Folkekyrkje i fall
REYKJAVIK: Eg drog til dei lange liners land for å sjå om kyrkja og trua har halde seg like uendra som språket og folket.
Reykjavik Domkyrkje og Viking-ølet, Islands mest selde. På sagaøya er jola prega av førkristne, kristne og etterkristne tradisjonar.
Alle foto: Håvard Rem
KRISTENDOM
post@rem.no
Kva er framtida for kristendomen i Europa? Er endringane så store at ein kan rekna dei for eit trusskifte? På veg frå Akureyri til Roma, frå ein nordleg utpost til sjølve verdssenteret, må eg innom Reykjavik – dels for å koma meg til kontinentet, dels av di det er i hovudstadane endringane syner seg fyrst.
Statskyrkjer som hadde ein oppslutnad på nær hundre prosent for hundre år sidan, og som hadde hatt det i tusen år, har på få tiår mista ein tredel av folket.
Island er ei øy i eit hav av endringar. Dei er sjølve ein verneverdig minoritet. Av di dei ikkje importerer hestar og lånord, er islandshesten og målet nær uendra. Dei har lenge halde på den opphavlege eller ynskte treeininga i dei nordiske landa med kross i flagget: eitt språk, eitt folk, éi tru. Grunna høgt språkmedvit og låg innvandring har islandsk mål og demografi endra seg lite, men gjeld det òg for livssynet? Eller fylgjer trusendringane eit nordisk mønster?
TUSENÅRSSKIFTE 1
Kristentrua har på Island hatt si heilt eiga historie. Ho vart ikkje innførd med vald, om me skal tru tidlege kristne historieskrivarar, men gjennom eit vedtak i år 1000 i nasjonalforsamlinga i det som vert kalla verdas lengstlevande demokrati. I den tidlege islandske varianten av katolisismen var bloting tillate privat, kyrkjegods var ikkje eigd av Roma, men av lokale bønder, og prestane gifta seg og preika på morsmålet.
Det tapte skriftspråket som reformasjonen i mange land måtte attskapa i bibelomsetjingar, var ikkje tapt på Island. Ein litterær gullalder frå 1200-talet, med base i klostera, vart vidareførd av lutherdom og prentekunst, til stor skilnad frå i Noreg, der ein skriftkultur som hadde vore i forfall frå 1200-talet forsvann heilt med danske omsetjingar av bibel og lovbøker.
Nett skriftkulturen var den store skilnaden på Island og Noreg etter kvart som dei to landa fekk den same dystre lagnaden under danske einevaldskongar på 1600- og 1700-talet – og er vel noko av forklåringa på at moderne islendingar heller dreg til Sverige og Danmark enn til Noreg, i det minste om det er kultur og utdanning, og ikkje økonomi og jobb, som driv dei.
Eitt skifte som gjekk vel så djupt som reformasjonen, var pietismen som frå 1700-talet råka Island hardt, med (over)tru og frykt for helvetet (portane låg på vulkanen Hekla), men òg med ålmennskule, konfirmasjon og alfabetisering.
Mindre vekt enn i Skandinavia fekk derimot lågkyrkjelege lekmannsrørsler, som metodisme og baptisme, frå siste halvleik av 1800-talet, av di den islandske kyrkja då stod samla i kampen for å lausriva seg frå Danmark. Når eg møter teologiprofessor Pétur Pétursson, som har utdanna mange av dei lutherske prestane på Island i dag, fortel han:
– At den islandske kyrkja heilt til det siste har stått så sterkt og så samla, kjem for ein stor del av at dei geistlege var så viktige i sjølvstendekampen som leia fram til suverenitet i 1918 og republikk i 1944. Kyrkja vart ein hjørnestein i nasjonsbygginga, historisk av di klostera og reformasjonen hadde mykje å seie for språket, og i samtida av di dei lokale prestane vart talsmenn for den folkelege sjølvstenderørsla.
Etter at Island i 1918 vart anerkjend som suveren stat, kom ei høg- og lågkyrkjeleg splitting til syne att, då mellom liberale prestar i byane og bibeltru på bygda. Då urbaniseringa vann, fylgde den islandske kyrkja snøgt etter dei nordiske systerkyrkjene i liberal utvikling, med abortaksept, samkjønna vigsel og kvinneprestar.
TUSENÅRSSKIFTE 2
Men om språket og hesten gjekk heilskinna inn i det nye tusenåret, kom den lutherske kyrkja skadeskoten etter. I 1998 var 90 prosent av islendingane medlemar i folkekyrkja. No er talet 69. Brote ned på alder vert tala sjølvsagt meir dramatiske.
Grunnane er fleire. Hildur Eir, prest i Akureyri, fortel:
– Kring tusenårsskiftet hadde me ei stygg overgrepssak. På Island har me berre eitt bispedøme og éin biskop, og kyrkja freista å dekka over dei mange overgrepa hans, men då det vart kjend at Ólafur Skúlason òg hadde misbrukt si eiga dotter, melde mange seg ut. I dag er biskopen vår ei skild trebornsmor.
Hilmar Örn Hilmarsson, leiar i Åsatrusamfunnet på Island (og renommert komponist – toneskald – som har samarbeidd med Björk og vore ein pioner innan elektronisk musikk), fortel:
– I 1999 var me framleis berre kring 100 medlemar. Men tusenårsmarkeringa vart dårleg handtert av den lutherske kyrkja. Dei ville ha monopol på markeringa. Dei freista å nekta oss tilgjenge til Thingvellir, og det likte ikkje folk. Då me heldt eit blot der, kom meir enn tusen menneske, mange for å syna oss stønad. Noko losna då.
FØRPROTESTANTISK TRU
På få år har Åsatrusamfunnet vakse til eit av dei største livssynssamfunna utanfor kyrkja, med meir enn 4000 medlemar.
No er det naturleg at trua endrar seg snøggare enn språket og folket. Konfesjonar har ikkje like djupe røter. Brå skifte i språk og demografi kjem gjerne i samband med krig. Dei europeiske livssynsendringane har kome i fredstid.
Så kvar går dei no, dei mange som forlét ei kyrkje som har vorte døypt om frå stats- til folkekyrkje, og som heller ikkje kan kalla seg det viss utviklinga hald fram?
I dei lange liners land lyt det ikkje overraska at endringane like mykje kjem av at folk vender attende til tidlegare livssyn som at dei grip til nye. Når Island no nærmar seg ein postprotestantisk fase, kjem det dels av at menneske går attende til preprotestantisk katolisisme og åsatru.
Den katolske kyrkja på Island har vakse forsiktig heilt sidan øya fekk trusfridom så seint som i 1874, med ei domkyrkje som vart innvigd i 1929, med ein og annan kjend konvertitt, som forfattaren og nobelprisvinnaren Halldór Laxness, med ei vitjing av den høgt elska Pave Johannes Paul II i 1989. Men berre sidan tusenårsskiftet har talet på katolikkar på Island firedobla seg, til om lag 12.000.
KATOLISISME
Dei islandske byane vart ikkje bomba under siste verdskrig. Dei berre ser slik ut. Dei liknar Narvik, med etterkrigsklossar i mur og tre. Island vart seint urbanisert. Men så, på veg ut av sentrumsgatene, får eg for fyrste gong på sagaøya sjå Europa. Ein neogotisk basilika ragar åleine på ei høgde, som om havet hadde forsvunne og eg stod i ei gate i Frankrike. Kyrkja ser ut som om ho var bygd før sjølve byen, men nei. Det gjekk nær 400 år frå islendingane vart lutheranarar og halshogg katolske biskopar til Basilika Krists konungs vart bygd. Der møter eg før nemnde Pétur Pétursson (67), ein protestantisk hovding som for to år sidan vart katolikk.
– Eg hadde førebudd meg gjennom åtte opphald i Roma. Der har eg nytta sabbatstida mi som professor. I 2013 budde eg same stad som den argentinske kardinalen Jorge Mario Bergoglio. Me vart vener. Berre ei veke etter at me åt frukost saman, vart han utnemnt til Pave Frans. Men det var her i kyrkja eg tok valet. Etter påskemessa i 2015 gjekk eg fram til biskopen. Då hadde eg gått her fast i halvtanna år.
– Har du fått negative reaksjonar?
– Nei. Men eg måtte avklara nokre spørsmål. Kan ein katolikk undervisa lutherske prestekandidatar? Ja, det held eg fram med.
– Kva er framtida for kristentrua her?
– Bodskapen er sterk, men strukturane vil verte endra, særleg i byane. Her i Reykjavik gjer pinsevenene eit særs godt arbeid hjå utslåtte menneske. På landsbygda vil folkekyrkja overleva i lang tid. Jamvel om det no vert undervist i religion i skulen, tillèt læreplanen meir kristendomsundervising, og då vert det opp til den lokale skuleleiinga.
Når Pétursson får høyra at eg skal møta leiaren i Åsatrusamfunnet på Island, Hilmar Örn Hilmarsson, ber han meg helsa. Dei er vener.
– Kvifor har kyrkja aldri teke avstand frå det norrøne livssynet i Edda-diktinga?
– Av di ho inneheld kristne strofer som vart føydde til av munkane som skreiv henne ned på 1200-talet. Eit døme på ein kristen interpolasjon er eit Edda-vers me nyttar i gravferder: «Gud gjev fred til den daude/ og miskunn til dei som lever att.»
Pétursson legg til:
– Men Hilmar likar ikkje denne hypotesen, for dei nyttar Edda liturgisk, dei òg.
ÅSATRU
I eit kontorbygg i eit næringsområde finn eg lokala til Åsatrusamfunnet, men alt neste år innvier dei eit storslått tempel i Reykjavik. Som med den katolske kyrkja har den store veksten kome etter tusenårsskiftet. Tempelet vert bygt for å gje ei ramme om dei stadig fleire seremoniane – namngjeving, vakseninnviing, bryllaup og gravferder – som Åsatrusamfunnet tilbyr. Leiaren – allsherjargodi – Hilmar Örn Hilmarsson (59) fortel:
– I bryllaupa er gjerne 80–90 prosent av gjestane lutheranarar. Dei har liten kjennskap til oss og vert imponerte.
– Kva særmerkjer moderne åsatru?
– Me er ikkje monoteistar. Me trur ikkje på éin Gud. Me har ikkje eit lineært, men syklisk tidsomgrep. Verdiane våre er toleranse og ærlegdom. Lenge var me uroa over om systersamfunna i Noreg og Sverige gjekk i ei høgreekstrem retning.
Når Hilmarsson må fara i ei minnestund til ein jødisk ven, tek styremedlem Teresa Dröfn Freysdóttir Njardvík (26) over. Ho voks opp i ein katolsk heim, men då ho vart 16 år, i 2007, gjorde ho som Hilmarsson. Foreldra hennar gjekk frå lutherdom attende til katolisisme, og ho tok endå eit steg attende. Ho fortel:
– Den sjølvstendige stillinga som mange kvinner hadde i norrøn tid, svarar godt til eit moderne kvinnesyn.
Som Hilmarsson er ho kunstnar. Njardvík debuterer no som poet med samlinga Antikenosis, der ho grip attende til norrøne versemål. På oppmoding har islandskjennaren og forfattaren Johannes Gjerdåker attdikta verset «Eg leita i skodda».
Eg leita i skodda,
leita etter sanning,
leita etter lærdom.
Stjernene borte,
eg får ikkje svar.
GRUNNFJELLET
Eg kom til Reykjavik saman med jola, sundag 1. desember. I den vêrbitne byen måtte dei nytta kraftige bardunar for å sikra det høge Oslo-treet som kvar jol vert reist framom domkyrkja. Jolefeiringa har vorte den viktigaste kristne høgtida på øya, den einaste med fullsette kyrkjer, men er i stor grad avkristna i eit land med eit levande medvit om den førkristne feiringa som er teke vare på i sjølve namnet på høgtida.
For folkekyrkja gjeld det diverre ikkje at jola, med fullsette hus, varar heilt til påske. Kyrkja opplevde eit rekordarta fråfall på heile 2,2 prosent berre i fjor. Ni av ti går ikkje i kyrkja på ein vanleg sundag. Men kva med framtida? Vil nedgangen flata ut eller halda fram? Eit svar finn ein kan henda ved å sjå på tala bak sjølve medlemstala. Kva trur islendingane på, sett bort frå trussamfunnet dei vart lagde til ved fødselen?
Tala frå trusundersøkinga til Eurobarometeret i 2010 fortel at få islendingar, berre 18 prosent, reknar seg som ikkje-truande eller ateistar. Talet er lågt – i dei skandinaviske landa ligg det på kring 30 – og kunne såleis tyda godt for folkekyrkja. Men nei. Om ateistane er få, har Island òg få monoteistar – folk som trur på Gud med stor G, slik gudstrua er definert i kristendom, jødedom og islam. Mindre enn ein tredel av folkesetnaden er monoteistar.
Så kva trur dei på? Helvta av islendingane seier at dei trur på ei skaparkraft, ei tru som ikkje med naudsyn impliserer éin Gud, eit personleg liv etter dauden og helvetesfrykta som greip om seg på 1700-talet. Ei slik skapartru er neppe gode nyhende for folkekyrkja. Medan dei lutherske kyrkjene i Nord-Europa har vorte liberale i sosiale og politiske spørsmål, har dei ikkje på same vis modernisert sjølve trusinnhaldet. Jau, helvetesdogmet og jomfrufødselen kan ein luthersk prest taka avstand frå, men ein teier gjerne om luthersk tankegods som arvesynd og predestinasjon, personleg frelse og evig liv – dogme som ein nok ikkje berre må snakka lågt om, men helst taka avstand frå om ein skal appellera til den helvta av islendingane som korkje er monoteistar eller ateistar.
Kor stort er grunnfjellet i den islandske kyrkja? Ligg det kan henda nærare den knappe tredelen (31 prosent) som seier dei trur på Gud, enn dei to tredelane (69 prosent) som i dag er medlemar?
I den tredelen som trur på Gud, finn ein òg ikkje-lutheranarar som gjerne har eit meir tradisjonelt gudsomgrep, til dømes katolikkar, pinsevener og muslimar – tre trussamfunn som etter alle døme vil halda fram med å veksa. Om dei i dag ikkje utgjer meir enn om lag 5 prosent av folkesetnaden, utgjer dei nok om lag 15 prosent av dei som seier at dei «trur på Gud».
Her er det naudsynt å skyta inn: Utviklinga som fører med seg at berre ein tre- eller firedel av folkesetnaden «trur på Gud», er ikkje ålmenneuropeisk. Ho gjeld fyrst og fremst for land i Nord-Europa med lutherske folkekyrkjer.
I somme av landa eg no er på veg til, som Polen og Italia, er det motsett. Der seier tre av fire at dei «trur på Gud». Eg spør meg: Kvifor har ei monoteistisk gudstru halde seg så mykje sterkare i katolske og muslimske land enn i dei lutherske?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Island er ei øy i eit hav av endring. Dei er sjølve ein verneverdig minoritet.
På Island kjem endringane like mykje av at folk vender attende til tidlegare livssyn som at dei grip til nye.
I den tredelen som trur på Gud, finn ein òg katolikkar, pinsevener og muslimar med eit meir konservativt gudsomgrep.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.