JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

–FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

8177
20241018

Samtalen

Robert Mood, generalløytnant og tidlegare hærsjef

Aktuell: åtak på FN-styrken i Libanon

eva@dagogtid.no

Seks dagar etter at Israel starta bakkeoperasjon i Libanon, melde FNs fredsbevarande styrke i landet, Unifil, at det israelske militæret hadde kome for nær FNs personell og eigedom sørvest på libanesisk territorium.

Den siste veka har fleire FN-soldatar vorte skadde, og både FNs hovudkvarter, FN-stillingar og FN-utstyr har vorte råka av det som FN rapporterer er «direkte» og «medvitne» åtak frå det israelske militæret, IDF.

Generalløytnant og tidlegare hærsjef Robert Mood har vore del av FN-oppdraget i Libanon i fleire periodar. Frå 1989 til 1990 var han operasjonsoffiser i den norske bataljonen som deltok i oppdraget fram til 1998, og mellom 2009 og 2011 var han sjef for FNs observatørkorps i Midtausten, Untso, som er til stades i Libanon. I fjor sommar reiste han også rundt i regionen og i Libanon i sivil, som del av eit forskingsoppdrag.

FN-hovudkvarteret, FN-stillingar, FN-personell og utstyr har vorte råka av det som FN kallar «direkte» og «medvitne» åtak frå det israelske militæret sør i Libanon.

Foto: Thaier Al-Sudani / Reuters

– Korleis vil du skildre arbeidsvilkåra for FN-styrkane i Libanon i dag?

– Arbeidsforholda for både Unifil og Untso er frykteleg vanskelege, og dramatiske. Det er jo imponerande at dei vel å verte verande.

– Har dei rett til å slå tilbake når dei vert utsette for åtak, eller skal dei vere passive?

– Unifil er ein fredsbevarande styrke og har såleis berre rett til å drive sjølvforsvar. Det er ein passiv styrke når det gjeld utrusting og kva dei har lov til å gjere og ikkje gjere, og dei er også heilt avhengige av samarbeid frå partane. Den beste måten å skildre styrken på er vel å seie at han er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel på eine sida og Hizbollah og andre aktørar inne i Libanon på andre sida.

– Kva for våpen har styrken?

– Ingen tyngre våpen, og verken fly eller artilleri. Soldatane har ein pistol og ei rifle, og dei har maskingevær på postane og på køyretøy. Men det er ein lett oppsett styrke. I møte med ei like stor avdeling frå det israelske militæret, IDF, vil dei ikkje ha noko å stille opp med. Bestemmer Israel seg for å gå inn med styrkane som no står oppmarsjerte ved grensa, og gå oppover mot Litani-elva, slik som i 1978, 1982 og 2006, har ikkje Unifil anna val enn å sjå passivt på. Ikkje Untso heller, dei er i tillegg uvæpna. Dette er ein av dei store veikskapane ved FNs fredsbevarande styrkar fleire stader, særleg i Sør-Libanon – der styrken er på 10.000 personar og dekkjer heile området frå Hermon-fjellet i aust til Middelhavet i vest – og er stor nok til at lokalbefolkninga får ein illusjon om at han kan verne dei med våpen og makt.

– Unifil har vore i Libanon for å bidra til fred og tryggleik sidan 1978. Kva har styrken utretta?

– Eg er overtydd om at mange fleire jenter har fått gå på skule, og at det er eit grunnlag for tryggleik og utvikling i dei landsbyane FN har vore til stades i. Det er også ei humanitær verksemd her som går hand i hand med FNs nærvær, og det skal ikkje undervurderast. Men så er det vonde bakteppet at Hizbollah har bygd seg opp i området i sør trass i at FN har vore der. Israelarane vil såleis hevde at nærværet til Unifil er eit av problema i områda.

– FN-soldatane må ha sett Hizbollah ruste opp. I kva grad har dei kunna gjere noko med det?

– Sidan dei ikkje har mandat til anna enn sjølvforsvar, og ikkje kan gripe inn med våpen, har det nok vore ganske enkelt for Hizbollah å operere i dei same landsbyane som FN utan at FN har oppdaga det. FN-styrken har også eit avgrensa etterretningsapparat. Dei er heilt avhengige av informasjonen dei får frå partane og frå befolkninga, og dette er jo eit område der støtta til Hizbollah er ganske stor. Det vert reflektert ein del rundt FNs fredsstyrkar om dagen, og eit av spørsmåla er nett kvifor det vert sendt ut så store styrkar som Unifil, som er relativt godt rusta, med våpen og lastebilar, men utan mandat eller makt til meir enn å observere og rapportere.

– FN-resolusjon 1701 frå 2006 krev nedrusting av alle væpna grupper i Libanon og at området sør for Litani-elva skal vere fritt for væpna personell og våpen med unntak av frå libanesiske styresmakter og Unifil. Har FN-styrken ansvar for at denne resolusjonen vert følgd opp?

– Ja, men berre ut frå dei maktmidla dei har. Stoppar dei ein bil med fire kalasjnikovar og eit bombebelte i bagasjerommet, kan dei beslagleggje utstyret, men det er stort sett berre det dei kan gjere. Så for den som har ønskt å skjule opprusting og byggje tunnelnettverket som truleg er etablert i store delar av dette området, har det ikkje vore vanskeleg å gjere det sjølv om FN har vore til stades.

– Kva har FN-soldatane hatt for oppgåver før oppskaleringa?

– Dei har reist rundt på patrulje, synt seg fram med FN-flagget høgt heva, oppretta sjekkpostar og kontrollpostar for å avskrekke og kontrollere at det ikkje er rørsler av store mengder sprengstoff og våpen, patruljert til fots og halde kontakt med befolkninga for å få informasjon og for å skape ei kjensle av tryggleik. Det at FN-flagget vaiar frå observasjonspostar, basar og leirar, har i seg sjølv vore ein vernande faktor for landsbyen i nærleiken.

– Kva rolle har den fredsbevarande styrken no når freden er over?

– Eg trur framleis det har verdi for uskuldige sivile i Sør-Libanon at FN er til stades. I tillegg ligg det verdi i at FN-hovudkvarteret og FNs generalsekretær har truverdig rapportering og vert oppdaterte – frå time til time – om kva som skjer på bakken, slik at Tryggingsrådet har eit godt grunnlag for diskusjonane sine. Verdien av det er svært stor. Skulle dei ha vore avhengige av informasjon frå andre, ville det vorte ein kamp om sanninga. Men for å vere ærleg har ikkje Unifil fått til veldig mykje meir enn rapportering dei siste ti åra.

– Medan FN har rapportert om «direkte» og «medvitne» åtak frå det israelske militæret no, hevdar det israelske militæret at FN-soldatar har vorte skadde ved «feil». Er det truleg?

– Det israelske militæret seier alltid at det er ein feil eller ei misforståing. Dei kalla det også det då fire FN-observatørar vart drepne ved landsbyen Khiam i 2006. Men då hadde FN-styrken ringt IDF fleire gonger og peika på at artilleriet dei skaut, kom nærare og nærare FN-posten. Likevel heldt dei fram til dei trefte observasjonsposten direkte. Mistanken blant mange er at Israel no har som mål å få ut FN-styrken for å kunne opptre som dei vil, og det byrjar å sjå ut som dei ser det som aktuelt å gje FN ein skikkeleg treff for å få til det. Om det er medviten politikk frå Netanyahu IDF opererer etter, eller ikkje, er vanskeleg å seie, men Netanyahu har jo også sjølv bede FNs generalsekretær trekkje Unifil ut av området.

– IDF har også hevda at Hizbollah-krigarar posisjonerer seg ved FN-stillingar. Kva skal til for at FN trekkjer seg ut?

– Det skal svært mykje til. Det er erfaringa frå alle store fredsbevarande operasjonar på bakken rundt om i verda over mange år. Det måtte vere om det heilt utenkjelege skjedde: at IDF går til direkte åtak på styrken. Men skulle det skje, og Israel bestemmer seg for å bruke makt mot heile styrken, kjem dei ikkje til å ha høve til å trekkje seg ut. Det er difor eg brukte omgrepet gissel. Nei, det er vanskeleg å sjå føre seg at FN skal trekkje styrkane ut. Dei kjem til å stå der, også om dei må ta ein del tap. Så er det opp til Tryggingsrådet å handtere situasjonane som oppstår politisk.

– Kva trur du skjer framover?

– Med dei styrkane israelarane no har disponert på bakken, med fallskjermavdeling i aust og andre avdelingar ut mot kysten, er det vanskeleg å sjå føre seg noko anna enn at dei vil gå inn og ta kontroll i alle fall opp til Litani-elva. Kor langt nord dei vil gå for å få til det, er vanskeleg å seie, men vi skal nok ikkje ha nokon illusjonar her etter det som har skjedd på Gaza. Det er overhengande fare for israelsk invasjon, og IDF er klar, så det kan skje i morgon tidleg alt.

– Og FN-styrkane?

– Det mest trulege scenarioet er det som skjedde i 1982. Då gjekk FN-styrken i lokale tilfluktsrom medan dei israelske styrkane passerte og gjekk nordover. Unifil vil sitje stille i båten. Dei har ikkje anna val.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis