Forskingsrådet vil ha konkurranse
I mai får vi eit svar på kor godt SFF-systemet har fungert. Da kjem det ei grundig evaluering av ordninga, fortel John-Arne Røttingen, direktør i Noregs forskingsråd.
– Men vi ser jo at SFF-ordninga har bidrege til å byggje opp fleire verdsleiande senter, og mange senter har skapt imponerande forskingsresultat.
–?Viser ikkje erfaringa at mange av sentera har problem med å sikre vidare liv for fagmiljøet når perioden er over?
– Av dei 21 sentera som har avslutta finansieringa etter ti år, har tre fått ei ny SFF-løyving etter ny søknad. Mange har vunne andre løyvingar, slik at mykje av forskinga ved senteret held fram, medan andre nok har blitt fragmenterte etter avslutninga av SFF.
– Når toppforskarar gong på gong har vist seg tilliten verdig, er det ikkje da ein idé å gjere SFF-statusen permanent?
– Med ein avgrensa finansieringspott er det en balansegang mellom å finansiere nye forskingsmiljø og å støtte dei beste sentera vidare. Etter snart 20 år med SFF-ordninga er det stadig fleire senter som kunne fortene vidare finansiering, og det ville etter kvart bli lite rom for nye initiativ. Tidlegare senter kan søkje igjen, men vertsinstitusjonen har ansvaret for å bevare dei beste forskingsmiljøa, seier John-Arne Røttingen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I mai får vi eit svar på kor godt SFF-systemet har fungert. Da kjem det ei grundig evaluering av ordninga, fortel John-Arne Røttingen, direktør i Noregs forskingsråd.
– Men vi ser jo at SFF-ordninga har bidrege til å byggje opp fleire verdsleiande senter, og mange senter har skapt imponerande forskingsresultat.
–?Viser ikkje erfaringa at mange av sentera har problem med å sikre vidare liv for fagmiljøet når perioden er over?
– Av dei 21 sentera som har avslutta finansieringa etter ti år, har tre fått ei ny SFF-løyving etter ny søknad. Mange har vunne andre løyvingar, slik at mykje av forskinga ved senteret held fram, medan andre nok har blitt fragmenterte etter avslutninga av SFF.
– Når toppforskarar gong på gong har vist seg tilliten verdig, er det ikkje da ein idé å gjere SFF-statusen permanent?
– Med ein avgrensa finansieringspott er det en balansegang mellom å finansiere nye forskingsmiljø og å støtte dei beste sentera vidare. Etter snart 20 år med SFF-ordninga er det stadig fleire senter som kunne fortene vidare finansiering, og det ville etter kvart bli lite rom for nye initiativ. Tidlegare senter kan søkje igjen, men vertsinstitusjonen har ansvaret for å bevare dei beste forskingsmiljøa, seier John-Arne Røttingen.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.