JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Frå sentralisme

til fri flyt

Medlemar av Ap skal ikkje snakka stygt om kvarandre,
sa Einar Gerhardsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
						Tillit og tillitsmannskultur tek mange år å byggja opp, og svært kort tid å riva ned. Korleis kan Ap igjen stå samla når dei fleste prinsippa i partiboka har vorte ignorerte?

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

9185
20180112
9185
20180112

politikk

jon@dagogtid.no

Intern makt er kjekt å ha, men ekstern makt er endå kjekkare å ha. Det ser mange i det før så monolittiske Arbeidarpartiet ut til å ha gløymt. No er partiet inkontinent i alle retningar. Det treng ikkje vera slik. Ein sentral politikar i norsk soge hadde sett seg lei av at statssekretærane hans lak. Han laga tre ulike notat, alle falske i den forstand at ingenting som stod der, var planlagt. Dagen etter var det notatet ute i pressa. Det var ein mann frå eit anna parti. Og han fekk ein ny post.

Ein annan person laga regjeringsnotat. Desse vart ikkje skrivne på ein pc med internett. Dei vart utstyrte med kodar og sende på faks i tre kopiar. Så måtte notata leverast attende. Var dei kopierte, såg han det straks. Det vart ikkje mykje lekasjar av slikt

Komintern

Ap-folk mislikar at det vert nemnt, men vi har alle ei fortid. Ap var i si tid med i det Lenin-styrte Komintern. Ja, dei hadde vit nok til å koma seg ut att òg. Men eitt av styringsprinsippa Martin Tranmæl tok med seg, var den såkalla demokratiske sentralismen som både Komintern og Det sovjetiske kommunistpartiet var bygd på. Den demokratiske sentralismen, sa Lenin, var at medlemane i partiet stemte fram medlemar i organa heilt opp til sentralkomiteen, men når toppen av partiet hadde vorte samde om noko, skulle alle under dei, både valde og veljarar, retta seg etter det vedtaket. Ingen avvik vart tolererte.

Og dette har stort sett vore Aps rådande styringsmåte fram til i dag. Om ein skal spekulera: Under Jens Stoltenberg, og i alle fall under Einar Gerhardsen, hadde varslarane, om varsla var alvorlege nok, vorte kalla inn til partiformannen og generalsekretæren og fått framføra saka si, og deretter hadde Trond Giske vorte beden inn for å gje sin versjon. Så ville dommen ha kome. Giske hadde gått av på grunn av helsa og familien, og vi i media hadde stått att like vise.

Kva har endra seg, kvifor lek politikarane og rådgjevarane, særleg dei i Ap? Eitt svar kan vera at intern makt har vorte viktigare enn å stå fram samla for slik å kapra veljarar. Tak ein person som Leif Sande. Han er Giskes mann, og ein valvinnar på Vestlandet, sidan han både er arbeidar og har vore fagforeiningsleiar i olja. Mellom industri- og oljearbeidarar på Vestlandet er han svært populær. Han skreiv ein konspiratorisk artikkel på bloggsida si der han mellom anna gjentok ein påstand om at to mektige personar var elskarar og var mot Giske. Hadia Tajik ringde han og sa at ho også ringde på vegner av Støre. Ho kravde at han tok bort innlegget. Men, seier Sande, ho skjelte han slik ut at han nekta. Han fann seg ikkje i kjeften. Fyrst dagen etter, då Giske ringde i ein venleg tone, tok han ned posten.

Grov kjeft

Det som ofte skjer når Sande skriv ein blogg til forsvar for Giske, er at sentrale rådgjevarar på Stortinget og sentrale politikarar i Oslo rykkjer ut på Facebook-sida hans og fråkjenner han all ære. Fredrik Mellem er leiar av Oslo Arbeidersamfunn, det største lokallaget i Ap. Han skreiv ein kronikk i VG der han mana til fellesskap og at partiet no måtte koma til ro. Andre juledag hadde Sande eit innlegg der han hevda at det var ein koordinert maktkamp frå særleg Oslo-hald mot Giske. «Vi som føler vi hører til på venstresida, vil ha Giske. De på høyresida vil ha han vekk og leter etter anledninger.» Mellem lét seg intervjua om kronikken i VG av Klassekampen, men han ville òg kommentera Sande:

«Eg blei fyrst uviss på om Leif Sande har blitt så skral at han treng å bli beskytta mot seg sjølv. Eg kom til at sånn kan det vel ikkje vere. Eg kan derfor seie at dette er noko av det mest tåpelege, tullete og absurde eg nokon sinne har lese.» Leif Sande svara på si side slik: «Viser bare hvordan Oslo-folket ser på oss som kommer utenfra.»

Lite lurt

Sande har skrive dryge ting på sida si. Men eit ope spørsmål er om det er lurt å æreskjelle ein av Aps mest populære menn i oljebransjen og på einsidige industristadar på Vestlandet. Det var elles nett i industribygder at SP gjekk mest fram ved sist val. Hadde det ikkje vore betre berre å ignorera fyren i staden for i Klassekampen å ymta frampå at han har vorte galen? Mellem skreiv fyrst dette i VG: «Arbeiderpartiet er åpent for alle og er et bredt folkeparti. Vi er likevel først og fremst lønnsmottakernes parti. I det begrepet inkluderer vi også alle som kunne og burde fått anledning til å være det, alle som har vært det, og ikke minst: alle som kommer til å bli det. Vi inkluderer også alle disse menneskenes familier.» Så gjekk han ut i Klassekampen og nytta orda tåpeleg, tullete og absurd om ein vararepresentant på Stortinget. Dette hadde neppe skjedd i Haakon Lies tid. Veljarane på Vestlandet har det med å hugsa.

Det lek!

Så var det lekkasjane, då. Kan vi lita på det som står i avisene? Dei mest underlege kom under sentralstyremøtet til Ap den 2. januar, der VG påstod at avisa nærast fekk direktesending frå møtet via mobil. Vel ein time ut i møtet fekk vi via VG vita at Hadia Tajik hadde gjort mange og særleg Støre sinte av di ho las høgt frå to av varsla. Dette av di Giske ikkje var til stades og kunne forsvara seg, altså eit brot på det såkalla kontradisjonsprinsippet innan rettspleia. Men var det sant som VG skreiv i overskrifta, at «Tajik trosser Støre». Eller som dei skreiv inne i saka: «VG er kjent med at det reageres sterkt på Tajiks opplesing.» VG hadde faktisk ei lang sak klar alt 1 time og 27 minutt inn i møtet.

Nokre meinte noko anna enn VG. Då møtet var over, var Støre heilt klar både i pressekonferansen og til NRK: «Jeg holder fast på at varslerne eier sine saker. Hvis andre partifeller får en tillatelse fra en varsler til å sitere, så er det varslerens rett, sier Støre.» Støre meiner altså at Tajik hadde full rett til å lesa høgt frå varslingane.

Anten har VG rett, eller så har Støre rett. Eit anna moment er at for å kunne fortelja alt dette til VG, måtte vedkomande sitja nærmast permanent på mobiltelefonen og teksta VG. Aksepterer verkeleg leiinga i Ap at deltakarane i eit særs viktig møte sit og chattar på telefonen? Er ikkje ei meir truleg forklaring at VG på førehand fekk vita at Tajik kom til å lesa opp varsla? Vi kan i det minste slå fast at når Støre seier ho var i sin full rett, samsvarer ikkje det med at det under møtet «reageres sterkt». Ein Dag og Tid har snakka med, såg ikkje at nokon brukte telefon den fyrste timen.

Kvifor aksept?

Eit meir ope spørsmål er kvifor Støre aksepterer alle lekkasjane? Det er svært lett å finna ut om nokon i sentralstyrmøtet nytta mobiltelefon. Det er berre å levera dei inn for loggsjekking. Det burde òg vera svært lett å hindra alle åtaka på Leif Sande. Leiinga kan be folk slutta med slikt. Men dei ordrane kan ikkje ha kome. Og om dei er komne, har ingen autoritet til å handheva dei. Sentrale Ap-folk diskuterer og kritiserer under fullt namn i aviser, på Facebook og på Twitter. Sett frå utsida er all kranglinga og alle lekkasjene djupt skadeleg. Og det vitnar om ein heilt fundamental mangel på autoritet. Det må gå an å senda alle Ap-rådgjevarane på Stortinget eit memo der dei får melding om ikkje å kommentera saka på Twitter og FB. Støre må vidare vera i stand til å skriva på FB til Ap-medlemar at diskusjonar tek vi internt og ikkje i avisene eller i sosiale medium. Men det ser ikkje slik ut.

Tillit og tillitsmannskultur tek mange år å byggja opp, og svært kort tid å riva ned. Korleis kan Ap igjen stå samla når dei fleste prinsippa i partiboka har vorte ignorerte og store delar av dei som har prøvt å uttrykkja litt støtte til Giske, har vorte sabla ned? Ein god start hadde nok vore å innføra telefon- og referatforbod i viktige møte. Men den mest vitige jobben no vert å få alle dei som har hatt sympati med Giske og kjenner seg overkøyrde, attende i falden. Viljen ser ikkje ut til å vera stor.

Einar Gerhardsen

For ikkje den meste enkle ting kan toppane verta samde om: Då Giske sundag kunngjorde på FB at han gjekk av, var VG fyrst på ballen, som skulle leggjast død, men nei. VG kunne fortelja via anonyme kjelder at det var Støre som hadde pressa han til dette i dagane før. Nokre minutt etterpå stadfesta Støre dette til Dagens Næringsliv. Då tikka det inn ei pressemelding frå Giskes leir. Det var han og familien hans som hadde avgjort dette, og ikkje Støre. Giske sa han ikkje hadde snakka med Støre sidan dagen for sentralstyremøtet.

Femten minutt etter avgangen var krangelen i full gang att.

Ein som tidleg såg forfallsteikna, var Einar Gerhardsen, som skreiv dette i 1931: «Det er ikke lenger så ‘fint’ å gå på kurs i politisk organisasjonsarbeid. Men det er like nødvendig. Den som har lært og praktisert regler for organisasjonsarbeid, vil ha nytte og glede av det på mange måter.» Ein annan stad skreiv han: «Medlemmer bør ikke snakke stygt om hverandre eller til hverandre.» Han burde nok ha lagt til: «Og hold dere langt unna pressefolk som vil sitere dere anonymt!»

Det kanskje på tide med ei nyprenting av Tillitsmannen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det er ikke lenger så ’fint’ å gå på kurs i politisk organisasjonsarbeid. Men det er like nødvendig.»

Einar Gerhardsen i 1931

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis