Equinor snuser på marine mineral
Mineralverksemd på havbotnen kan verte ei framtidig satsing for olje- og gassgiganten Equinor.
Equinor-rådgjevar Kjetil Skaugset vurderer havbotnmineral som ny næring.
Foto: NTNU
Saman med tunge aktørar som Norsk Olje og Gass, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og ei rekkje større og mindre selskap innan teknologi og mineralverksemd deltek Equinor, som har staten som største eigar, i nettverket The Norwegian Forum for Marine Minerals.
Styreleiar i nettverket er spesialrådgjevar i Equinor Kjetil Skaugset. Korleis ser han på havbotnmineral som framtidig næring? Slik svarer han i ei e-postutveksling med Dag og Tid.
– Dersom det er tilstrekkeleg med førekomstar av mineral på havbotnen, vil dette kunne bli ei ny næring med gode utsikter i Noreg. For å avklare potensialet er det viktig med meir kunnskap. Oljedirektoratet har ansvaret for innhenting av data i norsk økonomisk sone og sit med eit totalbilete av ressurstilgangen basert på dei tokta som er utførte. Dette er data som i dag ikkje er tilgjengelege for industrien. Det vil vere behov for meir informasjon før industriaktørar kan evaluere om førekomstane er kommersielt attraktive.
– I kva grad har norsk oljebransje kunnskap som vil vere nyttig i undersjøisk mineralverksemd?
– Det er mykje erfaring i norsk offshoreverksemd som kan nyttast til å utvinne mineral på havbotnen. Det er stor overføringsverdi mellom eksisterande og ny industri. Utvinning av havbotnmineral har i tillegg eit globalt perspektiv med tilhøyrande moglegheiter. På same måte som norsk subsea-industri vart leiande leverandør globalt, er det også mogeleg for norske leverandørar og andre aktørar å ta marknadsposisjonar globalt innan mineral på havbotnen.
– Det ser ut til at Equinor følgjer utviklinga innan havbotnmineral. Kan ei slik verksemd verte aktuell for selskapet fram i tid?
– Det er viktig for Equinor å sikre nok kunnskap til å kunne ta gode avgjerder. Dette gjeld ikkje minst kunnskap om miljøpåverknad og korleis ein kan utvinne havbotnmineral på ein god måte. Energiomstillinga vi er inne i, krev auka bruk av mineral som kan utvinnast frå havbotnen. Vi har ikkje fatta noko vedtak som forpliktar selskapet til å drive med denne typen verksemd. Vi ønskjer å forstå kva potensial som ligg i havbotnmineral, slik at vi kan ha eit betre bilete av kva det kan bety for selskapet om vi skulle gå inn i denne typen verksemd.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»