Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Forsvar for forsvarskvinner

«Vi bør være ærlige nok til å si at kvinners rettigheter er så viktige her i Norge, at vi er villige til å redusere på stridsevnen», meiner oberstløytnant.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noreg vart første Nato-land med ålmenn verneplikt for kvinner  fødde etter 1997.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

2891
20171201
2891
20171201

Vi er i Volda i 2014. I ein sliten sofa midt imot meg sit det ei høg, slank jente ? ei veninne av veslesyster mi, heime etter å ha dimittert frå panserbataljonen i Forsvaret.

– Det var meir snakk om å ta livet av fienden enn om å forsvare. Det gjekk imot mine verdiar, fortel ho.

– Dette er ikkje er typisk for heile forsvaret, men vi merka det godt i bataljonen min, seier ho då eg hevar bryna.

Ho er fødd før 1997, og hadde ikkje obligatorisk verneplikt.

– Eg ville gå min eigen veg. Eg lid av «yngstemannsyndromet», og har fire eldre sysken som ikkje valde Forsvaret.

Førre helg kom oberstløytnant Harald Høiback med utsegner om at ålmenn verneplikt for kvinner i Noreg er eit ideologisk mål, og ikkje eit militært mål (Forskning.no). Han etterlyser meir forskning på kvinner i forsvaret, og trur ikkje Forsvarsdepartementet er opptatt av om jenter skyt dårlegare enn gutar eller eventuelt ikkje orkar å bere sekken sin. Saka kom etter eit anonymt innlegg i Aftenposten, med tittelen «Er dette soldaten som kan koste min mann livet?». Etter at verneplikta vart utvida til òg å gjelde kvinner i 2015, har forsvaret nemleg justert ned krava til den avsluttande testen «Godkjend Hærsoldat».

Å gje helvta av det tenestedyktige folket ei oppleving av å potensielt vere ein trugsel for tryggleiken kan få konsekvensar for rekrutteringa, svara to kvinnelege løytnantar i Hæren.

«Hæren senker fysiske krav. Vil ha inn flere kvinnelige soldater», skreiv avisene.

Veninna til syster mi var ein av dei beste skyttarane i si gruppe. Ho valde å dimittere, både fordi ho hadde dårleg rygg og fordi ho hadde utdanningsønske som forsvaret ikkje kunne tilby. Ikkje fordi fysiologien hennar som kvinne ikkje heldt.

– Mange av jentene gjorde det like bra og betre enn gutane på styrketestar, skyting og løpetestar, fortel ho. – Vi vert trena til krig. Ein mannleg soldat mildnar ikkje når han treffer på ein kvinneleg fiendtleg soldat.

Tal frå Aftenposten i fjor viser i så måte at kvinner prosentvis står betre enn menn etter eit halvt år med obligatorisk førstegongsteneste. Fråfallet var 12,6 prosent hos jentene, og 18,8 prosent hos gutane.

Då oberstløytnant og talsmann Ole Johan Skogmo i Hæren skriv på Forsvarets forum at lista er lagt for høgt, må eg smile. Senkinga av krava var ikkje kjønnsrelaterte; krava til den nye testen var for høge samanlikna med tidlegare målekriterium. Fleire kvinner i Forsvaret er eit kvalitetsbehov, legg han til.

Attende i Volda er eg samd med båe oberstløytnantane: Når Noreg er det einaste Nato-landet med ålmenn verneplikt for kvinner, må vi auke den objektive forskinga på kvinnelege soldatar. For kvinner har ressursar til å vere meir enn lotter.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi vert trena til krig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Harila fekk vondt i ryggen og snudde. Ho nådde ikkje Sørpolen åleine på ski i 2024.

Privat / Handout

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

Meldingar
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis