JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fram og tilbake i Helse-Noreg

Regjeringa avviklar ordninga med fritt behandlings­val etter sju år. Få pasientar har kjent til ordninga i det heile.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med fritt behandlingsval har pasientar som er viste vidare til sjukehus, poliklinikkar, behandlingssenter og opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar kunna velje å få behandling hjå rundt 90 private tilbydarar av dei same tenestene, og rekninga vert dekt av det offentlege.

Foto: Terje Pedersen / NTB

11827
20221209

Bakgrunn

Fritt behandlingsval

Vart innført i 2015 og inneber at pasientar kan velje å få behandling av godkjende private tilbydarar av helsetenester så vel som av offentlege og private aktørar det offentlege har avtale med

Er nytta av rundt 80.000 pasientar sidan 2015

To tredjedelar av dei rundt 90 private aktørane som har fått godkjenning frå Helfo, ligg under Helse Sør-Aust, som omfattar Oslo og regionane Viken, Innlandet, Agder og Vestfold og Telemark

Helse

eva@dagogtid.no

Regjeringa har sett seg føre å redusere privatiseringa i helsetenesta. Tidlegare i år vart ordninga med fritt brukarval i helse- og omsorgstenester i kommunane avvikla, og i budsjettavtalen med SV frå førre veke går det fram at det skal verte vanskelegare å etablere heilprivate kommersielle fastlegetilbod framover. No får tidlegare helseminister Bent Høies prestisjereform frå 2015 også spikaren i kista. I går røysta Stortinget for å avvikle ordninga med fritt behandlingsval for pasientar.

Avviklinga som vart varsla i Hurdalsplattforma, har fått støtte frå SV og Raudt.

Det frie behandlingsvalet inneber at pasientar som er viste vidare til sjukehus, poliklinikkar, behandlingssenter, opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar eller andre delar av det som heiter spesialisthelsetenesta, også kan velje å få behandling hjå private tilbydarar av dei same tenestene, så lenge desse er godkjende av helseøkonomiforvaltinga Helfo. Rekninga vert dekt av det offentlege.

Per i dag er det rundt 90 private behandlingsstader som har godkjenning frå Helfo, men høvet til å nytte seg av behandlingskapasiteten dei har på offentleg rekning, forsvinn no ved årsskiftet.

Liten effekt

Avviklinga vert grunngjeven med at tilbodet om fritt behandlingsval i liten grad har bidrege til å få ned ventetidene i spesialisthelsetenesta, og at det heller ikkje har ført til effektivisering av dei offentlege sjukehusa, som det var meininga at ordninga skulle gjere. Det er òg konklusjonen frå forskarane som har evaluert ordninga.

Men forskarane meiner den manglande måloppnåinga heng saman med at bruken av fritt behandlingsval så langt har vore avgrensa. Dei peikar òg på at pasientar som har nytta tilbodet, har fått korta ned ventetida for behandling, og at nokre pasientar opplever det frie valet som svært viktig. Så er det berre ideologien som rår når Ap, Sp, SV og Raudt no avviklar ordninga?

Nei, seier helsepolitisk talsperson i Ap, Cecilie Myrseth.

– Ordninga med fritt behandlingsval vart innført av ideologiske grunnar av Høgre, og vi har vore imot frå starten, også fordi det vart åtvara mot ordninga frå fagleg hald då ho kom. Men hovudgrunnen til avviklinga er at vi vil syte for gode helsetilbod for alle gjennom å bruke både helsepengar og helsepersonell meir rett, seier ho.

Liten, men aukande bruk

Våren 2022 hadde totalt 79.632 personar fått behandling hjå private aktørar gjennom ordninga med fritt behandlingsval sidan 2015. Sett i lys av at rundt to millionar personar årleg er i kontakt med spesialisthelsetenesta, er det nesten forsvinnande få, men talet har auka år for år, ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet.

Over 90 prosent av dei som har nytta ordninga, fekk behandling for lidingar knytte til hjarte og kar, gynekologi, auge, ortopedi, fordøyingsmedisin og urologi, medan nær 4 prosent fekk tverrfagleg spesialisert rusbehandling og 2 prosent fekk behandling innan psykisk helsevern.

Det er forskarar frå Avdeling for helseleiing og helseøkonomi ved Universitetet i Oslo, og frå forskingsinstituttet Norce Samfunn og Senter for rus og avhengnadsforsking ved Universitetet i Oslo som har evaluert ordninga med fritt behandlingsval. I evalueringsrapporten frå 2021 går det fram at mange pasientar ikkje har kjent til at dei har hatt fritt behandlingsval, og at ordninga såleis er mest brukt av dei som har kapasitet til å manøvrere seg gjennom systemet, eller personar med høg sosioøkonomisk status.

Forskarane tilrådde difor tiltak for å gjere det frie behandlingsvalet meir kjent og synte til at ordninga har bidrege til auka valfridom både når det gjeld val av behandlingsstad, og når det gjeld alternative tilnærmingar og behandlingsmetodar.

– Tappar det offentlege

Myrseth avviser likevel at det ville vore eit alternativ å betre og utvikle ordninga framfor å avvikle henne.

– Det er nett omsynet til pasientane som gjer at vi avviklar ordninga. Poenget er at fritt behandlingsval og fri etableringsrett for private no er betalt av det offentlege helsevesenet, men utan at det offentlege har kontroll på verken behandlingstilbodet hjå dei private aktørane eller kor lenge behandlinga dei gjennomfører, varer. Mange av dei private aktørane har eit smalt tilbod og vanskeleg for å gje heilskaplege gode behandlingstilbod, akutthjelp eller dei langsiktige behandlingane som kostar mykje. Det er det den offentlege helsetenesta som har ansvar for, samstundes som ho no vert tappa for pengar gjennom ordninga med fritt behandlingsval. Vi har òg sett litt for mange døme på at det er gjeve behandling utan tilstrekkeleg god kvalitet, og at det har vorte behandla i overkant lenge utanfor offentleg kontroll. Det er heller ikkje noko vi ønskjer, seier ho.

Ho legg til at det også er den offentlege helsetenesta som utdannar helsepersonell, og at ei av dei største utfordringane i helsevesenet i dag er mangel på helsepersonell.

– Ein sjukepleiar inn i det private er ein sjukepleiar mindre i det offentlege helsevesenet, så dette er ein kamp om ressursar og pengar. Då er det vår jobb som politikarar å tenkje klokast mogleg for å sikre at pasientar over heile landet får den hjelpa dei treng. Det er verdt å merke seg at det private tilbodet ikkje er så utbreidd i Helse Nord, til dømes, samstundes som det tek til å tære på både tilbodet og høva til utvikling i helseføretaka andre stader i landet.

Valfridom for pasienten kjem det framleis til å vere, legg ho til. Pasientar har høve til å velje både blant offentlege behandlingsstader og blant private som har avtalar direkte med dei offentlege helseføretaka.

– Mange private aktørar har inngått slike langsiktige avtalar med det offentlege etter anbodsrundar, men der er det strengare krav til kvalitet og kontroll frå det offentlege. Vi meiner dette gjev ein betre bruk av pengane, seier Myrseth.

– Men nett slik var ordninga også før 2015, då fritt behandlingsval vart innført for å redusere køane i helsevesenet. Fungerte det så bra?

– Nei, men ordninga med fritt behandlingsval har ikkje løyst dei store utfordringane i det heile teke. Det vi gjer no, er rett politikk. Vi avviklar dei ideologiske privatiseringstiltaka til høgresida og går vekk frå marknadstenkinga om å byggje opp ein eigen helsemarknad i tillegg til den offentlege, på det offentlege si rekning.

Støtte og uro

Dei regionale helseføretaka Helse Vest, Helse Sør-Aust, Helse Midt-Noreg og Helse Nord var kritiske til innføringa av fritt behandlingsval og støttar avviklinga. Det gjer òg Den norske legeforening, Norsk Sykepleierforbund og fleire av sjukehusa som har sendt høyringssvar til forslaget. Dei peikar mellom anna på at ordninga råkar skeivt både sosioøkonomisk og geografisk, og at det private tilbodet har gjort det vanskelegare for det offentlege å rekruttere folk til eigne stillingar.

I tillegg vert det synt til at ordninga har skapt økonomisk uvisse og vanskar for helseføretaka der ho vert mykje brukt. I ein kronikk i Dagens Medisin skriv direktørane i dei fire regionale helseføretaka at behandlinga frå dei private aktørane med godkjenning gjennom Helfo samla kjem til å ta godt over ein halv milliard kroner av budsjetta til sjukehusa i 2022.

Samstundes er det fleire som er kritiske til avviklinga, både blant sjukehusa og blant andre helseaktørar og interesseorganisasjonar. Ein del av høyringsinstansane er òg kritiske til at ordninga skal avviklast alt frå 1. januar 2023.

Kardiologisk seksjon ved Ringerike sjukehus skriv i høyringsinnspelet sitt at godkjende private verksemder har avlasta mange sjukehus i betydeleg grad, og at ei avvikling av høvet til å bruke desse vil føre til «betydelig forlengelse av ventetidene våre». Norsk Psykologforening meiner avviklinga svekkjer behandlingstilbodet til pasientar innanfor psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. NHO og WeCare Omsorg AS meiner avviklinga kan medføre at 500 behandlingsplassar innan rus og psykiatri kjem til å forsvinne frå årsskiftet. Legeforeininga er i tvil om helseføretaka kjem til å få på plass eit godt nok tilbod i offentleg regi innan utgangen av året.

Ifølgje helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) er avviklinga derimot godt planlagd.

– Dei regionale helseføretaka har gjort grundige analysar og vurderingar av aktiviteten som vert gjennomført i fritt behandlingsval-ordninga, og har konkrete planar for å ta seg av dei ulike pasientgruppene, skriv ho i ein e-postkommentar til Dag og Tid.

­Ho syner til at helseføretaka skal sjå til at pasientar som i dag får behandling av private gjennom godkjenningsordninga i fritt behandlingsval, får vidareført tilbodet dei har behov for når ordninga vert avvikla.

Det er også lagt opp til ei overgangsordning som gjer at pasientar som alt får behandling hjå ein av dei private aktørane godkjende av Helfo, kan halde fram med denne i inntil eitt år etter at ordninga vert avvikla, ifølgje Kjerkol.

– Fleire av leverandørane har også avtalar med sjukehusa allereie. Dei vil halde fram å vere tilgjengelege for pasintane, skriv ho.

– Veit meir enn nok

Myrseth meiner det er «juks med tal» å seie at 500 behandlingsplassar kjem til å forsvinne.

– Når private aktørar kan etablere seg fritt, etablerer dei så mange behandlingsplassar som dei sjølve vil ha. Det er ikkje det same som at det er så mange behandlingsplassar det er behov for. Vi treng ei betre koordinering mellom faktisk behov og tilboda som vert oppretta, seier ho.

– Men burde de ikkje kunne garantere at det offentlege tilbodet er tilstrekkeleg, før de tek vekk godkjenninga for private aktørar som tilbyr plassar i dag?

– Vi veit meir enn nok til at det er heilt forsvarleg å avvikle ordninga. Milliardane som har gått til fritt behandlingsval, skal no brukast til å styrkje det offentlege helsevesenet. Det skal gå like mykje pengar til spesialisert behandling som før, men dei skal brukast klokare. I tillegg har vi styrkt finansieringa av sjukehusa betydeleg sidan vi overtok, og vi vrir midlane vekk frå aktivitetsstyrt finansiering og over til meir grunnfinansiering. Det er fordi helsetenester innanfor psykisk helse, tverrfagleg spesialisert rusbehandling, akuttilbod, føde- og barseltilbod kostar meir. Vi syter for at dei som har behov for helsetenester, får det, og dei får ikkje eit dårlegare tilbod av at vi fjernar privatiseringa.

– Omfanget av private helseforsikringar har auka dei siste åra, og i dag er det rundt 700.000 personar i Noreg som har slike forsikringar, ifølgje Klassekampen. Er du ikkje redd todelinga av helsevesenet berre kjem til å auke når val av behandling betalt av det offentlege vert innsnevra?

– Eg er svært uroa for denne utviklinga vi har sett over tid, men vi løyser ikkje dei sosiale ulikskapane med meir privatisering. Det vi må syte for, er gode og nok tilbod og tenester i offentleg regi. Folk skal framleis kunne velje private behandlingsstader, men det må vere behandlingsstader som er oppretta der det er behov, og ikkje ut frå kva marknaden sjølv ønskjer å ta på offentleg rekning. Helseføretaka vurderer no behovet for nye avtalar. Her har eg tillit til at fagfolka våre gjer betre vurderingar enn marknaden, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi veit meir enn nok til at det er heilt forsvarleg å avvikle ordninga.

Cecilie Myrseth, helsepolitisk talsperson i Ap

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis