Fredsnasjonen øver seg på krig
Når VIP og 40.000 venner møtest til Trident Juncture, er bråket den trygge lyden av fridom.
Me lever i ei førkrigstid, og derfor må me rusta opp, slår Byråsjefen fast.
Foto: Frederik Ringnes / Forsvaret
hompland@online.no
Forsvaret har spreidd eit 75 siders annonsebilag på glansa papir. Der blir det mana til eldhug for haustens store krigsspel: «For alt vi har. Og alt vi er.»
Me møter hundrevis av norske ungdommar som kjempar med mental styrke om ein plass ved Forsvarets skular: Eventyraren Marcus Browning – «den norske soldaten som er virkelighetens Indiana Jones», pluss ein homofil feltprest som driv sjelesorg og køyrer pansra bil i Pride-paradar.
DET MUNNAR UT i eit nabovarsel: «Vi har invitert rundt 40.000 av våre venner på øvelse. Det kan sikkert bli noe mer støy enn vanlig i tiden fremover. Beklager de ulemper det måtte medføre.»
Bønder fryktar stridsvogner som øydelegg åkrane og skremmer kyrne. Somme lurer på om det atomdrivne hangarskipet «USS Harry S. Truman», som skal ha base i Tromsø, har atomvåpen om bord, men det har ikkje norske styresmakter spurt om. På Byneset i Trondheim er dei uroa for eit bråkande inferno når det skal visast militære musklar i ei festførestilling med svært viktige folk (VIP) på ærestri-
bunen. Det avfeiar Hårek Elvenes, Høgres staute forsvarspolitiske talsmann med yrkesbakgrunn som regionsjef for Forsvarsbygg i Nord-Noreg: «Det er lyden av frihet», skapt av allierte marinesoldatar med sunne verdiar og gode haldningar. Den landmilitære sjefen oppmodar dei innfødde til å stilla seg opp på verandaen og skåla for uslåeleg samhald med gladbobler i glaset.
REKLAMESKRIFTET INNSATS lovar svar på «det meste du lurer på om Trident Juncture». Men verken der eller andre stader har eg funne ut kva namnet betyr.
Spaltisten måtte søka råd hos barna sine, som er engelskkyndige og elska Disney-filmar. Dei kom opp med at i Den lille havfruen var Kong Triton utstyrt med ein trident, som blei teksta som «trefork».
Dei er på rett spor, og det smaker av Desert Storm og Enduring Freedom. Ein trident er eit treodda spyd, symbolet for havguden Poseidon (Neptun). Trident Juncture (på tysk: Dreizacksstelle) er altså eit mytisk-metaforisk uttrykk for at hær, flåte og flyvåpen møtest på same stad til same tid.
EG LÆRER STADIG nye sider ved Byråsjefen å kjenna. Eg visste ikkje at han hadde gått befalsskulen og er reserveoffiser i Heimevernet. Heller ikkje at han har vore styremedlem i Folk og Forsvar i 15 år – like lenge som Sven Stray var formann (1955–1970). Folk og Forsvar er ein paraplyorganisasjon for 65 frivillige organisasjonar, frå Arbeidernes Edruskapsforbund til Veteranforeningen Politi-troppene i Sverige 1940–1945. Dei arrangerer studie-
turar til Brussel og USA og seminar på vidaregåande skular. Føremålet er å styrka tilliten mellom Forsvaret og sivilsamfunnet. Nestleiaren plar alltid ha eit høgt tillitsverv i LO.
DEI SOM KJENNER HAN, veit at Byråsjefen er ram til å irettesetta alle som ikkje forstår seg på den heilage, ålmenne Forvaltninga med stor f. Nå øser han seg opp og skjeller ut antimilitaristar som Spaltisten: Medan han skreik seg hås som sersjant, var Spaltisten sivilarbeidar på eit attføringsinstitutt i 18 månader. Såkalla fredsvenner er i beste fall urealistiske, feige og godtruande; i verste fall er dei naive medløparar og nyttige idiotar for Putin.
Byråsjefen minner om at russarane tok Krim og slåst i Aust-Ukraina. Dei rustar opp mot dei baltiske landa og gjekk til krig då Georgia på demokratisk vis og av fri vilje ville inn i Nato. Me lever i ei førkrigstid, og derfor må me rusta opp.
PÅ MELLOMDISTANSE kan ein seia mykje om det militærindustrielle komplekset sine leveringsmiddel for atomvåpen og Donald Trumps merkelege påfunn, men Byråsjefen tar på alvor at han kallar Jens Stoltenberg sin største fan og beste pengeinnkrevjar. Nordmenn, som søv i djup fred, burde høyra meir på Stoltenberg: «Trident Juncture er et uttrykk for at Nato kommer hjem.» Byråsjefen meiner sekretæren blir stadig klokare og tøffare jo lenger han er i Brussel, oppsøker gamle slagmarker og går i lære hos generalane i kunsten å ri ein tiger.
Stoltenberg veit også å skaffa seg frivillige presseoffiserar. Anniken Huitfeldt er eit talerør for han som i si tid snudde AUF til å vera for Nato og EU. Ho følgde etter han som AUF-leiar – berre Gro Rud og Trond Giske kom innimellom.
Hos Anne Lindmo stilte Stoltenberg opp til retorisk koseprat om krigsøvingar med vokalisten Biff Malibu i hardrockbandet Gluecifer, som har byrja å spele saman att. Dei debuterte med albumet Ridin’ The Tiger, hadde stor suksess i Tyskland og nådde toppen med Basement Apes. Vokalisten er også kjent som politisk kommentator i VG under psevdonymet Fridtjof Jacobsen. Det er meir til trøyst enn «avskrekking og beroligelse».
VERTINNA tykkjer tonen i ordskiftet mellom Spaltisten og Byråsjefen er lite hugnadsam. Ho trudde dei kunne vera usamde i fordragelege former og bli vel forlikte etterpå, til beste for dei gode verdiane dei deler.
Sjølv veit ho ikkje kven ho skal halda med. Ho tar heller ikkje standpunkt til Noregs innsats i krigane langt vekke. Men ho er misnøgd med prosessen og seier med Valgerd Svarstad Haugland: «Eg likar ikkje bomber.»
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei innfødde bør stilla seg opp
på verandaen og skåla med
gladbobler i glaset.
Fleire artiklar
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.