingar at ting vert vanskelege. Denne veka skriv Dag og Tid om havvind, neste veke om batteri.

Det fyrste problemet for havvindsatsinga er inflasjonen. Han har mange årsaker: Både krigen i Ukraina og ein historiske høg pengebruk under pandemien høyrer med. Men det som starta det heile, før krigen, var ein auke i energiprisar, ikkje berre i den delen av Europa som var avhengig av gass frå Russland, men òg globalt.

Mellom Parisavtalen i 2015 og covid-19-utbrotet halverte verdas olje- og gassprodusentar investeringane i ny produksjon. Då pandemien kom og prisen på all energi gjekk rett ned, vart det heilt stopp i ny amerikansk produksjon, og USA er verdas største produsent av olje og gass.

Opec-makt

Då verdsøkonomien kom i gang att, vart det brått stor mangel på ny energi. Ja, investeringane i ny produksjon er på veg opp, men takka vera dei manglande investeringane i USA, har Opec og Saudi-Arabia fått ei særs stor marknadsmakt, og den nyttar dei til å halda energiprisane oppe, som igjen gjer alt grønt dyrare.

No har prisen på energi smitta over på andre sektorar i verdsøkonomien, og vi har fått ein inflasjonsspiral som delvis er uavhengig av energiprisen. Skal inflasjonen koma ned, må rentene opp og den offentlege pengebruken reduserast. Særleg viktig er det at USA strammar inn på pengebruken, sidan USA langt på veg styrer verdsøkonomien. Men USA er ikkje viljug til å stramma inn på offentlege pengebruk. Dimed står rentevåpenet åleine att.

Grøn inflasjon

Dette får direkte konsekvensar for alt det denne regjeringa seier dei vil satsa på innan det grøne skiftet. I tillegg er det grøne skiftet inflasjonsdrivande. Vi skal gå frå ei energiform som tradisjonelt har vore billig og stabil, fossil energi, til energi som ofte er dyr og stort sett alltid ustabil, vind og sol. I alle høve vil det grøne skiftet krevja ei kolossal satsing på ny infrastruktur, og det er i seg sjølv driv opp alle prisar.

Når det er sagt, har den grøne infrastrukturen som alt har kome på plass, fått hjelp av den langvarig låge inflasjonen med tilhøyrande lågrente som var i åra før pandemien. Det var billig å finansiera ny infrastruktur, og mange regjeringar hadde råd til å låna ekstra for å kunna gje subsidiar til grøn energi.

No har den grøne satsinga langt på veg stogga opp i Europa. I 2022 vart det bygd ut like lite vind som i 2009. Næringslivet vil ikkje lenger satsa utan at dei får meir subsidiar, som dei ulike EU-landa truleg ikkje har råd til av di statsgjelda har vorte høgre og dyrare. Dessutan går ikkje prisen på vindturbinar og mykje annan grøn infrastruktur ned, han går opp, og det myke meir enn for annan infrastruktur.

Norskvind

Då er vi framme ved den norske havvindsatsinga. Før påske lova regjeringa å lysa ut to område for havvindsatsing: Sørlege Nordsjø II, der det i fyrste omgang skal byggjast ut 1500 megawatt (MW) med botnfaste vindturbinar i den såkalla fase 1, og Utsira nord, der regjeringa vil byggja ut 1500 MW med flytande havvind.

Det som vanta i framlegget til regjeringa, var konkrete tal om korleis satsinga skulle finansierast. Det skulle regjeringa koma attende til, sa olje- og energiminister Terje Aasland. Det er forståeleg at utrekningane tek tid.

Så langt har investorar i det grøne skiftet, typisk store internasjonale pensjonsfond (over 70 prosent av allereie installerte vindturbinar i Noreg er i hovudsak eigd av internasjonale fond, red. merk.), sagt seg nøgde med ei avkasting på rundt 4 prosent. Avkastinga er låg, men har vore relativt stabil av di vindkraftprodusentar har låst inn salet av straum på lange fastpriskontraktar, og av di Noreg på lik linje med andre land har gjeve subsidiar til ny grøn energi.

Rente er smerte

Hovudgrunnen til at pensjonsfond har sagt seg nøgde med 4 prosent, er den langvarige nullrenta. Lågrentetida er over så lenge inflasjonen ikkje kjem ned. 4 prosent er ikkje lenger nok, og 4 prosent er dessutan ofte ikkje mogleg utan at energiprisane vert varig høgre eller det kjem nye subsidiar.

Problemet med vind er diverre at di meir vindkraft som kjem inn i systemet, di lægre vert prisen på straum når det blæs. Vindkraftprodusentane, til dømes dei komande norske havvindprodusentane, kannibaliserer kvarandre.

Dessutan går det ikkje å rekna heim investeringar i vind når renta er høgre. Ein investor må diskontera, han eller ho må finna ut kva noverdien av ei investering er om vedkomande vil ha ein gjeven sum i framtida.

Austerrike

Diskontering kan kanskje best illustrerast med statsobligasjonar. Rett etter covid-19-utbrotet i mars 2020 gjennomførte det austerrikske finansdepartementet ein obligasjonsauksjon som i ettertid står fram som genial, men som då likevel vart rekna som høgst usikker. Dei la ut statsobligasjonar med ei løpetid på 100 år.

Då auksjonen var over, hadde pensjonsfond vore så ivrige på å kjøpe at renta vart null. I 100 år framover skal den austerrikske staten betala 0 prosent i rente på stolen. Forklaringa på kvifor pensjonsfonda aksepterte nullrente, var at dei venta deflasjon og negative renter nærast i æva. Om det hadde skjedd, ville dei likevel ha tent pengar på obligasjonane.

I obligasjonsmarknaden vert den austerrikske hundreåringen no seld for 6 prosent av pålydande. Sjølv om det er trykt 100 euro på obligasjonen, 100 euro som kjøparen får når løpetida går ut i 2120, er obligasjonen no berre verd 6 euro. Kvifor? Med dagens renter treng ein berre å investera 6 euro i andre rentepapir for å få 100 euro i 2120.

Gjennomsnittleg pris frå Vestas per MW i millionar euro

Vonlaust

I eit slikt investeringsklima er 4 prosent avkasting på havvind eller anna som er grønt, nokså vonlaust. Pensjonsfond investerer ikkje i havvind eller mykje anna som er grønt, når stoda er som er no. Den høgre renta viser etter diskontering at noverdien av å investera i slikt som havvind, er gått drastisk ned. Det er betre å setja pengar i banken enn å byggja vindkraft.

Eit godt døme er det som no går føre seg i sjøen utanfor Storbritannia. Hornsea 3 skulle verta verdas største havvindpark med nesten 3 GW. Det er like stort som den satsinga regjeringa varsla i den norske delen av Nordsjøen før påske. Hornsea 3 som skal stå ferdig i 2026, er botnfast og difor langt billigare enn til dømes Utsira nord. Hornsea 3 skal kosta 8 milliardar pund, eller 105 milliardar kroner.

Ørsted vann

Danske Ørsted vann kontrakten for utbygginga. Dei sa dei kunne byggja ut prosjektet dersom den britiske regjeringa garanterte at dei fekk ein pris på 59 øre per kilowattime i 2023-prisar. No varslar Ørsted at dei ikkje lenger kan rekna heim Hornsea 3.

«Sidan auksjonen har det vore ein ekstraordinær auka i renter og i prisar i forsyningskjeda», seier Duncan Clark som er administrerande direktør for Ørsted i Storbritannia og Irland. Ørsted toler altså ikkje normale renter og prisauke på slikt som turbinar. Ørsted bed difor om å få mykje meir subsidiar, elles kan dei måtta koma til å berre gå bort frå kontrakten, sjølv om det truleg vil føra til store bøter.

Moden teknologi

Ja, prisane på turbinar gjekk lenge ned, men no tyder det meste på at teknologien er så moden som han kan få verta. Turbinar kan samanliknast med motorar, som i røynda ikkje har endra seg mykje gjennom dei siste tiåra, i høgda har det vore gradvise og små forbetringar. Nye vassturbinar er til dømes ikkje særleg meir effektive no enn dei var for 60 år sidan.

At produsentane av vindturbinar ser ut til å ha nådd ei teknologitak, vitnar prisane til Europas store produsent Vestas om. I fyrst kvartal 2020 kosta 1 MW med vindturbin 720.000 euro. No er den same kostnaden 1,2 millionar euro.

Målt i norske kroner, som er det norske investorar og den norske regjeringa må nytta når dei skal byggja ut i Nordsjøen, har prisen på 1 MW gått frå 8,3 millionar kroner fyrste kvartal 2020 til 13,6 millionar no. Likevel taper Vestas pengar. Kostnadene til vind har kome ut av kontroll.

Når vi så veit at regjeringa i fyrste omgang vil ha bygd ut 3000 MW, seier det seg kanskje sjølv at regjeringa slit med å finna ut korleis dei skal finansiera den fyrste store utbygginga av havvind.

111 milliardar

Noreg har alt eit lite, flytande havvindprosjekt, Hywind Tampen, som Equinor har bygd. Kostnadene så langt har vore på 6,5 milliardar for 88 MW, som skal levera 380 GWh. Det er den dyraste straumen nokon gong produsert i Noreg. Prosjektet vart bygd då prisen per MW var langt lægre enn i dag, og skattebetalarane tek i praksis godt over 90 prosent av rekninga.

Om vi seier at kostnadene ved å byggja ut Utsida nord vert dei same som for Hywind Tampen, talar vi om 111 milliardar. Ein eller annan må betala den rekninga. Vi kan òg leggja til at driftskostnadene ved Hywind Tampen vart mykje høgre enn venta.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har laga ein analyse for regjeringa om samfunnsøkonomien i fase 2 av Sørlege Nordsjø II. Når fase 1 står ferdig, er meininga at bygginga av nye 1500 MW skal byrja. NVE strekar under at tala er høgst usikre. Om resten av nordsjølanda, trass i dei høge kostnadene, gjer røyndom av all den varsla satsinga på havvind, kjem prisen per kilowattime ut i marknaden til å vera særs låg, sidan vinden blæs på likt i Nordsjøen. Som NVE seier: «Det blåser ofte samtidig i store deler av Nordsjøen.»

Ikkje lønsamt

NVE reknar på ulike nettløysingar, ein kabel på 1400 MW berre til Noreg, ein kabel frå Sørlege Nordsjø på 700 MW til Tyskland og ein kabel på 1400 MW til Tyskland. Om det vert kabel til Tyskland, vil denne kabelen fungera som eit vanleg samband mellom Noreg og Tyskland, altså vil ein slik kabel kunne nyttast til eksport av norsk magasinkraft når det er lite eller ingen vind i Nordsjøen.

NVE reknar i referansescenarioet med at Noreg har kraftoverskot i alle åra mellom 2030 og 2050. Dei trur vidare at kraftprisen kjem til å liggja på rundt 50 øre per kilowattime, ein pris langt lægre enn den Ørsted seier dei ikkje kan leva med i Storbritannia. NVE seier òg at dei trur at havvindparkane kan stå i heile 30 år før levetida er ute. Det er eit raust overslag på levetid.

Negativ

Ein kabel berre til Noreg kjem truleg til å få ein negativ samfunnsøkonomisk verdi på 18 milliardar kroner. Det einaste som kan skapa ein viss samfunnsøkonomisk verdi for Noreg, er ein stor kabel på 1400 MW til Tyskland frå Sørlege Nordsjø II. Ein slik kabel kan gje ein samfunnsøkonomisk positiv verdi på 8 milliardar over 30 år, altså nesten ingenting.

Men det som gjev overskot, er ikkje produksjonen av vindkraft, men at kabelen kan nyttast til eksport mellom det norske fastlandet og Tyskland. Det er altså dei såkalla flaskehalsinntektene som oppstår når norske kraftprodusentar på land kan få høgre pris enn dei elles ville ha fått, som gjev ein positiv samfunnsøkonomisk verdi.

Billigare utan havvind

Noreg vil dimed tena langt meir på å byggja ut ein kabel mellom Noreg og Tyskland utan havvind i midten, enn med havvind i midten. Når vi så veit at vi her talar om botnfast havvind, kan vi berre tenkja oss kor ulønsamt flytande havvind vert.

Ein freistande tanke for dei som er opptekne av samfunnsøkonomi, er kanskje at Noreg ikkje byggjer ut havvind, men ventar på at dei andre nordsjølanda byggjer ut eigen ulønsam havvind og dimed lagar billig og tungt subsidiert straum som vi kan importera. Men med dagens kostnadsbilete er det vel ikkje så sikkert at grannelanda gjer alvor av lovnadene om meir havvind.

Det einaste som verkar nokolunde garantert, er at norsk magasinkraft kjem til å vert endå meir verd i framtida. Meir verd tyder høgre pris for oss alle. No er det berre å venta på at regjeringa fortel oss kven som skal betala for den varsla havvinden.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis