Ordføraren i Taormina, Eligio Giardina, må byggje nye heilkopterlandsplassar og asfaltere milevis med vegar før Donald Trump er venta til G7-møtet i byen i slutten av mai.
Foto: Salvatore Cavalli / AP Photo / NTB scanpix
Etna trugar Trump
Donald Trump skaper problem nesten same kva han finn på. No er det G7-møtet i Taormina på Sicilia som skaper bylgjer. Secret Service seier at møtet er eit «tryggingsmareritt», og italienske styresmakter seier at problema «gjer dei galne», fortel Daily Telegraph.
Vegane på Taormina er så smale og svingete at Trump ikkje kan nytta den vanlege presidentbilen. I tillegg er vegane så korte at dei ikkje har plass til alle bilane som skal vera i eit amerikansk presidentfylgje. Secret Service har difor kome med ei rekkje krav til italienske styremakter før møtet den 26. og 27. mai.
– Vi vert heilt sprø av alle krava dei kjem med, seier Eligio Giardina, ordføraren i Taormina til La Republica.
Ikkje er italienske hotell gode nok heller. Difor ser det heile ut til å enda opp med at Trump skal sova på den amerikanske flybasen på Sigonella og verta frakta med helikopter til møta. Men også det har sine sider. Om Etna får eit utbrot medan Trump flyg, så har Mike Pence noko å sjå fram til.
Kaninmareritt for United Airlines
United Airlines får det ikkje heilt til om dagen. No har dei drepe det som skulle verta verdas største kanin, Simon the Rabbit. Simon var lagra i cargoavdelinga om bord i ein Boeing 767 frå Heathrow til Chicagos O’Hare. Simon er, eller var, son til Darius, som var fire fot og fire tommar høg. Simon var alt tre fot – langt høgre enn Darius var då han var på Simons alder.
– Simon var hjå veterinær tre timar før flyet letta, og var frisk som ein fisk, fortel kaninavlaren Annette Edwards til The Sun.
– Noko særs underleg må ha skjedd, og eg vil vita kva. Eg har sendt kaninar rundt omkring i heile verda, og ikkje noko slikt har hendt før, seier ho vidare.
Simon vart funnen død etter at flyet hadde landa på O’Hare, same flyplass som dokteren David Dao vart dregen av United-flyet på tidlegare denne månaden. Simon skulle til ein svært kjend person, fortel Edwards, men ho vil ikkje fortelja kva vedkomande heiter.
Voodooen er attende
Detaljane er enno ikkje klåre, men Trump har ein skatteplan. Han vil kutta den amerikanske overskotskatten frå 34 til 15 prosent, og det skal gjelda alle typar firma, inkludert hans eige. I National Museum of American History er det utstilt ein kvit serviett. På baksida av denne teikna økonomen Arthur Laffer ein kurve. Kurven syner at dersom ein set ned skattane, vil den økonomiske veksten som skal koma grunna skatteletta, generera like mykje i nye skatteinntekter som skattekuttet. No nyttar Trump og rådgjevarane hans på ny Laffer for å argumentera for at skattelettene vil vera sjølvfinansierande, noko George Bush senior kalla «voodooøkonomi» då han sjølv sette opp skattane etter Reagan for å få bort underskotet på det føderale budsjettet. På spørsmål om ikkje alle kutta Trump vil ha, vil føra til ein eksplosjon i statsgjelda, svara finansminister Steven Mnuchin dette: «Skattekutta vil finansiera seg sjølve gjennom økonomisk vekst.»
jon@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.