JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Før og etter pandemien

Erna Solberg kan minna om Kristian IV og ber mykje av æra for at koronapandemien vart så mild i Noreg, meiner professor Ole Georg Moseng.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi har nytta munnbind før. Her politiet i Seattle under spanskesjuka.

Foto: Wikipedia

5554
20210122

Samtalen

Ole Georg
Moseng

professor

Aktuelt

Noreg har fått vaksine, og smittetala går nedover.

jon@dagogtid.no

Noreg har fått covid-19-vaksinar, og smittetrykket går nedover. Kvar vert så covid-19 ståande i eit historisk perspektiv? Ole Georg Moseng er historieprofessor ved Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg.

­– Er grunnen til at vi har kome med så sterke tiltak mot covid-19, at verda ikkje har opplevd pandemiar sidan spanskesjuka?

– No har verda opplevd pandemiar etter spanskesjuka òg. Det har vore nokså mange av dei, men dei har ikkje nådd Europa. Rett nok har vi hatt influensapandemiar kvart år, men dei to mest særmerkte dei siste åra var sars, som kom i 2003–2004, og mers, som kom i 2012. Men dei nådde ikkje Europa på same vis som covid-19 no, og det sjølv om dei var koronavirus. Rett nok sette svineinfluensaen i 2009 på ny pandemiar på kartet. Då var det mange som tok til orde for betre beredskapsplanar enn vi hadde hatt. Dei vart ikkje høyrde.  

– Men covid-19 handlar vel om globalisering?

– Jau, men om globalisering er ei viktig drivkraft, skulle verda for lengst ha vore meir utsett. Men no ser vi altså med covid-19 at det er ein ekstrem samanheng mellom viruset og globalisering. Fly har synt seg å vera ein effektiv smittespreiar.  

– Men trass alt døyr vi ikkje i særleg grad av infeksjonssjukdomar lenger?

– Det er klart at om vi ser på dei lange linene, er dei relativt låge dødstala noko nytt. Den viktigaste årsaka til auken i levealder er at dei smittsame infeksjonssjukdomane langt på veg er nedkjempa. Før 1800-talet var smittsame infeksjonssjukdomar den vanlegaste dødsårsaka. I løpet av 1800-talet forsvann det hegemoniet og vart overteke av livsstilssjukdomar som kreft og hjarte- og karsjukdomar.

– Tuberkulose hadde vi lenge?

– Ja, og den sjukdomen var vesentleg. Nedgangen i andre infeksjonssjukdomar kom mykje på grunn av ei ålmenn modernisering og auka velferd. Færre budde i same hus eller på same rom, og færre sov i same seng. Men nedgangen i tuberkulose kom seinare, men lenge før BSG-vaksinen og antibiotika, som kom i etterkrigstida. Nedgangen kom i mellomkrigstida og var formidabel. Vi gjekk frå omtrent 7000 døde per år i 1900 til 2500 rett før andre verdskrigen. Den kraftige nedgangen må ha handla om opplysningskampanjar. Bakteriologien som utvikla seg rundt 1900, gav styresmaktene enkle, men effektive råd om åtferdsendring: Ikkje drikk av same kopp, ikkje spytt på golvet… Desse råda sit i ryggmergen vår den dag i dag.  

– Men det at moderne styresmakter har vore så opptekne av førebygging, er ikkje det også grunnen til at vi her i Noreg har vore så flinke til å halda distanse?

– Administrative tiltak har heilt klart vore den viktigaste grunnen til at vi har sett ein slik nedgang i dødsfall på grunn av infeksjonssjukdomar. Dei aller verste globale pandemiane var pestane som kom med svartedauden. Då byrja det rikaste området i Europa, dei norditalienske bystatane med omfemnande tiltak, reiseforbod, distanse, karantene, altså alt i 1340-åra. Det var slike tiltak som gjorde at pestane forsvann frå Europa på 1600-talet. Dei italienske byane gjorde det, sjølv om dei visste at tiltaka ville øydeleggja økonomien. Velstanden deira var bygd på internasjonal handel. Likevel la dei altså ned reiseforbod.

– Og folk respekterte det?

– Ja, men det handlar også om effektive statar. Det ser vi no òg. Det er dei statane som har vist størst vilje og evne til å nedkjempa covid-19, som har hatt færrast dødsfall. Ein annan faktor som er viktig, er tillit i folkesetnaden. Der folk lit på styresmaktene, har tiltaka vore mest vellukka. Rett nok kan manglande tillit kompenserast gjennom brutal vilje til makt. Det er såleis ein viss likskap mellom Kristian IV og Erna Solberg.

– Men det har gått raskt å utvikla vaksine og nye behandlingsmåtar under covid-19-pandemien. Har vi fått eit gjennombrot i kampen mot virus og pandemiar?

– Det trur eg ikkje. Ja, vi har fått mRNA-vaksinen, som er basert på genteknologi som gjer at desse vaksinane får viruset til å øydeleggja seg sjølv. Men vaksinar i seg sjølv er ikkje noko nytt, og vi har framleis ikkje utvikla medisinar som tek bort virus gjennom behandling. Vaksinar har vi i og for seg hatt heilt sidan fyrste halvdel av 1700-talet, då dei vart utvikla i kampen mot koppar. Så kom nyutviklinga av kryssimmunitet rundt 1800. Men vi ser inga dramatisk nyutvikling. Vaksinane må framleis springa om kapp med virusa, som heile tida muterer. Vi må heile tida utvikla nye vaksinar.

– Men også denne pandemien går over?

– Ja, når vi no har fått vaksinar mot covid-19, kjem det nok til normalisera seg i løpet av året. Men då må vaksinane distribuerast globalt, og ikkje berre i den rike og vestlege verda. Likevel er det ikkje til å koma forbi at dødstala i nokre delar av verda er formidable. I USA ligg tala no på line med dødstala i andre verdskrigen, og dei daglege dødstala er på same nivå som talet på døde etter terroråtaket i 11. september 2001 og i Pearl Harbor-åtaket. Fornekting av kor alvorleg covid-19 er, er ei viktig delforklaring på kvifor dødstala har vorte så høge. I Noreg, derimot, har færre døydd enn under ei vanleg sesonginfluensa. Den einaste grunnen til det er dei strenge tiltaka som folk har akseptert. Det har vore forbløffande lite protestar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– I USA ligg tala no på line med dødstala i andre verdskrigen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis