JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei mørke sidene av EØS-avtalen

LO-leiinga burde snakke ærleg om kva EØS-avtalen gjer med norsk arbeidsliv, meiner Boye Ullmann i Fellesforbundet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anleggsplass og byggegrop for det nye Nasjonalmuseet på Vestbanetomta.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

6292
20170505

EØS-avtalen

EØS står for det europeiske økonomiske samarbeidsområdet

Avtalen vart inngått mellom EF og seks EFTA-land i 1992

EFTA-partane er i dag Noreg, Island og Liechtenstein

Avtalen skal sikre fri rørsle av arbeidskraft, kapital, varer og tenester i EØS

Gjennom EØS endrar direktiva frå EU mykje av norsk lovverk

Noreg har godkjent over 11.000 EU-direktiv sidan avtalen vart inngått

Sidan 2004 har det kome over 200.000 arbeidsinnvandrarar til Noreg frå EU-land

EØS

peranders@dagogtid.no

Sist måndag var det 25 år sidan Noreg og dei andre landa i EFTA underteikna EØS-avtalen med det som da heitte EF og no heiter EU. I det «europeiske økonomiske samarbeidsområdet» skulle dei fire fridomane rå: fri flyt av arbeidskraft, kapital, varer og tenester. Her skal det handle mest om flyten av arbeidskraft, og det dilemmaet som EØS-avtalen er for den norske fagrørsla.

– Eg meiner LO burde krevje at Noreg seier opp EØS-avtalen. Vi veit at denne avtalen er med på å undergrave norske arbeidarrettar. Han fører til veikare fagorganisering og større økonomiske skilnader i Noreg, seier Boye Ullmann.

Ullmann er organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, fagleg leiar i Nei til EU og aktiv i partiet Raudt. Han er av dei hardaste EØS-kritikarane i fagrørsla. LO-leiinga har forsvart EØS som ein viktig og naudsynt avtale for Noreg i 25 år, men opposisjonen mot avtalen har auka i fagrørsla dei siste åra, og det er venta hard EØS-debatt på LO-kongressen som startar måndag.

Feil føresetnader

– Dei føresetnadene som LO la til grunn for å seie ja til EU i 1992, har ikkje halde, meiner Boye Ullmann.

– Den gongen vart det forsikra om at norske arbeidsvilkår framleis skulle gjelde i Noreg, og vi skulle ha nulltoleranse for sosial dumping. Men slik vart det ikkje.

Sosial dumping tyder her at utanlandske arbeidarar jobbar på langt dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn norske. Eitt av krava som LO stilte til EØS-avtalen på førehand, var at «norske avtale- og lønsforhold må gjelde for arbeid i Norge». Men Ullmann meiner EØS-avtalen har hatt store negative verknader for norske arbeidarar i mange næringar, til dømes byggjebransjen, reinhaldsbransjen og delar av industrien.

Ein hovudgrunn til dette er at EU vart utvida med ti nye medlemsland i 2004, dei fleste av dei i Aust-Europa. Nesten 90 millionar nye innbyggjarar i land med langt lågare lønsnivå enn det norske, vart dermed del av den sams arbeidsmarknaden i EØS-området. I 2007 kom også Bulgaria og Romania med i EU.

Mellombels tilsetjing

– EU-utvidinga har hatt enorm innverknad på arbeidsmarknaden i Noreg. Det er særleg pendlarane som jobbar i bemanningsføretaka, dei mange som jobbar utan sjukeløn eller overtidsordningar, som utfordrar den norske modellen i arbeidslivet, seier Ullmann.

Han meiner det store frisleppet av bemanningsføretak i Noreg sidan 1990-talet har gjort problemet langt større i den norske arbeidsmarknaden. Tidlegare kunne såkalla vikarbyrå berre operere i nokre få bransjar, men norske lovendringar og EUs vikarbyrådirektiv har opna for slik verksemd nesten overalt i arbeidslivet.

– I mange bransjar er mellombels tilsetjing blitt normalen, seier Ullmann.

For arbeidsgjevarsida i Noreg har EU-utvidinga stort sett vore ei velsigning. Sidan 2004 har det kome over 200.000 europeiske arbeidsinnvandrarar til Noreg, dei fleste frå Aust-Europa, syner tal frå SSB. Arbeidsinnvandringa har gjeve ein enorm tilgang på billeg arbeidskraft i Noreg, frå filetarbeidarar og snikkarar til reinhaldarar og au pairar. Men for mange norske arbeidarar er ikkje den enorme auken i konkurransen på arbeidsmarknaden av det gode. Og sidan LO skal vere interesseorganisasjonen til norske arbeidstakarar, er ikkje den trufaste støtta til EØS-avtalen gjennom 25 år eit opplagt standpunkt.

Store endringar

EØS og arbeidsinnvandringa har påverka somme delar av arbeidslivet langt sterkare enn andre. Her kan vi berre ta med nokre døme på utviklinga:

n Lønsutviklinga i nokre bransjar med høg arbeidsinnvandring har vore langt svakare enn i norsk arbeidsliv som heilskap sidan EU-utvidinga, synte ein studie frå Noregs Bank i 2013, attgjeven i Aftenposten. Hotell- og restaurantbransjen, der arbeidsinnvandringa er stor, hadde til dømes hatt ein lønsauke på 11 prosent det siste tiåret, mot 31 prosent i privat sektor elles.

n Utanlandske byggjearbeidarar hyra gjennom bemanningsbyråa erstattar norske fagarbeidarar. Talet på fast tilsette fagarbeidarar hos dei seks største entreprenørane i Oslo-området vart meir enn halvert frå 2007 til 2015, synte ein rapport frå Manifest Analyse.

n Talet på fagorganiserte i byggjebransjen i Oslo-området har falle bratt, og er no truleg på kring 20 prosent.

n Rekrutteringa til yrkesfag, som målar-, murar- eller tømrarfaget, har stupt det siste tiåret.

Meir kriminalitet

I tillegg til den auka legale konkurransen på arbeidsmarknaden har òg EØS-innvandringa ført til meir ulovleg aktivitet i arbeidslivet, meiner Boye Ullmann. Han viser til ein rapport frå Kripos i 2014, der det mellom anna står: «(...) økt arbeidsinnvandring fører også til økt arbeidsmarkedskriminalitet, på grunn av den store tilgangen av (billig) utenlandsk arbeidskraft. Dette gir større spillerom for kriminelle aktører, på en måte som truer med å undergrave sentrale lønns- og arbeidsbetingelser i deler av norsk arbeidsliv».

– I dag er det nesten null risiko ved å drive med sosial dumping i Noreg. Om du blir teken, risikerer du i verste fall å måtte betale det du skulle betalt uansett.

Ullmann meiner LO-leiinga burde vore ærlegare om kva kostnader EØS-medlemskapen har for norsk arbeidsliv.

– Dei kunne i alle fall vedgått at dette er eit dilemma. LO-leiarane hevdar at vi treng EØS-avtalen for å få selje varene våre til EU. Eg trur ikkje det stemmer, men kanskje dei trur på det sjølve. Men den prisen vi betaler, er meir sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i Noreg, dårlegare arbeidsvilkår og svekte fagforeiningar. Eg synest LO-leiinga kunne vore ærleg om dette, seier Ullmann.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– EØS-avtalen undergrev arbei-

darrettar og fører til veikare

fagorganisering og større økono-

miske skilnader.

Boye Ullmann, Fellesforbundet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis