JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Grøne pengar

Vi vert kanskje grønare av å overføra norsk grunnrente og kapital til skatteparadiset Jersey, men vi får neppe meir velstand av det. Det hjelper heller ikkje å auka formueskatten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: David Aasen Sandved / Wikimedia Commons

14786
20210806

Smedvig AS

Smedvig-familien har selt datasenterselskapet Green Mountain til eit israelsk selskap for 7,6 milliardar kroner.

Smedvig-familien har flytta til London.

Det dei før eigde, vert kontrollert av ein trust på Jersey.

Næringspolitikk

jon@dagogtid.no

Aktiv grøn næringspolitikk er eit av dei store nye temaa i denne valkampen – eller nei, det er ikkje heilt sant. Aktiv grøn næringspolitikk har vore eit av det store temaa i mange år no, men kravet om ein stadig meir aktiv grøn næringspolitikk berre aukar på. Noreg skal reindustrialiserast grønt, lover til dømes Arbeidarpartiet. Eksporten frå fastlandet skal opp med 50 prosent innan 2030, og det seier dei samstundes som dei har lovd å auka formueskatten, noko også Sp, SV og Raudt seier dei vil gjera.

Det er nesten umogleg å gje ein presis definisjon på aktiv næringspolitikk, det er lettare å seia kva nøytral næringspolitikk er. Ein nøytral næringspolitikk er å gje alle dei same skattesatsane og unngå å gje utvalde grupper eller personar subsidiar, det vera seg i form av direkte pengeoverføringar, billige tomter og lokale eller særmerkte avgiftsfritak andre ikkje har. Vi kan kanskje seia at ein aktiv næringspolitikk, i si snille form, er å gje ressursar frå fellesskapen til utvalde grupper i ei von om at slike overføringar skal gje ei betre framtid for oss alle.

Ikkje tent

Denne artikkelen skal handla om kor vanskeleg aktiv næringspolitikk er, og om at det lett vert slik at aktiv næringspolitikk gjev utvalde personar, grupper og selskap både meir makt og større økonomisk vinst enn fellesskapen truleg er tent med.

Smedvig-familien kjenner dei fleste i Rogalands-området, Smedvig-familien eig Smedvig AS – eller eig og eig. Vi skal koma attende til spørsmålet om kva Smedvig-familien eig. I alle høve: Smedvig AS eigde fram til i sumar datasenterfirmaet Green Mountain, som låg i Rennesøy kommune, som i fjor vart slått saman med Stavanger kommune. Green Mountain vart etablert i 2009. Før var fjellhallane Green Mountain held til i, lagringsplass for militært ustyr for Nato. Då Nato trekte seg ut, nytta kommunen forkjøpsretten og gav Green Mountain ein langtidskontrakt på leige.

Datasenter er avhengig av billig straum, helst litt kaldt klima, stabile politiske tilhøve, tilgang til kompetent arbeidskraft og internasjonale flyplassar. Stavanger-regionen har alt det der, pluss lokale og nasjonale politikarar som gjer sitt beste for å leggja til rette for datasenter. Dessutan har regionen overskot på vasskraft. Og når det er overskot på vasskraft, ynskjer vasskraftselskapa nye kundar.

Lobbykraft

Smedvig-familien har vore flinke til å få det dei ynskjer. I 2016 fekk regjeringa gjennom at datasenter med uttak på over 5 MW skulle få redusert sats på elavgift. Frå 1. januar 2017 vart ordninga utvida til uttak over 0,5 MW. Avgifta gjekk ned frå 16,32 øre per kWh til 0,48 kWh. Så fann Stortinget ut at dette var for gale, og påla regjeringa i 2018 å finna ein måte å føra inn att avgifta for datasenter. Då skreiv Green Mountain, saman med ei rekkje andre aktørar innanfor bransjen, høyringsfråsegner. Den Green Mountain var med på å formulera, gjekk slik: «Valg av datasenterleverandør er en langsiktig strategisk og forretningskritisk beslutning. (…) Det betyr at forutsigbare rammebetingelser er en forutsetning når beslutningen tas. Den foreslåtte forskriften vil føre til usikkerhet og redusert forutsigbarhet for samtlige aktører som vurderer å plassere sine data i Norge.»

Det vart ikkje noko av full elavgift. Elles var det nett i Nato-hallane til Green Mountain at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i februar 2018 la fram strategien for korleis fleire datasenter skulle verta trekte til Noreg. Då sa Tor Kristian Gyland, dagleg leiar ved Green Mountain, til Teknisk Ukeblad at også han var glad for at eit av tiltaka til regjeringa var «fjerning av maskinskatten».

NHO har i mange år prøvt å få fjerna maskiner og utstyr frå skattegrunnlaget til kommunar når dei skriv ut eigedomsskatt. Green Mountain og NHO har fått viljen sin. Berre areal og bygningar får i framtida eigedomsskatt. Green Mountain eig maskinene i anlegget, men ikkje Nato-hallane; det gjer Stavanger kommune, som ikkje betaler eigedomsskatt til seg sjølv.

Fiber til England

Men datasenter vil ha noko anna òg: fiber i ulike retningar. For vert det brot på ein fiberkabel, vil ein gjerne ha fiber i ei anna retning. I fjor bygde fiberselskapet Altibox ein fiberkabel til Danmark. No legg dei ein kabel direkte frå anlegget til Green Mountain til Newcastle. Ute i Nordsjøen vert denne kabelen kopla saman med kabelen til Danmark.

Kven eig Altibox? Det gjer kraftselskapet Lyse, som er eigd av kommunane i Rogaland, med Stavanger som klart største eigar. Men selskapet som eig sjølve kabelen til Newcastle, vert i sin tur kontrollert av Lyse som har 36,6 prosent, Haugaland kraft som har 25,6 prosent og BKK som har 20,5 prosent. Alle tre er offentlege kraftselskap. Green Mountain som eig anlegget der kabelen kjem i land, har 2,5 prosent.

Kort sagt: Rennesøy kommune, dei offentlege kraftselskapa og Stortinget har gjort mykje fordelaktig for Green Mountain, dei har ført ein aktiv næringspolitikk. Politikken har vore vellukka. Green Mountain har ført til ei enorm verdiskaping. «Har gjort 10-gangeren i datsasenter», var overskrifta i Finansavisen den 20. juli. Ingressen var òg tydeleg: «Smedvig-familien har investert 580 millioner kroner i Green Mountain. Nå selges datasenterselskapet til israelske Azrieli Group med gigantgevinst.» Israelarane gav 7,6 milliardar kroner.

Billig straum

I ei pressemelding skriv Azrieli Group dette om oppkjøpet: «Granskingar selskapet har gjennomført i den skandinaviske marknaden, og særleg i den norske, syner ein vesentleg vekst i marknaden for datasenter, som nyt godt av eksepsjonell tilgang til straum til ein pris som er mellom dei lægste i Europa. I tillegg er 100 prosent av straumen i Noreg fornyeleg.»

Bør så fellesskapen i Noreg vera glade for at Smedvig-familien har vore gode investorar? Bør vi vera glade for at Lyse har nytta profitten frå magasinkrafta til å byggja fiber, bør vi vera glade for at Stortinget har fjerna elavgifta og maskinskatten, og bør vi vera nøgde med at nettselskapa har gjeve leidningsnettet høg kapasitet gjennom å auka nettleiga for vanlege forbrukar?

Det vi kan slå fast, er at vi har kapitalskatt i Noreg, og den skal ein betala når ein realiserer vinst, altså når ein sel noko som har stige i verdi. Det vert nok ikkje mykje kapitalskatt av den store vinsten Smedvig-familien har fått. Pengane går til holdingselskapet Smedvig AS. Der kan pengane verta verande – eller verta sende vidare opp til holdingselskapet som eig Smedvig AS, nemleg Smedvigs holdingselskap Filia AS.

Ingen skatt

Så lenge eit holdingselskap eller AS reinvesterer kapitalvinst eller utbyte, vert det ikkje skatt, det er den såkalla fritaksmodellen. Til sjuande og sist vert kapitalvinst fyrst skattlagd når han hamnar i hendene til konkrete personar. I Noreg har vi rett nok ein tilleggsskatt, vi har formueskatt. Den må du betala på det du eig, uavhengig av om du har hatt kapitalvinst eller ikkje, overskot eller ikkje. Men korkje Green Mountain, Smedvig AS eller holdingselskapet Filia AS er norskeigd.

Det er mange år sidan Smedvig-familien melde flytting til England, som ikkje har formueskatt. Dessutan er det ikkje Smedvig-familien som heilt konkret eig alt det Smedvig-familien kontroller, det gjer ein trust på Jersey, som er eit skatteparadis.

I Store norske leksikon kan vi lesa dette om trustar: «Truster kan brukes til skatteplanlegging ved at en person overfører sin formue til en trust, som så har som formål å tilgodese samme person eller personens familie. I skatteparadis vil vedkommende da ofte ikke lenger være juridisk eier av formuen og ikke skattepliktig for avkastningen, men vil kunne nyte godt av den.»

No er det ikkje slik at det ikkje vert nokon skatt av det Green Mountain har halde på med, rett nok har dei som regel gått med underskot i dei åra dei har eksistert, så det har ikkje vorte mykje overskot å skattleggja. Men ved utgangen av 2020 hadde selskapet 56 tilsette. Desse har generert vanlege skatteinntekter. Green Mountain har også importert store datamaskiner, som truleg har ført til skatteinntekter i produksjonslanda, og det er heilt sikkert at nordmenn som betaler inntektsskatt, har vore involverte i å byggja opp anlegga til Green Mountain.  

Ei større soge

Smedvig-familien er ein del av ei mykje større soge: soga om det grøne skiftet og korleis vi nyttar denne enorme naturressursen vi har i magasinkrafta. No vert det litt vanskeleg her, men ein kvar bør ha som utgangspunkt at leiarar av verksemder ynskjer å vera imperiebyggarar. Di større ei verksemd vert, di høgre løn får leiinga, og di meir makt får den same leiinga.

«NOU 2019: 16, Skattlegging av vannkraftverk» er ein av dei mest omtalte NOU-ane dei siste åra – tilrådingane som kom i han, på lik line med i NOU-en som tilrådde grunnrenteskatt på lakseoppdrett, har stort sett vorte ignorerte av både Stortinget og regjeringa. Der kan vi lesa: «Det er neppe noen bedriftsledelse som bare søker å gjøre overskuddet størst mulig i alle situasjoner. Med lang avstand mellom eier og ulike ledernivåer kan det være atferd som ikke maksimerer verdiene for eierne, men som er rasjonell for lederne. Slik atferd kan trolig pågå i et visst omfang over en viss tid, men det er klare grenser for hvor langt denne type ’sløsing’ kan drives i et konkurransemarked.»

Teknisk!

Så kjem det, og dette er viktig å få med seg, sjølv om det er teknisk: «Problemstillingen kan være annerledes i selskap som vedvarende har tilgang på monopol- eller grunnrente, og derfor ikke står under et stadig konkurransepress for å presse marginer. Dersom manglende kostnadsbevissthet av denne typen er et problem, er hovedvirkemiddelet sterkere eierstyring for å sikre at overskuddet maksimeres til beste for eierne og skatteinnkrever.»

Kva skjer om eigarstyringa av magasinkraftselskapa ikkje er god og politikarane i tillegg vil driva aktiv og det dei meiner er grøn næringspolitikk? NOU-en er i grunnen ei einaste lang drøfting av dette. Nesten all vasskraft hadde i utgangspunktet grunnrenteskatt, som i dag er på 37 prosent, og som kjem i tillegg til den vanlege overskottskatten på 22 prosent. Men profitt, risiko og grunnrente kan flyttast på.

Grunnrenteskatten går til staten, men utbytet frå Lyse, til dømes, går til eigarkommunane i Rogaland. Delar av det utbytet eigarkommunane ikkje har teke, har gått til å byggja opp Altibox. Når eit vasskraftselskap føretek store investeringar, går overskotet ned, då vert det mindre grunnrenteskatt og færre pengar i statskassa.

Ikkje så lurt

NOU-en drøftar om det har vore lurt av desse vasskraftselskapa å ekspandera slik, og om dei har forstått risikoen. Forfattarane av NOU-en ser på sitt mandat å syta for at vi får høgst mogleg skatteinntekter og samfunnsøkonomisk vinst frå vasskrafta: Det vert for teknisk å gå inn i risikodrøftingane, men dei viser at då den raudgrøne regjeringa fyrst fjerna grunnrenteskatt på turbinar opp til vel 5 MW, og den borgarlege regjeringa deretter fjerna han for anlegg på under 10 MW, tilpassa kraftselskapa seg dette. Når dei installerte nye turbinar, gav dei nye turbinar lægre effekt, og dimed har fellesskapen gått glipp av mykje kraftproduksjon og store skatte- og utbyteinntekter.

I klartekst: Både leiinga og styra i kraftselskapa tenkjer for ofte imperiebygging og lægre skatt i staden for samfunnøkonomisk lønsemd. Det gjer også politikarane som legg til rette for slike som Green Mountain. Det er ikkje til å koma forbi at det er kommunane i Rogaland, kraftselskapa på Sør-Vestlandet og politikarane i regjering og storting som har konvertert norsk vasskraft til superprofitt for Smedvig-familien.

Havvind

Problema ein aktiv grøn næringspolitikk fører med seg, kjem truleg til å vera endå meir aktuelle i komande stortingsperiode. I Storbritannia har dei satsa stort på havvind. No er den store uroa der borte kva som skjer når dei 15 åra med garanterte prisar og subsidiar er over. Eit havvindanlegg kan nok vara i 25 år. Problemet med vindkraft er at når det verkeleg blæs, ramlar prisen lett til null, det same som i røynda skjer når vinden ikkje blæs, og ein ikkje har noko å selja, då får ein også null. Som The Times skriv om ein ny rapport:

«Den store ekspansjonen av vindkraft i Storbritannia kjem truleg til å pressa marknadsprisen på straum så langt ned på vindfulle dagar at vindfarmane ikkje vil vera i stand til å dekkja driftskostnadene gjennom å selja straum. Dette kan føra til ei tidleg massenedlegging av land- og havvindanlegg når deira noverande subsidieregime tek slutt frå 2030 av.»

Kva kunne vi så lesa i ei felles pressmelding frå BKK, Lyse og Shell i juni? «Shell, BKK og Lyse vil lede an i omstillingen av Norge, og går sammen for å bygge ut havvind. De tre selskapene planlegger å søke konsesjoner for begge feltene som norske myndigheter har åpnet for utbygging, Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord.»

BKK og Lyse har massivt med magasinkraft som kan regulerast. Får dei ein tilsvarande kapasitet i vind, kan dei tilby til dømes internasjonale datasenter i sitt område 100 prosent backup når vinden ikkje blæs. Dette vil gjera BKK og Lyse til mykje større selskap. Men det gjev også høve til å flytta profitt frå vasskraft over til vindkraft.

Kven veit

I utgangspunktet er det slik at det er marknadsprisen på magasinkraft den dagen krafta vert seld, som utløyser grunnrenteskatt. Norske magasinkraftselskap kan i dag, når vinden ikkje blæs i landa rundt oss, selja magasinkraft dyrt. Då vert det høg grunnrenteskatt. Men kanskje diverre for skattebetalarane her i landet finst det eit unntak frå regelen om at det er dagens marknadspris som gjeld når staten reknar ut grunnrenteskatt. Som revisjonsselskapet KPMG skriv om det norske grunnrenteregimet for vasskraft: «Det er også åpnet for at kraft som leveres i henhold til langvarige, fremtidige leveringsavtaler, kan verdsettes til kontraktsprisen.»

I klartekst: Profitt frå vasskraft som vert skattlagd med 59 prosent, kan flyttast over til vindkraft, som har 22 prosent. Og nei, på lik line med Smedvig-familien betaler ikkje dei norske magasinkraftselskapa, som stort sett er offentleg eigde, formueskatt. Vi lyt satsa på at dei 56 tilsette i Green Mountain hamnar i formueskattposisjon. Ei Støre-Vedum-regjering får mykje å tenkja på, om dei ynskjer det.  

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Profitt frå vasskraft som vert skattlagd med
59 prosent, kan flyttast over til vindkraft,
som har 22 prosent.

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis