Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva vil du ha for å bli glad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pyeongchang, Sør-Korea 20180208.
Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Pressemøte snowboard slopestyle.
Silje Norendal i deltagerlandsbyen i Pyeongchang Olympic Village. 
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Pyeongchang, Sør-Korea 20180208. Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Pressemøte snowboard slopestyle. Silje Norendal i deltagerlandsbyen i Pyeongchang Olympic Village. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Åserud, Lise

2886
20180216

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Silje Norendal

2886
20180216

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Silje Norendal

Lina til Sør-Korea og Pyeongchang er tynn og ustadig. Stemma til Silje det same. Ho har det ikkje bra i dag, det er lett å skjøna. Vi er begge einige om at Åge Alexandersen skildra vêrforholda under den olympiske slopestylefinalen perfekt heilt tilbake i 1984: «Men når det bles som værst på toppan/ Og når galskapen får rå». Likevel må ein jo spørje, for er det ikkje det eit menneske gjer?

– Korleis går det i Pyeongchang, Silje?

– Eg har hatt det betre, svarar den norske snøbrettkøyraren.

– Ja? Så kva vil du ha for å bli glad?

– Litt vindstille. Eg er ikkje meir kravstor enn som så, seier Silje.

– Ja? Vind er ikkje bra?

– Ikkje alltid, nei.

– Shakespeare skreiv det motsette ein gong for hundrevis av år sidan, seier eg.

– Han skreiv at vinden ikkje var på langt nær så ugrei som utakksemda til mennesket: «Blow, blow, thou winter wind, Thou art not so unkind/ As man’s ingratitude».

– Kallar du meg utakksam, spør Silje, noko strengare i stemma.

– Nei, på ingen måte. Heller at Shakespeare ikkje har stått på ein olympisk startstrek under uforsvarlege vêrforhold. Medan Anne Brönte, held eg fram, skriv om vind frå Nord og at han får tårene fram i henne. Som han gjorde med deg, seier eg.

– Ja, seier Silje litt spørjande.

– Men at desse tårene, trass i alt, er betre enn dei dølle, verkande og tårelause timane, the stupor of despair, som herjar med dei fleste andre av oss.

– Ho skreiv «døll» på den tida?

– Ho skreiv «dull», men det er mykje det same.

– Og poenget ditt?

– At tårene dine, som deltakar, er meir verde enn mine, eg som berre er tilskodar. Eg sit døll, verkande og desperat i stolen min, medan hjartet ditt hamrar idet du set utfor.

– Det var ikkje bare hjartet mitt som hamra, seier Silje. – Beina mine skalv også.

– Ja, seier eg.

– Eg var redd for helsa, heilt enkelt.

– Det skjøner eg godt. Eg kan hugse ein gong eg tok tog gjennom Serbia. Toget gjekk sakte. Straumen kom og gjekk. Utanfor stod åkrar i brann. Rundt meg sat skumle menn og snakka lågt saman på eit språk eg ikkje forstod. Då skalv kroppen min også. Og eg lurte på å gå av.

– Kva gjorde du?

– Eg teksta ein god ven. Han svarte: «Frykta er alle store gleders mor, kjør vidare.» Så gjorde eg det. Ikkje at eg hadde eit val. Litt som deg, tenkjer eg, ein drar vel ikkje til Pyeongchang for å feige ut.

– Nei, seier Silje.

Så snakkar me litt fag. Om skilnaden på slopestyle, halfpipe, big air og boardercross. For sjølv om dei er olympiske greiner, er det ikkje heilt klart for meg kva som er kva.

– Og visste du forresten, seier eg, at berre 7 prosent av sportsutøvarane som blir omtalte i radio, er kvinner?

– Er det sant? seier Silje.

– Heilt sant, seier eg.

– Ein god grunn til alltid sette utfor, legg eg til.

– Ja, seier Silje.

Nils-
Øivind
Haagensen

Nils-Øivind Haagensen er forfattar og forleggjar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis