JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Er sosiale medium den nye nikotinen?

Over 40 amerikanske delstatar skuldar teknologigiganten Meta for
å gjere barn og unge avhengige av sosiale medium. Instagram vert samanlikna med nikotin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vanedannande bruk av Instagram skader den psykiske helsa til barn og unge, hevdar riksadvokatane i over 40 amerikanske statar.

Junge, Mia Oshiro

11144
20231124

Fakta

Over 40 amerikanske statar har saksøkt Meta og Instagram.

Søksmålet hevdar at Meta skader unge brukarar ved å gjere dei avhengige av Instagram.

Meta er morselskap for sosiale medium som Facebook, Instagram og WhatsApp.

Meta tilbakeviser påstandane.

christiane@dagogtid.no

Den 24. oktober kom nyhendet om at 41 amerikanske delstatar, pluss hovudstaden Washington DC, saksøkjer det multinasjonale teknologiselskapet Meta og dotterselskapet Instagram for å skade barn og unge.

Meta, som mellom anna er morselskap for sosiale medium som Facebook, Instagram og WhatsApp, blir skulda for medvite å utstyre medieplattformene sine med vanedannande funksjonar, for å gjere barn og unge avhengige. Målet skal vere enkelt: å maksimere eigen profitt.

Til kamp

Styresmaktene i fleire amerikanske delstatar har lenge vore kritiske til produkta frå Meta. For om lag to år sidan sette regjeringsadvokaten (Attorney General) i California, Rob Bonta, i gang ei riksdekkjande etterforsking for å finne ut om medium som Instagram kunne skade brukarane fysisk og psykisk.

Då dei omfattande søksmåla vart lagde fram i oktober, sa regjeringsadvokaten at etterforskinga konkluderte med at Meta skader barn og tenåringar og fremjar avhengnad for å auke innteninga. I ei pressemelding slo Bonta fast at Meta må stå til ansvar.

«Med desse søksmåla dreg vi ei grense. Vi må verne barna våre, og vi vil ikkje vike i denne kampen», skreiv regjeringsadvokaten.

Meta er sterkt usamd i framstillinga, men må no førebu seg på ei rekkje rettssaker med liknande innhald. Ifølgje The Washington Post har 33 delstatar gått saman om eit søksmål som vil verte handsama i Nord-California, medan dei åtte andre delstatane og Washington DC vil føre sakene sine for føderale, delstatlege eller lokale domstolar.

Magisk manipulering

Det er ikkje første gong Facebook og andre teknologigigantar vert skulda for å manipulere brukarane sine.

I The Social Dilemma (2020), ein film som kombinerer dokumentar med fiksjon, fortel ei rekkje tidlegare medarbeidarar i dei store teknologiselskapa om korleis metodane er bygde på omfattande kunnskap om menneskeleg psykologi.

I filmen samanlikna den tidlegare Google-tilsette Tristan Harris teknologi med magi. Slik ein tryllekunstnar kjenner publikummet sitt og veit korleis ho skal skape ein illusjon, gjer teknologane det same. Det handlar om å få tak i merksemda di og føre henne dit tryllekunstnaren eller teknologen vil. Det handlar om å manipulere hjernen.

Så om du skuldar deg sjølv for å kaste bort tid på Facebook eller Instagram og klagar på dårleg viljestyrke, har du truleg ein heilt normal hjerne som teknologien har lært seg å manipulere.

Nokre enkle eksempel: Ved å oppdatere nyhendefeeden din i sosiale medium sørgjer selskapa for at det alltid dukkar opp noko nytt, og når det kjem, løner hjernen deg med ei ørlita lykkekjensle. Når du får melding om at nokon har publisert eit bilete av deg, kan du ikkje la vere å sjå det. Du fryktar å gå glipp av noko. Og vips, så dukkar det opp ei ny melding. Ekskjærasten din har lagt ut ei ny historie. Den må du jo sjå? Så dukkar det opp eit nytt varsel, og eit nytt. Og om du ikkje sjekkar det no, vil det kanskje vere for seint seinare.

Freistingane er berre eit klikk unna, og dess yngre hjerne du har, dess vanskelegare er det å late vere å klikke.

Lekkasjar

Men kva veit vi om verknaden sosiale medium har på unge sinn?

Meta sit i alle fall på mykje kunnskap sjølv. Facebook-varslaren Frances Haugen lak i 2021 ei rekkje interne dokument frå Meta til Wall Street Journal. Dei viste mellom anna at Meta hadde studert påverknaden Instagram har på ungdom. Ein av rapportane viste at tenåringar trur sosiale medium fører til angst og depresjonar, og at Instagram får dei som alt føler seg nedfor, til å føle seg verre.

Ein annan rapport viste at Instagram har dårleg innverknad på unge, fordi dei ved å skrolle utan stopp vert utsette for ein presentasjon som ser verkeleg ut, men som er bygd opp av kjendisar. Standarden for utsjånad vert vanskeleg å nå opp til. Haugen konkluderte med at Meta prioriterer profitt framfor tryggleik.

Den nye tobakken

Fleire historier frå varslarar i teknologiselskapa har fått mange til å samanlikne sosiale medium med tobakk. Den tidlegare Facebook-tilsette Tim Kendall har sagt at han sjølv spelte ei rolle i å gjere Facebook like vanedannande som sigarettar. Han frykta at plattforma kan skade brukarane nett like mykje. Då Kendall var i Kongressen i september 2020, sa han at dei tilsette brukte oppskrifta tobakksindustrien har nytta før, og jobba for å gjere brukarane avhengige.

Den demokratiske senatoren Richard Blumenthal plukka opp analogien då Facebook-varslaren Francis Haugen var i Senatet i 2021. Dokumenta Haugen avslørte, må samanliknast med avsløringane som viste at tobakksindustrien heldt tilbake informasjon om skadane av røyking, sa Blumenthal.

Så kanskje bør det ikkje overraske at også delstatane som no saksøkjer Meta, samanliknar med tobakksindustrien?

Harde skuldingar

Dag og Tid har sett på søksmåla frå Vermont og Massachusetts. I søksmålet frå Vermont (som rett nok er avgrensa av sladding) nyttar regjeringsadvokaten samanlikninga mellom Instagram og tobakk for alt ho er verd. Og ikkje nok med det: Han dreg fram opioid også.

Punkt éin i introduksjonen viser til søksmålet fleire statar gjekk saman om mot tobakksselskap som Philip Morris og R.J. Reynolds i 1998. Punkt to viser til søksmålet fleire statar gjekk saman om mot opioidprodusenten Purdue Pharma i 2018. Punkt tre viser til søksmålet fleire statar no går saman om mot Meta og dotterselskapet Instagram.

Regjeringsadvokaten framstiller skuldingane i dei tre søksmåla som heilt parallelle. Tobakksindustrien vart saksøkt for å promotere ei løgnaktig historie om at sigarettar korkje var vanedannande eller skadelege, og skjulte interne prov på det motsette.

Opioidprodusenten vart saksøkt for å gjere konsumentane avhengige av opioid, medan dei overfor omverda promoterte ei løgnaktig historie om at medisinen korkje var vanedannande eller skadeleg, og skjulte interne prov på det motsette.

Og Meta og Instagram vert no saksøkte for å gjere ein generasjon unge avhengige av Instagram, medan dei overfor omverda promoterer ei løgnaktig historie om at Instagram er korkje vanedannande eller skadeleg for ungdom, og skjuler interne prov på det motsette.

Reklamekanal

Parallellane byggjer på ein klar motivasjon. Søksmåla mot tobakks- og opioidprodusentane tvinga fram kraftige endringar i bransjen. Om saksøkjarane får det som dei vil, står no Meta for tur.

For forretningsmodellen i Meta, slik søksmålet skildrar han, handlar om å halde unge brukarar så lenge som mogleg på plattforma. Dess meir tid brukarane bruker på å skrolle, dess meir plass får reklamen, som i andre kvartal i år utgjorde 98 prosent av inntektene i Meta. Slik sett er Instagram meir eit marknadsføringsmedium enn eit sosialt medium.

Harmdirrande

Søksmålet frå Vermont er meir prega av saftig språk enn av tørr juss. Det er som harmen dirrar gjennom papiret når regjeringsadvokaten skriv at «Vermont ikkje vil tolerere at selskap ofrar helsa til forbrukarane på eit profittalter». Prova i søksmålet er i stor grad henta frå interne dokument frå selskapet, fleire av dei trykte i The Wall Street Journal. Dei skal vise at Meta har vore fullt klar over skadeverknadene av produkta sine.

Punkt for punkt kan vi også lese om dei digitale mekanismane som kan hekte eller skade unge brukarar. Når Meta sporar kvar minste «like» på Instagram, vil innhaldet verte meir og meir persontilpassa og eigna til å hekte brukaren. Feeden har ingen slutt og videoar startar utan at ein skrur dei på. Ein vert stadig varsla om kva andre gjer. Føler du deg ikkje pen nok for Instagram? Du kan endre utsjånaden din med eit kosmetisk filter.

Ført bak lyset

Eit sentralt punkt i søksmålet er påstanden om at leiarar i Meta gong på gong har ført brukarane bak lyset. Til dømes når to representantar for selskapet under ei høyring i Senatet i 2021 gav inntrykk av at intern forsking på mental helse blant unge førte til forbetringar i Instagram.

Søksmålet frå Massachusetts viser ikkje til tobakk og opioidar, men har elles bygd opp argumentasjonen på nett same måte: Meta skader barn gjennom avansert, manipulerande teknologi, det er selskapet fullt klar over, likevel held dei fram med å skade barn, medan dei skjuler og lyg om det dei veit.

Regjeringsadvokaten i Massachusets kallar handlemåten i Meta for «skruppellaus, umoralsk, uetisk, undertrykkjande og samvitslaus». Og altså ulovleg, ifølgje over 40 amerikanske delstatar.

Sprikjande forsking

Men har saksøkjarane rett i at Instagram går ut over den psykiske helsa til den unge generasjonen? Forskingsrapportane sprikjer, og heller ikkje innhaldet i dei interne Facebook-rapportane er heilt eintydig.

Gunnhild Johnsen Hjetland, som er psykolog og forskar ved Folkehelseinstituttet og Universitetet i Bergen, seier at forskingsfeltet er såpass nytt av vi manglar gode nok og mange nok data til å gje eit fullgodt svar.

– Det meste av forskinga vi har, er tverrsnittstudiar der ein måler psykisk helse og bruk av sosiale medium på same tid. Dersom dei som bruker Instagram mykje, har dårlegare helse enn andre, er det mange som vil trekkje ein samanheng. Men vi veit ikkje om det er bruken av sosiale medium som er årsaka til den psykiske uhelsa, eller om storbrukarane av sosiale medium er dei som strevar frå før.

Studiar der unge er følgde opp over tid, viser anten svak eller ingen samanheng mellom psykisk helse og bruk av sosiale medium, fortel ho.

– Samla sett har vi ingen tydeleg indikasjon på ein samanheng. Men mykje må til for å finne ut av dette. Vi må følgje deltakarar i undersøkingar over tid og måle bruk av sosiale medium utover rein tidsbruk. Så frå forskinga si side må vi seie at vi ikkje veit heilt enno.

Også når det gjeld avhengigheit går den faglege debatten framleis. I debatten finn vi òg forskarar som er overtydde om at overdriven bruk av sosiale medium fører til deprimerte unge. Ei av dei er psykologen Jean Twenge, som meiner at samanhengen er svært tydeleg om ein ser spesifikt på overdriven bruk, spesifikt på bruk av sosiale medium (ikkje skjermbruk generelt) og spesifikt på jenter.

Vonbrot i Meta

Dag og Tida har kontakta Facebook med tilbod om å kommentere søksmåla, men selskapet har ikkje svart. Då søksmåla vart lagde fram den 24. oktober, uttrykte ein talsperson til pressa vonbrot over at regjeringsadvokatane valde å gå vegen om retten, i staden for å gå inn i eit produktivt samarbeid med næringslivet og på den måten skape klare alderstilpassa standardar for appar tenåringar nyttar.

Meta har tidlegare gjeve uttrykk for at dei lekne rapportane er vortne tekne ut av kontekst og framstilte på ein villeiande måte.

Den siste tida har Meta teke til orde for ei føderal lovgjeving i USA som krev at foreldre godkjenner alle nedlastingar av appar for barn under 16 år.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis