JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fulle hyller, høgare prisar

Sjølv for eit land som Noreg, som i stor grad subsidierer eigen matproduksjon for å unngå prisauke, ser rørslene på verdsmarknaden no ut til å få konsekvensar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maten i handlekorga vert stadig dyrare.

Maten i handlekorga vert stadig dyrare.

Foto: Espen Bratlie / NTB

Maten i handlekorga vert stadig dyrare.

Maten i handlekorga vert stadig dyrare.

Foto: Espen Bratlie / NTB

6443
20220311
6443
20220311

Matvare­marknaden

christiane@dagogtid.no

Prisane på viktige råvarer som planteoljer, kveite og mais har eksplodert på verdsmarknaden etter Russlands invasjon av Ukraina. Tysdag denne veka skreiv Dagens Næringsliv at kveiteprisen har stige med 50 prosent sidan krigen starta, og at prisen på mais har stige med 40 prosent.

Krigen skaper uvisse: Får Russland og Ukraina, som i gode år står for opp mot 30 prosent av kveiteleveransane på verdsmarknaden, produsert og eksportert maten som før? Kornprisane heng òg tett saman med energiprisane, og grafane her går rett opp.

Sjølv for eit land som Noreg, som i stor grad subsidierer eigen matproduksjon for å unngå at prisane verte for høge, ser rørslene på verdsmarknaden no ut til å få konsekvensar.

Høg import

Årsakene er fleire. Den mest openberre er at vi importerer over halvparten av maten vi et, og prisane på desse varane vil reflektere produksjonskostnadene, tilbodet og etterspurnaden på den internasjonale marknaden.

Dessutan gjer dei sterkt auka råvareprisane det langt dyrare å produsere mat. Det norske landbruket er fullt av innsatsfaktorar med prisar som vert sette på ein internasjonal marknad. Det er importert korn i kraftfôret husdyra, og stor trong for diesel, straum og bygningsmaterialar, for ikkje å snakke om kunstgjødsel med importerte grunnstoff og gassbasert nitrogen. Alt aukar i pris.

Matindustrien nyttar seg av råvarer og halvfabrikata som vert dyrare i innkjøp.

Høgare rekningar

Priseksplosjonen på råvarer etter den russiske invasjonen kjem på toppen av eit globalt råvarerace som i fjor førte prisane på korn og matoljer opp til historisk høge nivå. I slutten av januar skreiv Dag og Tid at dei internasjonale matprisane var dei høgste på over ti år.

Norske bønder har alt i lang tid levd med dei høge råvareprisane. Inntil nyleg har ekstrarekninga i hovudsak vorte teken av gardbrukarane og staten – ikkje av forbrukarane. I oktober i fjor framforhandla bøndene til saman 754 millionar kroner som skal dekkje auka kostnader til kunstgjødsel og bygningsmaterialar. I januar vart bøndene omfatta av ei straumstøtteordning.

Men prisen på kunstgjødsel har berre halde fram med å stige. I vår har bønder frykta at gjødselinnkjøp vil gje minus på botnlinja, og tysdag denne veka gjekk landbruks- og matminister Sandra Borch ut med lovnader om både auka tilskot og auka målpris på matkorn som del av jordbruksoppgjeret denne våren.

Auka målpris tyder enkelt og greitt at bøndene får høve til å tene meir på varene dei sel, og rekninga går oftast til forbrukaren, gjerne etter at dei neste ledda i verdikjeda – matindustri, grossist og daglegvarehandel – har plussa på enda ein ekstra del. Vi kan rekne med dyrare bakevarer.

Høgare prisar

Alt tidleg i år var store aktørar som merkevareprodusenten Orkla og NHO Mat og Drikke ute og varsla prisauke. Tidspunktet var neppe tilfeldig. Dei største prisendringane i butikk kjem normalt 1. februar, etter prisforhandlingar mellom leverandørar og daglegvarekjeder, og 1. juli, etter jordbruksoppgjeret.

I februar sjekka NRK butikkhyllene og fann byks i prisane på ei rekkje varer hos lågpriskjedene. Mellom funna var ein rekesalat, som var 40 prosent dyrare enn før, ein type makrell i tomat som var 33 prosent dyrare og ein pakke tørkerullar var 20 prosent dyrare.

Alle desse prisane er truleg endra no, og prissetting i butikk er ein eigen og komplisert affære som omfattar både fordelinga mellom bønder, industri og daglegvare på den eine sida og konkurransen mellom kjedene på den andre.

Daglegvarekjedene kan selje pølser med tap og tene inn tapet på overprisa sjampo, om dei vil det. Eller dei kan sette opp hylleprisen langt meir enn auken i målprisen og leverandørprisen skulle tilseie, om dei vil det. Dei kan til og med senke innteninga, om dei vil det.

Når alt kjem til alt, er det likevel liten grunn til å tru at det generelle prisnivået ikkje kjem til å auke, når råvareprisane no ser ut til å halde seg høge over tid, og alle aktørar i bransjen fortel om auke i utgiftane. Prisauken NRK dokumenterte, sluttar neppe med makrell i tomat, rekesalat og tørkerullar.

Avgjerande oppgjer

Med jordbruksoppgjeret i mai vert det klart kor stor del av utgiftsauken staten vil dekkje inn via statsbudsjettet, og kor mykje som må dekkjast inn av forbrukarane. Sandra Borch har alt varsla at uroa på verdsmarknaden vil føre til prisauke på mat også her heime.

Prisen på egg og kjøt er alt auka, som del av ei unntaksordning, for å kompensere den ekstreme utgiftsauken bøndene har opplevd. Ifølgje kjøtsamvirket Nortura ville det vore umogleg for gardbrukarane å vente heilt til 1. juli.

Ein kan spørje kvifor maten i norsk daglegvare ikkje vart dyrare alt i fjor. Prisindeksen til FNs landbruksorganisasjon auka med 26 prosent gjennom 2021. Til samanlikning låg konsumprisindeksen i Noreg på det same nivået i 2021 som i 2020.

Ein fersk rapport frå Landbruksdirektoratet med tittelen «Omverdenen til norsk landbruk og matindustri» prøver seg med nokre forklaringar. Éi er at mange importørar har langsiktige kontraktar som har redusert effektane av dei største svingingane i marknaden. Ei anna er at avviklinga av sukkeravgifta har motverka effekten. Ei tredje forklaring er at konkurransen mellom daglegvarekjedene kan ha avverja prisauke i fjor.

God tilgang

Borch har òg varsla noko viktig som ein bør merke seg i denne samanhengen, nemleg at nordmenn ikkje har grunn til å uroe seg for tilgangen på mat, korn og fôr.

Noreg importerer svært lite varer frå Ukraina. Vi importerer litt meir frå Russland, men det er prisauken vi vil merke her heime, ikkje ein eventuell leveringssvikt. Om verda står overfor ei matvarekrise, er det ikkje vi som vert hardast råka.

Landa som importerer mest frå Ukraina, kan få det verre. Ifølgje analyseselskapet S&P Global eksporterer Ukraina om lag 55 prosent av kornet sitt til asiatiske land og om lag 40 prosent til afrikanske land. Dei største importørane er Egypt, Indonesia, Bangladesh, Tyrkia og Jemen.

For ein del nordmenn kan dyrara mat innebere ein vanskelegare kvardag. For fleirtalet vil det bety at vi må bruke ein større del av inntekta på mat. I 2018 brukte vi ifølgje Nasjonalrekneskapen om lag 11 prosent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi importerer over halvparten av maten vi et.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis