Fiskarstøvlane trampar i utakt
Norges Fiskarlag slår sprekkar. Kor lenge kan laget tale saka for både storkapitalistar og småfiskarar?
Striden om fisken langs kysten spissar seg til. Kystfiskarar i Troms og Finnmark vil no melde seg ut av Norges Fiskarlag. Biletet viser skreifiske utanfor Senja.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Bakgrunn
Strid i Fiskarlaget
Fiskarlaget Nord har vedteke å melde seg ut av Norges Fiskarlag.
Laget organiserer kystfiskarar i Troms og Finnmark.
Truleg utgjer dette laget kring 20 prosent av medlemene i Norges Fiskarlag.
Fiskarlaget Nord meiner den mindre kystflåten ikkje har fått nok gjennomslag i Norges Fiskarlag.

Fiskeri
peranders@dagogtid.no
At norske fiskarar ikkje alltid ser likt på ting, er gammalt nytt. Men 18. september kom usemja mellom dei store og dei små i Norges Fiskarlag for alvor til syne. Da vedtok Fiskarlaget Nord, som organiserer kystfiskarar i Troms og Finnmark, å melde seg ut av mororganisasjonen. Fiskarane i den mindre kystflåten i nord kjenner seg ikkje lenger heime i Fiskarlaget. Om vedtaket ikkje blir omgjort, blir utmeldinga ein realitet etter ei oppseiingstid på tre år, og Norges Fiskarlag misser truleg kring 20 prosent av medlemene sine. (Fiskarlaget Nord har kring 750 medlemer, etter det Dag og Tid kjenner til, men medlemstala i Norges Fiskarlag er ein ganske uviss storleik. Det temaet kjem vi attende til om litt.)
Men sjølv om vedtaket er eit dramatisk brot, er ikkje splittinga ny. Utmeldinga er å rekne som ein protest både mot lina til Norges Fiskarlag og mot fiskeripolitikken – som ofte har vore to sider av same sak.
Færre hender
– Det har alltid vore spenningar i fiskerinæringa. Mellom store og små, mellom havflåten og kystflåten. Men kvotesystemet har ført til at stadig meir av ressursane hamnar på stadig færre hender, seier Roger Hansen, styreleiar i Fiskarlaget Nord. Han er på veg inn til Skarsvåg i Finnmark med kongekrabbe da Dag og Tid ringer.
– Den mindre kystflåten som gjev grunnlag for sysselsetjing og busetnad i nord, blir råka, og det har alvorlege konsekvensar for kystsamfunna.
Det er ikkje først og fremst den gamle konflikten mellom kystfiskarar og havgåande trålarar det handlar om no. Trålarane har ikkje auka delen sin av den totale torskekvoten – den har vore kring 30 prosent i 30 år. Problemet er at kystflåten har endra andlet. Fram til 2008 kunne berre båtar under 28 meters lengd fiske på kystkvotane. Så opna den raudgrøne regjeringa opp for større båtar i kystfisket, og i dag kan fartøy på opptil 55 meter fiske på mange av dei same felta som småsjarkane. Og når slike storbåtar nyttar snurrevad som reiskap, er dei ikkje mindre effektive enn trålarane. Ein snurrevadbåt kan ta hundre tonn i eitt hal.
Arealkonflikt
Medan havfiskeflåten normalt ikkje kan fiske nærare land enn fire nautiske mil (7,4 kilometer), og trålarane ikkje kan fiske nærare land enn seks nautiske mil, opererer den store kystflåten på same felt som den mindre kystflåten har rekna som sitt domene. Dette skaper konflikt om areala. I tillegg har mange fiskekvotar blitt flytta frå mindre kystfiskefartøy til større gjennom såkalla strukturering. Omfordelinga av ressursar frå dei mindre til dei større båtane har altså skjedd innanfor kystfiskeflåten. Og desse endringane har i all hovudsak skjedd med godkjenning –?eller etter påtrykk – frå Norges Fiskarlag.
– Båtane i den store kystflåten er supereffektive, og dei fiskar i direkte konkurranse med den mindre flåten. Det blir konflikt om både areal og ressursar, seier Roger Hansen.
– Den politikken som Norges Fiskarlag har ført dei siste åra, gagnar ikkje kystsamfunna. Om ikkje lina blir endra, er ikkje dette lenger ein organisasjon for den tradisjonelle kystfiskaren.
– Men også kystfiskarane i Troms og Finnmark treng vel ein organisasjon som kjempar for interessene dykkar?
– Det står ikkje mellom Norges Fiskarlag og ingenting. Om ikkje Fiskarlaget sentralt tek signalet, må vi finne eit alternativ som varetek interessene til kystflåten. Eg ser for meg at vi kan få ein landsomfattande kystfiskeorganisasjon, seier Hansen.
Politiske følgjer
Om medlemene i Fiskarlaget Nord endar med å forlate Norges Fiskarlag, finst det alt ein alternativ organisasjon: Norges Kystfiskarlag, som vart etablert av utbrytarar frå Norges Fiskarlag i 1990, og som har vore i opposisjon til kvotepolitikken og struktureringa. Kystfiskarlaget har i 30 år vore veslebror, med langt mindre ressursar og færre medlemer enn Norges Fiskarlag. I dag har Kystfiskarlaget kring 700 medlemer. Men splittinga i Norges Fiskarlag kan føre til ei omorganisering av Fiskar-Noreg, trur Torbjørn Trondsen. Han er tidlegare professor emeritus ved Norges fiskerihøgskole, styreleiar i organisasjonen Kystens Tankesmie og ein flittig debattant i fiskerispørsmål.
– Vi får sjå korleis Norges Fiskarlag sentralt handterer utmeldingsvedtaket i Fiskarlaget Nord. Men om utbrytarane inngår eit samarbeid med Norges Kystfiskarlag, kan det få politiske konsekvensar, seier Trondsen.
– I så fall vil det få tydeleg fram den klassiske motsetnaden i fiskeria: storkapitalen mot småfiskarane. Også på Nordvestlandet er det kystfiskarar som protesterer mot at store havfiskefartøy får gå så nær land. Når båtar på opptil 55 meter blir definerte som ein del av kystflåten, er det berre latterleg.
Maktforskyving
Da den raudgrøne regjeringa i si tid opna opp for større båtar i kystfisket, var intensjonen at fiskarane skulle få betre plass om bord så dei kunne utnytte restråstoffet frå fisken. I praksis har ikkje det skjedd, seier Trondsen.
– Dei har det altfor travelt til det. Det løner seg mykje betre å satse på å fiske mest mogleg på kortast mogleg tid.
Norges Fiskarlag har vore ein aktiv pådrivar for maktforskyvinga i dei norske fiskeria og har langt på veg fått utforme fordelingspolitikken, meiner Torbjørn Trondsen.
– Og for politikarar som ikkje har hatt greie på fiskeri, har det vore komfortabelt å lene seg på Fiskarlaget.
Ei intern sak
Motsetnaden mellom dei store og små i fiskeria er ikkje alltid like klar: Også mange av fiskarane i den mindre kystflåten har vore positive til struktureringa, fordi dei kunne skaffe seg fleire kvotar og eit betre næringsgrunnlag. Men i kva grad kan Fiskarlaget i dag tale på vegner av alle norske fiskarar?
Den makta organisasjonen har hatt sidan stiftinga i 1926, er lett å skjøne historisk. «Titusental støvlar som trampar i takt, gjev vyrdnad og makt», heitte det i ein fiskarsong av Elias E. Marøy frå 1949. Og det var inga overdriving: Rett etter krigen hadde Fiskarlaget kring 50.000 medlemer. Men sidan da har både talet på fiskarar og organisasjonsgraden falle bratt. Og det er forbausande vanskeleg å finne ut kor mange aktive fiskarar som er medlemer i Norges Fiskarlag i dag. Talet er ikkje å finne på nettsidene til laget, og når Dag og Tid kontaktar fagsjef Joakim Martinsen, fortel han at Fiskarlaget ikkje oppgjev medlemstal. Kva grunnen er, vil han heller ikkje fortelje.
– Det er ei intern sak. Slik er det berre, seier Martinsen.
Sprikande
Når Dag og Tid seinare får snakke med generalsekretær Otto Gregussen i Norges Fiskarlag (sjå eiga sak), oppgjev han derimot medlemstalet: kring 4400 personar. Men kor mange av desse som er betalande medlemer og aktive fiskarar, er uvisst. I 2003, da Fiskarlaget hadde kring 9000 medlemer, var berre halvparten av desse betalande medlemer, skreiv NTB. «Resten er såkalte frimedlemmer, på grunn av alder, militærtjeneste eller studier.» Om fordelinga er nokolunde den same i dag, inneber det at ein nokså liten del av dei kring 9500 med fiske som hovudyrke er medlemer i Norges Fiskarlag.
Den skrumpande medlemsmassen til laget er dessutan svært lite einsarta. Blant medlemene finst både den einslege fiskaren med ein åtte meters sjark og fiskebåtreiaren med milliardomsetnad, og Fiskarlaget er ei foreining for både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Når interessene i fordelingspolitikken i tillegg er vidt ulike, kan ein knapt undrast om det kjem ei splitting. Norges Fiskarlag har ikkje lenger titusental støvlar, og dei trampar slett ikkje i takt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Den politikken som Norges Fiskarlag har ført dei siste åra, gagnar ikkje kystsamfunna.
Roger Hansen, styreleiar i Fiskarlaget Nord
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.