Forsikring mot uår
Nye typar tilpassingar vil gjere matforsyninga mindre sårbar og gagne både næringsmiddelindustri,
varehandel og forbrukarar.
Langvarig tørke gjev dårlege avlingar i år. Her frå Algarheim i Akershus.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Og så kom regnet… Bjørnsons skildring av ein langvarig tørke var ein gong barnelærdom: «Regn, regn! Hele naturen stod sturen.»
Nordsjø-tørken i 2018 er heldigvis avhjelpt til ein viss grad, men debatten om beredskapslager bør ikkje tørke inn. Ingen fare, seier matministeren, marknaden har nok, berre vi unngår proteksjonisme – det vil seia at dei som kan kjøpe, får kjøpe. Etter prissjokka på kveite og soya i 1974 vart offentlege lager diskutert i USA, men bransjen sa at dei hadde lager nok. Senator George McGovern sa at dette var å misforstå rollene. Marknaden vil selje når prisane er høgast, medan lager er til for at samfunnet skal unngå prishopp. «Eit lager i private hender er ikkje noko lager i det heile.»
Geopolitisk maktfaktor
Og proteksjonisme må ein rekne med. Korn er ein – ofte usett – geopolitisk maktfaktor. Alliansar og forsyningar skiftar. At landa frå Nord-Afrika til Sentral-Asia er eit kronisk underskotsområde for kveite, opnar for politisk dominans. Frankrike forsyner dei gamle koloniane sine. Eit nær sjølvforsynt land som Tyrkia – og før krigane i Irak og Syria – er også uavhengig politisk. Egypt, verdas største kveiteimportør, skal ha minst tre offisielle kornstatistikkar, men berre den øvste leiinga veit dei reelle. Russland er no den største leverandøren, etter at dei i 2012 skvisa Morsi-styret frå makta. Nyleg stengde det amerikanske kornkontoret i Egypt, etter mange år.
Korn, såfrø og såkornlager må bli bygde i gode år, for når dårlege år råkar mange samtidig, er det for seint. Eller veit vi eigentleg det? Pussig nok har få simulert slike kriser. Eit unnatak er forsikringsselskapet Lloyd’s. Rapportane Feast or Famine (2013) og Food System Shock (2015) ser for seg seks samanfallande uår. Fem av dei har dei siste 25 åra skjedd kvar for seg på grunn av vêrfenomenet El Niño.
Fleire uår
Det første uåret liknar på 1993. Då skapte El Niño ein katastrofal flaum i Midtvesten, med 27 prosent avlingstap i mais, 18 prosent i soya og 7 prosent i kveite.
I det andre uåret fører El Niño til svikt i monsunregnet i India og Pakistan, og tørke, som i 2002. Regnet fall i staden over Himalaya, med flaum i aust. Resultat: 10–20 prosent avlingstap i kveite og ris.
Det tredje uåret: Når El Niño gjer det tørt i India, skjer det same i Australia, med halv kveiteavling.
Det fjerde uåret er det tørke i Søraust-Asia, med 5 til 20 prosent avlingstap i ris.
I det femte uåret fører El Niño til epidemiar av asiatisk soyabønnerust i Sør-Amerika. Denne sjukdomen kom dit i 2001. No: 5–15 prosent mindre soya, som i 2006.
Det sjette uåret kjem ikkje av El Niño, men sjukdomen svartrust på kveite. Rasen Ug99 frå Aust-Afrika er halden i sjakk i 15 år, takk vera ein internasjonal dugnad starta av Norman Borlaug. I modellen får svartrusten herje i kveiteåkrar frå Pakistan til Ukraina. Avlingstap: 5–15 prosent.
Globalt systemsjokk
Justerte mot databasen FAOSTAT (Food and Agricultural Organization Corporate Statistical Database) verkar ikkje avlingstapa så avskrekkande kvar for seg: 7 prosent i ris og kveite, 10 prosent i mais, 11 prosent i soyabønner. Samla er dei utan sidestykke. Kva vil verknadene bli?
Med 7 prosent mindre ris i verdshandelen, fell den normale eksportmarknaden bort. Ris er i hovudsak til innanlandsk bruk, og både eksport- og importland vil prøve å sikre seg. Lloyd’s reknar med ein femdobla pris. Dette vil så opptil firedoble prisane på mais, kveite og soya. Dette vil så forplante seg gjennom matforsyningsstraumane og føre til eit globalt systemsjokk. Land held tilbake eksport eller sel til dei som betalar meir. Mangel eller forseinking av kraftfôr fører til nedslakting av husdyr. Næringsmiddelindustri, varehandel og forbrukarar vil bli råka. Business as usual i heilt andre sektorar vil føre til store forsikringskrav som bransjen ikkje er budd på. Vidare vil det ta år å få husdyrproduksjonen opp på normalt nivå. Aksjar knytte til landbruk stig sterkt (som i 2008), men børsane i USA og EU fell med 5 og 10 prosent.
Nye forsikringar
Lloyd’s konkluderer med at bransjen må få nye typar forsikringar og tilpassingar på plass. Det vil vera bra for bransjen og gjera matforsyninga mindre sårbar enn i dag. Slike «matsystemsjokk» har «signifikant høgare» sannsyn enn dei som kjem «ein gong kvart 200 år», som Lloyd’s elles vil forsikre folk mot.
Lloyd’s tilrår òg tiltak mot børsane, som medverka til sterkt svingande prisar i 2008–09 og 2010–11. (Trump fjerna nyleg Obamas lov mot dette.) Landa må ikkje satse «sjølvforsyninga» si på oversjøiske «landran» og avstå frå eksportrestriksjonar, men modellen reknar altså ikkje med at dei vil det. Lloyd’s rettar seg mot forretningsverda og held seg unna «politikken». Dei nemner ikkje offentlege beredskapslager.
Nordsjø-tørken i 2018 er ikkje aleine. Med 16 prosent mindre russisk kveite og 10 prosent mindre ukrainsk kveite, pluss tilsvarande mindre brasiliansk og argentinsk mais, reknar FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO) i juni høvesvis 3,8 prosent og 3,3 prosent mindre på verdsbasis. Uåra der – og elles – kjem heldigvis etter toppår, så lagera er store. (Størst er dei i Kina.) Men lagera vil minke så ein merkar det. For ris veks heldigvis både avling og lager med kring 1,4 prosent.
Kan analysar som Lloyd’s’ hjelpe oss å spå meir enn eitt år fram? Kva med å simulere kor mykje meir av årets kornavling vi kunne ha hausta til fôr i tide, om vi hadde hatt eit beredskapslager?
Åsmund Bjørnstad
Åsmund Bjørnstad er professor i genetikk og planteforedling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Korn, såfrø og såkornlager må bli bygde i gode år,
for når dårlege år råkar mange samtidig,
er det for seint.»
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.