JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Haldningsparadokset

Sjølv om færre har eit negativt syn på minoritetar, fortel norske jødar og muslimar at dei har fleire negative opplevingar enn før.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rapporten som nyleg vart publisert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, ser på haldningar til jødar og muslimar i Noreg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

4999
20221209

Samtalen

Vibeke Moe

forskar ved HL-senteret

aktuell

Rapport om haldningar til jødar og muslimar i Noreg

sofie@dagogtid.no

HL-senteret har kome med ein rapport om haldningane til jødar og muslimar i Noreg. Rapporten er sett saman av tre hovuddelar: ei befolknings-, ei minoritets- og ei ungdomsundersøking. Liknande rapportar kom i 2011 og 2017. Undersøkinga viser mellom anna at negative haldningar til jødar og muslimar er gått tilbake sidan førre undersøking i 2017. På den andre sida rapporterer 71 prosent av jødane og 33 prosent av muslimane at dei av frykt for negative haldningar unngår å vise den religiøse tilhøyrsla si. Dei rapporterer også om fleire negative erfaringar enn før.

Det at mange minoritetar fortel om ei negativ utvikling, er eit viktig funn, seier Vibeke Moe, forskar ved HL-senteret og prosjektleiar for haldningsundersøkinga.

– Kva kan årsakene til denne utviklinga vere?

– Det er viktig å understreke at me ikkje har kartlagt handlingar, men haldningar. Korleis minoritetar sjølv opplever situasjonen, og kva negative erfaringar dei har, treng ikkje henge saman med utbreiinga av haldningar i befolkninga generelt, men kan til dømes ha å gjere med hatytringar i digitale medium eller at ekstremistar er meir synlege i mediebiletet. Auken kan også kome av noko så enkelt som at det før har vore underrapportering, og at det no i større grad er opna for å fortelje om erfaringar.

– I rekrutteringa til innvandrarutvalet sende de ut 23.150 førespurnader om deltaking og fekk 1305 svar. Gir dette eit godt nok utval?

– Responsraten var omtrent som forventa og liknar tidlegare undersøkingar i den norske innvandrarbefolkninga. I intervjuundersøkingar av befolkningsutval er det i dag døme på endå lågare svarprosent utan at det har ført til skeivskap i resultata. Dette er dokumentert av Ottar Hellevik i Tidsskrift for samfunnsforskning. Det avgjerande er ikkje svarprosenten, men at ikkje bortfallet er systematisk, det vil seie påverka av det som blir undersøkt. Det ein ser i denne og tilsvarande undersøkingar, er til dømes at høgt utdanna er overrepresenterte, noko som kan ha betydning for kva slags erfaringar og haldningar dei som svarar, har. At utvalet er representativt er vurdert opp mot befolkningsstatistikken til Statistisk sentralbyrå. Skeivskapane som ein fann i utvalet, blei så korrigerte med vekting for å sikre at samansetjinga av utvalet er representativt for populasjonen når det gjeld kjønn, alder og landbakgrunn.

– Kan me stole på funna?

– Ja, det er ei solid undersøking som følgjer etablerte metodar for haldningsundersøkingar. Resultata viser også stor grad av stabilitet mellom 2017 og 2022. Det beste med rapporten, meiner eg, er at han er nyansert og viser eit breitt spekter av eit komplisert bilete. Det viktigaste metodiske poenget er at me kartlegg haldningar frå fleire vinklar: stereotype førestillingar, negative kjensler og sosial avstand, altså korleis respondentane stiller seg til å få ulike grupper som nabo eller i venekrinsen.

– Var det samsvar mellom desse tre dimensjonane?

­– Det var iallfall ingen store overraskingar. Biletet me fekk frå undersøkinga, passar godt med forventingane og tidlegare utvikling: stereotype førestillingar er relativt utbreidde, mens sosial avstand og negative kjensler er mindre utbreidde. Førstnemnde har halde seg stabilt, til dømes har det ikkje vore store endringar i antisemittiske førestillingar dei siste fem åra. Me lurte på om pandemien kunne påverke haldningane, sidan negative førestillingar kan forsterkast i krisetider, men det fann me ikkje haldepunkt for.

– Kva er føremålet med ei haldningsundersøking?

– Det er viktig med kunnskap om heile haldningslandskapet for å vite korleis me kan kjempe mot negative haldningar. Det meiner eg blir lettare når ein har kunnskap om eit breitt spekter av haldningar og kva for stereotypiar som er utbreidde.

– Stereotypiane er jo formulerte av dykk i spørjeundersøkinga?

– Ja, påstandane tar utgangspunkt i tradisjonelle stereotypiar, og me ville finne ut kor utbreidde dei var, og kva for stereotypiar som stakk seg mest ut. Her kjem den kvalitative delen ved undersøkinga inn, det at me gir respondentane rom for sjølv, med eigne ord, å skildre kva dei meiner er årsaker til negative haldningar. Då får me eit bilete som kjem til oss, ikkje berre eit bilete som me har formulert.

– Ut frå resultata i rapporten, vil du seie at me har eit problem med negative haldningar til minoritetar i Noreg?

– Ja, det meiner eg bestemt. Me ser rett nok ei positiv utvikling der negative haldningar er noko redusert, men framleis er det mykje som står att. Negative haldningar til muslimar er særleg utbreidde, og mange av resultata for antisemittisme er også alvorlege. Eg meiner likevel at me har eit større rom for å snakke om desse problema i dag. Det kan gjere vegen fram enklare.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis