Vankunna og verdsarven
Striden om eit Mowi-anlegg i verdsarvområdet ved Vega botnar i eit mykje større problem: Vi veit altfor lite om korleis oppdrettsanlegga langs kysten påverkar naturen rundt.
Rørskjæran vest for øykommunen Vega på Helgeland.
Kommentar
redaksjonen@dagogtid.no
Oppdrettsgiganten Mowi fekk 20. april klarsignal frå Klima- og miljødepartementet til å starte oppdrett av laks ved Rørskjæran vest for øykommunen Vega på Helgeland. Anlegget ligg midt i området som i 2004 hamna på Unesco-lista over natur- og kulturarven i verda. På ny er lokalsamfunnet splitta i ein hard strid om fugleliv, verdsarv og næringsutvikling. Oppdrettstilhengarane seier at kommunen treng næringsutvikling for å sikre seg inntekter og halde oppe folketalet, og at nasjonalt og internasjonalt byråkrati ikkje må få strupe det lokale sjølvstyret. Dei som er mot, hevdar at eit ja til oppdrettsanlegget er ei skam for Norge som miljønasjon, og at det i verste fall kan få Unesco til å trekkje tilbake statusen frå Vega-øyane, med negative følgjer for reiseliv og utvikling. At det ikkje er lokale oppdrettarar, men det multinasjonale storselskapet Mowi som får sko seg på oppdrett i verdsarvområdet, har òg bidrege til motstanden.
Mellombels løyve
Striden starta då Mowi i 2016 fekk eit mellombels løyve frå Nordland fylkeskommune og fylkesmannen til å sette ut laks på lokaliteten i verdsarvområdet. Det kom fleire klager på vedtaket, og Miljødirektoratet trekte attende oppdrettsløyvet i april 2019. Men saka blei anka til Klima- og miljødepartementet, og no i april fekk Mowi til slutt løyve til å sette ut fisk ved Rørskjæran. Parallelt med dette har det lokale firmaet Vega sjøfarm fått avslag på søknaden om ein ny lokalitet ved Hysværet eit lite stykke nordvest for Rørskjæran. Vega sjøfarm har frå før to lokalitetar i Vega, éin inne i og éin utanfor verdsarvområdet. Kommunen har støtta alle desse søknadene, og ordføraren i Vega, Andre Møller, har klaga over at store havområde blir ubrukelege for næringsverksemd i dei åra det tek å lage utgreiingane. Han viser til at ei føresetnad for versarven var at anna næring, som havbruk, skulle kunne utvikle seg normalt. Hovudargumentet for verdsarvstatus for Vega var den meir enn 1500 år lange ærfugltradisjonen, kombinert med behovet for bevaring av kulturlandskapet. Derfor har nok verdsarvkoordinator Rita Johansen i stiftinga Vegaøyan Verdensarv mange med seg når ho seier at hastverket med å gje løyve til Mowi kan setje omdømet til verdsarvområdet i fare. Det same hevdar riksantikvar Hanna Geiran, den norske Unesco-komiteen og no også Unescos direktør, Metchild Rössler.
Store pengar
Men oppdrett av laks handlar om store pengar. Vega Sjøfarm og foredlingsbedrifta Vega Delikatesser er viktige lokale bedrifter med til saman meir enn 40 tilsette og nærare 100 millionar i omsetning i fjor. Lokal interesse for vekst i oppdrettsnæringa fekk eit oppsving i mange kystkommunar i 2018, då midlar frå sal av nye løyve gav 2,7 milliardar i gevinst til kommunane frå det nyoppretta Havbruksfondet. Kystkommunane på Sør-Helgeland har tent godt på ordninga, og Vega fekk i 2019 over 9 millionar i utbetaling. No har regjeringa foreslått at staten skal få ein mykje større del av skatteinntektene frå næringa. For Vega og nabokommunane kan det bety nesten ei halvering av oppdrettsinntekta. Då vil nye lokalitetar og meir fisk i merdane komme godt med i kommunebudsjetta.
Mowi på si side førebur seg på å ta i bruk den nye lokaliteten så fort som råd er. Sjølv om denne lokaliteten uvanleg nok er godkjend for berre fem år, reknar nok selskapet med å få løyve til drift på Rørskjæran også seinare. Samstundes seier Mowi at dei er interesserte i å finansiera fleire prosjekt for å kartlegge korleis oppdrettsverksemda påverkar det lokale miljøet. Dei bør ha råd til det, fortenesta på ein slik lokalitet med dagens lakseprisar er truleg 10 gonger større enn den potten som blir att i kommunen.
Lite faktakunnskap
Og meir kunnskap trengst verkeleg. Noko av det som gjer denne saka så vanskeleg, er at vi veit så lite om kva som skjer med naturen rundt dei mange oppdrettsanlegga langs kysten. Då Arne Follestad ved Miljødirektoratet gjorde eit litteratursøk i 2015, fant han forbløffande lite faktakunnskap om korleis oppdrett påverkar ville fuglar og pattedyr. Noko veit vi; ærfugl blir uroa når båtar kjem nærmare enn 700 meter, andre fugleartar er meir lettskremde, og det er vist at fugl som held til nær folk, blir mindre skremde enn fugl som held til i meir urørte naturområde. Ærfugl kan være ei plage for dei som driv med blåskjel, og det er ikkje uvanleg at ærfugl også beitar skjel frå merdar og fortøyingar på fiskeoppdrettsanlegga. Men i det store og heile er verknaden oppdrett har på fugl og pattedyr, lite påakta og lite studert. Eit døme på denne mangelen er den årlege risikovurderinga frå Havforskingsinstituttet om oppdrett og miljø, der fugl stort sett blir nemnd berre som ein mogleg risiko for smittespreiing mellom anlegga.
Det blir sjølvsagt stilt miljøkrav til alle norske oppdrettsanlegg. Livet på botnen under anlegga skal undersøkast, og fortidsminne og fiskeplassar kan påverke plassering og dimensjonering av nye anlegg. Dei anlegga som ønsker miljøsertifisering, får også krav om at dei skal unngå å skade eller skremme det lokale fugle- og dyrelivet. Men ein stor veikskap ved regelverket er at det blir stilt for få krav til undersøking av livet nærare overflata eller det samla naturmangfaldet rundt anlegga.
Vegen vidare
Kva er så vegen vidare for oppdrettsanlegget på Rørskjæran i Vega? Løyvet blir nok teke i bruk, og Mowi får halde inntil 3.120.000 kilo laks inne i merdane medan arbeidet held fram med å greie ut moglege konsekvensar på det lokale dyre- og fuglelivet. Men eg undrar meg over korleis dei internasjonale ekspertkomiteane skal finne ut av konsekvensane ved oppdrett i verdsarvområdet på Vega når det finst så lite oppdatert faktakunnskap om det.
Og kva kan skje med verdsarven? Det er vanskeleg å tru at oppdrettsanlegget til Mowi kan påverke naturen så mykje at verdsarvstatusen blir trekt attende. Men vi veit at summen av mange naturinngrep til saman kan ha stor negativ innverknad på både dyreliv og på menneska si oppleving av å vere i urørt natur. Og det er svært alvorleg at verken staten eller oppdrettsnæringa har sett av ressursar til å kartlegge det lokale naturmangfaldet ved etablering av nye lokalitetar, verken før anlegga er lagde ut eller etter at dei har kome i drift. Dette har ført til ei nedslåande kunnskapsløyse om kva som skjer med fugle- og dyrelivet rundt dei meir enn 600 lokalitetane som er i drift langs kysten. Ansvaret ligg hos forvaltninga og hos oppdrettarane og interesseorganisasjonane deira, og både Noreg og næringa har råd til å skaffe denne kunnskapen.
Arve Nilsen er veterinær og forskar på fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I det store og heile er verknaden oppdrett har på fugl og pattedyr, lite påakta og lite studert.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.