Gje ungdomen bøker
IQ-en hjå norsk ungdom er i fritt fall, særleg stort er fallet mellom dei som skulle ha høgst IQ.
På 1800- og 1900-talet var truleg Nikola Tesla den personen i Vesten som hadde høgst IQ.
Intelligens
jon@dagogtid.no
Intelligenskvotient (IQ) er ein av desse tinga dana menneske helst ikkje vil snakka om. Det er forståeleg. IQ har mykje med arv å gjera, og høg IQ gjev til dels ekstreme fordelar: Godt betalte stillingar, stabile ekteskap, høg levealder og god helse. IQ er den faktoren i livet til oss menneske som har best prediksjonsevne om korleis det kjem til å gå i framtida. Som predikator slår IQ både klasse og miljø heilt suverent. Men sidan IQ eit stykke på veg er bestemt av arv, liker vi ikkje å snakka om det.
Når det er sagt: IQ har faktisk ein nokså stor miljøfaktor: Eit krevjande samfunn med ein krevjande og god skule og eit avansert arbeidsliv fører faktisk til høgre IQ. Nei, ikkje på det viset at ein med låg IQ kan taka att ein med høg IQ, men at båe samla sett får høgre IQ. Her stussar sikkert ein del, for vi har alle lært at gjennomsnitts-IQ i ein kohort, eller årgang, alltid vert 100. Er IQ-testen stor nok og dekkjer alle i ein generasjon, er han laga feil om gjennomsnittet vert høgre eller lægre enn 100.
Det er også sant. Men at testinga alltid er i presens, tyder ikkje at vi ikkje kan sjå på preteritum, eller den såkalla Flynn-effekten, som har fått namnet frå den newzealandske psykologen James Flynn, som er glad i oss nordmenn. Noreg har nemleg verdas lengste IQ-testserie. Vi har testa alle gutar sidan rett etter fyrste verdskrigen på sesjon. Nei, vi har ikkje testa jentene, men på gruppenivå kan vi slå fast at systrer har den same IQ-en som brørne sine.
Nyfiken
Flynn er ein nyfiken psykolog, og då han fekk vita at Noreg hadde desse lange seriane, saman med andre land med verneplikt, fann han ut at han skulle gå ut av presensrolla og sjå på preteritum. Ja, gjennomsnitts-IQ-en er alltid 100, men om vi til dømes tek kull fødde i 1980 og ser på testane deira og samanliknar med dei som var fødde i 1930, ser vi då ein skilnad?
Svaret er enkelt og greitt ja. Dei fødde i 1980 hadde ein langt høgre IQ enn dei fødde i 1930. Nei, det var ikkje slik at dei med låg IQ hadde teke igjen dei med høg IQ i 1980, men dei med låg IQ i 1980 hadde langt høgre IQ enn dei med låg IQ fødde i 1930. Effekten var universell. Så godt som alle fødde i 1980 hadde høgre IQ enn dei fødde i 1930. Men den innbyrdes fordelinga var framleis den same. Dei som fekk ein IQ på 120 og var fødde i 1980, fekk ein IQ på 120 sjølv om dei altså var smartare enn ein med IQ på 120 som var fødd i 1930.
Vi tek det igjen: Alle store IQ-testar tek utgangspunkt i at gjennomsnittet er 100. Ein legg IQ til alle dei som deltek saman, og deler på alle deltakarane. Men takk vera Flynn veit vi no at IQ varierer gjennom soga. Når IQ-en stig gjennom generasjonane, kallar vi det i dag Flynn-effekten. Takk vera skulegang og betre kosthald har ein i enkelte afrikanske land målt ein Flynn-effekt på 40 IQ-poeng på mindre enn ein generasjon. Enkelt sagt: Ein god skule, ein god diett og eit krevjande arbeidsliv gjev oss alle høgre IQ, ikkje målt mot samtida, men mot historia.
Norden var best
Her hadde det vore kjekt å kunne setja punktum. For no har eg fortalt ei gladsoge. Og særleg glad er soga av di det var i Norden Flynn-effekten var størst: Vi var nemleg verdsleiande både i skulegang for alle, i hygiene og i helsesam mat. Men det er òg i Norden ròten og forvitringa har synt seg størst. Og det ser ut som det er mellom dei med høgst IQ, dei vi er mest avhengige av, at forfallet er størst.
Dei med høgst IQ bør vi hegna om. Det er dei som går rundt på arbeidsplassane og kjem med framlegg som «dersom vi gjer det slik, i staden for det vi har gjort før, så kan vi gjera arbeidet betre og snøggare». På 1800- og 1900-talet var truleg Nikola Tesla den personen i Vesten som hadde høgst IQ. Han var i tillegg ein praktikar av rang. Thomas Edison var heller ingen idiot, men han hevda at likestraum var mykje tryggare og betre enn den livsfarlege vekselstraumen. At Edison hadde ein stor aksjepost i eit kraftselskap som produserte likestraum i New York, hjelpte han nok til å koma til den konklusjonen. Men likestraum kan ikkje fraktast langt, og dimed vart det bygd kolkraftverk overalt i New York. Produksjon var lite effektiv og skapte enorm luftureining.
Tesla gjekk i krigen mot Edison og heldt nokre djupt fascinerande lysshow med vekselstraum for å prova at vekselstraum var trygt. Takk vera Tesla har verda no stabil kraft som vert produsert langt frå bykjernar. Ja, Tesla var galen. Heilt galen. Men IQ-en hans gjorde verda langt rikare og byane langt reinare.
Ikkje optimist lenger
Flynn har vore kjend som den optimistiske intelligensforskaren. Det er naturleg sidan det nett var han som dokumentert at IQ-en gjekk opp. Han har til dømes hatt liten sympati med evolusjonsbiologar og genforskarar som har hevda at IQ-en etter kvart må gå ned, sidan vi i moderne samfunn legg vekt på å hjelpa alle og taka vare på genmateriale som i tidlegare tider ikkje ville ha overlevd. Men no har Flynn gått over til den myrke sida.
I ein nett publisert artikkel i fagtidskriftet Intelligence nr. 66 2018, «IQ decline and Piaget: Does the rot start at the top?», fortel han ei ny soge. Eller ny og ny, delar har vore kjende ei tid. Dei med høgst IQ målt historisk i Noreg, er kulla fødde mellom 1965 og 1975, og aller høgst IQ har dei som vart fødde i 1975. Etter 75 stagnerte det ei kort tid, og så byrja det å ramla, stadig snøggare. Dei som er fødde etter 1995, har ein IQ som er heile 6,8 lægre enn gjennomsnittet for 1975. Det mest triste er at det er mellom dei som i utgangspunktet skulle ha hatt høgst IQ i kulla sine, forfallet har vore størst. Det er framleis ein viss oppgang å spora mellom dei med lægst IQ, men det ser ut til å ha kome på kostnad av dei med høgst IQ. Det tyder enkelt og greitt at dei som finn på lure ting, det som gjer oss rikare og gjev oss betre samfunn, vert færre.
Artikkelen til Flynn er ein såkalla metaartikkel. Han har sett på IQ-statistikk for ei rekkje ulike land. Forfallet er i hovudsak europeisk og særleg nordeuropeisk. I USA stig IQ-en framleis med 0,3 poeng per år. Det handlar truleg om at dei har store grupper som framleis nyt godt av å få skulegang og press: latinamerikanarar og svarte. Eitt land stig framleis raskt, og det er Sør-Korea, som hadde ein sein industriell revolusjon, og som framleis har eit særs krevjande skulesystem.
Revers
Men for oss i Nord-Europa som kom tidleg til matfatet og fekk gode ålmenne skular før stort sett alle andre, er altså utviklinga sett i revers. Så til Jean Piaget, som vi antipedagogar aldri har likt godt. Han hevda nemleg at det ikkje gjekk an å forsera læring, og at vi alle til slutt ville nå stadium der vi kunne taka til oss ny læring. Men det er nett Piaget Flynn tek utgangspunkt i.
Piaget meinte at det fyrst var ved tolvårsalderen at vi kunne byrja som forskarar og til dømes få undervising i fysikk. Ettertida har prova han feil der. Nokre kan byrja lenge før, nokre når fyrst «forskingsstadiet» mykje seinare og nokre kjem aldri ditt. Men Piaget utarbeidde ein test som han nytta på eigne born. Og testen er særs interessant og god. I Storbritannia vert denne testen og liknande testar stadig reprodusert, og Flynn har nytta resultata frå desse testseriane.
Piagets metode involverer ei rekkje ulike strengar eller trådar og ei rekkje vekter med ulik tyngd. Tolvåringane som deltek, må taka omsyn til tre ting eller variablar: lengda på tråden, tyngda på vekta og kor sterkt dei skulle dytta vektene. Deltakarane skal finna ut kva variablar som er viktigast når dei sjekkar farta i svinginga til pendelen dei laga.
Deltakarane kan variera lengda på tråden og tyngda på vekta. Farten kan dei måla ved å sjekka kor mange utslag vektene får per minutt, og kor store utslaga er. Tenkjer du vitskapleg, forstår du intuitivt at du berre må variera ein variabel i gongen. Når du sjekkar kor avgjerande trådlengda er, vel, då må du nytta den same vekta på trådar med ulik lengd. Når du så har funne den optimale lengda, går du vidare og byrjar å sjekka ulike tyngder. Om du sjekkar både lengd og vekt samstundes, får du neppe rett resultat, og det heile vert berre rot.
Forfall
Og stadig meir rot har det vorte, fortel Flynn: «For å summera opp: Tidlegare kunne dei flinkaste borna i Storbritannia mellom 12 og 14 handtere problema på eit formelt nivå (…). No er oppgåva altfor vanskeleg for dei, og vi registrerer ei stor desimering av dei som skårar godt.» Men samstundes ser Flynn at det er færre som er heilt elendige i denne og liknande testar. Det er ei mager trøyst, seier han. For desse som er dårlegare, vil aldri nå opp på eit toppnivå i formell tenking.
«Desimeringa av toppskårarar fører til at det vert færre 12–14-åringar som kan gjennomføra formelle operasjonar. Det igjen tyder at færre kan tenkja abstrakt, noko som igjen avgrensar evna deira til deduksjon og systematisk planlegging», skriv han. Ein ting er rett nok positivt: Ungane er betre i dataspel. «Dagens born er betre på her og no-tenking, til dømes i å spela vanskelege dataspel. Deira forståing av den fysiske verda er avgrensa til å sjå ein enkel samanheng mellom to variablar.»
Flynn er enkelt og greitt deprimert over at det er toppane som ryk. Di færre toppar, di færre vitskapsfolk og di dårlegare resultat. Forklaringa hans er enkel. Både skulen og arbeidslivet var mykje meir krevjande før, og ikkje minst var lærarane betre og dimed meir eigna til å trena oss opp i abstrakt tenking. «Gjennom 1900-talet kravde samfunnet stadig meir av oss, og IQ-en gjekk opp, om vi i dette hundreåret krev stadig mindre, så vil IQ-en falle. I alle høve: Ingen ser fram til ei forvitring av politikken eller mellom elitane som i dag representerer våre beste tenkjarar.»
Tre grunnar til forfall
Så kva er grunnen til forfallet? Tre ting peikar seg ut: Den fyrste er den digitale revolusjonen. Det er dokumentert opp og ned av vegger at vi hugsar dårlegare det vi les på skjerm, og at å nytta skriveskrift og penn og blyant fører til langt betre læring enn tastaturskriving. Men over heile Norden, der forfallet har vore størst, har satsinga på digitalisering vore stor. Og særleg stor har ho vorte sjølv om forskinga eintydig slår fast at data i skulen stort sett er skadeleg.
Innvandring kan vera ei anna årsak. Barnevernet IQ-testar born som er hjå dei til utgreiing, innvandrarborn og forelda deira er sterkt overrepresenterte med låg IQ. Desse familiane har truleg ikkje vorte utsette for Flynn-effekten i landa dei kom frå, men i staden opplevd dårlege skular og lite lesepress. Finland har rett noko hatt låg innvandring, men har likevel hatt eit vel så stort fall som Noreg. Men Finland hadde eit høgre nivå å falla frå sidan skulen der tradisjonelt var så god.
Flynn sjølv meiner å kunne dokumentera at skulane i Norden vart stadig betre fram til om lag 1980, men at dei i ettertid har vorte stadig dårlegare. Kva råd har han så til urolege foreldre? Det er ikkje å gje borna ein smarttelefon: Vi bør alle «lesa tjukke bøker, helst om historie».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein god skule, ein god diett og eit krevjande arbeidsliv gjev oss alle høgre IQ, ikkje målt mot samtida, men mot historia.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.