Dansk strid om EU-forsvar
Putin har ført Sverige og Finland inn i Natos famntak. Vil han også føre Danmark inn i EUs forsvarssamarbeid?
Krigen i Ukraina har fått den danske statsministeren Mette Frederiksen til å utlyse folkerøysting om dansk deltaking i EUs forsvarssamarbeid. Biletet er frå Kyiv, der ho i april møtte den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj saman med den spanske statsministeren Pedro Sánchez. Biletet er formidla av det ukrainske presidentkontoret.
Foto: AP / NTB
Bakgrunn
Danmark er medlem av Nato og EU.
Sidan 1993 har Danmark hatt atterhald mot fire område i EU, deriblant forsvarsområdet.
Den 6. mars avtalte eit fleirtal på Folketinget å halde folkerøysting om å avskaffe EU-atterhaldet.
Folkerøystinga vert arrangert den 1. juni.

Forsvar
christiane@dagogtid.no
Den 1. juni går danskane til urnene for å røyste over om Danmark skal ta del i forsvarssamarbeidet i EU.
Ei meiningsmåling publisert i danske TV 2 og Politiken den 18. mai viser at ja-sida har vind i segla, men at mange framleis er usikre. 59,1 prosent av dei spurde seier ja, 40,9 seier nei, medan 29 prosent ikkje har teke standpunkt, ifølgje målinga.
Framferda til den russiske presidenten Vladimir Putin har i høgt tempo endra synet på forsvarsalliansar og -samarbeid i dei nordiske landa. Invasjonen av Ukraina den 24. februar har ikkje berre fått Sverige og Finland til å søkje om Nato-medlemskap, men også danskane til å utlyse folkerøysting om tilknytinga til EUs forsvarspolitikk.
Danmark og Malta
Sidan 1993 har Danmark som det einaste landet i EU teke atterhald mot å delta i den militære greina av EUs forsvarspolitikk. Med unntak for Malta deltek alle andre EU-land fullt ut i den militære integreringa.
Det danske atterhaldet kom til som eit svar på at folket i 1992 røysta nei til Maastricht-avtalen, som gjorde det europeiske fellesskapet om til ein europeisk union. Då folket sa nei, fann Danmark tilpassingar, som gjer at landet til dømes står utanfor både eurosona og forsvarssamarbeidet.
Atterhaldet har halde i 30 år, men no kan det altså vere slutt – om folket vil. Politikarane som samla seg bak atterhalda på 1990-talet, avgjorde nemleg at berre ei folkerøysting skulle kunne oppheve dei.
EU-kamp
Dei politiske partia på Folketinget er kraftig mobiliserte framfor folkerøystinga, som vart lansert den 6. mars. Partia som starta ballet, Socialdemokratiet, som sit i regjering, i tillegg til Venstre, Socialistisk Folkeparti, Radikale Venstre og Konservative, er klare i grunngjevinga si: Den europeiske tryggleiken er truga, og Danmark må ruste seg for den nye situasjonen i lag med allierte i Nato og EU.
Partia som vil halde seg utanfor, Dansk Folkeparti og Nye Borgerlige ytst til høgre og Enhedslisten ytst til venstre, er på kvar sine måtar kritiske til å gje meir makt til EU.
«Vi skal ha mindre EU – ikkje meir», er bodskapen frå Dansk Folkeparti, som har illustrert kampanjeskriftet sitt med Nato-symbolet og det danske flagget. Partiet åtvarar mot at ein EU-hær kan splitte samarbeidet i Nato, som har sikra tryggleiken i Danmark i 73 år.
Det Nato-kritiske partiet Enhedslisten åtvarar på si side mot det dei kallar hovudlaus militarisering i EU på kostnad av demokrati, diplomati og velferd. Som Dansk Folkeparti fryktar Enhedslisten at EU på sikt kan byggje opp ein eigen hær under EU-kommando, noko partiet slett ikkje liker tanken på.
Så sjølv om Putins invasjon har pressa folkerøystinga fram, ber debatten også preg av det tradisjonelle synet dei politiske partia har på EU, så vel som Nato, som danskane var med på å grunnleggje ved inngangen til den kalde krigen.
Deltek ikkje
I norske medium har den danske forsvarsdebatten stått i skuggen av Nato-søknadene frå Sverige og Finland. Eit Nato-medlemskap vil gje dei to landa både ein langt sterkare tryggingsgaranti enn dei har i dag, og samtidig endre Nato-alliansens forsvarsevne i nord drastisk. Tida vil vise kor lenge Nato-utvidinga også vil auke spenninga.
Men kva har dansk deltaking i EUs forsvarspolitikk å seie for Danmark og landa rundt? Svaret er kanskje at det kjem an på korleis EUs forsvarspolitikk utviklar seg.
I dag vil det mellom anna seie at Danmark vil kunne delta i militære EU-operasjonar, som dei no avstår frå. Dessutan vil Danmark kunne ta del i samarbeidet bak forkortinga Pesco (Permanent strukturert samarbeid), som omfattar 60 ulike prosjekt. Blant dei finn vi prosjektet omtala som «det militære Schengen», som på ulike måtar skal auke evna til å flytte militærstyrkar over landegrensene i Europa og medverke til betre samkøyring av forsvarssystema i EU.
Danskane vil også kunne ta del i Det europeiske forsvarsfondet, til dømes, der EU for første gong finansierer forsking på og utvikling av våpen, som igjen skal medverke til betre og meir samkøyrde innkjøp inne i EU.
Ikkje minst kan Danmark, om dei integrerer seg, vere med på å ta avgjersler i EUs forsvarspolitikk, som også inneber høve til å leggje ned veto mot å etablere styrkar i EUs nærområde.
Noreg i EU
Har tilknytinga noko å seie for Noreg? Som Efta-land har ikkje Noreg mynde til å avgjere noko i EU. Men i motsetnad til Danmark deltek Noreg, til liks med tredjelanda USA og Canada, i «det militære Schengen» for auka forsvarsmobilitet i Europa.
I motsetnad til Danmark tek Noreg også del i forsvarsfondet, som skal sikre at norsk forsvarsindustri har dei same rammevilkåra som forsvarsindustrien i EU-land.
Og i motsetnad til Danmark deltek Noreg ikkje berre i sivile EU-operasjonar, men også i militære. Noreg har til dømes vore ein del av beredskapen til EUs kampstyrkar.
– Paradoksalt nok er Noreg meir integrert i EUs forsvarspolitikk enn Danmark, sjølv om vi ikkje er med i EU, seier Bjørn Olav Knutsen, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) til Dag og Tid.
Han ser på Nato-søknadene frå Sverige og Finland og folkerøystinga i Danmark som to ledd i ei større omkalfatring av den europeiske tryggingspolitikken, som følgje av den russiske krigføringa.
– Både det at Sverige og Finland går inn i Nato, og det at Danmark truleg seier ja til å vere med i EUs forsvarspolitikk, gjer at det tryggingspolitiske miljøet som omkransar Noreg, vil verte dramatisk endra, seier han.
Han ser på den danske folkerøystinga som eit teikn på at den typisk danske prioriteringa av Nato i tryggingspolitikken og EU i den økonomiske politikken i stor grad er borte.
Slik Knutsen ser det, har EUs forsvars- og tryggingspolitikk styrkt seg monaleg på svært kort tid.
– Alle har samla seg om sanksjonane som er sette i verk, og ein bryt tabu i eitt sett. Eit døme på det er at ein finansierer våpen til Ukraina ved hjelp av ei felles EU-kasse, noko ein aldri har gjort før. Ein har heller ikkje tidlegare sendt våpen til eit land i krig. Dette har medverka til å styrkje EU som strategisk aktør i det internasjonale systemet, seier han.
Og når EU har styrkt integreringa på eitt felt, påpeiker Knutsen, vert ikkje integreringa reversert, sjølv om krigen i Ukraina skulle ta slutt.
EU-kompass
Den 21. mars vedtok EU eit nytt strategisk kompass i forsvarspolitikken. Kompasset peiker fram mot 2030 og har som mål å auke Europas strategiske sjølvstende. Her vart det mellom anna vedteke å opprette ein reaksjonsstyrke på 5000 soldatar innan 2025. Men EU har ingen eigen hær og er ikkje koordinert som ein forsvarsallianse. Så kva slagkraft har eigentleg EU-forsvaret?
– Mange som ikkje har greie på dette, vil seie at EU ikkje har nokon ting og er ein svak aktør, og at Nato er the only game in town. Men mykje skjer. Forsvarsbudsjetta i Europa verte styrkte, og utviklinga peiker i retning av at europeisk forsvarsindustri vil få styrkt konkurranseevne, seier Knutsen.
I tillegg kjem poenget at EU ikkje skal konkurrere med Nato, understrekar Knutsen.
– Det er i samspelet mellom EU og Nato ein vil sjå slagkrafta til EU. Og dess meir samkøyrde EU og Nato er, dess meir slagkraftig vil EU vere. Det er ikkje realistisk å byggje opp eit forsvarspolitisk samarbeid i konkurranse med USA og Nato, fordi USA uansett vi krevje at Europa tek større ansvar for eigen tryggleik.
Knutsen peiker på at EUs forsvarspolitikk også skil seg skarpt frå politikken i Nato, fordi EU har ei kasse med fleire verktøy enn dei reint militære. Og der Nato er bygd opp på sedvane, er EU bygd opp på eit omfattande regelverk.
– Sjølv om det er overlapping, er det to vidt forskjellige institusjonar.
Nato-konkurrent?
– Ein skal ikkje lenger tilbake enn til november i fjor for å sjå at Nato-sjef Jens Stoltenberg åtvara mot å danne ein allianse i alliansen, altså ein EU-styrke i Nato. Har Dansk Folkeparti eit poeng når dei hevdar at EU-forsvaret kan konkurrere med behov i Nato?
– Nei, dette er gammaldagse problemstillingar, og bakgrunnen for at eg seier det, er tidsskiljet med invasjonen den 24. februar. No er det om å gjere å stå mest mogleg samla mot den russiske aggresjonen, seier Knutsen.
– Stoltenberg var i november skeptisk til det dåverande utkastet til EUs strategiske kompass, med ein reaksjonsstyrke på 5000. Styrken står ved lag, men eg har ikkje sett protestar frå Nato. Eg ser det ikkje som eit poeng i dag at EU skal konkurrere med Nato og USA. At allierte i Europa tek eit større ansvar for eigen tryggleik, har vorte ein føresetnad for eit levedyktig og politisk relevant Nato.
Kina først
– USA la tidlegare i vår fram sin tryggingspolitiske strategi, der Kina er prioritert framfor Russland og europeisk tryggleik. Kva har prioriteringa av Kina å seie for utviklinga av EUs forsvarspolitikk?
– Det er eit kjernespørsmål. No trur mange at USA igjen viser leiarskap som alliert, men den amerikanske leiarviljen har gått nedover i mange år. Dei set søkjelyset på Kina og vil krevje at Europa tek større ansvar på eige kontinent. Det kan berre skje inne i EU. Då EU etablerte Pesco i 2016, var det som ein reaksjon på den russiske annekteringa av Krim, brexit og uvissa president Donald Trump skapte.
Folkeleg skepsis
Statsminister Mette Frederiksen har frå Folketingets talarstol sagt at det er problematisk at Danmark som einaste land i EU ikkje kan delta i operasjonar, sjølv når Danmark har interesse av det. Derfor vil ho røyste ja, og ho vil røyste med hjartet (sitert etter Jyllands-Posten).
Den 1. juni får vi svaret på om folket er med henne, slik meiningsmålingane tyder på, eller om dei helst vil halde fram som før. I ein forklarande artikkel i avisa Politiken vert den danske befolkninga skildra som meir EU-skeptisk enn politikarane på Folketinget.
Derfor sa danskane nei til eurosamarbeid i ei folkerøysting i 2000 og nei til å fjerne eit atterhald om kriminalitet og juss i ei folkerøysting i 2015. Spørsmålet er om Ukraina-krigen også har endra EU-skepsisen blant veljarane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen