Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

2008 var det store tidsskiljet for det russiske forsvaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1636
20170609
1636
20170609

Forfallet i den sovjetiske og seinare det russiske militæret i tida etter kommunismens fall er utan sidestykke i verdshistoria. Frå 1988 til 1994 krympa dei væpna styrkane under Moskvas kommando frå fem millionar til éin million. Forsvarsutgiftene til Kreml skal ha falle frå 246 milliardar dollar i 1988 til 14 milliardar dollar i 1994, ifølgje det internasjonale fredsforskingsinstituttet i Stockholm. Korrupsjonen greip om seg, og både utstyret, moralen og prestisjen til det russiske militæret forfall raskt. I 1996 gjekk den russiske hæren tilmed på eit audmjukande nederlag mot geriljaen til separatistane i Tsjetsjenia.

Etter kvart som økonomien til Russland tok seg opp, auka også militærutgiftene. Men det store vendepunktet kom i 2008. Den russiske hæren vann rett nok enkelt ein kort krig mot vesle Georgia i august dette året. Men sjølv mot så enkel motstand skal dei russiske styrkane ha vist alvorlege veikskapar, ifølgje både russiske og vestlege studiar. Dette gav Putin eit ekstra argument for den store opprustinga som truleg allereie var planlagd.

Styrkinga av det russiske forsvaret handla ikkje berre om å auke budsjetta, men òg om organisering. Russland har kutta drastisk ned på talet på soldatar. Men landet har fått ein langt meir profesjonell hær, og baserer seg mindre på massemønstring av vernepliktige styrkar enn før. Og involveringa i Syria-krigen har vist at Russland no er i stand til å gjennomføre ein stor militær operasjon med bruk av avanserte presisjonsvåpen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Forfallet i den sovjetiske og seinare det russiske militæret i tida etter kommunismens fall er utan sidestykke i verdshistoria. Frå 1988 til 1994 krympa dei væpna styrkane under Moskvas kommando frå fem millionar til éin million. Forsvarsutgiftene til Kreml skal ha falle frå 246 milliardar dollar i 1988 til 14 milliardar dollar i 1994, ifølgje det internasjonale fredsforskingsinstituttet i Stockholm. Korrupsjonen greip om seg, og både utstyret, moralen og prestisjen til det russiske militæret forfall raskt. I 1996 gjekk den russiske hæren tilmed på eit audmjukande nederlag mot geriljaen til separatistane i Tsjetsjenia.

Etter kvart som økonomien til Russland tok seg opp, auka også militærutgiftene. Men det store vendepunktet kom i 2008. Den russiske hæren vann rett nok enkelt ein kort krig mot vesle Georgia i august dette året. Men sjølv mot så enkel motstand skal dei russiske styrkane ha vist alvorlege veikskapar, ifølgje både russiske og vestlege studiar. Dette gav Putin eit ekstra argument for den store opprustinga som truleg allereie var planlagd.

Styrkinga av det russiske forsvaret handla ikkje berre om å auke budsjetta, men òg om organisering. Russland har kutta drastisk ned på talet på soldatar. Men landet har fått ein langt meir profesjonell hær, og baserer seg mindre på massemønstring av vernepliktige styrkar enn før. Og involveringa i Syria-krigen har vist at Russland no er i stand til å gjennomføre ein stor militær operasjon med bruk av avanserte presisjonsvåpen.

Russland har kutta

drastisk ned på talet

på soldatar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis