Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva vil du ha for å bli glad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2941
20180119

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Trine Schei Grande

– God morgon, Trine! Knapt ei arbeidsveke etter regjeringsavtalen er du vel enno glad, får ein tru?

– God morgon, du! Eg skal ikkje klage denne veka, nei.

Vi står ved havet på Tronvikstranda. Det bles, og sanden er hard. Havet mørkt og gruvlande.

– Lytt nøye til det makta teier om, sa Arnljot Eggen ein gong, seier eg.

– Er det difor Venstre, no som de er i regjering, ikkje snakkar om Sylvi Listhaug lenger? Sett bort frå Hege Soubeyrat Gjerdrum, sjølvsagt.

– Så enkelt er det ikkje. Vi er eit lite parti som nok tek stort ansvar, seier Trine.

– Ja? Eg reknar med at du har lese Beatles av Lars Saabye Christensen?

– Eg kjenner sjølvsagt namnet godt, seier Trine. Kva handlar han om igjen?

Beatles handlar om fire gutar og oppveksten deira på Oslo vest, seier eg. I ein passasje går dei kvar kveld gatelangs rundt på Frogner og høyrer alle festane som renn ut av vindauga. Festar dei ikkje får vere med på. Etter ein av for mange slike kveldar, seier Gunnar, den eine av dei fire, at han byrjar bli lei. Lei kva då, spør Kim, hovudpersonen i boka. Lei av å vere her ute, ikkje der inne, er svaret. Og om vi tenkjer oss deg som Kim, Ola Elvestuen som Gunnar og eit par andre som er att i partiet, som Seb og Ola, dei to siste i gjengen, så er vel ikkje det nokon dårleg analogi?

– Å? Kva er så analogt med han, då?

– Å ville vere inne heller enn ute.

– Men ein kan ikkje samanlikne ein privatfest med ei regjeringsplattform, seier Trine.

– De vil utvide opningstider for kjøp av alkohol. De vil vere endå meir restriktiv med kven som får kome inn i landet, og legg meir vekt på personleg kjemi enn faktisk politikk. Det høyrest ut som ein privatfest i mine øyre.

– Det seier sitt om øyro dine, seier Trine.

– Kan så vere, men i september i fjor sa du til Studentmediene i Stavanger (Smis.no) at det «at vi vil i regjering med FrP er feil», seier eg.

– Eg sa meir enn det, seier Trine.

– Ja, men her går det vel ikkje på øyro mine? seier eg.

– Det eg sa, er det var feil at me ville, men eg sa ikkje at me ikkje ville, eg sa det var svært lite sannsynleg.

– Aldri sei aldri, med andre ord, seier eg.

– Nei, meir politikk er politikk. Og at det er gjennomslaga som tel.

– Gjennomslag, ja. Lat oss ikkje gå amok med ordet også her. Forresten, har du verkeleg ein pingvin frå havparken i Ålesund?

– Ein utstoppa, ja, ler Trine.

– Og at du kallar han Knut Arild? Men gitt at fuglen er frå Ålesund, hadde vel Sylvi vore eit betre namn.

– Haha. Men kor har du det her frå, spør Trine.

– Universitas, seier eg.

– Studentavisa? Les du ikkje anna, spør Trine. Og snart er du femti år? Bur kan hende i kollektiv? Idealismen tok slutt? Du kunne tenkje deg eit anna liv?

– Eg ser ut på det enno mørke, gruvlande havet. Eg bur ikkje i kollektiv, seier eg lågt, men elles er du nok inne på noko.

Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen er forleggar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis