JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Filosomor

Vi har spurt ein av journalistane våre som har interesse for filosofi om kven som er dei kvinnelege favorittfilosofane hennar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3187
20240510
3187
20240510

Eg har ingen favorittfilosofar. Sjølve ideen byr meg imot, av grunnar eg ikkje har plass til å gå inn på her. Men eg kan nemne nokre svært ulike tenkarar som betyr noko for meg.

Camille Paglia er filosofiens Jordan Peterson: reaksjonær, populistisk og hypnotiserande. Ho tek feil om mykje, men herregud så gira eg blir av å lese berre ei side av den heseblesande, liksom kronisk kåte, men samtidig totalt cerebrale, skrifta hennar. Paglia blandar psykoanalyse, mytar og nærlesingar av kanonisert litteratur i sveipande diagnosar av kva det vil seie å vere menneske generelt og kvinne spesielt. Tekstane hennar er like mykje poesi som argument, sjølv om dei er fri for tre og steinar og konkrete kroppar; her er alt abstraksjon og påstand, skamlaust og fritt og frodande.

Eg liker ikkje å lese Donna Haraway, ein krunglete og innforstått filosof eg forbind med berlinske hipsterar og kunstverdas klumsete omgang med filosofisk sjargong, men likevel liker eg å ha ideane hennar for handa, særleg i møte med unge folk. Ho skriv om gråsonene mellom det «kunstige» og det «naturlege», kritiserer tenking som set menneske i midten, og foreslår nye former for slektskap på tvers av artar.

Elles er eg glad i brodden til britiske Gillian Rose, den sylskarpe og samstundes ømme tunga til Angela Davis, Nancy Frasers kritikk av identitetspolitikk og den anstendige og kloke moralfilosofien til Onora O’Neill.

Då eg studerte, lærte eg å forakte Martha Nussbaum. Lærarane mine meinte ho var ein hysterisk og uptight moralist. Eg har sidan den gong oppdaga at eg elskar henne. Det er ikkje uvanleg i filosofien, at ein møter karikaturar av eit argument lenge før ein faktisk les det.

Nussbaum er jurist, operasongar og maratonløpar, og det merkar ein i filosofien hennar, som er ein ballsal av stamina og presisjon. Kvart einaste år publiserer ho bøker om aktuelle spørsmål, samstundes som sakskompleksa faldar seg ut i det offentlege ordskiftet, om alt frå metoo, klima, nasjonalisme, dyr og rasisme til litteraturens rolle som empatigenerator. Den hyperaktive produksjonen provoserer kollegaene hennar, utan at dei klarer å stable på beina ein kritikk om at ho er ein lettvektar.

Nussbaum skriv korkje morosamt eller sexy, men i motsetnad til dei andre på denne lista, som eg ofte les for nytinga si skuld, så legg eg nesten alltid frå meg bøkene til Nussbaum med eit nikk og ei erkjenning av at jau, ho har nok heilt rett.

Elles tenkjer eg at mykje av den beste filosoferinga gjord av kvinner framleis går føre seg utanfor disiplinen, i romanar og essayistikk. Ser ein tilbake på det førre hundreåret, ser ein kor mykje store tenkarar som Virginia Woolf, Ursula K. Le Guin og Iris Murdoch fekk sagt i meir kjetterske former. Kanskje er det til og med eit vesentleg forhold mellom det å vere ei kvinne som tenker med og mot filosofihistoria, og det å motsette seg filosofi som formstreng disiplin. Eit anna døme er Hannah Arendt, ein av nittenhundretalets viktigaste tenkarar, som insisterte på å vere samfunnsteoretikar, ikkje «filosof».

Ida Lødemel Tvedt

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis