JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

EU-kritisk ungdom

I Storbritannia røysta dei fleste unge mot å gå ut av EU. I Noreg ville ungdomar flest røysta mot å melde seg inn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Vi ser at verda er større enn Europa, og at vi kan gjere ting betre enn kva EU har gjort, seier Andreas Sjalg Unneland i Sosialistisk Ungdom.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

12636
20200214
12636
20200214

Politikk

eva@dagogtid.no

«En ny EU-debatt kommer før vi tror det», skreiv Financial Times-kommentator Martin Sandbu i Aftenposten i haust, 25 år etter at Noreg for andre gong sa nei til å søkje EU-medlemskap.

Kan hende er det den debatten vi no kan ta til å ane konturane av.

Brexit kastar om på alle argument mot norsk EU-medlemskap, argumenterte Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole, nyleg over to sider i Aftenposten. Og førre helg varsla nei-mann, journalist og forfattar Sven Egil Omdal i Aftenbladet at han etter 50 år skiftar standpunkt og seier ja til EU. Samstundes vedtok årsmøta i seks av fylkeslaga til Venstre å gå inn for norsk EU-medlemskap.

Venstre er ikkje større enn at det går an å vitse med at det er like store sjansar for at partiet forsvinn som at Noreg går inn i EU, slik Minerva-kommentator Jan Arild Snoen gjorde på Twitter. Ikkje går det særleg bra på målingane for Høgre heller, partiet som per i dag er det einaste som seier ja til norsk EU-medlemskap. Men det finst andre teikn på at noko kan vere i endring.

Den nyaste EU-målinga Sentio har gjennomført for Klassekampen og Nationen, er nemleg den beste for EU-tilhengjarane sidan april 2011. 28 prosent sa ja til EU i november. Det var 2 prosentpoeng fleire enn eit halvår tidlegare. Og på same tid hadde EU-motstanden gått ned med 4 prosentpoeng til 60 prosent, og talet på dei som svara «veit ikkje», hadde auka.

Autoritært selskap

Kva som er årsaka til oppgangen for ja-sida, seier målinga ingenting om.

Hagtvet meiner Noreg bør gå inn i EU av geopolitiske grunnar, fordi EU er den einaste institusjonen som kan hevde europeiske interesser overfor eit meir og meir totalitært og ekspansivt Kina, russisk panslavisme og eit USA vi ikkje lenger kan stole på. Slik han ser det, er det òg berre EU som har styrke nok til å gjennomføre ein kraftfull miljøpolitikk og til å sivilisere kapitalismen gjennom skattlegging og personvernreguleringar.

Så vel Hagtvet som Omdal held òg fram EU som institusjonen som kan stå imot dei nye autoritære kreftene kringom i Europa: Viktor Orbán i Ungarn, Marine Le Pen i Frankrike, Geert Wilders i Nederland, Alternativ for Tyskland og Matteo Salvini i Italia, til dømes.

Norske EU-motstandarar tenkje gjennom kva ideologisk selskap dei hamnar i, meiner Hagtvet.

Omdal skriv at han for eigen del ikkje kjem forbi kva krefter det er som ønskjer å øydeleggje EU. «Vil de skape et Europa som våre barn og barnebarn kan trives i», spør han retorisk og syner til at fleirtalet av unge britar røysta imot Brexit.

At dagens unge bør få seie sitt, er òg eit argument for Sandbu. Han peikar på at det i dag finst ein heil generasjon som ikkje har fått leggje røystesetelen i vektskåla i spørsmålet om Noregs tilknyting til EU.

Ungdom imot

Men det er ikkje sikkert det ville innebere nokon stor skilnad for spørsmålet om EU-medlemskap om unge fekk bestemme. Etter Sentio-målinga å døme er dei i aldersgruppa 15–29 år berre så vidt meir EU-positive enn snittet i befolkninga, medan dei mellom 30 og 39 år er dei som er aller mest skeptiske til norsk EU-medlemskap, ifølgje Nationens omtale av målinga.

Blant dei politiske ungdomspartia er det òg berre Unge Høgre og Unge Venstre som ønskjer norsk EU-medlemskap. Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom, AUF, Senterungdomen og FpU har eksplisitte vedtak imot norsk medlemskap. Grøn ungdom ønskjer ikkje å ta stilling til spørsmålet, men har vedtak om at Noreg bør verne om EØS-avtalen, medan KrFU meiner EØS-avtalen «fremdeles er den beste løsningen på Norges forhold til EU».

Dei politiske ungdomsorganisasjonane Norsk Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom er òg imot EU-medlemskap, og dei ser ingen grunn til å revurdere standpunktet etter brexit.

– Vi har hatt debatt om EU-standpunktet på kvart landsmøte eg har vore med på, så det er eit tema vi er svært medvitne om. Og vi landar på eit solid nei kvart år, seier Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie.

– Det vil ikkje vere unaturleg om vi ser meir debatt her òg, no når britane har gått ut, men eg trur ikkje det vil ende med at vi går inn. Grunnen til at vi vil stå utanfor, er at vi ønskjer landbruk og levande bygder over heile landet, at folk skal kunne vere med på å ta avgjerder om eigen kvardag, og at vi skal kunne bestemme over eigne naturressursar. Alle dei forholda må med i ein eventuell ny EU-debatt, seier Inger Johanne Brandsrud, som er leiar i Norges Bygdeungdomslag.

Trur på alternativ

Argumenta som ungdomspartia har mot EU, spenner frå at eit medlemskap vil svekkje folkestyret, arbeidarrettar, sjølvråderett og nasjonal handlefridom i landbruks- og fiskeripolitikken, til argument om at den frie flyten av varer, tenester, kapital og personar i EU og mål om marknadsliberalisme, privatisering og stordrift ikkje går an å sameine med solidarisk politikk og demokrati.

AUF-nestleiar Astrid Hoem og Andreas Sjalg Unneland, som leier Sosialistisk Ungdom, meiner verken geopolitiske endringar eller framveksten av nye autoritære krefter kringom i Europa svekkjer norske motargument.

– Vi ser at EU på fleire punkt har klart å vere ei motrøyst i verda i dag, og det er positivt, men om Noreg går inn, låser vi oss samstundes til ein utanrikspolitikk og dynamikk som ikkje er i tråd med norske ønske i eitt og alt. Vi burde heller hatt nasjonale politikarar som synte at vi kunne gå i front og føre ein ambisiøs utanrikspolitikk. Noreg har jo mange vener rundt om i verda som er progressive og villige til å gå i ei meir liberal fløy enn både EU og Noreg gjer i dag. Vi kunne våga å vere tøffare andsynes Kina, vore tydelegare overfor Israel og stått opp meir mot USA, men vi har ei regjering som ikkje vågar, seier Unneland.

– Vi må alltid jobbe for stabilitet og fred i Europa, men det gjer vi innanfor dagens EØS-avtale, seier Hoem.

Vil ha meir samarbeid

Hoem og Unneland fnyser òg av argumentet om at dei som er EU-motstandarar, bør tenkje gjennom kva for ideologisk selskap dei hamnar i.

Det er velkjend stråmannsargumentasjon, ifølgje Hoem.

– Det finst òg ein solidarisk EU-motstand ute i Europa som kjem av ønske om å vere meir internasjonalistiske. Det er denne EU-motstanden vi har hovudvekt av i Noreg. Vi er ikkje imot EU fordi vi ønskjer mindre internasjonalt samarbeid, men fordi vi ønskjer meir samarbeid, berre på andre måtar og òg med land utanfor EU, seier Hoem.

Unneland er samd.

– Det er mange i Europa som er imot EU, av ulike grunnar, og somme grunnar er betre enn andre. Eg trur vi skal ta innover oss at EU skapar ein del misnøye hjå folk, og at dersom venstresida ikkje er til stades og leverer svara på den misnøya, kan fleire ende opp med å gå andre stader. For Noregs del er det positivt at vi har ein EU-motstand som ikkje er basert på framandfrykt, at vi ser at verda er større enn Europa, og at vi kan gjere ting betre enn EU har gjort, seier han.

– Vanskeleg å forsvare

At EU har teke ein posisjon i klimaarbeidet, er det vanskeleg å kome unna. Sjølv Nei til EU vedgår det og skildrar «EUs fokus på klimapolitikk og regjeringens forpliktelser til den» som «en kommende utfordring for norsk EU-motstand».

Både AUF, Sosialistisk Ungdom, Natur og Ungdom og Norges Bygdeungdomslag meiner derimot Noreg både kan og burde føre ein meir ambisiøs klima- og miljøpolitikk utanfor EU.

– Det kjem berre an på politisk vilje, seier Brandsrud i Norges Bygdeungdomslag.

– Vi er veldig for internasjonalt samarbeid og meiner vi er heilt avhengige av det for å løyse klimautfordringane. Men det er ikkje berre EU som kan vere den aktøren. I dag er det EU som er det, men det kjem jo av at Noreg ikkje vil ta leiarrolla saman med andre land. Vi må heller ikkje gløyme at det internt i EU er stort press for marknadsløysingar på klimakrisa, ikkje dei politiske løysingane som verkeleg kunne fått ned utsleppa, seier Unneland i Sosialistisk Ungdom.

– EU har fått land som elles ikkje ville plikta seg til kutt, til å plikte seg?

– Ja, men det er òg mange andre aktørar som har jobba for det. Vi skal ikkje underdrive FN, internasjonale klimaforhandlingar og Paris-avtalens rolle. Det er jo heller ikkje slik at klimarørsla i Europa eller i Noreg er udelte EU-tilhengjarar, seier han.

Heller ikkje Hoem meiner at EU har vore avgjerande for klimaarbeidet, sjølv om det EU har gjort er viktig. Ho tykkjer heller ikkje at klimaarbeidet til EU overskuggar andre argument mot EU-medlemskap.

– Det viktigaste vi kan gjere for klimaet, er å følgje opp dei internasjonale avtalane som ligg føre. For Noreg sin del handlar det om å ta kutta og følgje opp det vi har forplikta oss til i Paris-avtalen, noko vi ikkje har gjort dei siste åra. Og sjølv om EU er gode på klima, byggjer samarbeidet likevel på ønskje om auka vekst og ein del andre ting som står i motsetnad til kva vi må levere i framtida. Det er framleis dei marknadsliberale kreftene som ligg til grunn i EU. Uendeleg vekst er vanskeleg å forsvare når veksten er ei utfordring for å løyse klimakrisa. Dette sa vi nei til i 1994, og det bør vi halde fram med å gjere, seier ho.

Vil ikkje bindast

For Woie i Natur og Ungdom er det nett klima- og miljøsaka som er den viktigaste grunnen til EU-motstanden.

– Når vi berre har det neste tiåret på å halvere heile verdas utslepp, meiner eg at Noreg ikkje bør verte meir bunden av mål om frihandel og fri konkurranse, sa ho då Natur og Ungdom for ein månad sidan fornya EU-standpunktet sitt.

– EU gjer mykje bra for klima, men eit EU-medlemskap ville vore eit altfor stort offer for andre verdiar. Hadde Noreg vore med i EU, ville det vorte vanskelegare for oss å kutte norske utslepp utan at det går for hardt utover norsk fiskeri, jordbruk og natur, og det har vi ikkje råd til. Klimaendringane trugar verdas matproduksjon, og vi veit ikkje kvar det kjem til å vere mogleg å produsere mat i framtida. Difor er vi avhengige av at òg Noreg bidreg til å sikre nok og trygg mat. Vi ser jo til dømes at fiskeribestandar EU har ansvar for, slit, medan Noreg har klart å ha ei forvalting som tek vare på bestandane, seier ho til Dag og Tid.

Ønskjer eit tøffare EU

Unge Venstre meiner på si side at eit sterkt EU er den beste løysinga for å handtere nett klimakrisa, så vel som flyktningkrisa, fred, tryggleik og andre spørsmål som enkeltland ikkje kan løyse kvar for seg.

Det, i tillegg til det demokratiske underskotet i EØS-avtalen, er hovudargumenta for at ungdomspartiet er for EU-medlemskap. Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark er ikkje samd i at mellomstatleg samarbeid kan gjere same nytta som EU.

– Mellomstatleg samarbeid er ikkje like forpliktande. Vi har sendt inn klimamål både til FN og EU, men det er berre EU som kan påleggje oss sanksjonar om vi ikkje oppfyller måla. EU har òg sytt for ein sams pris på CO2 i Europa. Det hadde ikkje vore mogleg utan eit overnasjonalt forpliktande samarbeid. Polen, til dømes, ville aldri innført noko slikt, om landet ikkje vart tvunge til det.

– Men EU har ikkje klart å løyse flyktningkrisa.

– Flyktningkrisa er ikkje løyst godt nok. Men ein av dei viktigaste grunnane til at eg vil inn i EU, er at vi då kan vere med på å påverke og reformere samarbeidet. Eg meiner vi treng eit EU som er endå tøffare i klypa.

– Vil ikkje eit tøffare EU kunne gje større vekst til anti-EU-partia?

– EU-støtta i Europa er sterkare enn på mange år. I Polen er regjeringa mot EU, men folket er for. Mykje av det som gjer at ytre høgre har gått fram, handlar ikkje om EU. Det handlar om at globaliseringa har skapt taparar som nasjonale regjeringar ikkje har teke på alvor. Når ytre-høgre-partia spelar på frykt for masseinnvandring og islam, er det òg ein reaksjon mot feilslått politikk i mange land, seier Hansmark.

Hansmark sit i komiteen som har laga utkast til nytt prinsipprogram for Venstre, og som har tilrådd at Venstre skal gå inn for EU-medlemskap. Han trur ikkje eit ja til EU vil føre til verken veljarflukt eller veljartilstrøyming for partiet.

– Trur du då vi får ein ny norsk EU-debatt i nær framtid?

– Nett no er det mykje som endrar seg. USA vert meir proteksjonistisk, det er handelskriser og klimakrise. Eg trur fleire etter kvart kjem til å sjå at ein del av institusjonane i EU er naudsynte, og då trur eg folk vert meir positive til å ta ein ny EU-debatt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi ser at verda er større enn Europa, og at vi kan gjere ting betre enn kva EU har gjort.

Andreas Sjalg Unneland, leiar i Sosialistisk Ungdom

– EU gjer mykje bra for klima, men eit EU-medlemskap ville vore eit altfor stort offer for andre verdiar.

Therese Hugstmyr Woie,
leiar i Natur og Ungdom

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis