JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Garantiar med leie biverknader

Norsk eksportstøtte kan hjelpe utanlandske verft til å utkonkurrere norske, og har gjort norsk industri enda meir oljeavhengig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Supplyskip frå Farstad Shipping i opplag i Ålesund i fjor. Krisa i offshoreindustrien har slått hardt inn på Vestlandet, og kjem til å koste staten dyrt.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

10313
20170616

Giek

Garantiinstituttet for eksportkreditt er eit statleg selskap som skal fremje norsk eksport

Giek kan vere garantist for lån ved kjøp av norske eksportvarer

Giek tek risikoen for at kjøpar ikkje betaler

Ved årsskiftet hadde Giek garantiansvar for 98 milliardar kroner

Av dette var 84 milliardar knytte til olje- og gassverksemd

Giek kan garantere for leveransar også til norske offshoreselskap

Fiskebåtar og andre skip til innanriks bruk kan ikkje få garantiar frå Giek

ØKONOMI

peranders@dagogtid.no

Verda er full av paradoks, og her kjem to av dei. Nummer ein: Ei statleg garantiordning som vart laga for å hjelpe norsk industri, kan føre til at norske fiskebåtar blir bygde i Polen og ikkje i Noreg. Nummer to: Alle politikarar er samde om at norsk økonomi bør bli mindre oljeavhengig. Men av dei statlege lånegarantiane som skal hjelpe norsk eksportindustri, går nesten 90 prosent til oppdrag for offshoreindustrien.

Her må det ein del forklaring til, og vi tek det frå grunnen av.

Garantisten

Kvar stat i verda vil gjerne hjelpe sitt eige næringsliv, og Noreg er ikkje noko unnatak. I dag har internasjonale avtalar stort sett fjerna høva til å gje direkte subsidiar til industrien. Men ein lovleg måte å hjelpe nasjonal industri på er at staten kan vere garantist for lån som går til kjøp av norske varer. Den norske institusjonen som har denne jobben, heiter Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek).

Rolla til Giek liknar ein velståande forelder som stiller som kausjonist for å hjelpe barnet sitt med å få billegare huslån. Garantiane frå Giek gjer til dømes at utanlandske reiarar som tingar skip frå norske verft, får billegare lån enn dei elles ville fått. Den rike norske staten er jo ein av dei sikraste kausjonistane i verda. Låna som garantien utløyser, kan kome både frå private bankar og frå det statlege selskapet Eksportkreditt.

Giek hjelper ikkje til med all slags eksport: Det er såkalla kapitalvarer det er snakk om, store og dyre industriprodukt, ikkje tenesteyting eller konsumvarer som fisk. Og det er store summar i sving. Ved siste årsskiftet garanterte Giek for lån på til saman 98 milliardar kroner.

Biverknader

Ordninga har på mange måtar vore vellukka. Evalueringane tyder på at garantiane har sikra mange oppdrag og tusenvis av arbeidsplassar for norsk industri. Men garantiordninga har òg nokre rare og uønskte biverknader. Ho kan faktisk gjere det meir attraktivt for ein norsk fiskebåtreiar å få bygd ein båt i Polen eller Tyrkia enn i Noreg. Og ho har bidrege til å knyte den landbaserte norske industrien enda tettare til petroleumssektoren, fordi det aller meste av garantiane har gått til offshoreindustrien. Av dei 98 milliardane i uteståande garantiar ved siste årsskiftet var 84 milliardar knytte til oppdrag for petroleumssektoren: supplyskip, seismikkskip, riggutstyr og liknande.

Olje framfor fisk

At offshoreindustrien får mange av garantiane, er ikkje unaturleg. Dette er ei stor eksportnæring for Noreg, den største etter olje og gass. Men det er òg ein annan grunn til at offshorebransjen dominerer slik i garantiane til Giek. Vedtektene opnar merkeleg nok for at leveransar til offshoreverksemd blir rekna som eksport – også når seismikkskipa og supplyskipa blir leverte til norske selskap som opererer på norsk sokkel.

Lån som går til å byggje til dømes fiskarbåtar, ferjer eller andre skip som skal brukast i Noreg, kan derimot ikkje få garantiar frå Giek. Dermed har garantiordninga stimulert norske skipsverft til å satse tungt og ganske einsidig på offshorefarty. Og sidan oljeprisfallet i 2014 har smellen blitt desto større for dei norske verfta, og garantiane kjem truleg til å koste milliardar av skattekroner. Det kjem vi attende til.

Hjelp til utlandet

Men innretninga av garantiane frå Giek har som nemnt òg andre utilsikta konsekvensar for norsk industri. Dersom ein norsk fiskebåtreiar skal tinge seg ein ny trålar frå eit norsk verft, har Giek ingenting å bidra med etter dagens reglar. Om reiaren derimot tingar båten frå verft i andre land, og får ein tilstrekkeleg stor del av utstyret til båten levert frå Noreg, kan Giek stille opp med lånegarantiar for kjøpet, for da er det eksport. I slike høve brukar altså den norske staten dei økonomiske musklane sine til å svekkje norske verft i konkurransen.

Ein av dei som har påpeika dette paradokset, er Asle B. Strønen, som er direktør for foreininga Norske skipsverft. I ein kronikk i Sunnmørsposten i fjor viste han til ein norsk fiskebåtreiar som undra seg over dagens praksis i samband med bygginga av ein ny båt: «Etter dagens regelverk ville han, med norske skattekroner, få en betre totalpakke i utlandet enn hjemme», skreiv Strønen.

Norske verft taper

– Finansieringa er svært viktig for ein fiskebåtreiar som skal kontrahere ein ny båt. Om han kontraherer i utlandet, kan han kvalifisere for både garantiar frå Giek og lån frå Eksportkreditt. Da skjer det altfor ofte at norske verft taper i konkurransen, seier Strønen.

Han har ikkje noko tal på kor mange kontraktar som kan ha gått tapt for norske verft på dette viset, men er overtydd om at dette ofte skjer.

– Mange kontraktar som norske verft kunne vore konkurransedyktige på, har hamna i utlandet med støtte frå Giek og Eksportkreditt. Eg trur ikkje dette er noko politikarane ønskjer seg, det er ein utilsikta konsekvens.

Strønen understrekar at bransjen er svært nøgd med jobben som Giek og Eksportkreditt gjer, det er regelverket han meiner bør endrast. Han meiner det er mogleg å endre forskrifta for Giek til å omfatte til dømes fiskarbåtar for bruk i Noreg, utan å bryte med noko internasjonalt regelverk som skal hindre subsidiering av nasjonal industri.

– Vi har fått gjort ei juridisk vurdering, og det skal vere fullt mogleg å endre forskrifta på dette feltet, seier Strønen.

Hjelp til Røkke

Giek har nyleg justert reglane sine litt og opna for at norske farty som skal brukast til krillfiske ved Antarktis, kan få garantiar. Denne endringa har Kjell Inge Røkke alt fått glede av, gjennom garantiar til det nye krillskipet som Aker Biomarine har tinga frå Vard. Men skip som er meinte til fiske i norske farvatn, er framleis ekskluderte frå garantiordninga.

Krisa som har råka den norske offshoreindustrien sidan oljeprisfallet i 2014, gjer det enda meir påkravd å endre reglane for den norske eksportfinansieringa, meiner Asle B. Strønen.

– Forskriftene er tilpassa ei tid som er over. Det blir jo ikkje kontrahert nye offshoreskip lenger. Noreg vil gjerne framstille seg som leiande i det teknologiske skiftet i verda. Da er det underleg at vi brukar statleg eksportfinansiering til å hjelpe utanlandske konkurrentar med teknologiutvikling, i staden for å hjelpe norske verft.

«Grønt skifte»?

Og da er vi over på ei anna side ved saka. For var det ikkje slik at både Noreg og verda skulle omstille økonomi og industri for å bremse den globale oppvarminga? Vi snakkar i alle fall mykje om det: «Det grøne skiftet» vart kåra til årets nyord i Noreg i 2015. Men det er lite grønfarge på den norske eksportfinansieringa. Det er rom for å gje garantiar til mellom anna havvindmøller gjennom Giek, men det er framleis små summar det er snakk om. Som nemnt utgjorde garantiane til leveransar for petroleumssektoren 84 milliardar kroner ved årsskiftet. Garantiane for leveransar til fornybar energi var på 5,6 milliardar. Giek gjev altså 15 gonger så mykje drahjelp til norsk offshoreindustri som til miljøvenleg energiproduksjon.

Oljestøtte

Ein av dei som har reagert på dette, er Heikki Holmås, stortingsrepresentant for SV og tidlegare utviklingsminister.

– I praksis er Giek enda ei støtteordning for oljeindustrien i Noreg, og ho bidreg til å halde oppe ein temmeleg einsidig næringsstruktur, seier Holmås.

– Slik eksportfinansieringa vår fungerer i dag, er ho med på å bremse lausrivinga frå oljeavhengigheita. I staden burde vi bruke eksportfinansieringa til å omstille industrien for å møte framtida, og stimulere til grøne oppdrag i staden for svarte.

I dag har ikkje Giek lov til å gje garantiar for meir enn 3,5 milliardar til eksport til u-land, medan den totale ramma for garantiane er på 145 milliardar. Holmås meiner mellom anna at reglane for Giek burde endrast for å bidra til meir eksport av miljøvenleg energiteknologi til fattige land.

– Eksportfinansieringa kan bidra til tre gode ting på ein gong. Om vi nyttar garantiordningane til å støtte norske investeringar i fornybar energi i u-landa, kan vi kutte klimagassar, skape utvikling i fattige land og styrkje norsk energiindustri.

Store tap

Den politiske bruken av eksportgarantiar har sine grenser. Sjølv om ordninga er meint å hjelpe norsk eksport, skal ikkje Giek vere ein snill og naiv onkel. Det er fellesskapens pengar som gjer det mogleg å stille garantiane, og kvart prosjekt skal vurderast nøye før det får tommel opp. Den store lønsemda i offshoreindustrien har naturleg nok gjort det lettare å få supplyskip og seismikkutstyr gjennom dette nålauget.

Men no har krisa råka, ratane har skrumpa inn og lønsemda stupt. Og der kjøparane ikkje kan betale, må garantisten Giek stille opp med pengar, slik foreldre som har kausjonert må gjere om ungane ikkje klarer å betale husgjelda si. Pengane til Giek kjem frå statskassen, og det er for tidleg å seie kor store tap offshorekrisa kan påføre den norske staten. Ei rekkje offshoreselskap er i gjeldsforhandlingar og slåst for å overleve, og ingen veit kor store verdiar Giek kan hente inn frå desse selskapa. Men billeg blir det ikkje. I fjor sette Giek av heile 7,8 milliardar kroner til å dekkje framtidige tap og avskrivingar.

Dette viser òg noko av problemet med at så mange av dei norske eksportgarantiane har gått til oljerelatert industri. Giek og Eksportkreditt har berre gjort jobben sin og følgt reglane dei er pålagde, men dei har dermed bidrege til at enda fleire av dei økonomiske egga til Noreg blir lagde i den same korga – korga som er merkt «petroleumssektoren». Og der var det ganske fullt frå før.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Mange kontraktar som norske verft kunne vore konkurransedyktige på, har hamna i utlandet med støtte frå Giek og Eksportkreditt.

Asle B. Strønen, direktør for Norske Skipsverft

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis