Fred og ingen fare
Tryggingskonferansen i München var prega av krigsfrykt. Men i norsk utanrikspolitikk er det meste som før.
– Vi skal framleis tru på at den innsatsen vi gjer, kan snu ei negativ utvikling, kan lindre menneskeleg liding og kan løyse opp i fastlåste konfliktar, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide i den årlege utanrikspolitiske utgreiinga i Stortinget denne veka.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Utanrikspolitikk
eva@dagogtid.no
«Demokrati og fridom, dei verdiane vi i Vesten set høgst, er truga. Dei vestlege samfunna våre verkar svakare enn før. Den internasjonale ordenen som vart etablert i etterkrigstida, er i fare.» «Vi skal ikkje spreie pessimisme og motløyse, eg er samd med dei som poengterer det, men det vil òg vere uklokt å tone ned varselsignala. For, vener: Varselsignala blinkar klart raudt.»
Slik lydde åtvaringane frå den tyske diplomaten Wolfgang Ischinger då han opna den årlege tryggingskonferansen i München for to veker sidan. På fyrste rad sat NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg saman med forsvarsministrane i Frankrike og Tyskland. Nokre rader lenger bak sat forsvarsminister Frank Bakke Jensen (H) ved sida av Sveriges tidlegare statsminister Carl Bildt. På deltakarlista stod òg Israels statsminister, den russiske og den tyrkiske utanriksministeren, Storbritannias statsminister, presidenten i Ukraina, USAs tidlegare visepresident, forsvarsministrar frå Irak og Afghanistan, FNs generalsekretær, EU-kommisjonens president, utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) og Aps Espen Barth Eide. I alt over 500 statsleiarar, ministrar, forsvarssjefar, politikarar, organisasjonsleiarar og direktørar frå heile verda var samla for å diskutere og konfrontere kvarandre om tryggingspolitiske spørsmål.
I ettertid har Financial Times meldt at uro over utanrikspolitikken til Trump dominerte møtet. Britiske The Guardian har skrive om «det skremmande synet av tre supermakter – USA, Russland og Kina – som alle oppfører seg dårleg, og alle på ein gong». Moscow Times har meldt om spenningar mellom USA og Russland over manglande kontroll med kjernefysiske våpen, og danske Weekendavisen rapporterte om «Mismod i München». Tidlegare utanriks- og forsvarsminister Espen Barth Eide skriv i ein kronikk i Dagens Næringsliv at det er lenge sidan ein konferanse har vore så prega av uroa for ein komande storkrig.
Ein kan spørje seg kva følgjer mismotet og uroa som prega konferansen i München, har for norsk utanrikspolitikk. Tysdag denne veka heldt utanriksminister Ine Eriksen Søreide den årlege utanrikspolitiske utgreiinga for Stortinget.
Søvndyssande
Tradisjonen med utanrikspolitiske utgreiingar i Stortinget går tilbake til fyrste verdskrig og har som føremål at Stortinget skal haldast betre orientert, og at utanrikspolitiske saker skal drøftast meir ope.
Det er snakk om ein linetale som skal stake ut kursen for det regjeringa kjem til å gjere på feltet, seier forskar Iver B. Neumann til Dag og Tid før utgreiinga. Han har jobba med internasjonale relasjonar, diplomati og norsk utanrikspolitikk og er i dag leiar av Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet.
– Stort sett er det ein oppsummerande tale som fortel om alt det er konsensus om. Det er få illusjonar om at talen skal innebere nytenking. Til det er det for mange som er involverte i taleskrivinga.
Han ventar ein «søvndyssande tale», seier han. Det er lenge sidan den årlege utgreiinga kom med nytenking eller vilje til å sjå på dei store linene, slik han ser det. Han må tilbake til utgreiingar frå Johan Jørgen Holst og Thorvald Stoltenberg på 1980- og 1990-talet, då det var drøftingar om Nato-sporet versus FN-sporet i norsk utanrikspolitikk, for å finne det.
– Meiner du talen er overflødig?
– Nei, det høyrer med å ha oppsummerande talar. Faren er om det vert ein katalog heller enn prioriteringar.
– Det talen burde seie noko om, er dei store og meir langsiktige problemstillingane om Kina som utfordrar det internasjonale systemet, Russland som boikottar internasjonale avtalar, moglege nye migrasjonsutfordringar, og Trump. Det mest smertefulle for taleskrivarane er nok korleis dei skal formulere seg om Trumps USA. Dersom det vert ein god jul og godt nyttår-tale i år, med alle desse utfordringane, er det eit nyhende i seg sjølv. Vi burde hatt ein meir generell diskusjon om kvar Noreg faktisk plasserer seg i verda, og kva vi skal med Nato under den noverande politiske leiinga i USA, seier han.
Lite nytt å sjå
I stortingssalen er det 13 stortingsrepresentantar til stades når Søreide går på talarstolen.
Utanriksministeren legg an ein meir optimistisk tone enn rapportane frå München.
Der Børge Brende (H) i fjor snakka om ei internasjonal uro som har festa seg, og som «utfordrer oss på enda mer grunnleggende måter», skildrar Søreide verda som «preget av store motsetninger», med «mange utviklingstrekk i feil retning», men der det samstundes òg er «mange lyspunkter», som at fleire vert løfta ut av fattigdom, og at den globale økonomien igjen er på veg oppover.
– Optimismen og framtidstrua var sterkare i vår del av verda for berre få år sidan, men vi må alltid hugse at historia framleis vert påverka av dei politiske vala våre, og dei vala tek vi sjølv, startar ho.
Meldinga hennar er at det må mobiliserast til forsvar for verdiane utanrikspolitikken er bygd på – frå demokrati og menneskerettar til frihandel og respekt for internasjonale køyrereglar. Det vil regjeringa gjere ved å «arbeide enda tettere med gamle og nye venner og allierte» for å verne om det multilaterale systemet som er under press, og ved å «utnytte rammeverket som FNs bærekraftmål utgjør i arbeidet for en betre verden for alle».
– Vi skal framleis tru på at den innsatsen vi gjer, kan snu ei negativ utvikling, kan lindre menneskeleg liding og kan løyse opp i fastlåste konfliktar, seier ho.
Ho varslar ei ny stortingsmelding til neste år som skal drøfte norske interesser i verda i dag og kva internasjonale institusjonar som FN, Nato, WTO, EU og OSSE betyr for Noreg. Prioriteringane hennar er derimot lagde alt no. Dei er å tryggje Noreg og norske interesser – «med klar transatlantisk forankring», å bidra til eit trygt, fritt og økonomisk sterkt Europa og å arbeide for å styrke dei internasjonale institusjonane og den internasjonale rettsordenen.
Professor Torbjørn Knutsen ved NTNU meiner utgreiinga var tydeleg, tradisjonell og attkjenneleg.
– Ho gav eit godt og uttømmande overblikk, meir uttømmande enn mange andre utanrikspolitiske utgreiingar har vore. Men det er lite nytt her, og stor kontinuitet frå politikken til Jonas Gahr Støre og den raudgrøne regjeringa. Prioriteringane er det som klassisk har vore viktig: tryggingspolitikk, økonomi og velferd. Ministeren vil at norske diplomatar skal vere med på veldig mykje, men det er langs liner og kanalar der dei har vore aktive før. Det er jo eit poeng i norsk utanrikspolitikk at det skal vere prega av kontinuitet, men eg sit og lurar på kva det store grepet hennar er, kva som er visjonen, seier han.
– Tydeleg politikk
Nato er berebjelken i tryggingspolitikken, og USA er og vert verande næraste alliert, seier Søreide.
Ho kritiserer USAs intensjon om å trekkje seg frå Paris-avtalen og avgjerdene om å gå ut av eller reforhandle frihandelsavtalar, men seier samstundes at det er for tidleg å trekkje konklusjonar om kva følgjer dette har for politikken.
– Den retoriske innpakkinga er endra, men mykje amerikansk utanrikspolitikk er framleis attkjenneleg, seier ho.
Det kjem ikkje nokon diskusjonen om Nato, USA og Noregs plassering i verda, slik Iver B. Neuman meinte det burde.
Ordbruken til utanriksministeren er òg meir forsonande enn krass når ho snakkar om Russland. Annekteringa av Krim og destabilisering av Aust-Ukraina vert nemnde som ei utfordring for stabiliteten i Europa. Ho er uroa for situasjonen for det sivile samfunnet i Russland, seier den verdimessige avstanden mellom Russland og Vesten har auka, og at Noreg tek klart avstand frå folkerettsbrot. Samstundes stadfestar ho at norsk russlandspolitikk skal vere tydeleg og attkjenneleg og at Noreg aksepterer Russlands tryggingsinteresser i nord.
– Ingen er tent med auka spenning mellom dei to landa våre. Vi møter Russland med «forutsigbarhet og fasthet», og er òg opne for samarbeid, seier ho.
Med Kina ønskjer Noreg eit tettare samarbeid enn i dag, og det er semje om å ha eit årleg konsultasjonsmøte på politisk nivå, der dei to landa, ifølgje Søreide, òg kan diskutere menneskerettar.
– Verdispørsmål er ein viktig del av forholdet vårt til Kina. Ulike utgangspunkt og samfunnssystem bør ikkje hindre konstruktive drøftingar av erfaringar, synspunkt og politikk, seier ho.
Migrasjonsutfordringane vert òg omtalte, fyrst og fremst som døme på eit felt der nasjonalstaten kjem til kort, og der det er viktig for Noreg med tettare samarbeid både på europeisk nivå og i global samanheng. Ho fortel òg kva Noreg bidreg med av humanitær bistand og støtte til flyktningar og internt fordrivne under konflikten i Syria, den humanitære katastrofen i Jemen og flyktningkrisa i Myanmar. Utfordringane og dei politiske endringane som migrasjon har medført i Europa, vert derimot ikkje nemnde.
Pragmatisk varsemd
Knutsen meiner utgreiinga var i overkant varsam på fleire felt.
– Migrasjonsutfordringane er jo ei av dei store drivkreftene til endring i europeisk politikk og kunne godt vore vektlagde meir. Det same gjeld situasjonen med Russland, med Kina og med Tyrkia. Her var det ein del som var underkommunisert, synest eg. Nato har jo til dømes eit kjempeproblem med Tyrkia etter at Tyrkia har invadert Syria fordi dei vil ta knekken på kurdarane. At det er ein av våre allierte som gjer dette, er ei stor utfordring i tryggingspolitikken, men det snakka ho nesten ikkje om, seier han.
– Kva trur du det kjem av?
– Eg trur ikkje denne typen utgreiingar er staden for å leggje fram utanrikspolitisk press, signal eller initiativ. I tillegg køyrer regjeringa ei svært pragmatisk line.
– Er det grunn til optimisme i utanrikspolitikken, slik du ser det?
– I utanrikspolitiske og akademiske miljø er det pessimisme og dysterheit over endringane i heile det internasjonale klimaet. Demokratia er under press, og i Europa ser vi at heile det tradisjonelle partilandskapet er bytt ut med eit nytt, som er konstruert rundt innvandring. Korleis det nye landskapet vert omsett til demokratiske prosessar, er uklart, men eg er redd for at tida for demokratia slik vi kjenner dei, er forbi. At ein utanriksminister i denne talen er meir balansert og optimistisk enn det vi ser mange andre stader, er likevel ikkje så uvanleg. Det går jo òg opp og ned, og det er motstridande krefter.
– Ser du grunn til større optimisme no enn for eit år sidan?
– Både i økonomien og politisk er det grunn til større optimisme. For eit års tid sidan var det snakk om at populistane kunne ta over i val etter val. Trump og brexit kasta lange mørke skuggar over europeisk politikk. Så kom Macron og valet i Nederland. Og i USA er det sterke institusjonar som avgrensar makta til presidenten, så kva han tvitrar og seier av håplause ting, får ikkje konsekvensar for kursen i utanrikspolitikken. Utviklinga har såleis vore betre enn mange frykta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Her var det ein del som var underkommunisert.
Torbjørn Knutsen, professor ved NTNU
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.