Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Gamle i bygder, unge i byar

Innlandet er taparane og kysten vinnarane i den nye folketalsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I distrikta vert det stadig fleire eldre og stadig færre yngre. Kven skal yta omsorg i framtida?

Foto: Frank May / NTB scanpix

4761
20200821

Samtalen

Sturla Løkken

forskar ved SSB

Aktuelt

Ny regional folketals­framskriving

4761
20200821

Samtalen

Sturla Løkken

forskar ved SSB

Aktuelt

Ny regional folketals­framskriving

jon@dagogtid.no

Denne veka kom ei ny regional framskriving av folketalet i Noreg. Somme distriktskommunar, særleg dei som ligg langs svenskegrensa, får ein kraftig nedgang i folketalet. Dei store byane og områda rundt får ein kraftig oppgang. Oslo kjem til å ha 800.000 innbyggjarar i 2050. Ein av forfattarane er SSB-forskar Sturla Løkken.

– Kvifor trur de at vi skal veksa med heile 11 prosent fram til 2050?

– Vi legg i hovudsak til grunn dei vanlege drivarane i demografisk utvikling: talet på fødde, talet på døde, nettoinnvandring og netto innanlands flytting i nyare historie. Så framskriv vi dei trendane på same vis som tidlegare analysar gjorde av SSB, men vi legg til grunn ei noko lægre nettoinnvandring på grunn av reiserestriksjonar som har kome dei siste åra. Dette er vel den største endringa sett opp mot tidlegare framskrivingar. Men det er framleis slik at veksten vert driven av fødde, auka levealder og ei moderat nettoinnvandring.

– Kva trur de fertilitetsraten (TFR) vert?

– Vi lagar regionale framskrivingar som baserer seg på den nasjonale framskrivinga SSB lagar. Vi trur at fødselstala vil falla på heilt kort sikt, 1,5 fram til 2022 og så stiga til 1,76 og liggja der fram til 2050.

– Kvifor denne optimismen?

– No er vel ikkje dette talet så optimistisk. For berre ti år sidan låg vi på nesten 2. Men det er litt komplisert å forklara. Fertilitetsratar er eit syntetisk mål. Vi slår saman alle kohortar, og så læst vi som om alle kvinner vil vera representative for talet vi får. Men TFR er veldig sensitivt for tempoeffektar. Vi har ei tid no sett ein auke i fødealder som fører til ein lægre TFR, og det sjølv om det ikkje alltid påverkar kor mange born ei kvinne får. Når vi legg eitt år til grunn, får vi ikkje med oss at kvinnene har flytta borna dei skal få, inn i framtida. Vi ser til dømes at vi no har fått ein høgre alder på fødande enn grannelanda våre. TFR er altså låg no. Vi trur også at gjennomsnittskvinna vil få litt fleire born, av den grunn at fødselstala er særmerkt låge no. Men 1,76 er ikkje særleg høgt.

– Litt enkelt sagt syner framskrivingane at kysten vinn og innlandet taper. Kvifor er det slik?

– Det skal eg ikkje seia noko djupt om, men vi vidarefører dei eksisterande flyttestraumane, og det er no eit faktum at dei fleste byane ligg langs kysten. Dimed er det naturleg at kysten vert eit vekstområde. I tillegg er det slik at det meste av industrien ligg langs kysten, og mykje av industrien er no basert på arbeidsinnvandring, som vi trur delvis vert forlengd. Industrien gjev eit positivt tilskot til nettoinnvandringa.

– De seier faktisk at alle kommunar får positiv nettoinnvandring, også dei kommunane som får størst nedgang i samla folketal?

– Ja, men den tendensen har vore der ei god tid no, nettoinnvandringa har vore positiv i alle norske kommunar. Det vi ser når vi granskar tala, er at innvandring ikkje berre er eit byfenomen, men er spreidd godt utover heile landet. Nettoinnvandringa er faktisk ei mykje viktigare kjelde til vekst i distrikta enn i byane.

– Så då kan vi vona at kommunane med størst nedgang i folketal og dimed størst relativt omsorgsbehov, kan importera pleiarar?

– Eg veit ikkje korleis problema i framtida vert løyste, men aldring er faktisk ein positiv ting. Vi vert stadig eldre og held oss friske lenger. Pleiesituasjonen kan vera betre i 2050 enn han er i dag. Det er langt frå sikkert at talet på personar over 70 år er like skildrande for omsorgsbehovet som i dag. Når det er sagt, legg vi til grunn trendar vi ser i dag. Vi legg ikkje noko internasjonalt sjokk til grunn når vi framskriv innvandring. Ho kan gå til null, som i dag under koronakrisa, eller ho kan stiga til titusenvis berre på eitt år.

– Eg sit med ei statistisk årbok frå 1988. Ho la til grunn ei årleg nettoinnvandring på 2500, og at vi i dag skulle vera 4,1 millionar menneske. Det gjekk ikkje nett slik. Har framskrivingar ein verdi?

– Det var bom, ja. Framskrivingar er særs usikre på lang sikt. Vi kjenner ikkje framtida. Vi seier noko basert på dagens situasjon. Innvandring er det mest usikre i framskrivingar. Dimed vert dei ei tankeøving basert på at nosituasjonen berre held fram. Når det er sagt, veit vi mykje om strukturen i folkesetnaden på kort sikt. Når vi veit kor mange 40-åringar det er i ein kommune i år, veit vi nokså sikkert kor mange 41-åringar det vert i kommunen neste år. På kort sikt er framskrivingar gode, på lang sikt lener vi oss på trendar vi ser i dag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Nettoinnvandringa er ei viktigare kjelde til vekst i distrikta enn i byane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis