JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

11416
20240503

Kvotemeldinga

Fullt namn: «Folk, fisk og fellesskap – en kvotemelding for forutsigbarhet og rettferdig fordeling».

Lagd fram av regjeringa 12. januar i år.

Vedteken i Stortinget tysdag ettermiddag.

Regjeringspartia fekk fleirtal saman med Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Meldinga inneber ingen store endringar i kvotepolitikken.

Open gruppe får ein litt større del av torskekvoten.

Trålstigen blir gjeninnført.

Dermed får kystfiskarane ein større prosentdel av torske- og sildekvoten når kvotane er små.

Mange kystfiskarar er skuffa og sinte over meldinga.

Kommentar

peranders@dagogtid.no

Det hjelpte lite at regjeringa hadde gjeve kvotemeldinga den trivelege og optimistiske tittelen «Folk, fisk og fellesskap – en kvotemelding for forutsigbarhet og rettferdig fordeling». Mottakinga vart knallhard. Etter at meldinga vart vedteken i Stortinget tysdag, med støtte frå høgresida, har kystfiskarar blokkert hamnene i Hammerfest, Honningsvåg, Kjøllefjord, Vardø og Øksfjord. «Det blir spetakkel. Nå skal de satan få blø», sa Tom Vegar Kiil, styreleiar i Norges kystfiskarlag, til TV 2.

«Den såkalla struktureringa har gjort fiske langt meir lønsamt, men òg langt meir eksklusivt.»

Også i Stortinget har det falle harde ord. «Et av de største svikene vi har sett i norsk fiskerihistorie» og «en dag for økt politikerforakt», sa Geir Jørgensen i Raudt. «Ap og Sp holder ikke ord. De vender kysten ryggen», sa Torgeir Knag Fylkesnes i SV. Per Olaf Lundteigen frå Senterpartiet røysta mot sitt eige parti, slik han gjorde da stortingsmelding 11 om bondeinntekta var oppe i Stortinget to veker tidlegare. Denne gongen fekk han følgje av partifellen Geir Adelsten Iversen frå Finnmark.

Lite nytt

Desse reaksjonane kunne tyde på A) at meldinga innebar dramatiske endringar av fiskeripolitikken, og B) at innhaldet kom som eit sjokk. Men innhaldet har vore kjent sidan daverande fiskeriminister Cecilie Myrseth la fram meldinga 12. januar, og her er ingen revolusjon, berre nokså små justeringar av kvotesystemet – berre fire år etter at Solberg-regjeringa la fram førre kvotemelding. Årets versjon legg opp til ei ørlita omfordeling frå store til små: Torskekvotane til fiskarar i såkalla open gruppe, dei som ikkje har konsesjon, skal heretter hentast frå kvoten til både hav- og kystflåten, ikkje berre frå kystflåten sin kvote. I tillegg aukar open gruppe andelen sin av torskekvotane frå 6,12 til 6,62 prosent.

Sjarkar på skreifiske utanfor Røst i mars 2016.

Sjarkar på skreifiske utanfor Røst i mars 2016.

Foto: Per Anders Todal

Regjeringa gjeninnfører òg den såkalla trålstigen, ei ordning den førre regjeringa fjerna. Den inneber at kystflåten får ein litt større prosentvis del av torske- og sildekvotane i år med lågare totalkvote, og ein litt mindre del når totalkvoten er stor. Men alt i alt inneheld meldinga nokså små justeringar, sjølv om saksordførar Willfred Nordlund frå Sp hevda at meldinga inneber ei «betydelig omfordeling».

Det er ikkje dei store grepa i meldinga som har provosert ein god del kystfolk nordpå, heller mangelen på tiltak som monar. I tillegg kjem ein akutt grunn til bråsinnet, og den dukka opp heilt på slutten av prosessen.

Tredjeland

Vi tek den siste årsaka først (og den er komplisert nok å forklare): I forhandlingane kom det inn ei endring i stortingsmeldinga som inneber at havfiskeflåten skal prioriterast i tildelinga av såkalla tredjelandskvotar som fiskarar frå andre land ikkje har brukt. Slike kvotar er del av ei byteordning mellom fiskeflåtane i Noreg og andre land. Dei opnar for at fiskarar kan fiske noko av kvoten sin i dei økonomiske sonene til andre statar. Når fiskarar frå EU, Storbritannia, Island og Færøyane ikkje klarer å ta opp kvoten sin i Barentshavet eit år, kan fisken som bli «til overs», førast over til norske fiskarar. På slutten av fjoråret førte til dømes regjeringa 2000 tonn med slike ubrukte kvotar over til den minste kystflåten i Noreg, slik at desse fiskarane får ta opp meir torsk og hyse i år.

Men i forhandlingane om kvotemeldinga kom denne fisken i spel. Ifølgje Fiskeribladet kom forslaget om å gje havfiskeflåten prioritet i fordelinga av tredjelandskvotar frå Sverre Johansen, generalsekretær i Fiskarlaget. Han skal ha sendt innspelet sitt til Cecilie Myrseth og politikarane i næringskomiteen, og ideen skal ha blitt godt motteken av partia på høgresida.

Fullt beger

No går ordskiftet høgt mellom hav- og kystfiskarar om kven som vinn og taper mest på forliket om kvotemeldinga. Det spørsmålet har ingen sikker fasit. Kor mange tusen tonn fisk som blir til overs frå tredjelandskvotane, varierer frå år til år. Det er heller ikkje klart kva det inneber i praksis at havfiskeflåten skal prioriterast når desse kvotane skal delast ut: Skal havfiskarane få alt, eller ein fastsett prosentdel?

Men dette spørsmålet var berre dropen som fekk begeret til å flyte over for mange kystfiskarar og støttespelarane deira. Mange stader langs kysten er misnøya med organiseringa av fiskeria både djup og langvarig. Det handlar om mange ting: Dei galopperande prisane på fiskekvotar (som eigentleg ikkje skulle vere omsetjelege i det heile), og som gjer det svært kostbart å kome seg inn i fisket for den som vil starte opp med eigen båt. Det handlar om leveringsplikta som mykje av trålarflåten opphavleg var pålagd for å halde landindustrien med råstoff, ei ordning som vart stadig meir uthola av reiarlaga. Det handlar om foredlingsindustri og mottak som blir lagde ned, og arbeidsplassar som forsvinn. Og det handlar om konsentrasjonen av kvotar på stadig færre båtar og eigarar. Den såkalla struktureringa har gjort fiske langt meir lønsamt, men òg langt meir eksklusivt.

Kystopprør

I 2017 førte frustrasjonen over desse utviklingstrekka til det som vart kalla Kystopprøret, ein protestaksjon som i korte periodar klarte å få fiskeripolitikken opp på den nasjonale dagsordenen. I 2020 fekk opprørarane ny ammunisjon frå den vanlegvis lite radikale Riksrevisjonen. Gjennomgangen av kvotesystemet i fiskeria munna ut i fleire krasse konklusjonar. Systemet «har bidratt til redusert fiskeriaktivitet i mange kystsamfunn. Mange av endringene har også utfordret etablerte fiskeripolitiske prinsipper, og ikke vært godt nok konsekvensutredet», slo Riksrevisjonen fast. Høge kvoteprisar har svekt rekrutteringa til fiskeria, og endringar i den minste kystflåten har fått negative konsekvensar for kystsamfunn, heitte det.

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth la fram kvotemeldinga i januar. Den 19. april vart ho erstatta av Marianne Sivertsen Næss, som må forsvare forliket med høgresida.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Den krasse rapporten frå Riksrevisjonen vart medverkande til at det no har kome ei ny kvotemelding, berre fire år etter den siste. Og liknande kritikk har vore målboren av båe dagens regjeringsparti. Dei siste åra har politikarar frå både Senterpartiet og Arbeidarpartiet sagt at dei ønskte seg ei ny retning i fiskeripolitikken. «Senterpartiet står helt på lag med Kystopprøret», sa stortingsrepresentant fra Finnmark Sp, Geir Adelsten Iversen, til Altaposten i 2017. Cecilie Myrseth i Ap sa i 2021 til Nationen: «Fiskekvoter skal refordeles. De minste skal få mer.» Myrseth sa òg at Ap, Sp og SV var «enige om de store linjene for en ny fiskeripolitikk etter valget.»

Lite radikalt

Også dette er ein del av bakgrunnen for sinnet og vonbrotet som kvotemeldinga – og handsaminga i Stortinget – har skapt i mange miljø langs kysten. Om regjeringspartia ønskte seg ei radikal endring av fiskeripolitikken, kunne dei fått fleirtal for det med SV og Raudt. Men i så fall måtte dei ha gått langt meir fundamentalt til verks. I januar sette Torgeir Knag Fylkesnes i SV fram eit klart krav for å gje støtta si til meldinga: Regjeringa måtte gripe inn for å få slutt på handelen med fiskekvotar. Men slike radikale grep vart ikkje eingong vurderte i kvotemeldinga. Og rett skal vere rett: Ein stor del av dei norske fiskarane er utan tvil glade for akkurat det.

Fiskar-Noreg er som kjent alt anna enn ei einsarta gruppe. Havfiskeflåten har ikkje dei same interessene som kystflåten. Dei som fiskar med store snurrevadbåtar i kystflåten, har ikkje same interessene som dei som fiskar i båtar under 11 meter. Ikkje minst: Fiskarar som har dei kvotane dei treng, og kanskje dei har betalt svært dyrt for dei, har slett ikkje dei same interessene som ein ungdom som vil investere i sin eigen sjark med eigen kvote. Fiskar er ofte fiskar verst.

Fiskarlagsmodellen

Det har aldri vore lett for politikarane å greie opp denne floken av interesser. Grovt fortalt har løysinga gjerne vore å late Norges Fiskarlag finne fram til kompromissforslag som fiskarar flest kunne leve med. Deretter har politikarar frå Ap, sentrumspartia og Høgre danna eit stortingsfleirtal som godkjende det Fiskarlaget kom med. Handsaminga av kvotemeldinga i år går slik sett inn i ein tradisjon. Som daverande fiskeriminister Bjørnar Skjæran sa det så rørande ope til Fiskeribladet i fjor haust: «Vi lager politikk med Fiskarlagets innspill som utgangspunkt. Det har jeg hatt med meg fra første dag i arbeidet med kvotemeldingen.»

Denne korporative modellen for fiskeripolitikken har i mange år gjort arbeidet lettare for politikarane. Som Alferd Bjørlo i Venstre sa etter forliket om kvotemeldinga: «Eg vil berømme Norges Fiskarlag og andre organisasjonar i fiskerinæringa for arbeidet dei har gjort med å finne samlande løysingar, og godt samspel med det politiske miljøet om å få desse på plass.»

Sprik

Her ligg ein mogleg veikskap: Om kompromissa Fiskarlaget lagar, skal ha legitimitet, må organisasjonen sjølv ha legitimitet i næringa og langs kysten. Og Fiskarlaget har knaka i samanføyingane lenge. Det er ikkje så rart, for dette er ein organisasjon som knapt har sin like. Blant medlemene er både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, reiarlag og mannskap, menneske og båtar, trålfiskarar og sjarkfiskarar, yrkesaktive, studentar, uføre og pensjonistar. Også Fiskebåt, interesseorganisasjonen til den havgåande flåten i Noreg, er medlem av Fiskarlaget. Havfiskeflåten har dermed fått gje sine innspel til kvotemeldinga både gjennom Fiskebåt og som ein svært tung medlem i Fiskarlaget.

Men kor mange fiskarar er med i Fiskarlaget? Det er uvisst. Da Dag og Tid prøvde å finne ut medlemstalet til laget i 2020, fekk vi først beskjed om at det ikkje var mogleg å få vite. Men til slutt kom svaret: 4400 personmedlemer. Det er framleis det offisielle talet. Kor mange av desse medlemene som er aktive fiskarar, er ukjent. Men det er i alle fall sikkert at langt under halvparten av dei nesten 10.000 norske heiltidsfiskarane er personmedlemer i Fiskarlaget.

Full storm

Verre er det at medlemene er så intenst usamde med kvarandre. No har striden om kvotemeldinga for alvor fått fram spenningane i organisasjonen. «Spørsmålet er om kvotemeldingen en gang for alle vil ødelegge den tradisjonsrike organisasjonen», skreiv Fiskeribladet på leiarplass denne veka. Medan leiinga i Fiskarlaget naturleg nok har applaudert forliket om meldinga, er mange av medlemene nordpå i harnisk over resultatet, og somme av dei er med på å blokkere hamnene i Finnmark. 18 lokallag i Norges Fiskarlag har sendt ut ei erklæring om at dei ikkje lenger har tillit til leiinga, melde NRK denne veka.

Også i havfiskeorganisasjonen Fiskebåt har det vore sterk misnøye med Fiskarlaget det siste året, og somme har teke til orde for å melde seg ut. Fiskarlaget har klart å ri av mange stormar gjennom åra, men denne ser uvanleg stri ut. Og å sameine Fiskar-Noreg blir neppe lettare av at torskekvotane i nord er kutta hardt etter ei rad med gylne år og romslege kvotar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis