Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Glad for lovfesting

Forslaget til ny språklov er godt, men manglar forståing for samanhengar
i språkpolitikken, meiner språkprofessor Eli Bjørhusdal.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tysdag denne veka la kulturminister Abid Raja (V) fram forslag til ny språklov.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

4486
20200515

Samtalen

Eli Bjørhusdal

Professor ved Høgskulen på Vestlandet

Aktuell

Ny språklov

4486
20200515

Samtalen

Eli Bjørhusdal

Professor ved Høgskulen på Vestlandet

Aktuell

Ny språklov

Språklov

eva@dagogtid.no

135 år etter stortingsvedtaket om å jamstille bokmål og nynorsk la regjeringa denne veka fram forslag til ny språklov som skal styre den offentlege språkpolitikken. Er det eit godt lovforslag? Vi spør Eli Bjørhusdal, som er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet.

– Ja, det er det, fordi vi får ei lovfesting av ansvaret staten har for norsk, nasjonale minoritetsspråk og teiknspråk. Lovfestinga er i seg sjølv viktig, både på grunn av konsekvensane og som eit teikn på kvar vi står språkpolitisk. I regjeringserklæringa frå 2013 låg det an til ei liberalisering av språkpolitikken. No har vi fått ei språklov frå ei høgreregjering som går langt i retning av språkstyrking og vekk frå det som vart signalisert i 2013.

– Kva er dei viktigaste konsekvensane av lova i praksis?

– Eit viktig nytt prinsipp er den sterke vektlegginga av mindretalsomsyna. Meldingsdelen til lova seier at fordi vi ønskjer å ha mindretalsspråka, som nynorsk, samiske språk og kvensk, betyr det at vi òg må kunne innføre særskilte tiltak for desse språka, også når det går på kostnad av majoritetsspråket bokmål. Det betyr at vi ikkje berre vil verne desse språka, men òg sikre dei. Eg trur det kjem til å få konsekvensar. Her går meldinga i alle fall langt retorisk. Spørsmålet vert kva for reguleringar denne retorikken kokar ned til.

– Mållaget jublar ikkje over lovforslaget. Er det ei god lov for nynorsken?

– Ja. Når lova slår fast at staten har eit særskilt ansvar for nynorsk, og at det kan krevje særlege tiltak, er det å gå lenger enn rein jamstilling og konkurranse på like vilkår. Det betyr at nynorsken skal sikrast ekstra, fordi han er meir utsett enn bokmålet. Samstundes ser eg jo at sikringa av nynorsken i praksis ikkje er teken på alvor når det gjeld regionreforma, til dømes. Der har regjeringa gått vekk frå ideen om å talfeste ein viss bruk av nynorsk i dei nye regionane med bokmålsfleirtal og nynorskmindretal, og det kan resultere i at fleirtalsmålet bokmål vert rådande også i område som før har vore forvalta på nynorsk.

– Mållaget reagerer òg på at ansvaret for å skrive på både bokmål og nynorsk vert flytta til statlege organ, i staden for at alle statstilsette må kunne skrive både bokmål og nynorsk.

– Ja, eg meiner òg at det forslaget er problematisk.

– Men er det ikkje betre at folk får svar frå staten på skikkeleg nynorsk enn på eit hjelpelaust nynorsk skrive av nokon som normalt brukar bokmål?

– I realiteten er det nok slik at nynorskansvaret ligg på få hender i statsapparatet alt i dag. Den individuelle retten norske statsborgarar har til å få svar på nynorsk, er like godt teken hand om med denne lova som tidlegare, så for akkurat den retten er det ikkje sikkert forslaget har så mykje å seie. Men framlegget er eit uttrykk for manglande syn på samanhengen med sidemålsordninga og dermed med overordna språkpolitiske samanhengar, noko som er problematisk. Det fører meg over i noko som er eit større problem med både denne lova og i norsk språklovgjeving generelt: Opplæringsfeltet vert ikkje omtalt. Grunnleggjande spørsmål om språklege rettar er ikkje tematiserte, fordi lova berre dekkjer kulturfeltet.

– Engelsk utgjer eit press mot det norske språket på fleire samfunnsområde. Styrkjer lovforslaget norsk andsynes engelsk?

– Nei, ikkje i praksis. Resonnementa og retorikken tyder på eit høgt politisk medvit om utfordringa frå engelsk. Spørsmålet er kva språklova har å stille opp med av reguleringar. Lova kunne sagt at statseigde bedrifter og dei som leverer tenester til staten, unntakslaust skal følgje språkkrava i staten, men det gjer ho ikkje.

– Kva er det største trugsmålet mot det norske språket i dag, slik du ser det?

– Det er at det vert fleire og fleire og større og større språk-
arenaer som ikkje er regulerte politisk, særleg for ungdom. Det gjeld alt frå dataspel til kontorstøtteprogram og programvarer og læremiddel i skulen. Det siste er for så vidt regulert, men reguleringa er for svak og duger ikkje i praksis.

–?Og denne lova gjer ikkje noko til eller frå?

– Ho drøftar tematikken,
men har lite offensivt og konkret å kome med.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nynorsken skal sikrast ekstra, fordi han er meir utsett enn bokmålet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis