Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Kripos / NTB scanpix

Foto: Kripos / NTB scanpix

2974
20180216
2974
20180216

Fleire mistar livet på veg over Middelhavet

Talet migrantar og flyktningar som kjem til Europa, held fram å gå ned i 2018, og vart frå siste veka i januar til fyrste veka i februar redusert med 67 prosent, ifølgje den internasjonale organisasjonen for migrasjon, IOM. Det til trass så aukar delen personar som mistar livet eller forsvinn på veg over Middelhavet. Så langt i 2018 har 8965 flyktningar og migrantar kome til Europa, medan 401 personar har mista livet på vegen. Det vil seie at over fire prosent av dei som har reist, ikkje har kome fram. I 2017 forsvann 1,6 prosent av dei som la ut på ferda over Middelhavet, medan 1,2 prosent forsvann i 2016. Over halvparten av migrantane til Europa i år har kome til Italia, medan Spania har teke imot nest flest og Hellas tredje flest. Migrantane som har kome til Italia, er i hovudsak frå Nigeria, Republikken Guinea, Elfenbeinskysten, Bangladesh, Mali og Eritrea. Til Spania har det kome migrantar frå Morokko, Algerie, Guinea, Elfenbeinskysten, Gambia og Syria, medan syrarar, irakarar, afghanarar, kongolesarar og pakistanarar utgjer hovuddelen av migrantane til Hellas.

Ikkje et frukostblanding

Er du lei av at alt som er kjekt og enkelt, fører til kreft og sjukdom? Då vil du ikkje lika denne notisen. No har ein svær studie i regi av Sorbonne Paris og universitetet i Sao Paulo synt at ferdigmat og kraftig prosessert mat aukar risikoen for kreft sterkt. 105.000 vaksne deltok, og forskarane fann at om du et 10 prosent meir ferdigmat, sukra frukostblandingar og snacks, går risikoen for kreft opp med 12 prosent. Dette har britiske medium slått stort opp, sidan halvparten av alle kaloriar britane får i seg, kjem frå slik mat. Forskarane seier også at sidan vi et stadig meir av slikt dårleg fôr, vil helseutgiftene auka sterkt i dei komande tiåra. På toppen av dei heile aukar slik mat overvekta i folkesetnaden, og ein BMI på over 25 aukar risikoen for minst 11 ulike typar kreft. Men det er ikkje all prosessert mat som er dårleg. Mat som berre var litt prosessert, som pasta og ris og hermetiske grønsaker, hadde ingen negativ effekt. Dei som åt ris, pasta, ferskt eller frose kjøt, fisk og egg i kombinasjon med mykje frukt og grønt, hadde den lægste risikoen for å få kreft. Så då er det berre å skrida til verket. Nekt ungane frukostblanding og kok havregraut. 1,1 kilo lettkokt havregryn kostar berre 19,90, tek tre minutt å koka, og om du berre held deg til havregraut, får du i deg 2200 kaloriar per pakke. Det er billig, det.

Kvart sjette barn lever i konfliktområde

357 millionar barn, som vil seie kvart sjette barn i verda, lever i ei konfliktsone, ifølgje ein ny rapport frå Redd Barna. Det er ein auke på 75 prosent sidan starten av 90-talet. Rapporten «The War on Children» syner òg at talet barn som har vorte drepne eller lemlesta i krig er tredobla sidan 2005. Dei farlegaste konfliktlanda for barn i 2016 var ifølgje rapporten Syria, Afghanistan, Somalia, Jemen, Nigeria, Sør-Sudan og Irak.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis